Bømlo folkehøgskule, Pinsehelga 21-25 mai 2015
Velkomen til regionkurshelg! PÅMELDING: Påmelding på ressurssystemet og eige påmeldingsskjema Alle korps skal sende inn en prioritert liste over godkjente søknadar til ase.morkve@redcross.no innan fristen 12. april. Påmelding er bindande. Korpsa vil verte fakturert for påmeldte deltakarar. Spørsmål ifm påmelding rettas til Åse Mørkve på distriktskontoret, mail: ase.morkve@redcross.no eller tlf: 55 38 33 11/ 92 06 33 49 Deltakarpris: 1000 kr per kurs Distriktet dekkjer kursavgift for inntil ein deltakar per korps. Prisen inkluderar kursdeltaking, kost og losji. Det er 12 kursplassar til ASOR. Du kan gjerne melda deg på andre kurs på regionkurshelga som andre val. Dei andre kursa som vert tilbudd på regionkurshelga er: vidaregåande fyrstehjelp, grunnkurs i sminke og markør, lagleiing søk og redning, instruktør trinn 2 og organisasjon og leiing. Etter søknadsfristen har gått ut, vert det sendt ut eit arbeidshefte med oppgåver som må besvarast med tilfredsstillande resultat for å kunna delta på kurset. Endeleg attendemelding om plass på kurs vil bli gove etter innlevering av arbeidshefte. I regionkurs- komiteen sitt Pål Espen Haukedal, Vigdis Sand Torvanger, Monica Sæle, John Phillip Dahl, Kent Eivind Vorland og Christian Kallevåg- Bjerke. Me ser fram til å sjå deg på Bømlo!
Rammeplan Torsdag 21.mai 17.00-19.30: Ankomst og innsjekk 18.30 19.30: Middag 19.30 20.00: Offisiell opning 20.00: Dei respektive kurs møtas Fredag 22.mai 12.00 13.00: Lunsj 17.00 18.00: Middag 18.30: Sosialt eller kursopplegg Lørdag 23.mai 12.00 13.00: Lunsj 17.00 18.00: Middag 20.30: Felles sosial kveld Søndag 24.mai 12.00 13.00: Lunsj 17.00 18.00: Middag 18.30: Sosialt eller kursopplegg Mandag 25.mai 12.00 13.30: Lunsj 13.00: Felles kursavslutning Ettermiddag: Opprydding, evaluering og heimreise Rammeplanen er rettleiande, og det kan koma endringar undervegs.
Aksjonsleiing Søk Og Redning (ASOR) Barmark Mål Målsettinga med kurset er å utdanna kvalifiserte aksjonsleiarar for søk og redning på land, som i framtida skal ha ansvar for og leia søk- og redningsaksjonar som ikkje krevjer spesialiserte redningsteknikkar. Krav til deltakar Operative medlem i Røde Kors Hjelpekorps. - Bestått LSOR barmark/ B- sommar eller tilsvarande kompetanse - Beherska orientering - Gode ferdigheiter innan samband - Det er ein fordel om søkaren har spesiell interesse innan ettersøkingsarbeid. - Aksjonserfaring - Søkaren må ha fylt 20 - Søkar må ha ID kort og gyldig hjelpekorpsprove. Innhald Kurset skal gje deltakarane naudsynt haldningar, ferdigheiter og kunnskapar til å kunna leia eit hjelpekorps i søk og redningsinnsats under ulike forhold på barmark. Innhaldet på kurset legg vekt på leiarskap opplæring, planlegging, organisering og gjennomføring av ulike aksjonar. Kursdeltakarane skal gjennom fylgjande tema: - Introduksjon til søksteori - Oppbygninga av søk i fasar - Søksteori - vurdera sannsynligheita for at den sakna er i eit område (Probability of area, POA) - Risikohandtering - Einheitlig leiingssystem (ELS) - Handtering av media - Informasjon og dokumentasjon - Søksteori - sannsynligheita for at søksmannskap oppdaga den sakna (probability of detection, POD) - Den sakna si adferd (kategori og scenario) - Søk i Noreg, søksteori - sannsynligheit for funn (probability of sucsess, POS) - Pårørandehandtering og ettersamtale. Undervisingsform Det vert mange praktiske øvingar i form av planspel og fullskala- aksjonar der deltakarane får satt teori i praksis gjennom erfaring i å betjena KO, operasjonell planlegging, søksplanlegging, samt leia mannskap under aksjonar, deriblant søk etter sakna og henteoppdrag. - Forelesingar - Gruppearbeid - Praktiske øvingar
Deltakarane vil få kontinuerlig oppfylging av dyktige rettleiarar. Kurset gjer bestått/ikkje bestått Deltakarane vert vurdert ut i frå fylgjande kriterier: - Basisferdigheiter - Leiarferdigheiter - Samarbeidsevner i KO - Evne til å leia «hurtigsøk» etter sakna på land - Evne til å leia henteoppdrag på land utan spesialiserte redningsteknikkar Praktisk Tid: Torsdag 21 måndag 25. mai Påmelding Påmelding gjennom ressurssystemet (kurskode 27943) og eige søknadsskjema (sjå vedlegg). Før kurset vert det sendt ut eit arbeidshefte med oppgåver som må besvarast med tifredsstillande resultat for å kunna delta på kurset.
Bømlo folkehøgskole: Kost, losji, tilgjengeligheit Bømlo folkehøgskule ligg på Våge, rett sør for Sakseid. Adressa er Bømlo Folkehøgskule, Olavsplasset 11, 5437 Finnås. Mat: Alle måltid er inkludert i prisen. Me tek hensyn til cøliaki, laktoseintoleranse og vegetarianarar. Ved andre kosthaldsvanar må eigen mat tas med. Deltakarane opplyser om dette ved påmelding i questback. Losji: Alle deltakarar og stab vert innlosjert på folkehøgskulen sine internat. Ta med sovepose. Forvent å dela rom med to til tre andre personar. Til og frå: Til Bømlo kan ein koma med bil, buss, båt og fly. Bil: Frå trekantsambandet tek det omtrent 20 minutt i bil. Følg fv. 542 ca 3 km fra Bømlobroen. Ta av til venstre mot Indre Håvik på fv. 12. i omtrent 9 km. Ta til venstre og følg vegen 4 km sørover. Folkehøgskulen ligg på høgre sida av vegen. Buss: Kystbussen køyrer mellom Stavanger og Bergen kvar dag. Bussen stoppar på Føyno (trekantsambandet). Ta kontakt i god tid for å koordinera transport. Båt: Hurtigbåtruta mellom Sunnhordland og Bergen stoppar på Rubbestadneset. Sjå rutetider på www.skyss.no. Ta kontakt i god tid for å koordinera transport. Fly: Næraste flyplass er Haugesund eller Stord. Ta kontakt i god tid for å koordinere transport. Dersom du har behov for transport til og/ eller frå Bømlo FHS, ta kontakt med Christan Kallevåg- Bjerke (chrizzbjerke@hotmail.com) innan 15. mai. Gå gjerne inn på http://www.rodekors.no/distriktsider/hordal and/kurs-og-opplaring/regionkurshelg- 2015/ for siste nytt om regionkurshelga. Her ligg også invitasjon, arbeidshefte, informasjon og så vidare... Bømlo folkehøgskule Flyplass Hurtigbåt til/frå Sunnhordland og Bergen