ÅRSMELDING 2016 Årsmelding 2016 Side 1
HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE ÅRSMELDING FRÅ 1/1-31/12 -------------------------------------------------------------------------------------- 3 TILLITSVALDE I 2016 -------------------------------------------------------------------------------------------------- 3 STYRET HAR VORE SAMANSETT SLIK : ----------------------------------------------------------------------- 4 STYREMØTE -------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 4 ÅRSMØTE/TILLITSVALDKONFERANSE ----------------------------------------------------------------------- 5 ARBEIDET I LOKALLAGA ------------------------------------------------------------------------------------------- 6 DIVERSE ENGASJEMENT I 2016 ------------------------------------------------------------------------------------ 6 ØKONOMI ----------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 7 REKNESKAP 2016 ------------------------------------------------------------------------------------------------------ 8-9 BUDSJETT 2017 ------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Årsmelding 2016 Side 2
ÅRSMELDING 2016 TILLITSVALDE I 2016/2017 Leiar : Turid Bøyum 2016 p.v. 2017 Nestleiar : Astrid Elisabeth B. Svår 2016 p.v. 2018 Styremedl. : Jenny S. Hysing 2016 p.v. 2018 Styremedl. : Gro Haga 2016 p.v. 2018 Styremedl. : Anita Rennestraum 2016 p.v. 2017 Varamedl. : Trude Meek 2016 p.v. 2017 Varamedl. : Berit Amundsen 2014 p.v. 2018 Revisor : Gunnar Eikeland, Gaular 2013 p.v. 2017 Bjørg Helle, Gaular 2014 p.v. 2018 Valnemnd : Matias Hukseth p.v. 2017 (3.år) Eva Hagen p.v. 2018 Nina Nyttingnes p.v. 2019 Årsmelding 2016 Side 3
STYRET HAR VORE SAMANSETT SLIK : Leiar : Turid Bøyum, Gloppen Nestleiar: Astrid E. Berteig Svår, Hornindal Styremedl.: Gro Haga, Gaular Styremedl.: Jenny S. Hysing, Gloppen Styremedl.: Anita Rennestraum, Askvoll Varamedl.: Berit Amundsen, Sogndal Varamedl.:Trude Meek, Naustdal Fylkesavdelinga har ikkje lenger kontor hjå Fylkesmannen. Det meste av arbeidet blir gjort av styremedlemane privat, og all post går via mail og sms til medlemane, i tillegg til info på fylkeslagets facebookside. Fylkesstyret har også laga ei lukka gruppe på facebook, der vi kan diskutere litt forskjellig. Styret fordeler arbeidsoppgåvene seg imellom. Vara deltek på alle møte. Vi har rimelege møte pengane skal gå til lokallaga. Medlemstalet pr. 1. jan. 2016: 731 Medlemstalet pr. 1. jan. 2017: 716 Vi har altså hatt ein liten nedgang i medlemstalet, denne bør vi prøve å snu. STYREMØTE I 2016 har styret hatt 2 styremøte. Det er handsama 15 saker. Saker som mellom anna har vore handsama på styremøte: - Årsmelding, rekneskap, budsjett for 2017. - Arbeidsplan 2017. - Årsmøte og tillitsvaldsamling i Askvoll. Program. Fordeling av oppgåver. - Nettsidene. Korleis gjere dei betre. Informasjon ut. - 1000 opne hagar vert ikkje i 2017. - Turnear 2017 korleis gjer vi det her. - Deltaking på DNH sitt årsmøte. - Referatsaker. - Planlegging av tur til Irland, 2018 Årsmelding 2016 Side 4
