500 ÅR SIDAN REFORMASJONEN!

Like dokumenter
500 ÅR SIDEN REFORMASJONEN!

Forslag til spørsmål, Luther-spillet

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Helgatun / Danielsen

Sola GRATIA. frelst av. Nåden åleine

Den katolske kyrkja. Katolsk tyder «for alle menneske» Kva kjenneteiknar det største kyrkjesamfunnet i verda?

DEN ORTODOKSE KYRKJA. Kap. 2

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

For auka elevengasjement i KRLE 8 10

Kva vil det seie å vere buddhist?

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

Vigsling av evangelist

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Ulsteinvik Bibelen

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Preike Molde Domkirke 4. s i advent Det er 4. søndag i advent. Alle lysa våre brenn no. Det er snart jul. Maria er høggravid.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ORDNING FOR KONFIRMASJON

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

For auka elevengasjement i KRLE 8 10

Det e ikkje alltid det går, sånn som du hadde tenkt

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Martin Luther og oppslaget på kirkedøra

Årsplan KRLE 9. trinn

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik)

Bjellandsvegen 51. Tlf Me er også å finna på Facebook.

Inspirasjonsmøter med Martin Cave april

Skrifta sitt vitnemål om seg sjølv

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Til deg som bur i fosterheim år

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Vigsling til andre tenester

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Olav Fykse Tveit, generalsekretær Kirkenes Verdensråd

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Info til barn og unge

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

/

Program for Stord kyrkjeakademi hausten På kyrkjeveg frå Vistvik til Fitjar. Sundag 3. september kl frå Vistvik

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Elevundersøkinga 2016

Jesus taler om sin død

Den katolske kirke. Katolsk betyr «for alle mennesker» Hva kjennetegner verdens største kirkesamfunn?

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Med takk og glede tek kyrkjelyden imot barnet/borna som i dag er i Guds hus for å bli døypt/døypte.

BIBELENS LÆRE En forenklet katekisme

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Violet Otieno Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. Barns rettar og foreldrerolla. Demokrati og verdiar

Årsplan Kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) 9. klasse

Vel nynorsk for barnet ditt!

For økt elevengasjement i KRLE 8 10

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

2016 Det Norske Samlaget

Kvardagsmesse med musikk. Kapellet, Domus Theologica

Lærar: Eva Madeleine Buer

Strategidokument

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Konfirmantsamling 6 JESUS

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Sofies hemmelegheit.

L Med takk og glede kjem vi i dag med dette barnet/desse borna til Gud i den heilage dåpen. I dåpen tek Gud imot oss og sameinar oss

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Preike 4. s i treeiningstida Molde Domkirke 21. juni 2015


Songoversikt Bæ, bæ, vesle lam Blåmann, blåmann Bokstavane Dei tre små fisk Det lyser i stille grender Det sat to kattar på eit bord

OK, seier Hilde og låser.

Følge Jesus. i lydighet

Transkript:

500 ÅR SIDAN REFORMASJONEN! Ragnhild Bakke Waale LUTHER OG REFORMASJONEN MODIGE MARTIN SOM ENDRA EUROPA NYNORSK

Guten frå Eisleben Martin Luther vart fødd i Eisleben i Tyskland i 1483. Etter kvart vart det ni søsken i familien, men berre fem av barna voks opp. Familien flytta til nabobyen Mansfeld der dei slo seg ned. I førstninga var dei fattige, og faren sleit for å tene nok pengar til familien. Mora var heime med barna. Alle barna måtte hjelpe til heime. Martin hjelpte mora med å finne ved i skogen. Da var han ofte redd og heldt seg alltid like ved mora. Faren arbeidde i kopargruvene i byen. Ein gong var Martin med han inn i gruvene, men Martin vart redd i dei tronge, mørke gruvegangane under jorda. Faren trøysta med at heilage Sankt Anna ville verne dei. Familien var katolikkar, og heilage Anna var vernehelgen for gruvearbeidarar. Etter ei tid fekk faren låne pengar til ein smelteomn der varmen skilde ut kopar frå det arbeidarane henta fram frå gruvene. Koparen vart kalla det raude gullet. Det gjorde at faren tente meir pengar. Han fekk med åra fleire smelteomnar, og familien fekk god økonomi. Martin fekk ei streng oppseding, men var aldri i tvil om at foreldra var glade i han. Barna måtte vere lydige og gjere det som foreldra meinte var rett. Dersom dei gjorde noko gale, fekk dei straff, ofte juling. Martin hadde stor respekt for foreldra sine.? På slutten av 1400-talet var det mange barn som døydde. Barnedøyinga var somme stader på 60 prosent. Kva trur du det gjorde med tankane og kjenslene til folk? Skoleguten Martin Da Martin voks opp, var det ikkje vanleg at alle barn gjekk på skolen. Ofte var det slik at faren lærte opp gutane i familien i det arbeidet han sjølv gjorde. Men det viste seg tidleg at Martin var spesielt gåverik. Faren skaffa pengar så Martin kunne gå på skole. Han lærte å lese og skrive. Etter kvart lærte han også latin. Dette gjorde at faren vart stolt av guten sin. Lærarane på skolen var også strenge. Dersom barna ikkje kunne leksene, vart dei slått. Ein gong vart Martin slått femten gonger for ei lekse som han ikkje eingong skulle kunne. Dette gjorde Martin redd og usikker sjølv om han var flink på skolen. Martin var spesielt glad i musikk, han spelte lutt og song i kor. Faren skaffa pengar så Martin kunne utdanne seg vidare, og han flytta til Erfurt for å studere juss slik faren ønskte. Martin skulle bli advokat og tene godt med pengar så han kunne hjelpe foreldra når dei vart gamle. Martin treivst med studia sine, sjølv om han nokre Heilage Anna med dottera si, Maria. Anna var mormor til Jesus. Ein vernehelgen er ein heilag person som vernar menneske, stader eller land. Å vere gåverik vil seie å vere intelligent, talentfull og ha spesielle evner Latin er eit språk som var i bruk i Romarriket i oldtida. KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 2

