F agrapport F iskeforvaltning i høgfjellet Årgang 1 * Nr 2 * Des 29 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap Aurebestanden i Botnavatn, Løyningsvassdraget Reidar Borgstrøm Institutt for naturforvaltning Univ. for Miljø- og Biovitskap Ås/UMB Desember 29
Føreord Prøvefisket som vart gjennomført i Botnavatn 15.-16. august var eit fellesprosjekt, gjennomført med mange gode hjelparar. Eg vil i fyrste rekkje takka Gunbjørg Opedal og Ingunn Løyning for godt matstell, og Mikkel Hildal, Olav og Oddvar Løyning for kløvjing av utstyr og gjennomføring av fisket. Ingunn var dessutan ein god hjelpar under prøvetakinga av fisken. Eg vil sjølvsagt óg takka alle for hyggeleg samvær, og overnatting i ei fin bu. Innleiing I lågareliggjande vatn på Vestlandet er det svært vanleg å finna tette aurebestandar der fisken er småfallen, ofte ikkje over 25 cm. Løyningsvassdraget er eit typisk døme på dette. Her er det tette bestandar både i Løyningsvatn, Nyastølsvatn og Botnavatn. Årsaken til høg tettleik i desse og liknande bestandar er gode rekrutteringstilhøve. Gyting og oppvekst av aureungar kan finna stad både på rennande vatn og i sjølve innsjøane, sjølv om det siste ikkje er fullt så godt dokumentert. Det er likevel mange døme på gyting i sjølve innsjøane, og innan Odda kommune er det påvist i mellom anna Røldalsvatn (Brabrand et al., 22) og i Ringedalsvatn (Borgstrøm og Erlandsen, 1996). Skal veksttilhøva for aure betrast i slike vatn, må rekruttering og samla fiskebiomasse reduserast. Dette er forsøkt fleire gonger i til dømes Løyningsvatn. I perioden 1984-1989 vart bestanden i dette vatnet sterkt redusert ved garnfiske og i mindre målestokk notfiske (Borgstrøm, 1992, 1994). Det viste seg då at rekrutteringa av treåringar auka frå om lag 5 til over 3 individ, og antal fireåringar kom opp i neste 4 individ, truleg fordi fleire fisk kom inn i vatnet ved lågare alder når bestanden av eldre fisk gjekk ned. Dette viser i fyrste rekkje rekrutteringspotensialet i Løyningsvatn, og i dette tilfellet indikerer denne rekrutteringa at årleg uttak på lang sikt bør liggja på kanskje minst 4 tusen fisk. Dessutan bør større fisk som kjem opp i vekter på halvkiloen og større sparast fordi dei er potensielle kannibalar som vil ha ein viktig funksjon i slike fiskesamfunn sidan dei for det fyrste vil redusera antal ungfisk gjennom predasjon, og for det andre vil dei halda den mindre fisken på eit avgrensa område, på grunt vatn, slik at næringsdyra i storparten av vatnet vert kun nytta av større fisk. Auren i Botnavatn har lenge vore i dårleg forfatning som matfisk og sportsfisk, men det er no sett i gang utfisking, og spørsmålet blir både om denne utfiskinga har hatt effekt og dessutan korleis den skal leggjast opp i åra framover. 2
