Innvikjalokalhendingar i Innvik. Sept. 5. - 2012 - Utgåve Nr. 51

Like dokumenter
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

6. trinn. Veke 24 Navn:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsbrev for Rosa september 2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

MEDLEMSINFO. august 2009

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Til deg som bur i fosterheim år

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Innvikjalokalhendingar i Innvik. Nov Utgåve Nr. 52

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB


Barn hjelper Barn ein miniputt kan gjere stor skilnad. Ei oppsummering av tiltak som miniputtane har vore med på i

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

INFORMASJON om førestellinga:

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Plassebakken Barnehage

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Månadsbrev for ROSA mars 2015

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Finansiering av søknaden

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Brødsbrytelsen - Nattverden

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Spørjeundersøking om sentrumsområde

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Valdres vidaregåande skule

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Informasjon til elevane

Sandeid skule SFO Årsplan

Brukarrettleiing. epolitiker

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Styret har vore samansett slik i 2012 :

mmm...med SMAK på timeplanen

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme

Månadsplan for Hare November

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Månedsbrev april 2015

Bruk av driftsmidlar Frifond

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

Plassebakken Barnehage

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Plan for Liabygda SFO

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Transkript:

lokalhendingar i Innvik. Saman er vi sterke! Denne gongen var det eg (Harald Røyrvik) som fekk i oppgåve å skrive nokre innleiande ord i Innvikja. Det blir sagt om sogningane at dei er hakkande galne, sunnfjordingane tilsvarande trege og nord-fjordingane midt imellom. Eg er oppvaksen i sogn, men mor mi var frå Sunnfjord og far min frå Hardanger, så eg blir vel å rekna kun som halvgal. I alle fall må ein vere litt gal ved å legge så mykje tid i å fortelje Innvikarane det dei allereie veit, gjennom mine innspel til Innvikja og på Vikanenett.Skuleåret har starta oppatt, og blant dei 86 elevane som no går ved Innvik skule, er det 13 første-klassingar, som kanske no er å finne bak skulepulten eller ute på grasmatta i skuletida. Ungane er framtida og det er kjekt at barnetalet så vel som folketalet held seg stabilt. Cafe Go beten har frå juli av levd litt på nåde, sidan det ikkje er kome kjøparar til kafeen. Ansatte og brukarar har gått saman for å halde hjula i gang og det er veldig prisverdig. Personlig meiner eg Innvik har bruk for eit slikt tilbod og det hadde vore synd om posten hadde vorte flytta til Utvik. Eg håpar derfor at du som lesar kan ta turen innom iblandt, å leggje att nokre kroner for å oppretholde tilbodet. Innvikarane har vore heldige og har ein grei og hyggeleg lege som trivst her både som fastlege og tilsynslege. To dagar i veka tysdag og torsdag er han fast her og vi har jamvel beholdt legesekretær- stillinga her desse dagane. Vikane tannlegekontor har også bestått no i fleire år og bygdeutviklingslaget oppfordrar til å benytte dei gode tilboda vi har lokalt. Dagens tannlege vil no gå ut i permisjon, men vikar er på plass så drifta blir som vanleg. Det er kjekt å sjå kva ein kan få til når ein går saman. Det vere seg oppussing av Heimlund eller arrangement som sommardagane i Liatunet eller miniputt turneringa på Innvik stadion. Innvik er ikkje større enn at det er behov for at alle hjelper til og stiller litt på, både her og der. I sommar har det vore skreve mykje i media om Fv60 Olden-Innvik, med god rett. Vegen er smal med stor trafikk og fare for ras. Foreldreaksjonen markerte sitt synspunkt første skuledag ved å gå ut i media for å synliggjere farane. Vidare vil bygdeutviklingslaga kalle inn til folkemøte om Fv60 Olden-Innvik på Olden skule den 20. september, slik det ser ut no. Da vil fokuset vere å få fylkespolitikarane til å innsjå at ein må gå inn med midlar som gjer at ein kan fullføre vegen Ugla Skarstein med oppstart i 2013. I skrivande stund ser det ut for at fylkesordførar, fylkesvaraordførar og andre fylkespolitikarar vil stille på møte. Så da er det berre for dykk halvtrege nordfjordingar å møte opp for å vise at dette er eit folkekrav. Les lokale oppslag og møt opp på det som skjer! Harald Røyrvik Styremedlem i Innvik Bygdeutvikling Ansvarlig utgjevar : Innvik Bygdeutvikling ( Terje.Raftevold@enivest.net ) - Innvik.Vikanenett.no