Skoleguten Martin heime med familien sin. gonger lurte på om han hadde valt rett. Men det var faren som betalte for studia, så han heldt fram. Martin var mykje redd, særleg for å døy. Han trudde Gud var like streng som faren og lærarane. Martin var redd for at Gud var sint på han, og at han ikkje var god nok til å komme til himmelen når han døydde.? Kvifor trur du at strenge menneske og straff kan gjere barn og ungdom utrygge? Martin spelte lutt frå han var skolegut. Her er han vaksen og speler for kona si, barna og ein venn. Hjelp, heilage Anna! Det var langt heim til Mansfeld frå der Martin studerte i Erfurt. Han måtte gå for å besøkje familien, og det tok fleire dagar. Ein gong han var på tilbakeveg etter eit besøk hos familien i heimbyen, gjekk han over nokre opne jorde. Da braka det laus med eit forrykande torevêr. Det regna forferdeleg mykje, det torna og lynte. Lynet slo ned rett framfor Martin, og han datt ned i søla. Martin var livredd, han ville ikkje døy no. Han bad og ropte: «Hjelp meg, heilage Anna, så skal eg gå i kloster og bli eit betre menneske!» Der og da lova han at dersom KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 3

han vart redda frå det fælslege uvêret, skulle han bli munk i eit kloster. Uvêret stilna, og Martin kunne gå vidare på vegen til Erfurt. Men Martin kunne ikkje halde fram med å studere juss. Han hadde lova Gud at han skulle bli munk. Den lovnaden måtte han halde, og det betydde at han måtte slutte å studere juss. Han kunne ikkje bli advokat, men vere munk i eit kloster. Kva ville faren hans seie til dette? Munken Martin Ein dag banka Martin på porten til augustinarklosteret i Erfurt, og der vart han for å bli munk. Det var eit strengt kloster. Martin måtte sove på ein hard benk. Han stod opp klokka tre om natta, bad mykje, sov lite og arbeidde hardt. Han kunne aldri meir eige noko sjølv og måtte love å aldri gifte seg. Slik var det for alle munkar. Ein gong han var ute for å tigge etter mat, trefte han dei tidlegare studievennene sine som erta han for måten han levde på no. Martin var stadig redd og strevde heile tida med å vere god nok for Gud. Etter to år var læretida over, og han gav munkelovnaden sin. Han skulle vere munk for alltid. Var Gud fornøgd med han no? Var han sjølv fornøgd? Kva med faren korleis hadde han det? Munken Martin var uroleg for framtida. Faren vart rasande over at Martin slutta på jusstudiet og blei munk. Alle pengane han hadde satsa for at sonen hans skulle bli advokat, var bortkasta. Men munken Martin var flink, modig og tenkte nytt. Han studerte teologi i klosteret og vart prest etter to år, i 1507. Da var han 24 år. Eit augustinarkloster er eit kloster i den ordenen som vart oppretta av Sankt Augustin (354 430). Augustin var teolog og filosof. Tankane hans fekk mykje å seie for reformasjonen. Teologi er læra og vitskapen om ein religion. Her tyder det læra om kristendommen.? Kvifor trur du nokre vel å bli munkar eller nonner? Klosteret i Erfurt. KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 4

