Plan mot krenking og sosial utestenging Slik stoppar vi krenking og inkluderer alle på Åkra oppvekstsenter 2016 Kva er krenkingar, sosial utestenging og mobbing hos oss? Me snakkar gjerne om episodar av skjult mobbing som sosial utestenging, utfrysing, blikking og kommentarar. Krenking av nokre elevar. Elevers oppleving av krenking skal me alltid ta på alvor. Alle vert ikkje rekna med. Alle vert ikkje sett på ein god måte. Alle vert ikkje høyrt på og teke med i diskusjonar. Til tider vert nokon usynleggjort. Og nokre er meir sårbare enn andre. Nokre er meir utsett for desse krenkingane. Nokre er leiarar. Nokon har tilsynelatande makt til å bestemma kven som er utanfor og kven som er innafor. Nokre ser på at dette skjer utan å seia i frå. Mobbing skjer ofte der det er tilskodarar tilstades. Me seier ikkje at det er mykje mobbing på Åkra skule. Det har me ikkje belegg for å seia. Det ser me heller rett og slett ikkje. Elevundersøkjinga viser at det var lite, men litt mobbing, og i samtalar etterpå med klassane kom det fram at det var ofte var kommentarar det gjekk på. Men litt er nok til at me skal reagera. Me skal reagera på all mobbing og krenking og ha null toleranse. Me seier heller ikkje at det truleg alltid er like bevisst gjort. Likevel skjer det til tider krenking og maktmisbruk også på vår skule. I mobbesaker er det alltid eit hierarki og eit ujamnt maktforhold. Det fører til at ikkje alt kan kallast mobbing. Dei eldste elevane må ta mest ansvar i denne situasjonen. Ingen elevar kan heller vera passive tilskodarar til plaging av andre. Alle har eit ansvar for å gjera noko med situasjonen. For å stoppa mobbinga, vil me at: elevane på Åkra skule skal inkludera alle. Det gjer me gjennom å godta kvarandre slik me er. Eg er OK og du er OK. elevane på Åkra skule skal ikkje baksnakka kvarandre. Det er å krenka andre.
elevane ikkje bør vera for opptekne av materielle ting, spesielle merkevare eller sjølvhevding gjennom dette. (Her må me foreldre vera svært edruelege og passa på eigne ungar. Og kanskje dette er særleg viktig i eit lite skulesamfunn?) Me toler godt ein spøk, men konsekvent sjølvhevding- sjølv gjennom spøk og latter - vil me ikkje ha. Skulen trur at alle elevar no veit kva og korleis me ikkje vil ha det. Skulen vil sjølvsagt umiddelbart slå ned på episodar med slik krenkande åtferd dersom me ser eller høyrer om det. Elevane vil få melding heim, og i verste fall vil slik oppførsel over tid føra til nedsett åtferdskarakter. Dette vil eventuelt skje på bakgrunn av fleire dokumenterte episodar. Korleis skal me få eit godt, vennleg og aksepterande skulemiljø for alle elevar på Åkra skule? Mobbeforskarar er heilt klare i råda som dei gjev til miljø som slit med mobbing/krenkande åtferd. Aksept: Me må først og fremst akseptera den utfordringa me har: Nokon vert krenka gjennom andre si styring, leiing, vitsing, krenking, blikking, nedlating. Konsekvensane for slik åtferd må gjerast heilt klar. STOPP Ny åtferd: Så må me erstatta den åtferda som har vore med anna positiv åtferd. ( Det siste punktet er svært viktig!) Forsterk den positive handlinga og innstillinga! Forsterking av det positive: Denne må me forsterka på best mogeleg måte. Her treng skulen også hjelp og oppbacking av foreldra. Det er svært viktig at me vaksne støttar opp både i form av oppsnakk, væremåte, gode eksempel og kreativitet i finna på gode tiltak som kan støtta opp om ei god utvikling hos alle elevane. Ros: Ver raus med ros når du ser at barnet ditt er på rett veg og tek positivt ansvar. God kommunikasjon: Snakk med barnet ditt og kva de saman eller han/ho kan gjera? Følg opp og høyr korleis det går? Meld gjerne tilbake til skulen dersom du ser positiv framgang hos ditt barn. Dette gjeld faktisk alle. Aktivitetsleiarar: Me på skulen vil bruka 9.