Materiale og metodar Botnavatn ligg 857 m over havet, og har eit areal på,6 km 2 (Fig. 1). Utlaupselva renn fyrste stykket til dels på berg før den etter få meter har eit så stort fall at aure neppe kan koma opp i vatnet frå strekningen nedanfor. Det kjem mange mindre bekker inn i vatnet (Fig, 1 og Fig. 2). Hovudinnlaupet kjem inn i austenden (Fig. 1). Denne elva er vel truleg den einaste som kan produsera ein del aureungar til Botnavatn, men produksjonsstrekninga er ikkje lang. Det er stor sannsynlegheit for at det er gyting i sjølve vatnet og dermed truleg svært gode rekrutteringstilhøve for auren. Det vart fiska med ein prøvegarnserie samansett av setjegarn med fylgjande maskevidder: 16.5, 19.5, 22.5, 26, 29, 31, 35, 39 og 45 mm. Desse garna vart sette på strekninga frå stølen til eit stykkje forbi innlaupselva. I tillegg vart det sett eit stort antal garn av Olav og Oddvar Løyning med dei vanlege maskeviddene som vert nytta under utfiskinga i vatnet. Mikkel Hildal deltok ved setjing og trekking av prøveseriegarna. Alle garna vart sett om kvelden den 15. august, og trekte neste morgon. Fisken teken på prøvegarnserien vart lengdemålt og vegd. Dessutan vart det samla inn otolittar og skjellprøver frå 51 fisk. Det vart og teke mageprøver av eit tilfeldig utval fisk. Fig. 1. Kart over Løyningsdalen med Botnavatn. Legg merke til alle bekkene som renn inn i Botnavatn (Etter NVE Atlas). 3
Fig. 2. Restaurert stølshus ved Botnavatn. Legg merke til alle bekkene etter mykje regn den 15. og natt til 16. august Fangst og lengdefordeling Det vart i alt fanga 94 aure på prøvegarnserien (Tabell 1). Lengdefordelinga av fangsten var frå 13 til 25 cm, med flest fisk i intervallet 19-22 cm. Dette er også ein typisk lengdefordeling for ein overfolka bestand der det er ei opphoping av gamal fisk. Bortsett frå fangsten på maskeviddene 16.5-22.5mm, var alle dei andre fiskane tekne på maskeviddene 26 45mm, maskebitarar, noko som og går fram av medellengdene og medelvektene på fiskane tekne på dei desse maskeviddene (Tabell 1). Den lengste fisken teken på prøvegarnserien var 25,5 cm, medan den tyngste vog 124 gram. Det vart likevel teke aure på opptil 26,2 cm og 174 gram ved det ordinæra garnfisket. Den gjennomsnittlege kondisjonen fell med aukande maskevidd og lengde på fiskane (Tabell 1), noko som og er typisk for tettfolka bestandar med mykje gamal fisk. 4
Tabell 1. Samla fangst på prøvegarnserien brukt i Botnavatn 15.8.-16.8.9 Maskevidd Tal fanga Medellengd (cm) Medelvekt (gram) Medelkondisjon 16,5 52 17,2 49,95 19,5 16 2,6 75,86 22,5 13 21,6 89,89 26 2 22,1 95,88 29 1 19,6 65,86 31 8 22,7 99,84 35 39 45 2 24,5 17,74 16 14 n = 94 12 Tal fanga 1 8 6 4 2 1 11 12 13 14 15 16 17 18 19 2 21 22 23 24 25 Lengde (cm) Fig. 3. Lengdefordeling av auren teken på prøvegarnserien i Botnavatn 16. august 29. Alder og lengdevekst Som det framgår av Fig. 4, var dei eldste fiskane 16 vintrar gamle, og alle aldersklassar mellom 3 og 14 år var representert i fangsten. Innan same aldersklasse er det relativt stor spreiing i lengde, med til dømes seksåringar frå 14,2 til 22,1 cm (Fig. 4). Frå fem år og oppover aukar den årlege medellengda lite, og det er mest ingen lengdeauke etter at fisken er vorten 8 år gamal (Fig. 5). 5
3 25 Lengde (cm) 2 15 1 5 2 4 6 8 1 12 14 16 18 Alder (vintrar) Fig. 4. Alder og lengde for eit utvalg på 49 fiskar (blått) frå prøvegarnserien og frå to fiskar (raudt) tekne ved det vanlege fisket i Botnavatn 3 25 Lengde (cm) 2 15 1 5 2 4 6 8 1 12 14 16 Alder (vintrar) Fig. 5. Gjennomsnittleg lengde (cm) (med standard avvik) for aldersbestemte fisk tekne i Botnavatn 16. august 29 6
