GRUNNKURS FOR FRAMTIDIGE HUNDEFØRARAR I POLITIET Introduksjon Godkjent av rektor 26. februar 2013
1. Innleiing Politihunden er ein av dei viktigaste ressursane politiet har i operativ teneste, og vert nytta i samband med mellom anna patruljeteneste redningsteneste spor kriminalsøk søk i bedrifts-/industrimiljø søk i køyretøy arrestasjonar førebyggande teneste vinterteneste I alle desse bruksområda vert det stilt krav til godt samarbeid mellom hund og førar i tillegg til god kontroll og lydnad. Politihunden må dessutan kunne arbeide effektivt i alle typar miljø og situasjonar. I samsvar med rundskriv 2011/008 frå Politidirektoratet har Politihøgskolen ansvar for grunnutdanninga for nye hundeførarar og tenestehundar. I tråd med den nye utdanningsmodellen som trådde i kraft 1. januar 2013, skal grunnutdanninga for nye hundeførarar gjennomførast etter følgjande modell: Introduksjonskurs Kurs for patruljehund (trinn 1 3) Kurs for søkshund (trinn 1 3) Grunnutdanninga vert gjennomført sentralt ved Politihøgskolen. Introduksjonskurset er likt for søks- og patruljehundar, og varer i 2 veker. Kvart av kursa for patrulje- og søkshundar har eit samla omfang på seks veker. Introduksjonskurs for framtidige hundeførarar 2013 Side 1
2. Målgruppe og opptakskrav Målgruppa for kurset er polititenestepersonar som er rekrutterte av politidistriktet/særorganet, og som er tiltenkte ei framtidig rolle som hundeførarar i politiet. Det er ein føresetnad at deltakarane vert valde ut i samsvar med dei lokale kompetanseplanane. Søkjarane må: ha politihøgskole-/politiskoleutdanning vere fast tilsette som polititenestepersonar ha IP-kategori 4 eller høgare ha ein rekruttert hund som er minst 6 månader gamal vere fysisk og psykisk skikka 3. Læringsutbyte Generell kompetanse Etter gjennomført kurs kan deltakarane: ta sjølvstendig ansvar for eiga utvikling og trening av hunden Kunnskapar Etter gjennomført kurs har deltakarane kunnskap om: etologi etiske problemstillingar i hundetenesta relevante lover veterinærlære om hund innlæringsvegen stimulering av forsterkarar sosial leik og sosialisering sportrening markeringstrening miljøtrening kontakt-/lydnadstrening søksutvikling
feltferdigheiter og samarbeid fysisk trening Ferdigheiter Etter gjennomført kurs kan deltakarane: forklare dei etiske retningslinene som gjeld for hundetenesta forklare og bruke innlæringsvegen ved trening av eigen hund planleggje og gjennomføre trening av lydnad, søk og markering etablere og nytte forsterkarar på rett måte stimulere hunden til å søkje i ulike miljø forklare sentrale omgrep innanfor åtferdslære forklare dei grunnleggande faktorane ved innlæring av hund nemne dei mest aktuelle lovføresegnene som er direkte relaterte til hundetenesta hos politiet gjere greie for naudsynt førstehjelp dersom hunden vert akutt sjuk eller skada vise at dei samarbeider med hunden i ulike situasjonar 4. Organisering og arbeidsmåtar Kurset vert gjennomført som ei to-vekers samling (om lag 70 timar). Dette omfattar undervising, praktiske øvingar, trening, individuelt arbeid, gruppearbeid og litteraturstudium. Arbeidsmåtane i kurset skal gi deltakarane godt læringsutbyte, og særleg klargjere samanhengen mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje deltakaraktivitet. Det er obligatorisk å delta på samlinga. Det kan bli arrangert aktivitetar utover ordinær arbeidstid. introduksjonskurs for framtidige hundeførarar 2013 Side 3
5. Vurdering Deltakarane vert vurderte etter bestemte kriterium gjennom heile kurset. Deltakarane får fortløpande tilbakemelding i samband med praktisk instruksjon. Sluttvurderinga omfattar to delar som begge må godkjennast: Ei vurdering som kursleiaren og hovudinstruktøren gjer av hundeekvipasjen. Ei individuell skriftleg prøve på 2 timar. Kursbevis vert tildelt når kurset er godkjent. 6. Litteratur 6.1 Pensum (207 sider) Järverud, S. & Klinteberg-Järverud, G. (2000). Din hund: Som valp og unghund (3. rev. ed.). Kapitla «Å ha hund», «Valpens utvikling», «Atferd og innlæring» og «Nesearbeid» (side 3 63), og kapitla «Lydighetstrening» og «Stell og pleie av hunden» (side 92 132). I alt 110 sider. Oslo: Wennergren-Cappelen. Järverud, S. & Klinteberg-Järverud, G. (1998). Din hund fortsetter. Kapitla «Atferdslære» (side 25 90) og «Innlæring» (side 93 125). I alt 97 sider. Oslo: Wennergren-Cappelen. 6.2 Følgjande litteratur skal vere kjent Alminneleg tenesteinstruks for politiet (Politiinstruksen) (FOR-1990-06-22-3963) Lest 3. februar 2013. http://www.lovdata.no/cgiwift/wiftldles?doc=/app/gratis/www/docroot/fo r/sf/in/jd-19900622-3963.html&emne=politiinstruks*& Introduksjonskurs for framtidige hundeførarar 2013 Side 4
Føresegn om skytevåpen, våpendelar og ammunisjon mv. (Våpenforskrifta) (FOR-2009-06-25-904). Lest 3. februar 2013. http://www.lovdata.no/for/sf/jd/jd-20090625-0904.html Politidirektoratet (2011). Politiets beredskapssystem (PBS), del I: Retningslinjer for politiets beredskap. Oslo: Politidirektoratet. Politidirektoratet. (2008). Politiets beredskapssystem (PBS), del II: Håndbok for innsatspersonell. Oslo: Politidirektoratet. Introduksjonskurs for framtidige hundeførarar 2013 Side 5