Registrering av separate avløpsanlegg og borebrønnar i hytteområde på aust åsen og Volbu (JOVA feltet). Innleiande registreringar i samband med vassmiljø og VA plan. Nyare jordhauganlegg i Javnlie Øystre Slidre kommune Nov 2014
Som innleiande registreringar i samband med vassmiljø- og VA plan er det i 2013 og 2014 gjennomført følgjande registreringar: Kartlegging av djupn og utarbeiding av hydrologiske data for følgjande vatn: Javnin, Sørre Vindin, Rennsenn, Yddin, Vangsjøen og Røyre, jfr. vedlagt kartoversikt. Blir ikkje nærare omtala her. Med utgangspunkt i VKR sin slambase registrert separate avløpsanlegg i hytteområda Javnlie, Luskeråsen-Rennsenn, Midthøgda-Hestekampen, Rabalen, Røyre-Øyangslie, Synhauglie samt JOVA-feltet i Volbu, jfr. vedlagt kartoversikt. Med utgangspunkt i NGU sin base over borebrønnar registrert borebrønnar i dei same områda. Visuell vurdering av infiltrasjonstilhøve i felt er samanlikna med infiltrasjonsklasse frå NGU sitt lausmassekart. Synfaring av bekkestrekningar i Javnlia der risiko for påverknad frå separate avløpsanlegg var størst ut frå avstand til vassdrag og dreneringsmønster. I nyleg vedtatt samfunnsdel av kommuneplan er utarbeiding av vassmiljø- og VA plan prioritert tiltak. Metode I feltregistreringane av separate avløpsanlegg og borebrønnar er det nytta kart GPS (Mobile Mapper 100 frå Ashtech) med DPOS som under normale tilhøve har nøyaktigheit på 0.3 0.5 m. Utdrag av VKR sitt register over separate avløpsanlegg pr. Aug 2014 vart vaska spesielt med omsyn til stadfesting og koda for anlegg med GPS koordinat og annan stadfesting. Utsleppsløyve for dei 4 siste åra vart gjennomgått og med nødvendig ajourføring av VKR base. I tillegg vart det i base på GPS lagt in registreringsfelt for: Oppdatering av koordinat, avtaletype, type anlegg, materiale i anlegg, vurdering av infiltrasjonsareal og registrering av observert avvik. I tillegg vart det etablert base for nyregistrering av anlegg. Alle adressepunkt/hytter vart oppsøkt under synfaring. Det er definert to klasser for infiltrasjonsevne: 1. God middels infiltrasjonsevne og 2. Liten ingen infiltrasjonsevne. Kartbase frå NGU sitt borebrønnregister (jan 2013) vart etablert på GPS med registreringsfelt for oppdatering av stadfesting/koordinat saman med base for nyregistrering av borebrønnar. Det vart vidare etablert basar for fotodokumentasjon og bekkesynfaring. All synfaring vart registrert med logging på GPS. Det vart etablert basiskart på GPS med følgjande tema frå FKB: Adressepunkt, vegsituasjon og omriss bygg. Resultat Registrerte anlegg totalt og anlegg i VKR base Det vart oppsøkt totalt 964 adressepunkt/hytter og fordeling av anlegg i VKR base og nyregistrerte anlegg for dei ulike områda (jfr. kartvedlegg 1) går fram av figur under. Det vart totalt registrert 341 avløpsanlegg, dvs 35 % av hyttene hadde avløpsanlegg. Av registrerte anlegg mangla 110 i VKR base, dvs. 32 %. Javnlie hadde høgast andel hytter med avløpsanlegg, dvs. 52 %. Lågast andel hytter med avløpsanlegg hadde Synhauglie med 2 %. 2
Synhauglie er det einaste av områda som ikkje har framført straum. For JOVA feltet mangla 5 anlegg (17 %) i register, 2 bustadar og 3 hytter. Type anlegg og infiltrasjonstilhøve Det vart registrert anlegg med infiltrasjon i grunn samt jordhauganlegg. Figur under syner fordeling i registrerte hytteområde og Volbu (JOVA feltet). Mens infiltrasjon i grunn er dominerande anleggstype i JOVA feltet er jordhauganlegg dominerande i hytteområda. I Javnlie er mesteparten av infiltrasjonsanlegga registrert som jordhauganlegg (vel 70 %). Vel 80 % av alle registrerte anlegg er infiltrasjonsanlegg. Som figur til høgre syner er det relativt godt samsvar mellom visuell vurdering av infiltrasjonstilhøve i felt og data frå NGU sitt lausmassekart. Stadfesting av slamavskiljar/anlegg For anlegg med registrert avvik > 1 m er koordinat oppdatert. Det var svært få anlegg klassifisert som GPS registrert som har avvik/nøyaktigheit betre enn 1m. Ved risikoanalyse for separate avløpsanlegg er avstand til vassdrag viktig parameter. Figurane under syner avviksinterval for anlegg klassifisert som GPS registrert og anlegg med annan stadfesting (oftast byggpunkt). 3
For anlegg klassifisert med GPS koordinat i VKR base har 80 % avvik mindre enn 10 m. For anlegg med annan koordinat har berre 20 % avvik mindre enn 10 m. Type slamanlegg, type materiale i slamavskiljar, anleggsår og avtaletype. Dette er parametrar knytt til slamavskiljar som er viktige i samband med risikovurdering. For alle utanom anleggsår vart status registrert i felt. Registrert avvik går fram av figuren under. Registrert avvik er spesielt høgt for type materiale og avtaletype. Av 1112 anlegg i VKR register mangla 284 (26 %) anleggsår. 4
