REGULERINGSENDRING SKORGEVIK 3 BUSTADFELT- PLANOMTALE Vestnes kommune 02.05.16 1. BAKGRUNN Målsettinga med planarbeidet: Hovudmålet med planendringa er å legge betre til rette for attraktive bustadtomter med gode vegløysingar. Eksisterande plan hadde tilkomst via bustadfelt i nord der ein liten elvedal i tilfelle måtte kryssast. No når vegen opp Heggelia ikkje lengre er Europaveg ser ein det som muleg med betre tilkomst frå kommunal veg i sør. Tidlegare vedtak: I samsvar med plan- og bygningslova 12-8 har spørsmålet om reguleringsendring innleiingsvis vore lagt fram for Vestnes kommune og planutvalet til vurdering. Planutvalet gjorde slikt vedtak den 10.11.2015: Planutvalet vedtek å sette i gang arbeid med reguleringsendring for Skorgevik 3 (0036) med formål bustadfelt. Infrastruktur: Vatn og avlaup vil bli kopla mot nye leidningar mot søraust (krysset ned til Skorgeneset). Det er regulert inn ny tilkomst frå kommunal veg i sør. Planform: Reguleringsplanen er utarbeida som detaljregulering i samsvar med PBL 12-3. Illustrasjon 1.1. Oversiktsbilete som syner planområdet i Skorgevik 1
Illustrasjon 3.1 Gjeldande reguleringsplan som no er under endring. 2
2. PLANPROSESSEN Planarbeidet vart varsla til grunneigarar og aktuelle offentlege instansar via brev og i lokalavisa i slutten av november, med frist for innspel satt til 10.januar. Det kom inn 4 merknader til planarbeidet. 3. FORHOLDET TIL PLANAR OG RAMMER Gjeldande plansituasjon: Gjeldande reguleringsplan for Skorgevik 3 vart utarbeidd og godkjend i 1999. Då med tilkomst frå nord via eksisterande bustadfelt. Då Tresfjordbrua vart opna i oktober 2015 vart vegen rundt fjorden nedklassifisert frå europaveg til fylkesveg. Vegen opp Heggelia vart kommunal veg. Skorgeneskrysset har ein nyleg vedteken reguleringsplan og skal byggast om i 2016/2017. Med bakgrunn i desse store endringane ser Vestnes kommune behovet for å sjå etter nye løysingar for Skorgevik 3-plana som kan gje betre tilkomst og tomteplasseringar enn eksisterande plan hadde. Området for offentleg tenesteyting og forretning i eksisterande plan er ikkje lengre aktuelle og vil bli endra i ny plan. 4. PLANOMRÅDET Beliggenheit: Det ca. 60 daa store området ligg på garden Skorgeneset, ca. 6 km sør frå Vestnes sentrum. Fin beliggenheit på ei høgde med god utsikt og gode solforhold. Topografi, grunnforhold: Planområdet ligg i skrånande terreng og består hovudsakleg av naturområde med ein del skog. NGU sine kartdata syner at området består av breelveavsetningar og strandavsetningar, begge med god/middels infiltrasjonsevne. Dagens bruk: I dag er planområdet delvis utbygd med nokre bustadhus. Bruk av tilgrensande areal: Området grensar til hovudsakleg bustadområde i nord og Fv 163, bustader og forretningsområde i aust. Mot vest, på motsatt side av kommunal veg, er eit skogsområde. Det er store grøntområder både i nord og aust som avskjermar området og gir luft mellom bebyggelsen. Tilkomst: Tilkomsten til planområdet går via Fv 163 opp Heggelia og inn o_veg 1. Tomt 9, 10 og 11 har eigen privat avkjørsle sør for hovudtilkomsten til feltet. Barn- og unge sine interesser Bustadområdet ligg plassert i Skorgenes med gode tilkomstar til friområde, leikeplassar og turstiar. Det er regulert inn stiar/turvegar som skal sikre at ein kan bevege seg mellom bustadfelta på ein god måte. Opparbeiding av leikeplass er sikra med rekkefølgje- og funksjonskrav i føresegner. Vestnes kommune sin barnerepresentant har vore involvert i omreguleringsprosessen. 3
Arealbrukskonflikter Kulturminne: Det er ikkje registrert automatisk freda kulturminne i området og det vert ikkje stilt krav om noko registrering frå Fylkeskommunen si side. Dersom ein under opparbeiding av området kjem over noko som kan vere automatisk freda kulturminne pliktar ein å stoppe arbeidet og ta kontakt med kulturavdelinga i fylket for avklaring jf. Kulturminnelove 8 andre ledd. Vegtrafikkstøy: Statens vegvesen sine støysonekart for FV163 kan ikkje lengre leggast til grunn. Trafikken er betydeleg redusert sidan hovudtyngda av trafikk no går over Tresfjordbrua, og vegen langs Heggelia ikkje lengre er open for