SELJE KOMMUNE Formannskapet Møtebok Møtedato: 14.09.2015 Møtetid: Kl. 16:00 17:00 Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.: 064/15-067/15 Følgjande medlemmer møtte TP: Ottar Nygård (ordførar). SP: Gunn Sande. UAVH: Toril Sande. FRP: Svein Hansen, Anne Lise Drage. KRF: Raymond Myren. H: Kenneth Brandal. Følgjande medlemmer møtte ikkje Følgjande varamedlemmer møtte Følgjande frå administrasjonen møtte Rådmann Ørnulf Lillestøl, som og førte møteboka. Merknad til innkallinga Ingen Merknad til saklista Ingen 7 voterande
Følgjande saker vart handsama Sak nr. Sakstittel 064/15 Godkjenning av møtebok 065/15 Referatsaker 066/15 Høyringsuttale - Eigedomsbeskatning av arbeidsmaskiner mv. i verk og bruk 067/15 Prosjekt Historiske ortofoto i Hordaland og Sogn og Fjordane Tilleggsaker: Ingen Utskrift protokoll: Medlemmar, møtande varamedlemmar, biblioteka, abonnentar Utskrift møtebok: Abonnentar, kontrollutvalet, kommunekassa, revisor Signatur:
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet 14.09.2015 064/15 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Godkjenning av møtebok Arkiv: FE- Arkivsaknr 15/463 TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN: Møtebok frå møte 03.06.15 og 27.08.15 vert godkjent slik dei ligg føre. Dok.dato Tittel Dok.ID 04.09.2015 Møtebok FS 03.06.15.pdf 68582 04.09.2015 Møtebok FS 27.08.15.pdf 68583 Handsaming i Formannskapet - 14.09.2015 7 voterande FS-064/15 VEDTAK Møtebok frå møte 03.06.15 og 27.08.15 vert godkjent slik dei ligg føre. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet 14.09.2015 065/15 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Referatsaker Arkiv: FE- Arkivsaknr 15/462 Refererte skriv og meldingar: Ingen referat ligg føre ved innkalling til møte. Tilleggsreferat: TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Referatsaker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Handsaming i Formannskapet - 14.09.2015 7 voterande Referat lagt fram i møtet: 1. Rådmann: Flyktningar i Selje kommune. FS-065/15 VEDTAK 1.Rådmann orienterte om situasjonen rundt mottak av flyktningar og erfaringar som er gjort så langt.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet 14.09.2015 066/15 Sakshandsamar Ottar Nygård Arkiv FE- Arkivsak 15/454 Høyringsuttale - Eigedomsbeskatning av arbeidsmaskiner mv. i verk og bruk Dokumentliste Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 2 I 18.06.2015 Finansdepartementet Høring om eiendomsbeskatning av arbeidsmaskiner mv. i verk og bruk Vedlegg i saka Dok.dato Tittel Dok.ID 01.09.2015 Høringsbrev.docx 68519 01.09.2015 Høringsnotat om eiendomsskatt på arbeidsmaskiner.docx 68521 Saka gjeld Finansdepartementet har sendt på høyring eit framlegg til endringar i regelen om eigedomsskatt på arbeidsmaskiner m.v. i verk og bruk. Frist for høyringsuttale er 18.09.2015. Opplysningar til saka Selje kommunestyre inviterte Vestavind Kraft til å foreta vindmålingar med tanke på å utnytte den fornybare energien som ligg i vind i vår kommune. I 2008 gjekk kommunestyret inn for ei utbygging av vindmøllepark på OKLA ovanfor Borgundvåg. NVE gav konsesjon til Vestavind Kraft, men fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjekk til motsegn. Mekling førte ikkje fram og saka hamna på olje- og energiminister Tord Lien sitt bord. Saka er no avgjort og regjeringa har gitt konsesjon til vindkraftutbygging på OKLA. Alle grunneigarane har vore positive til utbygginga og har skrive under avtalar med utbyggjar. Lover/regelverk Kommunane er ein av høyringsinstansane.
