Tiltaksplan Lom Nasjonalparklandsby 2011

Like dokumenter
Nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen

LOM NASJONALPARKLANDSBY

Nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen

Villreinløypa. Ellen Marie Sørumgård Syse Grotli

Program for. Årdal Venstre

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

6-åringar på skuleveg

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Natur- og kulturbasert næringsutvikling. rundt Den Grøne Sløyfa

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Næringsutvikling i Lom. Kommunestyremøte 31. jan, Lom

Fjordportalen. Møteplass for verdsarven. Sentrum for natur- og kulturbasert næring og aktivitet. v/arve Tokvam

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Frivilligpolitisk plattform

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Tiltaksplan for Norges Nasjonalparklandsbyer 2012 (-13)

Biletbruk på nettet 1 2

Velkome åt bygda vår!

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Sykkelturisme i framtida røynsler frå Sunnhordland v. Gro Røhne Andersen

PROSJEKT TURISTTAVLER HORDALAND

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

FLORA KOMMUNE Sentrumsplanen. Prosjektbeskriving. Folk i sentrum.

Program OSTERØY HØGRE

VERDISKAPING NASJONALPARK - Er det mogleg?

Brukarrettleiing E-post lesar

Rapport. Levende Landskap

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Prosjekt Leselunden (Ref #1074)

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Turstiar i Kvinnherad

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

MIDLER TIL TILTAK I VERNEOMRÅDER (KAP 1420 POST 31) Pri. Navn Tiltakskategori Tiltakstype Verneområde Øk. ansvarlig Beløp

LOM KOMMUNE SKILTVEDTEKTER

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Innovasjonsmetoden vår

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda. BrosjyreA5_husetibygda.indd

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Sluttrapport fjordstien i Sogndal sentrum

Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014.

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Torbjørn Guggedal K2 - U64 17/297. Saksnr Utval Type Dato 018/17 Kommunestyret PS

Opplysningar om søkjar

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINE FOR TENESTETELEFON

DESTINASJONSUTVIKLING

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

Eit prosjekt i DNs nasjonale verdiskapingsgrogram naturarven som verdiskaper

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Prosjekt: Hyllestad Fleirbrukshall PILOT NOTAT FORPROSJEKT. INVITASJON TIL DIALOGMØTE Framtidsretta fleirbrukshall

Prosjektnamn: Fonnesvågen trivsel, identitet og aktivitet

Framtidsfylket AS v/ Linda Hovland Naustdalsvegen 1B 6800 FØRDE

Festidalen. Sak om aldersgrense

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Til deg som bur i fosterheim år

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn

SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2011/1/0327 PROSJEKT GROV. Søkerorganisasjon: Norges Handikapforbund og NHF Vågå

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Erfaringar frå Jotunheimen v/ styreleiar Mai Bakken

PROSJEKTPLAN. Pendling Stressless - Bulyst. Delprosjekt Rekruttering til. v/ bygdeutviklingslaget Nye Bremanger. Visjon:

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SØKNAD OM TILSKOT TIL UARBEIDING AV STEDSANAYSE OG REGULERINGSPLAN, GOL KOMMUNE

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

HOVUDNETT FOR SYKKEL

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

PROSJEKTPLAN FOR SYKKELBYEN STORD

Prosjektskisse Versjon 3. Arbeidspakke 5

Protokoll frå møte i Kyrkjeleg fellesnemnd for Ullensvang, Jondal og Odda

Transkript:

Tiltaksplan Lom Nasjonalparklandsby 2011 Foto : Rita Birkeland Innhald 1.1 Innleiing... 2 1.2 Tiltaksbeskriving... 2 1.2.1 Informasjon... 2 1.2.2 Omdømebygging og profilering... 4 1.2.3 Stadutvikling og tilrettelegging... 5 1.2.4 Kompetanse og nettverk... 5 1.3 Organisering... 6 1.4 Alternative disponeringar... 6 1.5 Finansieringsplan... 7 1.6 Vedlegg 1... 8 Prosjektbeskriving Naturstig for born i Presthaugen... 8 1