Registrerte avvik for avløpsanlegg bekkesynfaring Evt. avvik for infiltrasjonsdel i form av utslag og eutrof vegetasjon vart registrert. Det vart ikkje registrert anlegg med utslag til terreng. Totalt 7 anlegg med oppslag av eutrof vegetasjon vart registrert. Bekkesynfaring vart gjennomført i Javnlie på strekningar med høgast risiko for påverknad, dvs. anlegg med drenering til vassdrag og avstand til vassdrag på under 100 m (20 anlegg), jfr. vedlagt kartoversikt. Ut frå visuell vurdering av substrat begroing vart det ikkje gjort registreringar som tyder på påverknad frå avløpsanlegg. Utsnitt av synfart strekning i Drøsabekken i Javnlie Bårebrønnar Omfattande etablering av separate avløpsanlegg og borebrønnar utan nokon form for overordna vurderring/planlegging kan representera fare for forureining av drikkevatn. Nesten alle brønnar i områda er borebrønnar i fjell, og i registrerte hytteområda er det berggrunn (sparagmitt) med gode føresetnadar for god kapasitet og kvalitet på borevatn. Som figuren under syner vart det totalt registrert 356 borebrønnar i hytteområda og 266 (75 %) av disse var ikkje registrert i NGU sitt borebrønnregister. Som for avløpsanlegg er det Javnlie som har høgast andel hytter (60 %) med borebrønn. 5
I og med at det no føreligg nøyaktig stadfesting for både avløpsanlegg og borebrønnar kan det gjennomførast avstandsanalyser som grunnlag for risikovurdering. Tabellen under syner fordeling av borebrønnar ut frå nærleik til avløpsanlegg: Avstand til avløpsanlegg < 50 m <20 m < 10 m Talet på borebrønnar 103 83 14 % av alle borebrønnar 29 23 4 Oppsummering Som innleiande registreringar i samband med vassmiljø og VA plan er det gjennomført registreringar av separate avløpsanlegg i hytteområde på aust åsen og i Volbu (JOVA- feltet), jfr. vedlagt kartoversikt. Formål var m.a. kvalitetssikring av VKR sin slambase (pr. aug 2014) som grunnlag for risikovurdering av anlegg, samt utprøving av feltmetodikk for denne type registreringar. For infiltrasjonsdelen er også type anlegg (infiltrasjon i grunn jordhaug), evt. avvik (utslag/eutrof vegetasjon) registrert, og infiltrasjonsklasse frå NGU sitt lausmassekart er samanhalde med vurdering i felt. Vidare er det med utgangspunkt i NGU sin base over børebrønnar (jan 2013) gjennomført oppdatering og nyregistrering av bårebrønnar i dei same områda. Det er synfare vel 950 hytter og bustadar og registrert 341 separate avløpsanlegg. I alt 110 av anlegga(32%) var ikkje registrert i VKR sin slambase. Det er også mangelfulle opplysningar i register for parametrar som er viktig for risikovurdering: avtaletype, type anlegg, materialtype og anleggsår. Slambase er meir oppdatert for anlegg i bygda 6
både m.o.t. stadfesting og opplysningar om slamavskiljar. Det må arbeidast vidare i høve til å avklare årsaker til registrerte avvik. Både kommunen, VKR og slamtømmar har med dagens organisering roller i høve til å etablera og vedlikehalde register over separate avløpsanlegg. Manglande opplysningar om slamavskiljar må primært hentas frå utsleppsløyve/evt. kommunale register. Stadfesting for GPS registrerte anlegg i VKR sin slambase er akseptabel i høve til risikovurdering m.o.t. avstand frå vassdrag. Anlegg med annan koordinat bør oppdaterast. Anlegg i bygda har relativt låg andel som ikkje er GPS registrert (19 %), og oppdatering kan truleg delvis gjennomførast ved bruk av ortofoto. For infiltrasjonsdelen vart det ikkje registrert utslag av avløpsvatn. Det vart registrert oppslag av eutrof vegetasjon ved 7 anlegg (2%). Ved synfaring av bekkestrekningar i Javnlie med høgast risiko for påverknad vart det ved vurdering av substrat begroing ikkje registrert sannsynleg påverknad frå avløpsanlegg. Med bakgrunn i at hovudtynga av anlegga er etablert dei siste 5-6 åra og at utforming av registrerte jordhauganlegg er variabel, er det fare for at denne situasjon kan endre seg over tid. Det var relativt godt samanfall mellom infiltrasjonsklasse frå NGU sitt lausmassekart (N 250) og visuell vurdering i felt (75 %). I mangel av betre data for infiltrasjonsdel bør data frå NGU kunne nyttast i samband med risikovurdering. NGU sitt register for borebrønnar var svært mangelfullt for dei registrerte områda. Berre 25 % av registrerte borebrønnar i felt var lagt inn i NGU sitt register. NGU sine data er dermed for mangelfulle til å kunne nyttast i samband med evt. risikoanalyse. I dei registrerte hytteområda har 23 % av borebrønnane avstand på 20 m eller mindre til avløpsanlegg. Berggrunn i disse områda har både vertikale og horisontale sprekksystem, og dette representerar særleg på sikt fare for kortslutning mellom avløpsanlegg og borebrønnar. Bruk av kart GPS med god kvalitet på GPS (DPOS) og god GIS funksjonalitet vurderas som svært hensiktsmessig verktøy for denne type registreringar. 7
Vedlegg 8