Å reinse vil seie å fjerne eller å gjere rein. Å vere from vil seie å vere gudfryktig, å tru på Gud, vere audmjuk og underkaste seg Guds vilje Peterskyrkja i Roma. Flittige Martin Martin arbeidde hardt i klosteret. Han fekk sin eigen Bibel og las mykje i han. Det fanst ikkje biblar med tysk språk på denne tida, berre på latin. No fekk Martin bruk for all latinen han hadde lært seg på skolen. Folk flest kunne ikkje lese, i alle fall ikkje på latin. Det var derfor få som visste kva som stod i Bibelen. Ikkje alle prestar visste det heller. Det var paven og mennene hans som fortalde folk kva dei skulle tru, og korleis dei skulle tru på Gud. Paven var den øvste leiaren i Den katolske kyrkja og budde i Roma. I kyrkja lærte folk om skjærselden. Det var ein stad med eld og pine. Dit kom folk etter døden for å bli reinsa frå synd, det vil seie å bli reinsa for alt det gale dei hadde gjort mens dei levde. Jo meir gale folk hadde gjort, jo lengre tid måtte dei vere i skjærselden før dei kom inn i himmelen der alt var godt. Ein dag vart Martin send til Roma av leiinga i klosteret. Han skulle diskutere nokre saker om klosteret med mennene til paven. Han gledde seg til å komme så nær paven og å sjå den store Peterskyrkja og alle dei andre kyrkjene i Roma. Kanskje det kunne gjere at han kom nærmare Gud og bli eit betre menneske? På denne tida trong paven pengar, mange pengar. Dei øvste leiarane i kyrkja levde i luksus, mens folk flest var fattige. Paven måtte også ha pengar til å byggje ut Peterskyrkja. Dette er noko av bakgrunnen for innføringa av det som vart kalla avlatshandelen. Avlat vil seie å bli fri for straff. Mennene til paven laga eit dokument folk kunne kjøpe for å fri seg sjølv og slektningar frå skjærselden når dei døydde. Dei pavelege utsendingane reiste rundt for å selje avlatsbrev, og folk ville gjerne kjøpe. Mange selde det dei hadde for å fri seg sjølv og slektningane ut av skjærselden. Martin brukte nokre månader på reisa til Roma. Han gjekk fram og tilbake og fekk god tid til å tenkje. I Roma møtte han mange fattige som kjøpte avlatsbrev. Han såg òg at kyrkjas menn levde i rikdom, mange var lite fromme, og nokre levde saman med kvinner. Katolske prester skulle leve i sølibat, det vil seie å vere ugift. Martin vart opprørt over fattigdom og umoral. Det stod ikkje noko om skjærselden og avlatsbrev i Bibelen. Hadde paven rett til å bestemme noko som ikkje var i tråd med det som stod i Bibelen? KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 5

Populær professor Attende i klosteret var Martin uroleg for det han hadde opplevd i Roma. Han arbeidde hardt, las i Bibelen og bad mykje. Da vart han send til Wittenberg. Det var kurfyrsten, Fredrik den vise, som herska over området. Han hadde oppretta eit nytt universitet i byen og ville ha flinke folk dit. Og ein flink mann fekk han. Martin flytta inn i augustinarklosteret i Wittenberg. Han var både munk og prest samstundes som han arbeidde på den teologiske doktorgraden sin ved universitetet. Martin Luther vart ein populær prest i den store Mariakyrkja i Wittenberg. Han var ein god talar, hadde kontakt med vanlege folk, og mange kom for å høyre på den nye presten. Dei forstod kva han sa. Han snakka om Jesus, ikkje om skjærseld og avlat. Som prest snakka han på ein ny måte. Etter at han hadde fullført doktorgraden, vart han professor i teologi og underviste i bibelfag ved universitetet berre 29 år gammal. Jo meir han arbeidde med Bibelen og underviste studentane, desto meir overtydd vart han om at læra om avlat og skjærseld var feil. Kunne ikkje Gud frelse menneska utan at dei gjorde gode gjerningar? Kva med trua på Jesus? Tårnopplevelsen Kyrkja lærte folk at det ikkje var nok å tru på Jesus for å vere kristen og komme til himmelen. Folk måtte gjere gode gjerningar også, helst mange gode gjerningar. Dei måtte kjøpe avlatsbrev både for seg sjølv og slektningane. Martin grubla og las i Bibelen. Når kunne folk vite at dei hadde gjort nok godt i livet for å vere ein god kristen? Han åt mindre, bad meir og jobba hardare for at Gud skulle godta han. I klosteret budde Martin i eit rom i tårnet. Der sat han og førebudde seg på å undervise studentane om Romarbrevet i Bibelen. Han las om att og om att det første kapitlet. Det handla om Guds rettferd. Der stod det: «Den rettferdige skal leva ved tru.» Gradvis forstod Martin dette. Gud tilgir menneske alt det gale dei har gjort, fordi dei trur på Jesus, ikkje fordi dei gjer gode gjerningar eller kjøper avlat. Jesus hadde teke straffa da han døydde på krossen. Gud var ikkje streng og dømmande. Menneske var fri til å tru på han. Martin var utruleg letta. Gud var ikkje sint på han, ikkje på nokon. Han trong ikkje vere redd. Gud var glad i han, elska han. Dette var ein heilt ny måte å forstå trua på. Dette gjorde Martin fri og sterk. Etternamnet hans var eigentleg Luder. No bytte han etternamn til Luther, som tyder den som er sett fri, den frigjorde. Ein kurfyrste er ein gammal tittel i Tyskland. Kurfyrstane hadde rett til å vere med på å velje nye kongar. Ein fyrste er ein medlem av adelen eller kongefamilien. Å vere vis vil seie å vere klok. Ein doktorgrad er den høgste vitskaplege graden ein kan ta. Arbeidsrommet til Martin var i dette tårnet. Bygget kallest nå Luthers hus. KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 6