Tiltaksplan Lom Nasjonalparklandsby 2011 1.1 INNLEIING I Lom nasjonalparklandsby ynskjer me på best mogleg måte å legge til rette for bruk av nasjonalparklandsbyen og naturen kring nasjonalparklandsbyen, i nasjonalparkane. Dette har gjeve seg utslag i ei stor satsing på opprusting av turstignettverket kring nasjonalparklandsbyen, supplert med informasjonstavler og turstigbrosjyre. Fleire tilretteleggingstiltak i nasjonalparklandsbyen med bord, benkar, kvilepunkt, blomstrar, skilting og andre forskjønningstiltak har vorte realiserte og fleire er i kjømda. Det vert også jobba med eit tilretteleggingsprosjekt for fiske på Skim. Gjennom det kommunale småsamfunnsprosjektet Liv i Lom satsar Lom kommune også sterkt på å vidareutvikle Lom nasjonalparklandsby. Dei viktigaste tiltaka som vert drive gjennom Liv i Lom for nasjonalparklandsbyprosjektet er vertskapskurs med nasjonalparklandsby vri, feiring av landsbydag samt fleire informasjons og profileringstiltak. I arbeidet med denne tiltaksplanen for 2011 har landsbykoordinator jobba tett med leiar av styringsgruppa og leiar av landsbyrådet. I 2011 ynskjer me no å fokusere på informasjon og omdømearbeid gjennom tiltak retta mot både fastbuande og besøkjande, for å auke kunnskapsnivået om nasjonalparkane og naturarven. I tillegg vil me satse på tilretteleggingstiltak som landsbysyklar og zip-line/ tyrolertravers som er spesielt retta mot tilreisande og turistar, slike tiltak vil representere ein meirverdi for den lokale reiselivsnæringa, samt stimulere til å få dei tilreisande ut i naturen. Meir informasjon om kva som skjer i Lom nasjonalparklandsby på www.lom.no 1.2 TILTAKSBESKRIVING Tiltaksplan for nytting av midlar frå verdiskapingsprogrammet for naturarven i Lom nasjonalparklandsby er utarbeidd og vil bli fylgd opp av landsbyrådet i samarbeid med landsbykoordinator. For 2011 er fylgjande 10 tiltak prioriterte. 1.2.1 INFORMASJON Informasjonstiltak Lom nasjonalparklandsby Tiltak som er planlagde i 2011 er: revidering og forbetring av turstig og Bergomsrunde-brosjyre, samt oppsetting av fleire informasjonstavler med turstigkart og informasjon om Bergomsrunden. Til høgre: informasjonstavle med turstigkart midt i Lom nasjonalparklandsby. 2

Til venstre: døme på kreativt informasjonstiltak, tablå i Lom nasjonalparklandsby, under opninga av Breheimen nasjonalpark. Nasjonalparkmagasin For Lom nasjonalparklandsby er det særs viktig å nå ut til folk med informasjon om dei tre nasjonalparkane i kommunen. Dette for å bidra til å skape eit positivt syn på vernet, samt informere om verneformål og kvalitetar. Slik kan ein stimulere til at folk ser moglegheitene knytt til nasjonalparkane dei har i kommunen. I denne samanheng ynskjer ein i samarbeid med blant anna Norsk Fjellmuseum å lage eit nasjonalparkmagasin som skal sendast ut med lokalavisa til alle innbyggjarane i Lom, Skjåk og Vågå. Ein ser på dette som eit viktig tiltak innafor det haldningsskapande arbeidet Naturstig for born i Presthaugen Prosjektet med å etablere ein naturstig i Presthaugen for born har som hovudmål å formidle kunnskap om dyra i nasjonalparkane, på ein interessant og spennande måte. Start og sluttpunkt, samt administrasjon vert lagt til Norsk Fjellmuseum/nasjonalparksenter Dette tiltaket kan også komme inn under næringsutvikling, fordi ein her vil skape eit produkt som lokale aktivitetsselskap i samarbeide med Norsk Fjellmuseum kan tilby sine kundar. Ein ser for seg å nytte attkjennelege element frå naturstigen på to leikeområde i sentrum, slik at desse vil fungere som reklame for naturstigen og trekke fleire familiar mot startpunktet på Norsk Fjellmuseum (sjå eige avsnitt om leikesatellittar). Det føreligg også planar om å etter kvart utvide naturstig prosjektet ved å lage klassesett tilpassa barneskulen der tema og materiell frå naturstigen går att. Sjå vedlegg 1 3