Jonsok i Klokkarlunden 2012 Innvik Bygdeutvikling inviterte til Jonsokfeiring i Klokkarlunden som i fjor. I år kom det enda fleire deltakarar og véret var betre. Tradisjonen tru stilte barnebrurepar opp med hest og kjerre frå skulen via omsorgssenteret til parken. I år var det tre par som fekk følgje hesten Merina og kusken Karin Kleppe gjekk i front og leia eit fint tog som kom til lunden. I Klokkarlunden hadde bygdeutviklinga satt opp bord og benkar og Innvik Fjordhotell hadde rigga seg til med sal av rømmegraut, grilltallerken, kake og kaffi med meir. Vikane skulemusikk spelte opp til dans og seinare vart det også gitarinnslag frå ein hotellgjest. Foreldra til kommande førsteklassingar sto for leikane og både vaksne og ungar vart engasjert. I tautrekninga gjekk Utanforelvarane av med sigeren, så innanforelvarane må legge seg i trening til 2013. Bygdeutviklinga selde lodd og vil i den samanheng få takke Haugen Norge, Sparebanken Sogn og Fjordane, Cafe Go beten, IRAS, Gjendebu og Skogstad. Eit stort og flott bål var satt opp på moloen til Fjordhotellet nede ved fjorden og det brant både høgt og lenge. Folk kosa seg i oppholdsvéret og vi kan konkludre med at det også i år vart ei flott markering. Cafè Go beten Vagstad AS Viking Kro og Camping

Heimlund treng deg no og i framtida! I midten av februar vart Svein Kvame leiar for det nye styret i Heimlund. Han fekk med seg innaforog uttaforelvarar i fleire aldersnivå, og med ulik bakgrunn. Han fekk i oppgåve å redde huset frå forfallet som var starta og gje huset liv igjen som er ein 100 års-jubilant verdig. Marianne S. Drageset tok på seg å vere leiar i bygningskomitéen og fekk ei lang liste med oppgåver som måtte gjerast. I første omgang vart det beslutta å utbetre gangpartia og toalettforholda, så det kunne feirast bryllup sommaren 2012. Det neste og viktigaste på lista var å få skifta tak på heile huset i løpet av året. Ørjan Skåden vart leiar for økonominemnda og har fått i oppgåve å skaffe pengar til arbeidet som må gjerast. I første omgang har det gått ut skjema til alle i Innvik med forespørsel om å bidra med ein eingangsstønad, samt å bli medlem i Heimlund s vener. Det har til no kome inn 104 eingangsstønader på totalt kr.166.500,- som uavkorta går til vedlikehald og oppgradering av Heimlund. I snitt blir dette 1.617,- pr.gjevar. Heimlund har no 97 vener, noko som er 70 fleire enn i fjor. Desse betalar årlig inn kr.200,- som går til drifting av Heimlund. Sidan februar er det utført 1160 dugnadstimar og enkelte personar har stått på dag etter dag. Oppgangen frå kjøkkenet er rydda og tatt att. Inngangn og gangparti oppover er oppussa og skin innbydande i mot ein når ein kjem inn nede. Toaletta, som er totalrenovert, har no fått varmekablar i golvet, våtromsplater på veggane og nye takplater med flott lys. Det er investert i nye toalett og servantar, samt at alt av vassrøyr og avløpsrøyr er utskifta. Ny varmt- vannstank er også kome på plass samt at vasslinja inn til huset er forbetra. fortsetjing på neste side