Ferdinand Pauwels: Luther slår opp dei 95 tesane på døra til slottskyrkja i Wittenberg 31. oktober 1517. Ein tese er ei setning som er ein vitskapleg påstand. Ein vranglærar er ein som lærer bort noko som ikkje er rett. Modige Martin Martin tok til å snakke om Guds kjærleik med folk, med studentane og i preikene i kyrkja. Frelsa er gratis for dei som trur på Jesus, sa han. Folk vart glade når dei høyrde at alt dei trong, var å tru på Jesus. Trua sette dei fri. Martin skreiv om dette også. Boktrykkjarkunsten var funnen opp, så bøkene til Martin vart trykte. På den måten vart tankane hans spreidde over heile Tyskland. Det kom mange folk for å høyre på Martin når han snakka. Dei slutta å kjøpe avlatsbrev, og mennene til paven vart urolege. Kunne ein enkel munk i Wittenberg i Tyskland lære folket noko anna enn det paven i Roma bestemte? Martin vart meir og meir overtydd om at han hadde rett. 31. oktober 1517 slo han opp 95 tesar om avlatshandelen på døra til slottskyrkja i Wittenberg. Tesane var setningar som forklarte kvifor det var gale å selje avlatsbrev. Kyrkjedøra var oppslagstavla på den tida. Tesane hans vart trykte og spreidde seg fort. Martin visste godt at det han gjorde, var farleg for han sjølv. Folk som tidlegare hadde protestert mot den mektige paven, hadde vorte brende på bålet. Men han var overtydd om at det han gjorde, var rett. Han meinte at Bibelens ord var viktigare enn det paven bestemte. Han ante ikkje da at dette kom til å endre Europa. Nokre månader seinare fekk Martin eit brev frå paven. Paven kalla Martin ein vranglærar og bad han komme til Roma for å forklare seg. KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 7

No hadde Martin fått den mektigaste mannen i verda som fiende. Men det var kurfyrsten, Fredrik den vise, som herska over områda rundt Wittenberg, og han ville ikkje sende den populære professoren og presten Martin Luther til Roma. Kurfyrsten visste det var farleg. Derfor ordna han det slik at utsendingar frå paven i staden kom til Tyskland. Martin vart beden om å trekkje attende det han hadde sagt og skrive, men Martin stod fast ved overtydinga si. Sanninga i Bibelen stod over orda frå paven, meinte han. Dei pavelege utsendingane vart svært opprørte og planla å arrestere Martin og sende han til Roma. Men same natta fekk han hjelp av nokre venner til å flykte gjennom ein hemmeleg port i bymuren.? Kvifor trur du nokre menneske risikerer livet for noko dei trur på? Bannlyst og fredlaus Etter nokre veker var Martin attende i Wittenberg igjen. Fyrsten, Fredrik den vise, beskytta han. Mange studentar hadde komme til universitetet for å bli underviste av professor Martin Luther. Han heldt fram som prest, studerte Bibelen og skreiv framleis bøker som raskt vart trykte og spreidde til folk. Mange kom langvegs frå for å høyre om den nye måten å forstå kristendommen på. Luther diskuterte også Martin møter utsendingane frå paven. KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 8

Hermann Wislicenus (1825 1899): Luther i Riksdagen i Worms våren 1521. Evig fortaping vil seie å måtte leve utan Gud, altså å bli skild frå Gud for alltid. Ein bannbulle er eit skriv frå paven som inneheldt ei utestenging frå kyrkja. Ein riksdag er eit viktig møte for å bestemme saker i eit land. med dei pavelege. Han klaga paven for å ta feil. Paven svarte med å lyse han i bann. Det vil seie at han var kasta ut av kyrkja og dømd til evig fortaping. Ein dag studentane brende dei pavelege bøkene på eit bål, heiv Martin bannbullen på bålet mens studentane heia på han. I 1519 fekk Tyskland ein ny keisar, Karl 5. Han likte ikkje striden som var mellom Martin Luther og paven i Roma, og ville at Martin skulle få ein rettferdig dom. Derfor kalla han inn partane til ein riksdag i Worms våren 1521. Fredrik den vise og keisaren sørgde for at Martin kunne reise trygt til møtet. Det gjekk føre seg i palasset til biskopen. Rommet var fullt av biskopar, grevar, kurfyrstar og mange mektige menn. Ved sida av keisaren sat utsendingen frå paven. På bordet fram for dei låg alle Martins bøker. Det var stille i salen da utsendingen bad Martin trekkje attende det han hadde sagt og skrive. Martin nølte. Han bad om ein dags tenkjepause. Dagen etter svarte han med høg og tydeleg røyst: «Eg er bunden av Bibelens ord. Eg verken kan eller vil trekkje noko attende. Her står eg og kan ikkje anna. Gud hjelpe meg. Amen.» Keisaren hadde lova Luther trygg reise fram og attende til Wittenberg. Men før han drog, lyste keisaren Martin fredlaus. Det vil seie at kven som helst kunne drepe han utan straff for det. På heimvegen vart Martin overfallen og bortført mens han reid gjennom ein mørk skog. Det vart full forvirring. Kven bortførte Martin Luther? KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 9