ÅRSMØTE/TILLITSVALDKONFERANSE PÅ THON HOTEL, SKEI Dette var arrangert 9.-10. april 2016. Før den faglege delen, var det høve til å kjøpe staudar frå Eides gartneri, plantar og tre frå Åberge gartneri, og tilbod /varer frå Felleskjøpet. Desse var oppstilte ved Felleskjøpets lokale. Dei faglege innslaga var følgjande: Jostein Kjøsnes: Hage er meir enn vegetasjon. Rolf Eide: Eides gartneri snakka om staudar og planting. Felleskjøpet v/kristen Uglum hadde eit innlegg med fokus på plen. Han fortalde m.a. om ulike klypparar, gjødsling og stell av plen. Jon Aaberge frå Åberge planteskule, snakka om frukttre i små hagar. Ulik bruk, planting og stell av desse. Det var vel 40 personar som dukka opp for å få med seg programmet. ÅRSMØTE: 17 medlemer hadde funne vegen til Skei og ville ha med seg årsmøtet. Årsmøtet gjekk føre seg greitt og utan store diskusjonar. Jostein Kjøsnes takka av etter 7 år som leiar. Eva Hagen og Nina Nyttingnes gjekk også ut av styret. Eva etter fleire (?) år og Nina etter 7 år. Turid Bøyum tok på seg leiarvervet. I «Hagelagets time» etter årsmøtet er det fritt fram for alle med meiningar om litt av kvart. Her er det ynskjer for aktivitetar neste sesong. Mange gode idear. Førde hagelag v/ellen har vore på møte/gruppearbeid i Oslo ang. det nye opplegget for Hageselskapet, som går spennande tider i møte. Vi fekk litt info frå arbeidet. VÅRMØTE I år har vi ikkje hatt vårmøte. Årsmelding 2016 Side 5
OPNE HAGAR I juni var det «1000 opne hagar», der vi hadde med 11 hagar i Sogn og Fjordane. Tusen takk til alle! Desse stilte hagane sine til disposisjon: Torunn og Arve Idar Utnes, Hammaren i Vedvik, 6710 Raudeberg, Randi Huus Hovden, Krokavegen 34, 6900 Florø Else Tømmerbakke Kalhagen, Straumsnes i Fjaler, 6969 Straumsnes Audhild Bogstad, Hagebakk, 6827 Breim, Eli Anine Heiberg, Plassaleitet 1, 6854 Kaupanger Annlaug Rygg, (Rygg) 6823 Sandane, Gloppen Jean Armishaw Myklebust, 6847 Vassenden i Jølster Anne Karin Kleppenes, Kleppenes, 6829 Hyen Bjørg Vilnes, Holten 26, 6810 Førde Siri Osnes, Knatten nr.7, 6900 Florø Sissel Ytre-Eide, Flore, 6783 STRYN Vi har diverre ikkje oversikt over kom mange som møtte opp kvar stad, men etter tilbakemeldingane å dømma, var det bra. ARBEIDET I LOKALLAGA Pr. 1/1 2017 er det 16 lokallag tilknytt Hageselskapet Sogn og Fjordane. (Lavik er for tida eit passivt lag.) Dei mest populære aktivitetane i hagelaga er fagforedrag med ulike tema, hagevandringar i nærmiljøet og hageturar m/hagevandringar rundt i fylket eller ut av fylket, felles handletur til hagesenter, planteloppemarknad/plantebyte. DIVERSE ENGASJEMENT I 2016 Turid Bøyum har delteke på samling for fylkesleiarar på Gardemoen. Både i april (nye leiarar) og oktober. Der tema var mykje om den eventuelle nye organiseringa av Hageselskapet. TURNE MED FAGPERSONAR 2016 I august var Magnar Aspaker i Sogn og Fjordane. Han stogga i Førde og på Eid. Mange møtte medlemer frå nabolaga møtte opp og var svært nøgde med det dei fekk med seg. (Eid hadde mellom 40 og 50 stk.) Vi hadde besøk av Marita Totland og Elisabeth Urø frå Hordaland, saman med Nina Nyttingnes, Florø, i 3 lokallag hausten 2016. Årsmelding 2016 Side 6
Dei var rundt i 3 lokallag, dvs. Askvoll, Florø og Selje. Alle var fornøygd med dette opplegget. Marita hadde formklypping av busker som tema. Elisabeth hadde om hagetrender og lyssetjing av hagen. Det var begrensa antall på «kursa» og det var bra frammøte. ØKONOMI Hageselskapet Sogn og Fjordane har eit overskott på kr. 48.235.- i 2016. Eigenkapitalen har auka frå kr 78.957,30 til kr 127.192,50 Årsmelding 2016 Side 7
Årsmelding 2016 Side 8
Årsmelding 2016 Side 9