Dør til inngangspartiet nede er anskaffa og står no for tur til å bli montert. Utvendig er det greve opp rundt delar av huset og ein har lagt knotteplast for å unngå at det skal trenge vete inn i huset. No ei helg i september blir det dugnad for å ta av skiftertaket. Vi har fått ein kjøpar på skiferen og den skal takast ned og leggast på pallar. Deretter skal Utvik Bygg ta jobben med å montere nytt tak med takrenner og nedløp. Det er fortsatt stort behov for pengar til å kunne finansiere det som skal gjerast og styret i Heimlund har derfor bedt kommunen om å stå som garantist for eit lån på kr.500.000. Dei lånte midlane vil bli brukt til å finansiere skifting av taket. Økonominemnda håpar på å få tilbake momsen på kjøpet av taket frå kommunen, men behandlinga av dette tar ca. 2 år. Forutan det, vil nemnda søke stiftingar og kommune/stat om bidrag. Bygdefolket vil også få fleire anledningar til å bidra, og ønskjer du no å gi eit bidrag, så fyll ut skjemaet som ligg vedlagt her i Innvikja. Vi oppfordrar til bruk av huset og håpar både lag/ organisasjonar og enkelt-personar vurderer å legge aktivitetar til Heimlund. Bygdekinoen er starta oppatt, så ta deg ein tur å sjå digital film. Som nemnt er Heimlund 100 år i år og vi feirer jubilanten den 3. juledag. Før den tid, har styret planar om å arrangere ein hyggekveld i samband med Utkantmarknaden. Vi har søkt kommunen om skjenkeløyve og det vil bli både musikk og dans i sømmelige former den 24.november. Til slutt vil styret få takke for alle som har bidratt til det løftet Heimlund har fått så langt og håpar enda fleire vil bidra når ein ser resultatet av det som er gjort. For styret i Heimlund Sekretær Harald Røyrvik

Vikane IL Takk til alle som var med på beise-dugnaden no på slutten av sommaren og til dei som har vore med på ulike dugnadar gjennom året så langt! Spesiell takk til dei som er fleksible i forhold til dugnadslistene. Også ein stor takk til dei 10 som stilte opp i fellesferien som dugnadsvakt på country på breim 14 juli. Planar vidare er å få fjerna mosa på taket samt noko arbeid inne i garderobebygget utover hausten. Idrettslaget vil i samarbeid med Vikane rødekors lage til utkantmarknaden 2012. Til dette trenger vi folk til ulike oppgåver. Håper folk er positive til dette når den dagen kjem. Vikane G12 Vi er no godt igong med haustsesongen. I vår vann laget alle kampane sine bortsett fra den første mot Eid. Hausten har starta godt, med solide sigrar både over Eid og Sandane. Spelemssig har laget utvikle seg fint i 2012, og i periodar kan de spele «gnistrande fin fotball». Dei er en flott gjeng å ha med å gjere, og er gode representantar for Vikane når det er ute på reiser. Sist helg detok laget på Hessa-Cup i Ålesund. På grunn av reglementet måtte vi stille med et ungt lag, så av 8 spelarar var det berre 3 som var 12 år, medan resten var 11 og 10 år. Vi tapte alle dei fire kampane vi spelte, men vise at vi spelemessig ikkje stod tilbake for lag som Sula, Aksla, Emblem og Eid. Den 7 oktober skal laget være pauselag på Fosshaugane Campus, under heimekampen mellom Sogndal og Lillestrøm! Vikane miniputt Førre helg var det miniputt turnering på stadion i Innvik. Det blei spelt 88 kamper fordelt på 55 lag. Til saman blei det scora 659 mål. Kvart mål som blei scora gav pengar til eit prosjekt i Vietnam Barn hjelper Barn. Det var god stemning og mykje god fotball. Ungane kosa seg uansett resultat. Foreldre og andre frivillige var veldig flinke til å stille opp, og gjorde dette til ein trivelig søndag på Innvik Stadion. Dette er ein av dei største arrangementa i bygda i løpet av året, dei måtte til og med parkere bilane nede med Simatex for å få plass til alle. Stor takk til alle som stilte opp. Mvh Vikane IL

Har du klikka på www.vikanenett.no? 1.480.000 har det! (i løpet av desse 41 mnd)