1.2.2 OMDØMEBYGGING OG PROFILERING Landsbysyklar Det skal kjøpast inn syklar til bruk for besøkjande i og rundt nasjonalparklandsbyen, syklane skal profilerast med nasjonalparklandsbymerker. Det vert inngått eit samarbeid med Norsk Fjellmuseum (nasjonalparksenter) om utleige og administrasjon av syklane. Tiltaket vil vere med å gjere nasjonalparklandsby kjent ved nasjonalparklandsbylogo og anna profilering på syklane. Tiltaket vil også bidra til at besøkjande lettare kjem seg ut i naturen kring nasjonalparklandsbyen, då fleire startpunkt for turmål vert lettare å nå frå sentrum med sykkel. Tiltaket vil representere ein meirverdi for reiselivsnæringa ved at ein aukar aktivitetstilbodet for besøkjande i nasjonalparklandsbyen. Regionkontoret for Nord-Gudbrandsdalen driv i skrivande stund og organiserer ei regional sykkelsatsing i vårt område. Det skal lagast felles sykkelkart og ruter for dei seks norddals kommunane. Sidan det ikkje finst moglegheiter for å leige syklar i eller i nærleiken av nasjonalparklandsbyen, set no landsbyrådet i gang ei prøveordning med utleige frå Norsk Fjellmuseum. Nasjonalparkinformasjon i bedrifter Som eit ledd i arbeidet med å spreie informasjon om nasjonalparkane og nasjonalparklandsbyprosjektet, ynskjer ein å lage eit opplegg for å få slik informasjon ut i bedriftene. Aktuelle bedrifter vil være bedrifter med kundekontakt, butikkar, kafear, overnattingsstader og andre verksemder med resepsjonar. Det vert laga ei informasjonspakke med informasjonsmateriell, bedriftene kan velje ut ulike element dei ynskjer frå denne informasjonspakka. Det vert til dømes produsert roll- ups, plakatar, og stativ med brosjyrar, informasjonsmateriellet skal plasserast lett synleg ute i bedriftene. Det er og aktuelt å kjøpe inn bokpakker beståande av bøker om nasjonalparkane. På denne måten vert informasjon om nasjonalparkane bli formidla effektivt ut til besøkande i dei ulike bedriftene. Landsbydag 14. mai Landsbyrådet ynskjer å arrangere ein landsbydag for å setje fokus og skape blest og engasjement rundt arbeidet med nasjonalparklandsbyprosjektet. Tanken er også at medlemmene i landsbyrådet skal være delaktige og synlege under heile dagen, slik at folk har moglegheit til å ta kontakt og kome med synspunkt rundt prosjektet på ein meir uformell arena. Program for dagen 11.00 - Guida tur på Tidsaksen med Torgeir T. Garmo Oppmøte Fossheim steinsenter 11.00 - Guida tur langs Bordvassvegen, gamal vassveg brukt for å føre fram vatnarvatn fram til gardar Oppmøte Norsk Fjellmuseum 13.00 - Kaffi og noko attåt for turfylgja på Fjellmuseet, vaksne som fylgjer born på dukketeater er også hjarteleg velkomne til kaffistunda. 13.00 Dukketeater Ut av isen Norsk Fjellmuseum 12.00-15.00 Travers over Prestfossen 17.00 Foredrag Mot alle Odds med Jarle Trå, på Norsk Fjellmuseum med servering 4

1.2.3 STADUTVIKLING OG TILRETTELEGGING Tilrettelegging for Zip-line i nasjonalparklandsbyen Tilrettelegging av stig frå parkeringsplassen ved Fjellmuseet ned til start platting for Zip-line / tyrolertravers, samt opparbeiding av startplatting. Dette for å gjere det enklare for aktivitetsverksemdene å drive ein aktivitet som skapar liv og røre i nasjonalparklandsbyen. Dette er eit tiltak som landsbyrådet i Lom nasjonalparklandsby ynskjer å prioritere, sidan det er eit tilretteleggingstiltak for auka næringsaktivitet i nasjonalparklandsbyen. Leikesatellittar i sentrum knytt til natur og dyreliv i nasjonalparkane Lom nasjonalparklandsby manglar gode aktivitetsmoglegheiter for små born. Tilbodet manglar både for tilreisande og fastbuande. Samstundes er det eit hovudmål for nasjonalparklandsbyprosjektet å drive informasjon om nasjonalparkane og verdeverdiane tilknytt parkane, overfor alle grupper og aldrar. Difor ynskjer ein i samarbeid med Norsk Fjellmuseum/Nasjonalparksenter å setje i gang fleire informasjonstiltak retta spesielt mot born. Tiltaka baserer seg på informasjon/lærdom om dyra og livet i nasjonalparkane. Som nemnt ynskjer ein å etablere ein naturstig i Presthaugen og lage skuletilbod knytt til denne. Vidare ynskjer ein altså å samt etablere små leikeområde i sentrum med fokus på same informasjonen som i naturstigen. Leikeområda skal fungere som appetittvekkjarar/reklame for naturstigen i Presthaugen, dei vil og fungere som sjølvståande informasjons/læringspunkt, samstundes som dei vil være kjærkomne aktivitetstilbod for born i sentrum. Tanken er å nytte element frå naturstigen som skal etablerast i Presthaugen, med dyr i naturtru storleik kombinert med leikeapparat, og noko informasjon om dyra i og rundt nasjonalparkane retta mot born 1.2.4 KOMPETANSE OG NETTVERK Deltaking nettverkssamlingar Verdiskapingsprogrammet for naturarven Lokale representantar i den nasjonale styringsgruppa og arbeidsgruppa i nasjonalparklandsbynettverket, vil delta på dei to årlege nettverkssamlingane til verdiskapingsprogrammet for naturarven. 5

