Kampprogram Trio mot Erdal 4. divisjon Hordaland avd. 2: 2. serierunde - Laurdag 17. april 2010 HOVUDSPONSORAR FOR TRIO FOTBALL 2010 1
Presentasjon av dagens motstandar: Erdal IL Erdal er tilhøyrande på Askøy og er ein relativt liten klubb, der A-laget har ligge i 5.divisjon i seinare år. Nettside: www.erdal-il.no. Ei veldig godt oppdatert side, og godt med bakgrunnsstoff. Mellom anna presentasjon av alle A-lagsspelarane. Drakter: Blå trøyer, kvite shortsar. Trenar: Erlend Skorpen (hovudtrenar) og Magne Hetlevik (assistent) har trenaransvaret, som dei to føregåande åra. Dette gjev god kontinuitet, og duoen har gjeve laget eit stort sportsleg løft. Dei har rådd over eit erfarent mannskap, og er også ivrige til å ta opp lovande spelarar frå klubben sitt gode gutelag. Spelartilgang: Har fått ein dugeleg spiss/ving med 3.divisjonserfaring i Gustavo Syslak frå naboklubben Follese. Derifrå har også forsvararen Kenneth Monsen kome, medan midtbanespelar Pål Kristian Økland gjer comeback og ungdomane Simen Paulsen (forsvar) og Tord Søreide (ving/spiss) er nye frå eigen stall. Spelaravgang: Ingen av dei som var med i fjor haust har slutta. Ambisjonar: I fjor rykka dei opp med klår margin, dog 5 poeng bak suverene Solid. Takka vera 9 sigrar på 11 heimekampar, tok dei steget ein divisjon opp. Som for mange andre er målsetnaden for året å kome på topp-6, sidan alle på nedre halvdel av tabellen rykkjer ned i 5.divisjon. Treningskampar: Erdal-Apollo 3-6, Erdal-Austrheim 3-1, Valestrand/Hjellvik-Erdal 1-2. 2
3
4.div Hordaland avd 2 sesongen 2010 Siste kampar Helgas serierunde 09.04. Solid-Trott 0-2 17.04. Trio-Erdal Erdal-Åsane 0-2 Bremnes-Nymark 10.04. Flaktveit-Trio 1-3 Telavåg-Flaktveit Nymark-Telavåg 4-5 Trott-Gneist Frøya-Bremnes 1-0 18.04. Åsane2-Solid Gneist-Follese (21/4) Neste Triokampar: 14.04. Follese-Frøya 3-1 23.04. Solid-Trio 09.05. Trio-Åsane2 Lag K S - U - T Mål P 1 Trio 1 1 0 0 3-1 3 2 Follese 1 1 0 0 3-1 3 3 Trott 1 1 0 0 2-0 3 4 Åsane2 1 1 0 0 2-0 3 5 Telavåg 1 1 0 0 5-4 3 6 Frøya 2 1 0 1 2-3 3 7 Gneist 0 0 0 0 0-0 0 8 Nymark 1 0 0 1 4-5 0 9 Bremnes 1 0 0 1 0-1 0 10 Flaktveit 1 0 0 1 1-3 0 11 Solid 1 0 0 1 0-2 0 12 Erdal 1 0 0 1 0-2 0 4
A-stallen sesongen 2010 På nettsida vår www.il-trio.no finn du all informasjon om A-laget vårt. Under fliken Fotball i venstremenyen har A-laget ei eiga side. Her samlar vi alle nyhende om laget. Før sesongen er også A-stallen presentert. Lagleiar Svein Jarle Mo har samla stoff og Even Røen har fotografert alle spelarane. Under følgjer dei 3 som er så heldige å ha førenamn som byrjar på A. For alle presentasjonane, sjå: http://www.il-trio.no/nyheter/2416. 5
Siger til juniorane i første seriekamp G19: Nore Neset-Trio/Halsnøy 3-5. Juniorlaget vann relativt greit i serieopninga borte mot Nore Neset, men utan å imponere, melder ein av trenarane, Jarle Saghaug. Det vart ein merkeleg kamp der Trio/Halsnøy tok leiinga allereie etter 2 minutt ved Seyed Sadat, på ei fin pasning av Rune Mo. Så skulle Rune Mo sjølv få æra av å setta inn 2-0 på corner etter 22 min. To mål av Rune Mo. Foto: E. Røen. Men så kom Nore Neset og reduserte til 2-1 mot eit passivt forsvar. Til pause leia Trio/Halsnøy 3-1, etter at Rune Mo hadde scora igjen. Nore Neset reduserte etter 55 minutt og skapte ny spenning i kampen. Men berre 