Ridder Jørgen Det gjekk mange rykte om kvar Martin hadde vorte av. Nokre trudde han var død, men dei maskerte mennene på hestane var vennene hans. Dei førte han til ei borg i byen Wartburg. Kurfyrsten, Fredrik den vise, eigde denne borga. Der var Martin trygg og levde under namnet riddar Jørgen i nesten tre år. Han gjekk rundt i riddarklede og lét hår og skjegg gro. Berre nokre få visste kven han var. Livet på borga var stille, og Martin vart rastlaus. Men så sette han i gang med å omsetje Det nye testamentet til tysk. Det fanst berre på latin. No ville han omsetje det til eit folkeleg tysk språk så alle kunne lese og forstå Bibelen. Sjølv ungar skulle forstå forteljingane. Luther meinte at folk hadde fornuft nok til å forstå Bibelens ord. Alle kristne er prestar, meinte han. Det var ikkje paven som skulle fortelje dei korleis dette skulle bli forstått. Gjennom arbeidet sitt la Luther grunnlaget for eit nytt folkeleg tysk språk. Det tok elleve veker, med arbeid dag og natt, å omsetje Det nye testamentet. Så snart omsetjinga var ferdig, vart boka trykt og spreidd omkring i landet. Ei borg er eit slott eller ei festning med tårn og ein mur rundt bygningen. Ein riddar er ein mann som var i teneste hos ein stormann eller ein fyrste. Martin Luther kjem til borgen i Wartburg. Uro og opprør I Wittenberg var det uro. Språket som vart nytta i gudstenesta, var ikkje lenger latin, men tysk, så folk forstod det som vart sagt og det som gjekk føre seg. Folk i byen ville ha fleire endringar. Uroa utvikla seg til protestar og vart til vald og opprør. Luther var fortvilt. Han meinte at den nye trua ikkje skulle tvingast fram. Ho måtte komme innanfrå. Sjølv om han var i livsfare, drog han til Wittenberg og roa oppstanden ned. Men det kom etter kvart til eit kraftig opprør frå dei fattige bøndene. Det vart mykje blod, og mange vart drepne. Luther var fortvilt. Han ville at endringa skulle skje med ord, ikkje med vald. Opprøret vart slått ned. Martin Luther meinte at klostera burde oppløysast, og mange munkar og nonner drog derfor bort frå klostera. Ein dag fekk han brev frå 12 nonner som ønskte hjelp til å rømme frå det klosteret dei budde i. Det var farleg, for det var dødsstraff for å rømme. Martin fekk smugla dei ut i nokre tomme tønner det visstnok hadde vore sild oppi. Tre nonner fór heim til familiane sine, resten skulle gifte seg med nokre prestar. Ei av desse nonnene heitte Katharina von Bora. Ho ville ikkje gifte seg med nokon annan enn Martin sjølv. Skulptur av Martin Luther i Wittenberg. KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 10

Altertavla i Mariakyrkja i Wittenberg er måla av den berømte målaren Lucas Cranach. Altartavla blei sett på som propaganda til støtte for Luther og reformasjonen. Eit bryggjeri er ein stad der ein lagar øl. Katharina budde hos kunstmålaren Lucas Cranach etter at ho rømde frå klosteret før ho gifte seg med Martin. Cranach var ein nær venn av Luther, forlovar i bryllaupet og fadder for barna som Katharina og Martin etter kvart fekk. Cranach var hoffmålar hos kurfyrsten, Fredrik den vise.? Kva ser du altartavla øvst på sida her? Katharina von Bora. Far Martin og mor Katharina Martin hadde lova to gonger at han ikkje skulle gifte seg, først da han vart munk, så da han vart prest. No meinte han at desse lovnadene om ikkje å gifte seg, var ugyldige. Litt motvillig gjekk han med på å gifte seg med Katharina. Ho var 26 år, sjølv var han 42 år. Det skulle vise seg å vere eit godt val. Foreldra til Martin kom også i bryllaupet. Endeleg vart far og son venner att. Etter kvart vart faren veldig stolt av sonen sin. Martin og Katharina flytta inn i det som før hadde vore augustinarklosteret i Wittenberg. Det utvikla seg til kjærleik mellom dei. Dei fekk seks barn, fire av dei voks opp. Ekteparet adopterte også fire barn. Katharina var ei flink og sterk kvinne. Ho stod opp klokka fire om morgonen og vart kalla Wittenbergs morgonstjerne. Ho styrte økonomien i familien, hadde studentar buande i det store huset, dyrka KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 11