-10. klasse og elevrådet som positive aktivitetsleiarar i skulemiljøet. Desse skal ha ansvar for å dra i gong leikar som alle kan vera med på, og dei har ansvar for at alle vert sett, høyrt og teke godt vare på gjennom leiken. Utevakten og ansvarleg elevrådslærar hjelper til med opplegget. Foreldreråd til alle : Ver tett på barna dine! Skulen meiner det er viktig at alle føresette er tett på ungane sine aktivitetar både på skulen og i fritida. Følg godt med og sei frå dersom du ser og opplever veremåtar som du ikkje vil ha. ( banning, stygt snakk, bortforklaringar, at ein ikkje held avtalar, rot rundt seg, nettbruken, at ein har ein høfleg framtoning mot alle, også vaksne, både på fritid og skule) Ta også ansvar for at andre sine barn oppfører seg. Hugs at det krev ein heil landsby
for å oppdra eit barn. Ikkje ver redd for å seia frå om åtferd du ikkje likar, sjølv om det også gjeld andre sine barn. Alle foreldre vil at eigne barn skal oppføra seg fint. Finn på gode ettermiddags-,kvelds- og fritidsaktivitetar: Barn og unge som kan vera saman og verta kjende også på fritida, byggjer opp tillit og vennskap saman. For mange elevar er det viktig å verta sett også på fritida. Det tyder at ein vert rekna med. Kan du vera med å foreslå besøk og samhandling på fritida? Arrangement: FAU og skulen vil laga til ettermiddags- eller kveldsarrangement som kan vera samansveisande og positivt for skulemiljøet. Utviklingssamtale: Utfordringane i det sosiale miljøet vert teke opp i alle konferansetimar og utviklingssamtalar med alle elevane. Hovudfokuset: Kva positivt kan du bidra med for at ingen skal verta krenka og alle skal bli inkludert? Kor står du i denne utfordringa? Hugs: Ingen har hovudansvaret for det negative. Men alle har ansvaret for at me har eit godt skulemiljø! Vår felles visjon: Å- Årvakne/ me passar på at ingen vert krenka på Åkra skule K- Kreative i den positive utviklinga R- Rause mot kvarandre A- Aktive i fokus på positiv aktivitet
Handlingsplan mot krenkelsar og sosial utestenging Hovudmålsetting: Elevar, føresette og personalet vil ha eit skulemiljø som et fritt for krenkelsar og sosial utestenging Alle skal føla at dei er trygge og inkluderte i fellesskapet på skulen Ingen er uskuldige tilskodarar- krenkelsar og mobbing angår alle- alle tek ansvar Lovgrunnlaget: 9 A «Alle elevar har rett på eit godt skulemiljø som fremmer god helse og god fagleg og sosial utvikling. Alle i skulemiljøet har eit individuelt ansvar for å sjå og avdekkja dersom elevar ikkje har eit godt skulemiljø. Det må alltid meldast til ein vaksen, klassestyrar eller rektor.» Korleis avdekkjer me at skulemiljøet ikkje er godt for alle elevar? Observasjon ute og inne- ein må alltid vera observant. Nokon kjem og seier frå Elevsamtalar og konferansetimar Elevundersøkjinga med etterfølgande samtalar i klassane vert gjennomførte kvart år Klassemøte og elevrådsarbeidet der ein set fokus på det gode klasse- og skulemiljøet Føresette gjev melding. Skulen informerer kvar haust om korleis dei melder om krenkande åtferd og kva rettar alle elevar har. Friminuttsvaktar: Lærarvakta er på plass i det elevane kjem ut til friminuttet. Kvar dag startar med at rektor går gjennom dagens vakter og ser om alt er på plass. Lærarvakta skal alltid vera aktiv og synleg på uteområdet. Lærarvakta skal høyra på alle elevane. Gje melding vidare dersom det er naudsynt til klassestyrar. Hjelp elevane i gong med positiv leik. Snakk gjerne med elevane -før dei går ut i friminuttetom kva dei kan gjera. Finn på høvelege inneaktivitetar dersom vèret ikkje tilseier uteleik. Elevrådet er med tek ansvar for god og positiv aktivitet for alle elevane i friminutta.