3 minutt seinare satte Roger Ekeland inn 4-2 på eit flott innlegg av Erlend Jensen. Me tok meir over og Mats Mo la på til 5-2, før Nore Neset reduserte like før slutt. Kampfakta frå Nore Neset idrettsplass G19: Nore Neset-Trio/Halsnøy 3-5 (1-3) 0-1 (2 minutt) Seyed Sadat 0-2 (22 minutt) Rune Mo 1-2 (30 minutt) 1-3 (35 minutt) Rune Mo 2-3 (55 minutt) 2-4 (59 minutt) Roger Ekeland 2-5 (70 minutt) Mats Mo 3-5 (90 minutt) Trio/Halsnøy sitt lag: Kristoffer Vik, Erlend Jensen, Gaute Holm, Endre Eide, Markus Øvrevik, Roger Ekeland, Alkan Abdulla, Rune Mo, Mats Mo, Seyed Sadat, Håvard Røyrvik, Åsmund Voster. 6
Styre og stell Det har vore store endringar på styrenivå i fotballgruppa sidan i fjor. Eivind Nissestad gav seg etter eitt år som leiar, samstundes som Svein Røyrvik takka av som heiltids dagleg leiar. Vi sto lenge utan ny formann, før Jan Ove Haugland i januar tok på seg dette. Det er mykje å ta tak i og mange arbeidsoppgåver som skal gjerast. Alt kan ikkje bli gjort over natta, men vi vonar vi klarar å prioritere det viktigaste høgast. Under er ei oversikt over dei som er med i år. Trio Fotballstyre Jan Ove Haugland (leiar)..telefon 93 62 94 12 Terje Markhus...telefon 97 10 37 36 Are Ulseth...telefon 99 24 00 87 Jarle Saghaug...telefon 99 44 05 06 Arild Sundsteigen...telefon 90 73 34 84 Materialforvaltar Kenneth F. Eide...telefon 47 46 98 64 Trio Fotball senior Terje Markhus...telefon 97 10 37 36 Håvard Solheim...telefon 47 75 86 64 Morten Vevatne...telefon 41 47 81 55 Norvald Hauge...telefon 97 54 42 28 Leif Ove Mikkelsen...telefon 90 69 13 58 Trio Fotball Ungdomsavdeling Are Ulseth...telefon 99 24 00 87 Anita Åkre Hauge...telefon 92 43 87 47 Ann Helen Myster Olsen...telefon 99 31 49 25 Mona Eikemo Røstbø...telefon 97 72 21 63 Trio Fotball Sportsleg gruppe Jarle Saghaug...telefon 99 44 05 06 Are Ulseth...telefon 99 24 00 87 Bjarte Solheim...telefon 95 96 62 59 7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
Trenarhjørnet: A-lagstrenar Håkon Ekeland Da er sesongpremieren unnagjort med bortekamp mot Flaktveit. Det enda som dei fleste veit med ein trepoengar. Det er alltid kjekt å vinna fotballkampar, ikkje minst på bortebane.me er spente på nivået i fjerdedivisjon. Kjenner veldig lite til dei forskjellige laga i pulja, utanom dei lokale som me har eit visst kjennskap til fra før. Men me har god tru på at me skal bita godt fra oss. Treningskampane med uavgjort borte mot både Stord og Odda, har vist at me er gode på vårt beste, men dei har også vist at me har eit noko lavt bunnivå i andre kampar. Dette er noko me prøver å gjera noko med. Ellers så gler me oss til årets første heimekamp. Satser på at me innfrir og gjer ein god kamp. Vel møtt! - Håkon Nye innbytarbuer Dei gamle innbytarbenkane på Kvednabekkjen fekk gjennomgå i fjor, både av ver og vind og av ungdomar som herja med dei. Til slutt måtte dei kastast på dynga. Richard Pedersen og John Kvarme har nytta to dagar sist veke til å snikre nye innbytarbuer til kunstgrasbanen. Flott jobba! Ein stor takk også til Byggern Teigen som har forsynt oss med veldig rimeleg materiale. 28
29