Sakshandsamar si vurdering Selje kommunestyre har heile tida lagt til grunn at utbygging av ein vindmøllepark i kommunen skulle gje ei inntekt til kommunen og til grunneigarane. Størrelsen på denne skulle vere minst like stor som det eigedomsskatt ville gje. Dersom departement og regjering no endrar regelverket i tråd med framlegget så vil eigedomsskatt på vindkraftanlegg bortfalle. Dette blir i tilfelle ei total endring av dei føresetnadane som gjaldt då kommunestyret gjorde vedtak, og det vil gjelde alle kommunar rundt om i landet som har slike anlegg eller har planar om det. Framlegget er eit skot i baugen for framtidig vindkraftutbygging og vil skape store vanskar for framtidig utnytting og utbygging av ein fornybar energiressurs der kommunane, private og staten kunne spelt på lag. Det at endringa i regelverket for eigedomsskatten berre skal gjelde for vindkraft som fornybar energiressurs og ikkje og for vasskraft, vil føre til ein vesentleg skilnad mellom dei forskjellige kraftkommunane. Mange vasskraftkommunar set i dag med svære inntekter på eigedomsskatt. Det bør vere eit tankekors at det er desse som er mest i mot kommunereforma og ei samanslåing med andre nabokommunar. Framtida vil krevje av oss at vi i langt større grad enn i dag satsar på rein fornybar energi. Ei slik omlegging av skattesystemet vil hindre ein felles «dugnad» for å få dette til og kommunane vil i langt mindre grad tillate å bruke av naturen til vindkraft. Konklusjon Selje kommune vil på det sterkaste gå i mot regjeringa sitt framlegg til endringar av regelverket for eigedomskatt av arbeidsmaskiner m.v. i verk og bruk. Framlegget vil med dette totalt endre dei føresetnadane kommunestyret i Selje la til grunn då ein fatta vedtaket om utbygging av vindkraft på OKLA. Staten som konsesjonsmyndigheit vil med ei slik endring bryte tidlegare avtalte rammevilkår overfor kommunane og dermed også den tillit som må ligge til grunn mellom stat og kommune i slike saker. Framlegget vil vere eit skot i baugen for framtidig vindkraftutbygging og skape store vanskar for ei god utnytting av ein fornybar energiressurs der kommunane, private og staten kunne spelt på lag. Framtida vil krevje at vi i langt større grad enn i dag satsar på rein fornybar energi. Ei slik omlegging av skattesystemet vil hindre ein felles «dugnad» for å få dette til og kommunane vil i langt mindre grad tillate bruk av naturen til vindkraft. Kvar framtidig utbygging vil dermed bli ein kamp mot vindmøller i kommunane i ordets rette forstand. Saksgang Formannskapet gjer vedtak. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Selje kommune vil på det sterkaste gå i mot regjeringa sitt framlegg til endringar av regelverket for eigedomskatt av arbeidsmaskiner m.v. i verk og bruk. Framlegget vil med dette totalt endre dei føresetnadane kommunestyret i Selje la til grunn då ein fatta vedtaket om utbygging av vindkraft på OKLA. Staten som konsesjonsmyndigheit vil med ei slik endring bryte tidlegare avtalte rammevilkår overfor kommunane og dermed også den tillit som må ligge til grunn mellom stat og kommune i slike saker. Framlegget vil vere eit skot i baugen for framtidig vindkraftutbygging og skape store vanskar for ei god utnytting av ein fornybar energiressurs der kommunane, private og staten kunne spelt på lag.