FØREBYGGJING ( det langsiktige arbeidet) Hovudarbeidet vårt er å styrkja eit godt sjølvbilete hos alle elevane våre med allsidige aktivitetar og utfordringar. Kvar elev skal verta sett og helsast på kvar dag. Alle må få oppleva velgrunna ros dagleg. Det er dei vaksne som har hovudansvar for å sikra dette både heime og på skulen. Me må byggja ein kultur der me støttar opp om kvarandre. Foreldra må vera gode rollemodellar og ikkje snakka stygt om andre. Skulen og foreldra må styrkja kvarandre gjennom stadig oppsnakk. Dei vaksne må vera tydelege på kva oppførsel dei aksepterer. Me må setja fram positive ideal for barna. Klassane har klassereglar, og skulen har ordensreglar. Dei vaksne må vera observante på kva ideal som gjeld i gruppa, og ikkje akseptera nedvurdering på grunnlag av manglande meistring, ting dei ikkje har eller fordi dei skil seg ut på nokon måte. Mangfald er flott. Å vera rause er eit ideal. Me må læra barna å takla utfordringar og vanleg livsmotgang. Ikkje all motstand treng vera krenkelsar og mobbing. Alle må vera villige og få vaksen hjelp til til å sjå også eiga rolle når det oppstår problem eller konfliktar med medelevane. Me må alltid prøva å ansvarleggjera barn, men den utestengde/mobba treng alle sin hjelp. Dei vaksne må vera med på å hjelpa barna til ein sosial og open haldning mot andre. Me må ha respekt for at me er forskjellige, og me må vera einige om at det er lov å vera ueinige. Me må gjera elevane medvitne om at åtferd (som ein kanskje meiner er tøys) kan opplevast som krenking av andre. Følelsar skal også takast alvorleg. Me må gjera dei store elevane medvitne om at dei kan verka trugande på dei små. Me byggjer bruer og vennskap mellom elevane med fadderordning og skulekompisordning. Elevane må få verta kjende med kvarandre gjennom fellesarrangement. Alle har eit ansvar for at andre får vera med å leika. Alle skal få vera med.me bruker klassemiljøutvala til å arrangera samkomer og miljøtiltak der ein sikrar at alle vert inkluderte. Det er viktig at me kan tøysa med kvarandre og ikkje ta ting i verste meining, men at me må stoppa med ein gong den andre seier stopp.
Me må halda tema om det gode skulemiljøet «varmt» heile tida i klasse- og elevråd. TILTAK Oversjå aldri når nokon melder om krenkingar. Skriv ned det som vert meldt og undersøk saka nøye. Legg alltid i elevmappa som dokumentasjon. ( kontaktlærar) Klassestyrar gjennomfører samtalar med den som føler seg krenka. Klassestyrar gjennomfører samtalar med den som står for krenkinga - STOPP Klassestyrar og rektor gjennomfører samtalar med føresette på begge sider. Rektor informerer alle på skulen og i SFO. Klassestyrar lagar ein tiltaksplan for utfordringa som elevane har saman med føresette og eleven sjølv. Skulen gjennomfører positive tiltak for alle elevane, slik at me kan erstatta det negative med noko positivt. Ein samanhalden 1.-10.-skule må særleg ta omsyn til at ungdomstrinnet også har positive ting å ta seg føre. Etter ei tid evaluerar ein stoda og avsluttar saka. Dette er rektor sitt ansvar. Skulen skal ha eit godt samarbeid og ein god dialog heim-skule. Det same gjeld lag og organisasjonar i fritida. Dersom det er naudsynt, må ein ta kontakt med hjelp utanfrå, t.d. helsestasjonen eller PPT. Ein vurderer om skulen skal nytta større opplegg for å betra skulemiljøet. ( Respekt, Olweus) Me må aldri akseptera ein fellesskap der nokon ikkje vert godtekne!