1.3 ORGANISERING I Lom nasjonalparklandsby er det styringsgruppa (formannskapet) som er øvste formelle organ, og dei har økonomisk mynde og vedtek framdrifts/tiltaksplanar. Landsbyrådet og landsbykoordinator samarbeider tett for å kome fram til gode tiltak i nasjonalparklandsbyen samt sikre gjennomføring. 1.4 ALTERNATIVE DISPONERINGAR Dersom eitt eller fleire av dei prioriterte tiltaka i tiltaksplanen for 2011 skulle vise seg å ikkje være mogleg å gjennomføre, eller ein har disponible midlar, vil landsbyrådet, landsbykoordinator og styringsgruppa måtte gjennomføre ein prosess kor ein arbeider fram nye forslag til tiltak. 6

1.5 FINANSIERINGSPLAN Tiltak Gjennomføring Sum kostnad VSP Lom kommune Andre merknader Informasjon Midlar Eigeninnsats Informasjonstiltak Lom nasjonalparklandsby LK 100 000 30 000 70 000 Nasjonalparkmagasin LK/NPS 100 000 50 000 25 000 25 000 Naturstig for born i Presthaugen eigen PL/NPS 150 000 75 000 50 000 25 000 Omdømmebygging og profilering Landsbydag 14. mai LK/LR 40 000 15 000 25 000 Nasjonalparkinformasjon i bedrifter 300 000 150 000 150 000 Landsbysyklar Lom NPL LK/NPS 90 000 45 000 45000 Stadutvikling og tilrettelegging Tilrettelegging Zipline Lom NPL LK/PI 40 000 20 000 20 000 Aktivitets satelittar i sentrum med natur informasjon LK/LR 300 000 135 000 80 000 85 000 Kompetanse og nettverk Deltaking nettverkssamlingar VSP Administrasjon og prosjektdrift LK Prosjektleiing/kooordinering, alle tiltak sekreteriat landsbyråd LK 100 000 50 000 50 000 Totalt 1 220 000 570 000 445 000 155 000 LK - Landsbykoordinator NPS- Nasjonalparksenter, Norsk Fjellmuseum LR- Landsbyrådet eigen PL- eigen prosjektleiar PI - private initiativtakarar Arbeidsinnsats NFM og SNO Fells pott til nettverket Utanfor ordinære tilskot 7

VEDLEGG 1 PROSJEKTBESKRIVING NATURSTIG FOR BORN I PRESTHAUGEN I Lom er det få aktivitetar for barn, og i tillegg har det vorte ytra eit ynskje om å trekkje fleire folk til Presthaugen, og Nasjonalparksenteret/Norsk Fjellmuseum. Med utgangspunkt i dette har det blitt utarbeida eit forslag til ein Naturstig i Presthaugen, der dyr og fuglar i Lom og nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen skal vere tema. Beskriving av Naturstigen Målgruppe: Barn i alderen 4 12 år Språk: Norsk, engelsk og tysk Naturstigen startar ved Norsk Fjellmuseum i Lom (trappa bak huset), og fylgjer stigen som går i utkanten av Presthaugen heile runda, heilt ned til inngangsporten. På denne runda skal ulike dyr og fuglar som lev i Lom og nasjonalparkane vere plassert rundt ikring på naturlege stadar. Til dømes vil ekorna kanskje sitje oppi eit tre, medan elgen kanskje kan stå gøymt i eit skogkratt. Dyra og fuglane blir laga i tre og måla i dei fargene dei har i verkelegheita. Kvart dyr/fugl vil ha ei orienteringsklype (stifteklemme) hengjande i nærleiken, slik at borne stemplar innom kvar post. Brosjyrar med kart over Presthaugen og gåter, namn eller bilete av dyra/fuglane (orienterigsark), kan t.d. hentast på turistinformasjonen på nasjonalparksenteret. Dei yngste (ca 4-6 år) kan få brosjyre med bilete av dei ulike dyra. 8