Framtida vil krevje at vi i langt større grad enn i dag satsar på rein fornybar energi. Ei slik omlegging av skattesystemet vil hindre ein felles «dugnad» for å få dette til og kommunane vil i langt mindre grad tillate bruk av naturen til vindkraft. Kvar framtidig utbygging vil dermed bli ein kamp mot vindmøller i kommunane i ordets rette forstand. Handsaming i Formannskapet - 14.09.2015 7 voterande Røysting: Framlegg til uttale fekk 7 røyster for. Samrøystes FS-066/15 VEDTAK Selje kommune vil på det sterkaste gå i mot regjeringa sitt framlegg til endringar av regelverket for eigedomskatt av arbeidsmaskiner m.v. i verk og bruk. Framlegget vil med dette totalt endre dei føresetnadane kommunestyret i Selje la til grunn då ein fatta vedtaket om utbygging av vindkraft på OKLA. Staten som konsesjonsmyndigheit vil med ei slik endring bryte tidlegare avtalte rammevilkår overfor kommunane og dermed også den tillit som må ligge til grunn mellom stat og kommune i slike saker. Framlegget vil vere eit skot i baugen for framtidig vindkraftutbygging og skape store vanskar for ei god utnytting av ein fornybar energiressurs der kommunane, private og staten kunne spelt på lag. Framtida vil krevje at vi i langt større grad enn i dag satsar på rein fornybar energi. Ei slik omlegging av skattesystemet vil hindre ein felles «dugnad» for å få dette til og kommunane vil i langt mindre grad tillate bruk av naturen til vindkraft. Kvar framtidig utbygging vil dermed bli ein kamp mot vindmøller i kommunane i ordets rette forstand. Samrøystes. Utskrift til: Høyringsinstans - Finansdepartementet
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet 14.09.2015 067/15 Sakshandsamar Anja Midttun Arkiv FA-L24 Arkivsak 15/489 Prosjekt Historiske ortofoto i Hordaland og Sogn og Fjordane Saka gjeld Partane i fylkesgeodatautvalsmøtet i april var positive til å gå i gang med eit prosjekt kring historiske ortofoto for Sogn og Fjordane og Hordaland. Kartverket har no kome med eit prosjektforslag med kostnadsfordeling. Opplysningar til saka Flybileta det er aktuelt å lage ortofoto av er teke i samband med fyrstegongsfotografering for kartlegging til økonomisk kartverk (ØK) på 1960 og 1970 talet. Negativa frå desse flygingane ligg i Kartverket sine arkiv på Hønefoss. Her er det lagra ca 8300 flybilete frå Sogn og Fjordane frå perioden 1957-1977 og ca 6000 bilete frå Hordaland i i perioden 1951-1972. Bileta er ein unik dokumentasjon av landskap og bygningar, og viser utviklinga i eit historisk perspektiv. Skannaren Kartverket nyttar til å lagra negativa digitalt har avgrensa kapasitet og levetida er svært usikker, prosjektet bør difor setjast i gang no. Sjølve skannejobben på Hønefoss er estimert til å ta opp mot 5 månader å gjennomføre. Flybileta vart i hovudsak teke med føremål om å lage kart, men bileta kan brukast til mykje meir. Dei er ei god kjelde til historisk informasjon. - Nyttig for sakshandsamarar, planleggjarar og kommunepolitikarar for å sjå korleis landskap og utbygging har endra seg over tid - Nyttig for landbruksavdelinga - Informasjon til historieinteresserte i befolkninga - Nyttig for forskarar, jordskifteretten - Servicetorget kan henvise til norgeibilder.no til interessentar etter prosjektet er avslutta - Potensial for positiv medieomtale for partane - Relativ låge kostnader, og det kan fordelast over 3 år - Ein sjanse til å bevare historisk materiale Erfaringa frå andre fylker tilseier at dette er eit prosjekt som får stor merksemd og som blir til glede og nytte for mange.
Det kostar ca 100 kr å skanne kvart enkelt bilete hjå Kartverket, og det er estimert at det vil koste om lag 200 kr per bilete å få produsert ortofoto hjå firma i etterkant, litt avhengig av kva tilbod som kjem inn. Foreløpig totalpris for prosjektet er kalkulert til ca 4.290.000 kr. Den finansieringsmodellen som har vore nytta i andre fylker er ca 53% på kommunepartar og 47% på andre partar. Når det gjeld kommuneandelen har det blitt rekna ein lik sum for alle kommunane. Det er mogleg for kommunane å søke skjønnsmidlar frå Fylkeskommunen. Kvar kommune må dekke 39.000 kr. Selje kommune har 131 bileter. Nokon av bileta har berre 5% dekning over landområda, men du treng bilde på grunn av overlapp. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Selje kommune vert del av prosjektet og må betale ca 39.000 kr i løpet av 1-3 års periode. Handsaming i Formannskapet - 14.09.2015 7 voterande Endra tilråding frå administrasjonen: 1. Selje kommune vert del av prosjektet og må betale ca 39.000 kr i løpet av 1-3 års periode. 2. Finansiering vert dekka over Formannskapet sitt reservefond. Røysting: Endra tilråding frå administrasjonen fekk 7 røyster for. FS-067/15 VEDTAK 1. Selje kommune vert del av prosjektet og må betale ca 39.000 kr i løpet av 1-3 års periode. 2. Finansiering vert dekka over Formannskapet sitt reservefond. Samrøystes.