gjennomkøyring. Det vert ikkje vurdert til at dagens trafikk har støy av eit slikt nivå at det vil verke negativt eller vere til sjenanse for bebuarar i planområdet. Naturmangfaldslova-vurderingar av natur, miljø og landbruk: Kunnskapsgrunnlaget ( 8) Denne bygger på tilgjengeleg kunnskap om planområdet. Planområdet er i dag stort sett eit område som er dominert av blandingsskog med særs høg bonitet (kjelde skogoglandskap), og er om lag 60 daa stort. Om lag 25 daa skal nyttast som bustadområde. Blandingsskog er ein relativ vanleg landskapstype/naturtype i kommunen. Tilgjengeleg informasjon om naturverdiane i planområdet er innhenta frå Naturbasen, artskart, FM samt eigne befaringar av området. Det er ikkje registrert utvalde eller viktige naturtypar i planområde. Det er heller ikkje vore funn av rødlisteartar. Område har likevel ein del innslag av meisar og songarar. Kravet til kunnskapsgrunnlaget, der man i hovudsak bygger på eksisterande og tilgjengeleg kunnskap, er vurdert til å vere oppfylt. Føre-var-prinsippet ( 9) Føremålet er å unngå mogleg skade på naturmangfaldet. Prinsippet blir spesielt gjeldande når kunnskapsgrunnlaget er dårleg eller t.d. ikkje er oppfylt. I høve tilgjengeleg kunnskap og kjennskapen til planområde, er kunnskapsgrunnlaget vurdert til å vere oppfylt. Planområdet er oversikteleg og det er lite truleg at område inneheld interessante naturtypar eller artar. Det føljer av dette at føre-var-prinsippet blir mindre vektlagt då kunnskapsgrunnlaget er oppfylt. Økosystemtilnærming og samlet belastning ( 10) Etter naturmangfaldlova 10 skal påverknad på eit økosystem vurderast ut i frå den samla belastninga økosystemet er eller vil bli utsett for. Planområde omfattar ikkje spesielle naturtypar, artar eller landskapselement. Det er i vurderinga lagt vekt på at det ikkje er andre tiltak som påverkar slik natur i område. Prinsippet om samla belastning i NML 10 blir derfor ikkje nærare vurdert. 4
Kostnadene ved miljøforringelse skal bæres av tiltakshaver ( 11) Det er vurdert at reguleringa ikkje vil skade eller øydelegge naturmangfaldet, jfr. kunnskapsgrunnlaget. Miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar ( 12) Bestemminga omfattar også lokalisering. Ei fortetting av eksisterande bustadfelt i Skorgevik er sett som ei god løysning. Tiltaket omfattar ikkje landbruksområde eller naturmangfald. Konklusjon Planområdet har i dag status som LNF-område, og er for det meste blandingsskog, ein relativt vanleg naturtype i kommunen. Det er ikkje registrert viktige naturtypar eller andre spesielle artar i planområde. Utbygginga er vurdert til ikkje å påverke naturmangfaldet negativt. Stor positiv Middels positivt Liten Ubetydelig x Liten negativ Middels negativ Stor negativ 5. PLANFORSLAGET OG VERKNADER AV PLANEN Arealbruk: Bygningar og anlegg Bustadområde frittliggande bustader 25,0 daa Renovasjonsanlegg 1,5 daa Leikeplass 0,4 daa Samferdsel Køyreveg offentleg 4,0 daa Avkjørsle privat Annan veggrunn-tekniske anlegg offentleg 3,0 daa Gang- og sykkelveg offentleg 2,0 daa Grønstruktur Sti-turdrag 1,0 daa Friområde 1,0 daa Landbruk- natur- og friluftsformål Naturområde 23,0 daa Totalt regulert område 60,0 daa 5
Planforslag datert 02.05.2016. Hovudinnhaldet i planen: Planen legg opp til 11 bustadtomter i varierande storleik, i tillegg til dei 3 tomtene som er bebygd. Formålet er frittliggande småhus som vil seie einebustader og tomannsbustader. Ein har jobba mot å finne gode tomteinndelingar og vegløysingar som skal fungere godt og vere attraktive. I tillegg er det lagt inn ein romsleg leikeplass og gangsoner som knyt feltet i hop med resten av området. Veg 1-4 skal vere offentlege køyreveger til bustadfelt i planen og opparbeidast i samsvar med plankartet og kommunal vegnorm. Vegane er regulerte som A1 veg jf. HB N100 frå Statens vegvesen. Køyrebanebreidde er 2+2 m og kvar skulder er 0,5 m. Eventuelle skjeringar og fyllingar skal gjevast så slak skråning som mogleg i overgangen til bustadtomtene. Det er lagt inn to områder for renovasjonsanlegg. Desse er tenkt som felles oppstillingsplass/henteplass for søppel og anna hushaldsavfall. Plana inneheld ein ny felles leikeplass. Denne tilfredsstiller krava til nærleikplass ihht. rundskriv T-2/08 om barn og planlegging. Leikeplassen skal vere ferdig opparbeidd med minimum sandkasse og ein benk før første bueining i område BF1 og /eller BF2 kan takast i bruk. Leikeplassen blir ikkje drifta av kommunen, men skal vere ein felles leikeplass for bustadfeltet og nærområdet. 6