Kvalitet Som det framgår av fotoet i Fig. 6, er det stor variasjon i kvaliteten på auren frå Botnavatn. Begge fiskane i Fig. 6 vart tekne ved det ordinæra fisket. Medan den eine har relativt god kvalitet, er den andre ekstremt mager (k =,46), og på grensa til å vera så mager at den er i ferd med å døy. Slik fisk er sjølvsagt heilt ubrukeleg som matfisk. Fleire fiskar opp til 2 cm i lengd har k-verdiar rundt eller over k = 1,, men det er ein klårt fallande tendens i k-verdi med aukande lengd (Fig. 7). Tilsvarande er det ein fallande k-verdi når alderen aukar (Fig. 8). Alle fiskane var kvite i kjøtet. Fig. 6. Foto av to aurar tekne ved det ordinæra fisket i Botnavatn den 16. august 29. Fultons kondisjonsfaktor 1,2 R 2 =,39 1,,8,6,4,2, 1 15 2 25 3 Lengde (cm) Fig. 7. Fultons kondisjonsfaktor (k = vekt (gram)/lengd(cm) 3 ) for aure fanga på prøvegarnserien (blått) og for to aurar tekne ved det ordinæra fisket (raudt) i Botnavatn 16. august 29. 7
1,2 1,1 Fultons kondisjonsfaktor 1,,9,8,7,6,5 R 2 =,38,4 2 4 6 8 1 12 14 16 Alder (vintrar) Fig. 8. Fultons kondisjonsfaktor for aldersbestemt aure frå Botnavatn den 16. august 29. Blå punkt viser fisk frå prøvefisket, medan raude punkt viser fisk frå det ordinære fisket. Kjønnsmogning Auren i Botnavatn vert kjønnsmogen ved liten storleik (Fig. 9), og alle undersøkte hoer over 19 cm hadde gytt før eller skulle gyta for fyrste gong hausten 29 (Fig. 9). Fleire små hannar heilt ned i lengdeklassen 13-15 cm var kjønnsmogne, og så og sei alle hannar over 16 cm var kjønnsmogne og skulle gyta hausten 29 (Fig. 9). Andel kjønnsmogne hofisk 1 8 6 4 2 13-15 16-18 19-21 22-24 25-27 Lengdeklasse (cm) Andel kjønnsmogne hannar 1 8 6 4 2 13-15 16-18 19-21 22-24 Lengdeklasse (cm) Fig. 9. Andel kjønnsmogne hoer og hanner i ulike lengdegrupper tekne ved prøvefisket i Botnavatn den 16. august 29 8
Dietten til aure Dietten til dei undersøkte aurane var dominert av småkreps (linsekreps, hoppekreps, m.m.), fjærmygg (larver og pupper) og ertemuslingar (Pisidium). Store næringsdyr mangla, og det som var representert i mageinnhaldet er typisk i ein bestand som har stor tettleik. Pisidium Fjørmygg l Fjørmygg p. Døgnfluger n. Midd Småkreps Muslingkreps Landinsekter Planter Ertemuslingar frå mageinnhald Fjørmygglarver frå mageinnhald Fig. 1. Dietten til aure frå Botnavatn (i volumprosent), 16. august 29. Diskusjon og konklusjon Aurebestanden i Botnavatn har alle kjenneteikn på ein sterkt overbefolka bestand, der individa har tidleg vekststagnasjon, er kvite i kjøtet, magre og med aukande innslag av mager fisk når lengde og alder aukar. Det er og mykje gamal fisk i bestanden, trass i at det har vore gjennomført utfisking i år og i fjor. Det høge innslaget av gamal fisk viser at fangstdødelegheita langt frå har vore høg nok. Det er mao. alt for låg beskatning. Om vi tar utgangspunkt i ein bestand der det er 3 fire år gamle aure, vil det med ein årleg dødelegheit på 3 % framleis vera 42 sekstenåringar og 353 tiåringar i bestanden, medan det