Rapport fra arbeidsgruppe for studiekultur

Like dokumenter
INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Studiehefte for Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A-H) Studiestad Sogndal

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

Kvalitetssystemet Eit verkty for å sikre og utvikle studiekvaliteten ved HVO

GJENNOMGANG AV SPØRSMÅL FRÅ LÆRINGSMILJØUTVALET TIL AVDELING FOR HUMANISTISKE FAG OG LÆRARUTDANNING

Praksishefte for barnehagelærarutdanninga

Organisering Studie inneheld 30 studiepoeng i pedagogikk og 30 studiepoeng i fagdidaktikk. Desse er delt inn i to emne:

TILLITSVALD- HANDBOKA

Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302)

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Retningslinjene er utarbeidde i samsvar med Lov om universiteter og høyskoler, sist endra 9. januar Vedteke av LMU 28.

Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk Sofie E. Holmen, Høgskulen i Volda Nettverk for nynorsk i lærarutdanninga,

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

2NK171-3 Norsk 2 i GLU 1-7

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Norsk 3 (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng

Studieplan 2016/2017

GLU 1 7 og GLU 5 10 Studieåret

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Om forholdet mellom læringsutbytteformuleringar, arbeidskrav, arbeidsformer og vurderingsformer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Studieplan 2016/2017

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Norsk 2 for trinn, deltid

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Studieprogramnamn Vurdering av læring, for læring og som læring. Assessment of Learning, for Learning and as Learning.

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

Studenttinget 2015/2016

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet

Innkalling til møte i avdelingsråd ved Avdeling for lærarutdanning

Easyresearch. FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet. Velkomen til Studiebarometeret!

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Sandeid skule SFO Årsplan

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Vedtatt av avdelingsstyret i møte.???? Norsk. Undervisninga vil bli tilrettelagt på engelsk for internasjonale studentar som har behov for det.

STUDIEPLAN 2016/2017 NYNO813KFK

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Vurderingsordningar omgrep ved HVO

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

REVIDERTE RETNINGSLINJER FOR LMU VED HØGSKULEN I VOLDA

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

Høgskolen i Østfold. Studieplan for. Norsk 1. Studiet går over to semester 30 studiepoeng. Godkjent av Dato: Endret av Dato:

Møte i Bergen kommune 10. mai Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage

Bjørg Kristin Selvik, Brit Julbø, Gunn Haraldseid, Johanne Marie Trovåg, Anne-Grethe Naustdal, Øyvind Hatland, Frida Bjørlo Øien, Halvor Austenå

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

NYSKAPING. Høgskulen for landbruk og bygdenæringar. 60 stp

Spesialundervisning-haldningar, rammer

Kompetanse for kvalitet: Norsk 2, trinn.

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

Grunnkurs i tysk for lærarstudentar Basic Course in German for teacher students Studiepoeng 5 Undervisningssemester

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

STUDIEPLAN 2016/ NOR2-17KFK

STUDIEPLAN Samfunn og utviklingsarbeid Modul I Modul II

Kompetanse for kvalitet - Norsk 2, trinn

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

STUDIEPLAN FOR VIDAREUTDANNING AV RETTLEIARAR I POLITIET SIN BEKYMRINGSSAMTALE

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring

I forkortinga skal S, T og V vere store bokstavar, I skal vere liten.

Studieplan 2014/2015

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Studieplan 2010/2011

Studieplan 2008/2009

Profesjonsskriving på nynorsk

STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING LEIARKANDIDAT. 15 studiepoeng

Kvalitetssystem for Høgskulen i Volda. Godkjent av styret

39/14 14/ Studietilbod på masternivå - samfunnsfag i lærarutdanninga 2. 41/14 14/ Møteplan for Strategisk studienemnd våren

Studieplan 2009/2010

MØTEPROTOKOLL Fellesmøte med Strategisk studienemnd og Læringsmiljøutvalet

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Vaksenopplæringa i Sula

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

Hugs å bruke engelsk der undervisningsspråket er engelsk.

