Rapport frå samarbeidsavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune 201 6 Sogn regionråd Aurland kommune Balestrand kommune Høyanger kommune Leikanger kommune Luster kommune Lærdal kommune Sogndal kommune Vik kommune Årdal kommune
Sogn o g Fjordane fylkeskommune har gitt tilsagn om kr 550000 i regionale utviklingsmidlar. Eksterne midlar var til saman kr 1 520595. K ommunane sin kontingent var kr 3 318000 i 2016. Vedlagt følgjer oversikt over rekneskap og budsjett for dei prosjekta og t iltaka som er delfinansiert med regionale utviklingsmidlar frå fylkeskommunen. Sogn regionråd har skissert mål og strategiar for prioritering av regional utvikling i Regionalplan for Sogn 2013-2016. Strategiplanen vart vedteke n i rådsmøte april 2013 et ter høyringsrunde i kommunane. Planen tek utgangspunkt i regionale utfordringar om folketalsutvikling -/framskriving, sysselsetting og næringsstruktur. Sogn regionråd har tre satsingsområde: Næringsutvikling, samferdsle og helse. Tiltaksplanen blir rullert årleg. Re gionråd et sine aktivitetar for 2016 i høve dei områda som er omtala i samarbeidsavtalen er som følgjer: Byggja nettverk og samhandlingsarenar, styrka samarbeid med næringsliv Sogn regionråd byggj e r nettverk og samhandlingsarenaer og bidreg til å styrka samarbeidet med næringsliv, utdanningsinstitusjonar, forskingsmiljø og organisasjonar. Møte i regionrådet er arena for slik dialog og samhandling Næringssjefane i dei ni kommunane møtest om lag fire gonger i året for samhandling kommunane imell om og møter næringsliv og forskings - og utdanningsmiljø. Vi samarbeider m ed forskings - og utdanningsinstit usjonar innanfor det regionale programmet for barnehage - og skuleutvikling. Skapa oppslutnad om felles regionale utviklingsprosessar og fremja sama rbeid på tvers av kommunegrenser Kommunane har delteke i felles utgreiing om kommunestrukturalternativ. Arbeidet med intensjonsavtaler starta januar 2016. Kommunane handsama avtalane før sommaren. Regionalplanen for 2017-2020 : Arbeidet med r egionalplan s tarta med evalueringsdokum ent som skisserte aktivitetane om kva som er gjennomført, planprosess og diskusjonsgrunnlag om erfaringane med planen. Evalueringsdokumentet vart sendt til kommunane og drøfta i formannsskapa. Analyse frå Telemarksforsking vart pr esentert på felles møte i september. Endeleg analyse var ferdig i desember. Det har vore møte med kommunane. Regionrådet vedtok i desember å senda framlegg til regionalplan 2017-2020 på høyring. Kommunane har fleire regionale nettverk mellom anna innan k ultur, ungdomsarbeid, helse og omsorg og for næringansvarlege. Dei møtest jamnleg for erfaringsutveksling og samarbeid. Vi har 21 fagnettverka for tilsette i skulane og 8 nettverk for barnehagane i regionen. Nettverk er tufta på gjensidig forplikting og handl ar om å dele, bruke og skape ny kunnskap. Vidareutvikla det regionale barnehage - og skulesamarbeidet: vidare satsing på entreprenørskap i skulen med entreprenørskapsmessser og kompetanseheving for lærarar Entreprenørskapsmesse vert gjennomført kvart år. A lle 8. klassingane i dei ni kommunane deltek, og 9. klassin gane stiller med elevbedrifter. 600 ungdomsskuleelevar deltek. Det er besøk hos lokale bedrifter, og p lenumsføredrag frå ein lokal grü nder. Dette byggjer lokal og regio nal identitet hos ungdommane. Sogn regionråd arranger er messa i lag med
vertskommunen og Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane. I 2016 var Årdal kommune vertskap. Entreprenøriell verktøykasse. Sogn regionråd har fått midlar frå fylkeskommunen til prosjektet. Føremålet med prosjekt et er at skulane skal bli meir entreprenørielle og utviklingsorienterte, og vi vil synleggjera korleis vi kan nå måla i læreplanen med entreprenørskap som metode. Feios skule er pilot. Styrka tilbodet for læreplassar i kommunale og private verksemder I 2016 vart det inngått partnarskapsavtalen Sogn regionråd har invitert Sogn og Fjordane fylkeskommune og N H O og LO på fylkesnivå til ein partnarskapsavtale for fleire læreplassar. Formålet med å arbeida gjennom partnarskapen er å samordna innsatsen slik at vi aukar tal læreplassar i Sogn, og sikrar rekruttering av fagarbeidarkompetanse i arbeids - og næringsliv. Rekruttera arbeidskraft til regionen Sogn regionråd arbeider for å sikre busetjing og rekruttering til