Full fart i Husneshallen Deltakinga i årets miniputtcup i Husneshallen var enorm. I fjor var 20 lag med, i år var heile 35 lag og 247 spelarar på banen! Utanom Rosendal var samtlige klubbar frå Kvinnherad representert, frå Åkra og Strand-Ulv til Halsnøy. Trio stilte elles heile 13 lag i cupen. Det viser at det gror utruleg godt i dei yngste rekkjene for tida. Det starta så tidleg som kl 08.30 og fotballen rulla utan stans heilt fram til godt over kl 19 på laurdagskvelden. Då kunne slitne arrangørar, etter å ha rydda, gå heim og slappe av i sofaen resten av kvelden. Ein stor takk til alle involverte. Stor innsats av alle foreldre, jentespelarar med fleire i kiosken, til Anita som styrte kiosk og mykje anna frå start til slutt. Takk også til G14-gjengen, samt Åsmund og Hanne, som viste stor innsats som dommarar, sekretæriat, premieutdelarar, samt mange andre forefallande oppgåver. Utan dåke, ingen cup! Fotballeiar Jan Ove Haugland ønskjer å rette ein stor takk til Anita, Are og alle som har vore med og arrangert Trio Cupane i Husneshallen i vinter. Deltakinga har vore stor, det gjev gode inntekter og eit nyttig sportsleg tilbod vinterstid. Trio Husnes 2003 deltok på sin første cup. 30
Ikkje akkurat Fair Play! Dagens motstandar Erdal var ute for ein spesiell sak i sin første seriekamp. Dei møtte Åsane 2, og desse nytta seg av eit smutthol å reglementet. A-laget til Åsane har nemleg ikkje seriestart før i dag og regelen når toarlaget serieopnar før førstelaget er at ein i A-kampen kun kan bruke spelarar som ikkje spelte frå start i toarkampen. Difor hadde Åsane 2 med seg 5-6 A-lagsspelarar som starta på benken. 40 sekund ut i kampen, vart alle desse bytta inn på banen! Erdal, nyopprykka frå 5.divisjon, fekk altså gleda av å møte halve 2.divisjonslaget til Åsane. Veldig triveleg Fullt lovleg frå Åsane si side, men ikkje akkurat fair play. Åsane vann kampen 2-0. No skal ikkje vi sitja på nokon høg hest og berre rakke ned på andre. Det vart dels gjort noko liknande her for 3 år sidan, då Halsnøy/Trio starta sesongen før vårt A-lag. Her kom 3 spelarar innpå av dei som starta A-kampen veka etter, ein venta i det minste til pausen før ein byta dei inn. Poenget er dog at slike hendingar gjev argument for å få alle toarlag vekk i frå ordinær serie. Regelverket burde i allefall skjerpast inn, men når vi snakkar så mykje om fair play elles, burde også klubbane vore sitt ansvar bevisst. 31
S c o r i n g s k l u b b e n 2 0 1 0 Etter eit par års pause, sparkar vi i gong igjen scoringsklubben. For kvar scoring A-laget lagar i seriekampane, støttar du klubben med 10 kr. Maxgrensa går på 50 mål (max utbetaling 500 kr). På baksida av programmet vert namna på alle som melder seg bli presentert. Vil du støtte Trio Fotball ved å vera medlem i scoringsklubben for A-laget, så ring eller send SMS til Are Ulseth (99 24 00 87) eller send e-post til post@il-trio.no. Ein triveleg, resultatorientert og positiv måte å støtte klubben på! Du som er medlem i scoringsklubben i Trio, hjelper oss med å driva meiningsfylte aktivitetar for born og unge! Du betaler kr. 10,- for kvart mål A-laget scorar i seriekampane. Vi sender ut giro rett etter sesongen. Reklameskilt Eit omfattande arbeid er på gang med reklameskilta. Jan Ove og Arild har gjort ein stor jobb med sponsoravtalane og no er ein gjeng i gong med å få opp skilta på Kvednabekkjen. Laurdag var Harald Larsen og Aslak Mikkelsen i gong, og monterte lister til å henge skilta på. Utover i veka kjem skilta opp. 32