ved ein årleg dødelegheit på 5 % vil vera ca. ein sekstenåring og 47 tiåringar. Om årleg dødelegheit aukar til 6 % skulle det vera att 12 tiåringar og ingen skulle nå 16 års alder, i medel (Fig. 11). Om vi går ut frå at årleg rekruttering til bestanden har vore om lag konstant, vil nedgangen i antal fisk etter som fisken vert eldre, kunna nyttast til estimering av årleg dødelegheit. Basert på antal fisk i dei ulike aldersklassane tekne ved prøvefisket, antyder trendlina i Fig. 12 at den momentane dødsrata er,198. Denne momentane rata tilsvarer ein gjennomsnittleg årleg dødelegheit på om lag 18 %. Det har med andre ord tidlegare vore ein svært låg årleg dødelegheit, og tilsvarande ein svært høg årleg overleving. Dette forklarar sjølvsagt den dårlege kvaliteten på fisken. Om vi går ut frå at årleg rekruttering av fireåringar har vore 3, bør årleg uttak vera på minst 3 fisk, tilsvarande ein årleg dødelegheit på 5 %. Ved utfiskinga bør det som no nyttast mykje finmaska garn. Fisket med heilt finmaska garn vil ta ut yngre fisk, kanskje ned til 2 3-åringar, og mykje av garnfisket bør rettast inn mot den yngre delen av bestanden. Det er og viktig at det vert ført fangstdagbok, slik det óg er gjort til no, for å ha kontroll med både innsats og fangstutbyte. Lengde og vekt bør óg takast frå tilfeldige fangstar på kvar maskevidde som vert nytta, for å få registrert kva innverknad utfiskinga har fått på bestanden. Det er ein stor innsats som skal til for å ta rundt 3 aure frå 9
Botnavatn. Det vert mange netters fiske med fullt garnbruk. Kanskje det kan vera ein idé å invitera litt øvde og interesserte folk til å koma til Botnavatn og fiska med heile garnbruket. 35 3 25 A = 3 A = 5 A = 6 Antal fisk 2 15 1 5 4 5 6 7 8 9 1 11 12 13 14 15 16 Alder Fig. 11. Modell for antal fisk i ein bestand med årleg dødelegheit frå 3 til 6 % og med 3 fireårige rekruttar inn i bestanden kvart år. Antal (ln) i prøvefiskefangsten 3 2,5 2 1,5 1,5 y = -,198x + 3,3864 R 2 =,65 5 1 15 2 Aldersklasse Fig. 12. Antal aure i kvar aldersklasse i den samla prøvefiskefangsten frå Botnavatn, 16. august 29. Rett line viser trenden i antal fisk med aukande alder, og stigningstalet for lina gjev estimert årleg momentan dødsrate (Z =,198)(Ricker, 1975). 1
Litteratur Borgstrøm, R., 1992. Relationship between annual recruitment and density in a lacustrine population of allopatric brown trout (Salmo trutta). Canadian Journal of Fisheries and Aquatic Sciences 49: 117-1113. Borgstrøm, R., 1994. Production in a lacustrine brown trout population with large recruitment potential and low natural mortality; implications for management. North American Journal of Fisheries Management 14: 488-499. Borgstrøm, R. og A. Erlandsen, 1996. Naturlig rekruttering til aurebestander i magasiner. Fiskesymposiet 1996. EnFo Publikasjon 128: 3-34. Brabrand, Å., A. G. Koestler og R. Borgstrøm, 22. Lake spawning of brown trout related to groundwater influx. Journal of Fish Biology 6: 751-763. Ricker, W. E., 1975. Computation and interpretation of biological statistics of fish populations. Bulletin 191, Fisheries Research Board of Canada, Ottawa. 11