regionen. Sogn regionråd løyver årleg tilskot til Framtidsfylket sine karrieremesser. Messene gir oss høve til å profilere regionen og breidden i arbeidsmarkna den. Regionrådet koordinerer kommunane si deltaking på messene og stiller med regionstand. Arbeida for meir variert bustadmarknad Bustadstr ategiar for Sogn har vore arbeidd med i 2016. Husbanken, fylkeskommunen, distriktssenteret og fylkesmannen har vore med il ag med kommunane i arbeidet. Strategien vart h andsama i kommunane i haust/vinter 2016 og det vil bli jobba i 2017-2019 med å gjennomfø re tiltaka. Regionrådet har sett regionale utviklingsm idlar i tre år til arbeidet. Tiltaka kan oppsummerast slik : 1) Setje den enkelte kommune i stand til å avdekke sitt konkrete bustadbehov og etablera rutinar, organisering, og planarbeid for å dekke beho vet 2) Jobbe i nettverk mellom kommunane for å løyse dei utfordringane som er felles 3) Leggje til rette for val av verkemiddel i offentleg - privat samarbeid og leggje til rette for avgjerd på kva som høver i sogneregionen og for den enkelte kommune. 4) Et ablere felles info om b ustad, arbeid og service i Sogn. Utvikla statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar Var tema mellom anna på ordførarsamlinga som var hausten 2016. Det vart u tarbeidd eit notat som drøftingsgrunnlag til fellesmøte som var i fjor hau st. Arbeidet vart teke med i ny regionalplan og vil bli konkretisert i handlingsplanen. Utvikla Sogn som heilårsreisemål og bidra til den felles reiselivssatsinga i Sogn Sogn regionråd s tøttar opp om Visit Sognefjord med årlege løyvingar til marknadsføri ng nasjonalt og internasjonalt Sognebåten: I lag med Visit Sognefjord og næringa har Sogn regionråd utgreidd moglegheitene for å utvikla rutetilbodet for Sognebåten. I presentasjonen vart det vist til at det er venta 5-15% årleg vekst i reiselivet og den f ramtidige veksten må kome i skulder - og vintersesongen.
Tiltaka er å utvida sommarruta med to månader (april og oktober) frå 2017 og å utvida heilårsruta med start /stopp i Flåm i staden for Sogndal frå 2018. Det vert lagt opp til at næringa finansierer f ullt ut utvida sommarrute. For heilårsruta blir fylkeskommunen bedne om å finansiera driftskostnadane, medan næringa dekker marknadsføring og sal. Arbeida for god infrastruktur i og utav regionen og styrka regionen sine samferdsleinteresser Sogn regionråd har samferdsle som eitt satsingsområde og vi arbeider for å styrka regionen sine samferdsleinteresser. Det vart utarbeidd ein samferdsleplan for 2016-2018 og ein handlingsplan for 2016. Planen er grunnlaget for innspel til Nasjonal transportplan og region al transportplan. Desse tiltaka har vore prioriterte i 2016: o Aust - vestsambandet rv 52 o Ferjefrekvens Hella - Vangsnes - Dragsvik o Vikafjellstunnel o Sognebåten Sogn regionråd, 1 7.2.201 7
Vedlegg 2016 Regionale utviklingsmidlar - rekneskap og budsjett for 2016 RUP, reiseliv, rekruttering og entreprenørskap Konto Regnskap Budsjett ALLE 0 0 Kostnader 10300 Løn ekstrahjelp/engasjement 0 170000 10505 Honorar, oppgåvepliktig 7 400 0 10990 Arbeidsgivaravgift 1 043 0 11000 Kontorrekvisita 707 0 11151 Servering 19 765 0 11203 Arbeidsklær og verneutstyr 1 784 0 11209 Utgiftsdekning eksterne og eigne tilsette 1 444 0 11302 Post og frankeringsutgifter 2 043 0 11304 Andre finansielle gebyr 94 0 11401 Andre annonser 4 600 0 11402 Utgivelse/f ormidling av informasjon 102854 0 11403 Representasjon (gåver og møteutgifter) 2 396 0 11500 Kurs og konferanser 69 709 170000 11703 Anna persontransport 87 311 80 000 11704 Reiseutgifter - tilsette (ikkje oppg.pl) 3 553 0 12200 Leige/leasing a v maskiner, inventar og utstyr 690 0 12700 Konsulenthonorar, ikkje oppg.pl. 412394 170000 13700 Kjøp av tenester frå andre (private) 13 700 0 14290 Utgiftsføring momskomp drift 152038 0 14700 Overføring til andre (private) 359240 390000 14900 Avsetjing til seinare fordeling - Kun budsjett 0 140000 15500 Avsetjing til bundne fond 4 446 0 Sum kostnader 1 247211 1 120000 Finansiering 17290 Inntektsføring momskomp drift - 152038 0 17500 Refusjon frå andre kommunar - 200000-200000 18300 Overføring frå fylkeskommunen - 550000-550000 18500 Overføring frå kommunar - 30 000-40 000 18900 Overføring frå andre (private) - 45 000-40 000 19500 Bruk av bundne driftsfond - 270173-290000 Sum finansiering - 1 247211-1 120000