STUDIEPLAN ENDRINGSKUNNSKAP. Modul I Modul II. kvar modul 30 studiepoeng

Transkript:

Rapport fra arbeidsgruppe for studiekultur 10.5.2013 Øyvind Halse Lisbet Sæter Britt Loven Ølnes Jo Fredrik Øiamo Innleiing I samband med drøfting rundt ordninga med årsstegskoordinatorar i GLU, vedtok leiarmøtet AHL 18.06.12 å setje i gang to arbeidsgrupper knytt til GLU. Den ein gruppa skulle ha fokus på studiekultur og den andre på akademisk skriving. Gruppa for studiekultur vart oppnemnt av dekanen 25.10.12. Oppdraget for gruppa var formulert slik: Det er viktig at alle fag møter studentane med dei same forventingane, slik at vi får til heilskaplege utdanningar. Studentane må vite kva som vert forventa av dei og kva forventingar dei kan stille til faglærarane og studieleiinga. I dette faglege prosjektet må gruppa kome fram til eit sett med retningslinjer som skildrar kva forventingar vi skal ha til studentane, og kva forventingar studentane bør ha til oss som fagpersonar. Gruppa har vore samansett av Øyvind Halse (matematikk, leiar), Lisbet Sæter (pedagogikk), Britt Loven Ølnes (kunst og handverk) og Jo Fredrik Øiamo (student 3GLU1-7). Opprettinga av arbeidsgruppa var i utgangspunktet knytt til GLU, men referatet frå leiarmøtet poengterer at ei samordning med FLU kan vere aktuelt. Ut frå at gruppa vart samansett av fagtilsette både frå GLU og FLU, og at utfordringane stort sett er samanfallande for dei ulike lærarutdanningane, ser gruppa på denne rapporten som like relevant for både GLU og FLU (BLU frå hausten 2013) og for PPU.

Hovuddel Arbeidsgruppa har valt forståingar frå Arne Martin Klausen (1979) sitt kulturomgrep som grunnlag for arbeidet med studiekultur. Vi har i det vesentlege arbeidd ut frå dei reglar og rutinar som HVO har etablert, og vi vil trekkje fram desse med dei intensjonane at studentar og andre partar ved HVO finn dei tenlege i arbeidet med studiekulturen. Studiekultur generelt Studiekultur kan seiast å handle om idear og verdiar, om dagleg åtferd, reglar og normer som ein lever seg inn i. Kultur er noko ein lærer om t.d. rett og gale, nyttig og unyttig slik det viser seg i det ein gjer og seier og i det materielle utstyret ein nyttar i verksemda si. Studiekultur kan samanliknast med ein kode som vi nyttar for å vite kva vi skal gjere og korleis vi skal handle eller oppføre oss i ulike situasjonar. Ein god studiekultur viser seg m.a. ved at studentar og tilsette oppfører seg respektfullt overfor kvarandre og overfor barn og vaksne i praksisfeltet, og viser haldningar og framferd i samsvar med god profesjonsetikk. I dette ligg òg forventningar om kritisk bruk av internett (t.d. facebook) med omtale eller bilete av personar frå studiesituasjonar. Eventuelle særlege retningslinjer for bilete frå praksisfeltet skal følgjast. Studiekultur handlar òg om trivnad og orden i det fysiske miljøet. Alle dei daglege brukarane av bygg og fasilitetar ved høgskulen, studentar og lærarar, skal saman med drift syte for at omgivnadane er ryddige og trivelege både ute og inne. Det vil seie at studentar og lærarar ryddar etter seg og melder frå til drift om inventar som er i ustand, slik at det vert teke ut av miljøet for reparasjon. Alt som flyt i gangar og klasserom lagar visuell støy og vantrivnad, og som kjent vil «rot avle rot». Alle studentar har dei same krav og forventningar knytt til seg, dvs. uavhengig av om ein pendlar, om ein arbeider i tillegg til å studere osv. Forventa tidsbruk på studiet er eit fullt årsverk (tilsvarande 100 % stilling) per 60 studiepoeng, dvs. i snitt 40-45 timar per veke i studieåret for fulltidsstudentar. Det må forventast god kommunikasjon på tvers av faga som inngår i utdanninga, m.a. for å få ei god organisering av eventuelle tverrfaglege tema og for å unngå opphoping av innleveringsfristar for arbeidskrav og eksamen. Studierute som studieleiar har fastsett kan berre endrast av studieleiaren. Emneansvarlege må vere tydelege leiarar for ansvarsområdet sitt, og tilhøvet mellom emneansvarleg og andre faglærarar må vere avklart. Planar og regelverk Studentane må setje seg inn i studieplanen og emneplanane for studieprogrammet dei går på. Dei må også setje seg inn i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, m.a. om reglar knytt til obligatorisk oppmøte, arbeidskrav og eksamen. Studentar kan ikkje forvente å få utsetjingar på arbeidskrav eller dispensasjon frå oppmøtekravet. Ved særskilde, dokumenterte årsaker kan studenten søkje dekan om utsetjing/dispensasjon.