grønsaker i hagen og dreiv eit bryggjeri. Ofte var det både 20 og 30 menneske til middag. Da det braut ut ein pest i byen, gjorde ho huset om til hospital. Katharina hadde lært å lese og skrive da ho var nonne i klosteret. Ho hadde også lært latin og diskuterte teologi med mannen sin. Katharina var aktiv, viljesterk og modig. Ho vart eit stort førebilete for andre kvinner. Martin var svært glad i barna sine. Han fortalde frå Bibelen, spelte lutt og heile familien song. Martin skreiv mange salmar, ofte laga han melodiar sjølv. Han omsette også salmar frå latin til tysk. Martin var oppteken av at alle skulle forstå den kristne trua, også barna. Derfor skreiv han mange bøker. Da det ein gong vart usemje mellom to grevar i Eisleben, byen der Martin var fødd, bad dei to grevane Martin om å komme dit for å hjelpe dei til å bli samde. Martin hadde da vorte både gammal og sjuk, men han drog, sjølv om Katharina var uroa for helsa hans. I Eisleben fekk han ordna opp i konflikten, men han vart enda sjukare. Martin var ikkje lenger redd for å døy, fordi han visste at Gud var kjærleg og full av nåde. Tre av sønene hans stod rundt sjukesenga da Martin Luther døydde 63 år gammal i byen der han vart fødd. Kista hans vart ført til Wittenberg der tusenvis av menneske følgde henne til grav plassen inne i slottskyrkja. Ein svært modig og arbeidsam reformator og forfattar var død. Men det han kjempa fram, levde vidare. Det kom til å endre Europa. Den evangelisk-lutherske kyrkja Martin Luther ønskte å endre Den katolske kyrkja innanfrå. Slik gjekk det ikkje. Da paven lyste Martin i bann, vart han kasta ut av kyrkja. Det vart etter kvart danna ei ny kyrkje, den som vart kalla luthersk etter Martin Luther. Det likte ikkje Luther sjølv. Han ville at den nye kyrkja skulle heite evangelisk, oppkalla etter evangeliet, som tyder den glade bodskapen om Jesus og trua på han. Dei endringane Luther skapte, blir kalla reformasjonen. Luther og tilhengjarane hans vart kalla protestantar fordi dei protesterte mot sider ved Den katolske kyrkja. Luther samla tankane sine i tre viktige punkt: 1. Bibelen aleine (på latin: Sola scriptura). Berre Bibelen er Guds ord til menneska. Ingen andre skrifter eller tradisjonar er så viktige. 2. Trua aleine (på latin: Sola fide). Berre trua på Jesus gir frelse og fellesskap med Gud. Gode gjerningar er ikkje ein føresetnad for frelse, men eit resultat av trua. 3. Nåden aleine (på latin: Sola gratia). Gud tilgir syndene menneska har gjort, og tilbyr dei fellesskap med seg. Dette er ei gåve Gud gir menneska på grunn av Jesu liv, død og oppstode. Nåden er gratis. Døra til Katharina og Martins heim. Døra blir kalla Katharinaportalen. Ein pest er ein smittsam sjukdom som mange døyr av. Ein reformator er ein person som innfører endringar, særleg i kyrkja. Nåde er Guds godheit. KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 12

Kyrkjedøra i Lutherstadt i Wittenberg. Mange protestantiske pilegrimar og turistar besøkjer Lutherstadt i Wittenberg. Staden blir òg kalla reformasjonen si vogge. Kvifor trur du staden blir kalla det? Martin Luther skreiv mange bøker. I 1530 skreiv professorkollegaen og vennen Filip Melanchton boka Confessio Augustana saman med Luther. På norsk heiter boka Den augsburgske vedkjenninga. Det er eit samandrag i 28 punkt av den lutherske forståinga av den kristne trua. Boka er ein del av dei viktigaste skriftene i lutherske kyrkjer og er grunnlaget for dei lutherske kyrkjene i Noreg. Luther skreiv også Luthers vesle katekisme. I Noreg vart denne boka brukt som lærebok på skolen og til konfirmasjonen i fleire hundre år. Han skreiv henne som hjelp til folk så dei skulle hugse viktige sider ved den kristne trua. Denne boka inneheld dei ti boda dei tre trusartiklane bønna «Vår far» forståinga av dåpen forståinga av nattverden Ei preike er ein tale under gudstenesta i kyrkja. I Den lutherske kyrkja kan prestane gifte seg. Alt som skjer i gudstenesta, går føre seg på morsmålet, ikkje på latin. Preikene vart KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 13