Ungar i alderen 6-7 år (ca) kan hente seg brosjyre med namn på dyra, medan dei eldre hentar seg brosjyre med gåter. Gåtene kan variere frå enkle til vanskelege - heilt ettersom kva for kunnskap ungane har frå før. Ved kvar enkelt gåte/namn/bilete skal det vere plass til å klyppe inn symbolet til det enkelte dyr. Bileta/namna/gåtene skal ikkje stå i same rekkjefylgje som dyra/fuglane er utplassert. Dette gjer at ungane må tenkje seg til kva for dyr/fugl som passar til den enkelte gåta, namnet eller biletet. Når orienteringsarka er ferdig utfylt, går turen attende til Turistinformasjonen, der dei unge kan få sjå fasit og få utdelt diplom for å ha gjennomført turen. Poenget med diploma er at ungane skal kunne ha noko å vise fram til klassekameratar, lærarar og andre personar som betyr noko for dei. I tillegg til at ungane set pris på å få ein premie, får vi litt gratis marknadsføring. Det er viktig at naturstigen ikkje øydelegg for sjølve opplevinga av å gå i bygdemuseet. Plasseringa av dyra skal derfor avklarast med Gudbrandsdalsmuseet. Dyra vil vere mobile og kan flyttast når det er nødvendig. Det vil seie at dei også kan nyttast andre stadar enn i Presthaugen. Til dømes på Nonshaug eller langs Bordvassvegen. Om det er ønskjeleg med guida turar, vil gjerne Natur Opplevingar AS vere ein tilbydar av denne tenesta. Dette utelukkar ikkje andre aktivitetsselskap som ynskjer å gjere det same. Men prisen må i så fall avklarast på førehand, slik at det ikkje vert for store sprik. Mål med Naturstigen Mål 1 Formidle kunnskap om dyra i nasjonalparkane, på ein interessant og spennande måte. Mål 2 Trekkje fleire folk, og gjere Presthaugen meir attraktiv for ei større kundegruppe. Mål 3 Trekkje fleire folk til Norsk Fjellmuseum og Nasjonalparkseter, ved å ha start og mål på naturstigen der - og ved å knyte Jotunheimen-utstillinga, dukketeateret og naturstigen saman. Kven kan bruke Naturstigen i Presthaugen 1. Turistar 2. Lokale 3. Barnehagane og Barneskulane i området kan nytte naturstigen i undervisningssamanheng. Dette med tanke på å vere ute i fysisk aktivitet og lære om dyr, fuglar og språk (om ein brukar dei framandspråklege brosjyrane). 9

Organisering Ansvar: Norsk Fjellmuseum og Nasjonalparksenter v/dagleg leiar, Mai Bakken. Prosjektgruppe: Kristine Sørlie (Norsk Fjellmuseum og Nasjonalparksenter) Mai Bakken (Nasjonalparklandsbyrådet) Gry Bystøl (Lom Kommune) Jan Valbjørsløkken (handverkar) Rønnaug Nyrnes (Jotunheimen Reiseliv AS og Natur Opplevingar AS) Prosjektleiar: Rønnaug Nyrnes Drift og vidareutvikling For å kunne tene inn pengar til vidareutvikling og vedlikehald av Naturstigen bør ein vurdere om ein skal selje gåtene/bileta/namna som ein billett til naturstigen. Ein kan også lage små hefter med fakta om dei ulike dyra som ein kan selje. Med tanke på vidareutvikling av naturstigen kan ein: - tilføre fleire dyr - lage nye gåter - bruke dyrespor - kjøpe inn kikkertar som kan nyttast i leitinga etter dyra/fuglane - setje opp fleire naturstigar og knyte dei saman i ei pakke 10