Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 08.06.2017 Tidspunkt: 09:00 10:30 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Bjørn Håvard Olsen Leiar AP Tone Gulliksen Øy Medlem SP Ellen Oddrun Smenes NESTL Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Eli Taugbøl MEDL V Lars Håkon Didriksen MEDL SP Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Geirmund Roholdt Eli Taugbøl AP Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Sigrun Kvamme Kommunalsjef Elisabeth Lid Næringssjef Olav O. Kaasa Kommunalsjef/sekretær HOO ynskjer i neste møte ei synfaring på Kviteseid skule med orientering frå teknisk drift om ombyggingsprosjektet. HOO ynskjer og at tillitsvald og verneombod blir med på synfaringa. HOO ynskjer og i neste møte ei synfaring på KOS og Lundenjordet.
Saksliste Utvalssaksnr. PS 13/17 PS 14/17 PS 15/17 PS 16/17 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker Ein meir demensvenleg kommune Barn i Kviteseid kommune med barnehageplass i Fyresdal. PS 17/17 Spørjeundersøking om opningstider i barnehagen og SFO - 2017 PS 18/17 PS 19/17 PS 20/17 Foreldrebetaling i barnehage ved utsatt skulestart Nytt kapittel 9A om skulemiljø Val av nye medlemmer til eldrerådet, samarbeidsutvalet for Brunkeberg oppvekstsenter og varamedlem til Kviteseid barnehage Lukka PS 13/17 Godkjenning av protokoll Protokollen frå møte 04.05.2017 vart samrøystes vedteken. PS 14/17 Referatsaker
PS 15/17 Ein meir demensvenleg kommune 1. Kviteseid kommune underteiknar ei avtale med Nasjonalforeningen for folkehelse om at me skal jobbe for eit meir demensvenleg lokalsamfunn. 2. Administrasjonen set saman ei arbeidsgruppe som skal sjå på kva lokale tiltak som det er trong for. 3. HOO vert jamnleg orientert om dette arbeidet. PS 16/17 Barn i Kviteseid kommune med barnehageplass i Fyresdal. Kviteseid kommune inngår ikkje avtale med Fyresdal om kompensasjon for barnehageplass. PS 17/17 Spørjeundersøking om opningstider i barnehagen og SFO - 2017 Me rår kommunestyret til å ikkje endre opningstidene i barnehagen. Me rår kommunestyret til å vurdere «ferie-sfo» ved nytt budsjett 2018
PS 18/17 Foreldrebetaling i barnehage ved utsatt skulestart Når kommunen tilrår at barnet bør ha utsett skulestart, vil foreldre som søkjer, få fritak frå barnehagebetaling. PS 19/17 Nytt kapittel 9A om skulemiljø Saka vert teke til orientering PS 20/17 Val av nye medlemmer til eldrerådet, samarbeidsutvalet for Brunkeberg oppvekstsenter og varamedlem til Kviteseid barnehage HOO diskuterte seg fram til fylgjande: Magny Lundeberg, AP, som vert nytt fast medlem i HOO etter Cecilie V. Hansen og Ellen Oddrun Smenes(fast medlem for Hansen i 1 møte 08.06.2017). Lundeberg erstattar difor Hansen i fylgjande råd og utval: Varamedlem til eldrerådet, medlem av samarbeidsrådet for Brunkeberg oppvekstsenter og varamedlem til samarbeidsrådet for Kviteseid barnehage. Dette vart samrøystes vedteke. Magny Lundeberg, AP, som vert nytt fast medlem i HOO etter Cecilie V. Hansen og Ellen Oddrun Smenes(fast medlem for Hansen i 1 møte 08.06.2017). Lundeberg erstattar difor Hansen i fylgjande råd og utval: Varamedlem til eldrerådet, medlem av samarbeidsrådet for Brunkeberg oppvekstsenter og varamedlem til samarbeidsrådet for Kviteseid barnehage.