viktige, for prestane skulle snakke om at trua på Jesus gav menneske frelse og evig liv. I dag har Den evangelisk-lutherske kyrkja omtrent 80 millionar medlemmer over heile verda. I mange hundre år var det liten kontakt mellom Den katolske kyrkja og Den lutherske kyrkja. I 1999 vart desse kyrkjene samde om at «menneske blir rettferdiggjorde av Guds nåde ved trua på Jesus Kristus». I 2008 sa pave Benedikt 16. at Martin Luther hadde rett. «Trua aleine er sant dersom trua ikkje står i motsetning til det å gjere gode gjerningar. For livet med Jesus er kjærleik», sa pave Benedikt. Luther sa det slik: «Trua aleine frelsar oss, men trua er aldri aleine, for kjærleiken følgjer alltid med.» Reformasjonen i Noreg På 1500-talet var Noreg ein del av Danmark, og kongeriket heitte Danmark-Noreg. Kongen budde i København. Han hadde så å seie all makt, og det kongen bestemte, gjaldt også i Noreg. Christian 2. var konge i Danmark-Noreg frå 1513 til 1523. Han var venn med kurfyrsten, Fredrik den vise, som herska i Wittenberg der Martin Luther levde. Kongen var også til stades under riksdagen i Worms der Luther vart dømd. Christian 2. vart svært oppteken av den nye forståinga av den kristne trua som Luther hadde kjempa fram. Den katolske kyrkja stod sterkt, og lutherske tankar var lite kjende blant folk flest. Kvitsøy kyrkje i Kvitsøy kommune i Rogaland byrja ein byggje i 1591, og ho stod ferdig i 1620. Det er plass til 150 personar i kyrkja. KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 14

I 1537 bestemte kong Christian 3. i København at reformasjonen skulle innførast i Danmark-Noreg. Dei katolske prestane måtte anten gå over til lutherdommen eller slutte. Det tok likevel lang tid før den lutherske trua fekk fotfeste. Namnet til den lutherske kyrkja vart Den norske kyrkja, og ho vart styrt av staten. I dag er Den norske kyrkja styrt av kyrkjemedlemmene sjølve. Ho er framleis den største kyrkja i landet. Rundt 72 prosent høyrer til denne kyrkja. Enno står det i Grunnlova at Noregs konge alltid må høyre til den evangelisk-lutherske trua. I salmeboka som blir nytta i Den norske kyrkja, er det 13 salmetekstar og 8 melodiar av Luther. Bilete laga etter koparstikk av Georg Martin Preisler: Portrett av kong Christian 3. Kong Christian 3. var konge i Danmark-Noreg frå 1536 til 1559. Han innførte ei ny kyrkjeordning i 1537. Denne nye kyrkje ordninga gav Danmark- Noreg ei luthersk stats kyrkje. Interiøret i Kvitsøy kyrkje. Døypefonten er frå 1100-talet og vart henta frå ei anna kyrkje da Kvitsøy kyrkje vart bygd. Altertavla vart laga i perioden 1612 1620. KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 15

Arven frå Luther Martin Luther er kalla Europas mest berømte mann. Det hende mykje på 1400-talet og tidleg på 1500-talet som førte til store endringar i måten folk tenkte på. Universitet vart oppretta. Jan Hus hadde vorte brend på bålet fordi han kritiserte det at kyrkja misbrukte makta si, og fordi han meinte at folk måtte få høyre preiker og få lese Bibelen på morsmålet. Det var mykje umoral og korrupsjon blant mennene i Den katolske kyrkja. Kyrkja eigde meir og meir, mens folket vart fattigare. Columbus hadde oppdaga Amerika i 1492. Boktrykkjarkunsten var utvikla, derfor kunne alle bøkene Luther skreiv, snøgt bli spreidde til folket. Luthers omsetjing av Det nye testamentet gjorde at dei som kunne lese, fekk større innsikt i kristendommen. Prestane i den nye lutherske kyrkja kunne gifte seg. Gamle sanningar var ikkje lenger sanningar. Ei ny tid var på gang. Reformasjonen endra ikkje berre kyrkja, men også Europa. Det vart store endringar i samfunnet i både kultur og politikk. Martin Luther protesterte Martin Luther. på at paven kunne bestemme korleis menneske skulle tru. Han meinte at alle menneske kunne tenkje og vurdere sjølv ut frå det som stod i Bibelen. Han omsette Det nye testamentet til morsmålet slik at folk flest kunne lese og forstå den kristne trua. Han tok makta frå paven og dei andre mennene i kyrkja og gav henne til folket. Dette vart også eit viktig prinsipp i europeisk kultur. Reformasjonen la eit grunnlag for demokratisering. Tankar om toleranse, individuelt ansvar og utviklinga av enkeltmennesket vart sentrale. Luther og religionskritikk Luther kritiserte Den katolske kyrkja som han sjølv var ein del av. Han dreiv religionskritikk innanfrå og peikte på sider ved måten Den katolske kyrkja forstod og praktiserte kristendommen på, som han meinte var heilt uakseptabel. Men paven og leiarskapen i kyrkja var ikkje villig til å gjere nokre endringar. Som ei følgje av dette vart det derfor danna ei ny kyrkje Den evangelisk-lutherske kyrkja. Luther har sjølv vorte kritisert både av folk i si eiga kyrkje og av folk utanfrå. Det er mellom anna fordi han var svært negativt innstilt til jødar og jødedom, muslimar og islam. Korrupsjon vil seie å ta imot eller gi bestikkingar for å få nokre fordelar. Ei bestikking kan vere pengar eller gåver. Reformasjonen vart på mange område starten på noko nytt. Det nye var ikkje berre religiøst, men også politisk, sosialt og kulturelt. Skolegang for alle blei viktig. KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 16

