Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE
SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen for studentane i fylket. Barnehagen har i alt 44 barnehageplassar, fordelt på to småbarnsavdelingar med 20 plassar til saman, og ein avdeling med 24 plassar for barn i alderen 3-6 år. Studentbarnehagen held til i lokale på eit plan, opna hausten 2003. Barnehagen ligg sentralt plassert med gangavstand til alle høgskulane sine avdelingar i Sogndal Avdelingane har fått namna Sol 0-3år, Stjerne 0-3 år og Måne 3-6 år. Adresse: Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Telefon: 57 67 35 00 e-post barnehagen: karin.uglum@sisof.no e-post Sisof: post@sisof.no http://www.sisof.no FORELDREBETALING Foreldrebetalinga er kr 2.200,- pr. mnd for 0-3 års og kr 2 100,- for dei over 3 år. På fakturaen for foreldrebetalinga vert det også kravd inn matpengar. Prisen for mat er: kr. 125,- pr.mnd.
OPNINGSTID Måndag - fredag kl. 07.30-16.15. Personalet går 3-delte vakter: 1. Tidlig vakt: assistent: kl. 07.30-15.00. Pedagogisk leiar/førskulelærar kl. 07.30-14.15. 2. Mellom vakt: assistent: kl. 08.15-15.45. Pedagogisk leiar/førskulelærar: kl. 09.00-15.45. 3. Seinvakt: assistent: kl. 08.45-16.15. Pedagogisk leiar/førskulelærar: kl. 09.30-16.15. OPPSTARTING Dei første vekene treng barnet tid til tilvenjing, så far, mor eller ein annan vaksen som barnet kjenner må vere med til barnehagen. I denne perioden vil me bruke mykje tid på å verta godt kjende med kvarandre, barnehagen og nærmiljøet. KJERNETID Kjernetida i barnehagen er frå kl. 09.30 til 14.00. Dersom nokon ein dag ikkje kan kome til kl. 09.30, eller vert henta før kl. 14.00, må me ha melding om dette, då kjernetida vert brukt til organisert aktivitet, besøk, turar m.m. MATSERVERING Barna får servert mjølk og frukt i barnehagen kvar dag (frukt et vi to gonger for dagen). Ein dag i veka får alle barna servert eit varmt måltid. Eigen matpakke dei andre dagane. Sjå etter oppslag om frukosttid på den avdelinga som barnet går på. Ta med eigen matpakke til frukost. GENERELLE REGLAR I barnehagen har me ikkje lov til å ha tyggegummi, snop, eller våpenleikar som t.d. kniv, revolver, spyd. Leikar heimanfrå, tek ein med på eige ansvar, men berre etter avtale med barnehagepersonalet.
PRAKTISKE OPPLYSNINGAR Anna kvar månad får foreldra ei avis over det me skal halde på med i barnehagen. Avisa er laga ut i frå årsplan. Her finnes informasjon frå styrar, samt ein evaluering over det ein har jobba med den siste perioden. Her kjem det også meir konkrete planer over kva som skal skje i kommande periode. Ut frå månadsplanen vert det laga oppslag med ein vekeplan på kvar avdeling. I barnehagen må barna ha med seg: - Mat - Bleier (ikkje up & go) - Anti-skli sokkar - Ekstra byteklede, helst to sett - Skotøy og ute klede som høver for vær og årstid OBS. OBS. HUGS Å MERKE ALLE KLEDE MED NAMN. MERKELAPPAR KAN TINGAST GJENNOM BARNEHAGEN. FORELDREKONTAKT Foreldra vert kalla inn til foreldresamtale ein til to gonger i året, eller etter behov og ynskje frå personalet eller foreldra. Den daglege kontakten med foreldra er den viktigaste både for barna, foreldra og personalet. Me ynskjer difor at barna vert følgde inn på avdelinga om morgonen. BARNEHAGE PLASSAR Barnehagen tilbyr berre heile plassar.
SJUKDOM Dersom barnet er så dårleg at foreldra meiner at barnet ikkje skal vere ute, skal barnet ikkje vere i barnehagen. Barnehagen har ikkje kapasitet til å vere inne med berre eitt barn, då dette vil gå utover dei andre borna. Dersom allmenntilstanden til barnet ikkje er bra, kontaktar barnehagepersonalet foreldra. Det er difor viktig at barnehagen til ei kvar tid veit kvar ein kan få tak i foreldra, eller ein annan kontaktperson. Dersom barnet er sjukt eller har fri ynskjer vi å få beskjed om dette så unngår vi å vente på nokon som ikkje kjem, jmfr. pkt. kjernetid. Om vi ikkje har høyrt noko på tre dagar tek vi kontakt med foreldra. DAGSRYTME: Dags rytme kan vera noko ulik på dei 3 avdelingane. 07.30 Barnehagen opnar 07.45-08.30 Frukost, leik 09.30-11.00 Samlingsstund og aktivitetar 11.00 Vasking av hender 11.15 Mat 11.45-12.00 Toalett / byte bleier 12.00 Kvilestund / sovetid 12.30 Leik ute / inne for dei barna som ikkje søv Tar opp barna etter kvart som dei vaknar. Byte bleier 14.00 Fruktstund 14.15 Leik ute / inne 16.15 Barnehagen stengjer
PERSONALET AVDELING Sol Pedagogisk leiar: 100 % Førskulelærar: 16,6 % Assistent/ barne og Ungdomsarbeidar: 200 % AVDELING Stjerne Pedagogisk leiar: 100 % Førskulelærar 16,7 % Assistent/ barne og ungdomsarbeidar: 200 % AVDELING Måne Pedagogisk leiar: 100 % Førskulelærar: 66,7 % Assistent/ barne og ungdomsarbeidar: 200 % STYRAR: Karin Uglum 100 % TEIEPLIKT: Personalet og studentar som har praksisperiode i barnehagen har teieplikt som skal sikre at personlege og private forhold og informasjon om foreldre og barn, ikkje kjem uvedkommande for øyra.
MØTETID FOR PERSONALET: AVDELINGSMØTE: Det er avdelingsmøte ein gong for veka. Pedagogisk leiarmøte: Det er førskulelærarmøte ein gong for veke. PERSONALMØTE: Me har ca. 6 personalmøter i året. Desse er på kveldstid. PLANLEGGINGSDAGAR: Det er 6 planleggingsdagar i året, då er barnehagen stengd: Desse dagane samkjører vi med dei kommunale barnehagane og barneskulen, sjå eige skriv. Barnehageåret startar opp 01.august Barnehageåret sluttar 30.juni Besøksadresse: Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 Sogndal Tlf. 57 67 35 00 Postadresse: Sogndal Studentbarnehage/SISOF Trolladalen 30 6852 Sogndal Tlf SISOF administrasjon 57 67 62 90 Fax SISOF administrasjon 57 67 62 96 E-post: post@sisof.no Internett: http://www.sisof.no