Tilkomst: Utbygginga som kan skje i medhald av denne planen er begrensa, men ein må pårekne noko auka trafikk som vil merkast av brukarane av vegen i Heggelia og Fv163 mot Vestnes. Skorgenkrysset har ein nyleg godkjent reguleringsplan og skal ombyggast i 2016/2017. Det er i plana for Skorgenkrysset regulert inn busslommer, gang- og sykkelvegar og overgangsfelt for mjuke trafikantar. Reguleringsendringa for Skorgevik legg opp til forlenging av gang- og sykkelvegen nordover til innkøyring til bustadfeltet. Dette vil gje ein trygg tilkomst for mjuke trafikantar som kjem sørfrå. Verknader overfor omgivnadane: Planen gir rom for ei utbygging av anslagsvis 10-15 bueiningar. Dette vil sjølvsagt generere noko meir trafikk i området, men sidan tilkomsten no er flytta vil ikkje denne trafikken gå igjennom etablert bustadfelt og ane for allereie etablert bebyggelse er liten. Ein har i føresegnene lagt inn begrensing på kor høgt ein kan bygge og kor store terrengforandringar som er tillate. Slik unngår ein at terreng blir fylt opp og husa liggande høgt i forhold til kvarandre og eksisterande busetnad. 7
6. ROS-ANALYSE: Risiko- og sårbarheitanalyse er utført etter Fylkesmannen i Møre og Romsdal si sjekkliste. Emne Er det knytt uakseptabel risiko til følgjande forhold? Nei Ja a Er området utsett for snø-, jord-, steinskred eller større fjellskred? b Er det fare for flodbølgjer som følgje av fjellskred i vatn/sjø? c Er det fare for utgliding av området (ustabile grunnforhold)? Er området utsett for flaum eller flaumskred, også når ein tek d Naturgitte forhold omsyn til auka nedbør som følgje moglege av klimaendringar? e Er skogbrann/lyngbrann i området til fare for bustader/hus? x f Er området sårbart for ekstremvêr/stormflo medrekna ev. havnivåstiging? g Treng det takast særskilte omsyn til radon? i Anna (spesifiser)? a Er det regulerte vassmagasin med spesiell fare for usikker is i nærleiken? Omgivnad b Er det terrengformasjonar som utgjer spesiell fare (stup etc.)? c Vil tiltaket kunne føre til overfløyming i lågareliggande område? Verksemdsrisiko Brann/ulykkesberedskap Infrastruktur Kraftforsyning Vassforsyning Sårbare objekt Er området påverka/ forureina frå tidlegare bruk Ulovleg verksemd d Anna (spesifiser)? a Omfattar tiltaket spesielt farlege anlegg? b Kan utilsikta/ukontrollerte hendingar i nærliggande verksemder utgjere risiko? Har området mangelfull sløkkjevassforsyning (mengde og a trykk)? b Har området problematiske tilkomstruter for utrykkingskjøretøy? a Er det kjende ulykkespunkt på transportnettet i området? b Kan utilsikta/ukontrollerte hendingar på nærliggande transportårer inkl. sjø- og luftfart utgjere risiko? c Er det transport av farleg gods til/gjennom området? a Er området påverka av magnetfelt frå høgspentliner? b Er det spesiell klatrefare i høgspentmaster? c Vil tiltaket endre (styrke/svekke) forsyningstryggleiken i området? a Er det mangelfull vassforsyning i området? Ligg tiltaket i eller nær nedslagsfeltet for drikkevatn, og kan b dette utgjere ein risiko for vassforsyninga? Medfører bortfall av følgjande tenester spesielle ulemper for området: - elektrisitet? a - teletenester? - vassforsyning? - renovasjon/spillvatn? b Er det spesielle brannobjekt i området? c Er det omsorgs- eller oppvekstinstitusjonar i området? a Gruver: opne sjakter, steintippar etc.? b Militære anlegg: fjellanlegg, piggtrådsperringar etc.? c Industriverksemd som t.d. avfallsdeponering? d Anna (spesifiser)? a Er tiltaket i seg sjølv eit sabotasje-/terrormål? b Finst det potensielle sabotasje-/terrormål i nærleiken? 8
Kommentarar: Ut frå dette er det ikkje noko i risiko- og sårbarheitanalysa eller andre retningsliner og arealbrukskonfliktar som tilseier at utarbeiding av planendring ikkje kan gjennomførast. 9