Vidare drift på Café Go beten! Som dei fleste kanskje veit har Merethe Lyslo no selt kaféen og Vagstad AS har overteke selskapet. Underteikna fortsett som ansvarleg for den daglege drifta og eg vert å treffe på kaféen kvar einaste vekedag. Med på laget har eg foreløpig Bjørn som bakvakt etter behov og Ann-Elen Paulen Drageset som laurdagshjelp. I tillegg til kafédrift utfører vi framleis levering av kaker/snittar/koldtbord etc. på bestilling, samt post- og banktenester. Dette er tenester som er svært viktige for bygda og vi ber difor om at bygdefolket er flinke til å støtte kaféen slik at vi ikkje mister desse sentrale funksjonane. Når ting får gått seg litt til, og når sjefen over alle sjefar - Lars Åge - kjem nedatt frå fjells, vil vi sette opp ein arrangementsplan for hausten/vinteren. Vi er heilt opne for innspel fråbygda vedr. kva slag arrangement de kan tenkje dykk å vere med på. Kom gjerne med tilbakemeldingar til oss så vert planane publiserte på Vikanenett så snart dei er klar. Velkomne innom kaféen i haust, alle saman! Opningstidene i haust vil vere: Mandag - Onsdag kl 11:00-16:30 Torsdag kl 11:00-18:00 Fredag kl 11:00-16:30 Laurdag kl 11:00-16:00 Søndag Stengt, ope etter avtale om private arrangement - Trude Presthus - Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk Så langt i år har det vore bra aktivitet på Gamle Innvik Ullvarefabrikk. Frå 1. januar i år har vi so langt hatt åtte små og store selskap på fabrikken. Vi har og hatt to kunstutstillingar med gode besøkstal. På den siste utstillingamed måleri av Eli Hørven var det også godt sal. Fargeritomta er nesten ferdig rydda, her har vi hatt god hjelp av elevar frå Innvik Skule.Vi har også fått laga eit minikjøkken med oppvaskmaskin, noko som var nødvendig nårdet er selskap og liknande på fabrikken. Når det gjeld planane framover er det første å få til ei samling for bygdefolk i Vikane, ein hyggekveld med program. Vi vil også arbeide med å få til ein utstilling av kunst og handverklaga av folk frå Vikane. Vi håper at innbyggjarane i Innvik og andre bygder vil støtte opp om stiftinga GIU. LIKAR VIKANE NETT NO SJÅ BOKFJESA Anne Karin Eriksen - leiar i GIU -

PARTSBREV 3. juledag 2012 er Heimlund 100 år. Vi har ein verdig jubilant med mykje god historie mellom veggane. Mykje har skjedd og mange minner er skapt i huset vårt. Bygdekveldar med underhaldning og dans, bryllaup, 17. mai festar, basarar for skulemusikk, sokneråd og andre, haustfestar i 4H, konsertar, juletrefest, skodespel/revy, kakelotteri, ungdomsklubb, og slik kan vi fortsette. Utan tvil har alle i bygda eit forhold til Heimlund. Som alle ser så treng Heimlund ein no sårt trengt vedlikehald. Huset treng deg og ditt engasjement. Heimlund treng ei aktiv gruppe som engasjerer seg vidare for framtida. Alle som tykkjer om huset vårt, bør bidra. Kan du ikkje hjelpe til med arbeid eller vere aktiv i styret, så kan du kanskje bidra med pengar til kassa? Håper det kan verte eit løft for jubilanten slik at vi kan feire 100 år med tett tak og kanskje eit ansiktsløft. ------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------ Eg, vil med dette teikne meg for Eingangs Stønad kr til vedlikehald og oppgradering av Heimlund. Beløpet kan brukast uavkorta til det prosjektet som styret bestemmer. Beløpet kan trekkast frå min konto. Innvik, den --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Heimlund`s Vener Eg vil teikne meg for medlemskap i Heimlund s vener med kr 200,- i årleg trekk frå min konto. Trekket vert gjort kvart år. Styret kan heve bidraget utan at denne avtala treng å fornyast. Avtala går inntil underteikna seier opp avtala. Innvik, den Min e-post er: ---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Denne avtala vert laga til i 2 eksemplar. Eit til Heimlund og eit til bidragsytar. For styret i Heimlund Innvik, den Styreleiar Styremedlem