KVA HENDE NÅR I MARTIN LUTHERS LIV? 1483 Martin Luther blir fødd i Eisleben i Tyskland. 1484 Familien flyttar til Mansfeld. 1501 Begynner på studiar ved universitetet i Erfurt, 18 år gammal. 1505 Munk i augustinarklosteret i Erfurt. 1507 Prest, 24 år gammal. 1510 Reisa til Roma. 1512 Teologisk doktor og professor i Wittenberg, 29 år gammal. 1517 Luther slår opp sine 95 tesar mot avlatshandelen på kyrkjedøra i Wittenberg, 34 år gammal. 1520 Luther vart utstøytt frå kyrkja, bannbullen. 1521 Riksdagen i Worms. Luther blir dømd fredlaus, blir kidnappa og ført til borga i Wartburg. Omset Det nye testamentet. 1522 Luther dreg attende til Wittenberg. Det nye testamentet blir trykt på tysk. 1524 Bondeopprøret. 1525 Luther gifter seg med Katharina von Bora. Martin 42 år, Katharina 26 år. 1529 Luther skriv den vesle katekisma, som er eit kort samandrag av den kristne trua. 1530 Confessio Augustana (Den augsburgske vedkjenninga), ei viktig bok i lutherske kyrkjer. 1534 Lutherbibelen blir gitt ut. Luther har omsett heile Bibelen til tysk. 1546 Luther døyr 63 år gammal. Martin Luther i Wittenberg. KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 17

Luther sjølv designa dette monogrammet. Det vart trykt i alle bøkene hans og tyder: «Kristus i hjartet gir glede i all æve.» OPPGÅVER 1 Tenk deg at du skal fortelje om Martin Luther i klassen. Skriv nokre nøkkelord som kan hjelpe deg. 2 Tenk deg at du skal fortelje om kvifor Martin Luther er kjend i dag. Skriv nokre nøkkelord som kan hjelpe deg. 3 Martin Luther meinte at endring skulle gå føre seg ved ord, ikkje med opprør og vald. Kva tenkjer du om det? Gi nokre døme frå historia og frå i dag der endring skjer med vald og med ord. Kvifor er det best resultat når endring går føre seg med ord? 4 Kvifor var boktrykkjarkunsten så viktig for reformasjonen? 5 Korleis kunne reformasjonen få betydning for utvikling av demokratiet? 6 Under reformasjonen blei det enkelte mennesket vektlagt. Kvifor blei det så viktig for samfunnsutviklinga i Europa? Ei side i Gutenbergs Bibel frå 1455. Johann Gutenberg er berømt fordi han var den som utvikla boktrykkjarkunsten i Europa. KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 18

NYHEIT! KRLE boka 8 10 BASIS Korte tekstar og forenkla framstilling! Basis-boka gir eleven dei grunn leggjande kunnskapane i KRLE og dekkjer dei viktigaste kompetansemåla i faget. Bruk BASIS-boka saman med elevnettstaden. Digital lærarrettleiing med mykje bakgrunnsstoff og filmar. Bilete: Bridgeman Art Library / Lucas Cranach the Elder / Church of St. Marien, Witenberg, Germany: s. 11ø Getty Images: istock s. 3, 4, 5, 6, 8, 10, 11n, 12, 13h, 16, 17, 18 Kvitsøy menighet ved Linda Tveteraas: s. 14, 15h NTB scanpix / akg-images s. 1, 7, 9. NTB scanpix / INTERFOTO / Alamy Stock Photo: s.15ø Svein Kr. Waale s. 2, 14v CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2017 Forfattar: Ragnhild Bakke Waale Design: Sandvikdesign Forlagsredaktør: Unni Wiel Biletredaktør: Unni Wiel ISBN 978-82-02-57810-7 cdu.no krle-nett.cdu.no KRLE 8 10 LUTHER OG REFORMASJONEN 19