Forventningar til lærarane/studieleiar: Lærarane må setje seg inn i og følgje opp reglar/prosedyrar gitt i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, m.a. knytt til obligatorisk oppmøte, arbeidskrav og eksamen. Ei felles praktisering av regelverket vil fremje ein god studiekultur. Fråvere kan reknast frå heile eller delar av eit emne. Det må difor gå klart fram av emneplanane korleis dette vert gjort. Studieleiar informerer studentane om kvar dei finn studieplanar, emneplanar og regelverk, og informerer spesielt om reglar knytt til obligatorisk oppmøte, arbeidskrav og eksamen. Informasjon Studentane må halde seg oppdaterte på informasjonen som vert lagt ut i Fronter eller som vert send som e-post til studenten si hivolda-adresse. Fronter skal nyttast som plattform for informasjon til studentane. Semesterplanar med tid og stad for undervisning og med innleveringsfristar for arbeidskrav skal vere klare ved semesterstart. Om det vert endringar skal tydelege meldingar leggjast ut i Fronter i så god tid som råd. Undervisning Studentane møter til rett tid, med det utstyret som trengs for deltaking i undervisninga. Studentane er førebudde til undervisninga, viser engasjement og interesse og tek aktivt del med faglege innlegg i diskusjonar. Mobiltelefonar vert ikkje nytta under førelesing eller anna undervisning. Datamaskiner/nettbrett vert berre brukte til fagleg aktivitet i timane. Studentane ventar med å ete mat til det er pause. Studentane ryddar etter seg før dei forlèt undervisningslokalet. Studentar som har med barn til høgskulen, må også ha med ein person som har tilsyn. Ein kan ikkje ha med barn inn i undervisningslokala. Høgskulen har amme-/stelle- og kvilerom som kan nyttast. Studentane møter førebudde til avtalt rettleiing og fyller føresetnadane elles knytt til rettleiinga (t.d. om oppgåveutkast/rettleiingsgrunnlag skal sendast på førehand). Lærarane møter til rett tid, med det utstyret som trengs for undervisninga. Lærarane er førebudde til undervisninga, viser engasjement og interesse og har ei fagleg relevant, forskingsbasert og variert undervisning. Undervisninga startar og sluttar til planlagt tid og har dei planlagde pausane. På dagar med meir enn 4 timar undervisning bør det vere ein matpause på minimum 30 minutt. Skriftleg materiell som vert brukt i undervisninga (powerpoint o.l.), bør så langt det er råd leggjast ut i Fronter på førehand.

Arbeidskrav Studentane gjennomfører/leverer arbeidskrav i samsvar med emneplanen og innan dei fristar som er gitte. Semesterplanen skal gi dato og klokkeslett for innlevering/gjennomføring av arbeidskrav, både 1. og 2. forsøk. Oppgåvetekstar for innleveringar/framføringar skal leggjast ut i Fronter i god tid. Det skal klargjerast kva kriterium arbeidskravet vert vurdert etter. Studentane bør få rimeleg rask tilbakemelding på innleverte/gjennomførte arbeidskrav. Fagutval/emneevaluering Studentane bidreg til utvikling av emna gjennom innspel til fagutvala og gjennom å ta del i eventuelle emneevalueringar. Forventningar til emneansvarlege: Emneansvarlege har ansvar for at kvaliteten av emna vert utvikla i samsvar med høgskulen sitt kvalitetssystem. Fagutvalsmøte må haldast, og saker frå fagutvala må følgjast opp. Utdanningssamtalar Studentane møter opp når dei har fått innkalling til utdanningssamtale, og har førebudd seg til samtalen. Forventningar til basisgruppeleiar/studieleiar: Studieleiar klargjer for studentane kva ein utdanningssamtale er og kva rettar og plikter som høyrer med. Basisgruppeleiar/studieleiar kallar inn studentane til utdanningssamtale og førebur seg til samtalen. Utdanningssamtalane bør gjennomførast individuelt. Temaet studiekultur og forventingar bør takast opp i samtalen. Dersom praksis skal inkluderast i samtalen, bør begge partane ha fått kopi av praksisvurderingane. Avslutning Gruppa har arbeidd med studiekultur generelt: om samhandling mellom partar som er involverte i det faglege og i det psykososiale studiemiljøet. Vi har også omhandla tilhøve til materiell og utstyr / det fysiske miljøet. Oppdraget til gruppa var å kome fram til eit sett med retningslinjer som kommuniserer forventningar mellom studentar, faglærarar og studieleiinga. Vi ser det slik at reglar og retningslinjer stort sett er på plass frå før. Det er oppfølging og felles praktisering som må kommuniserast for å nå målet om at studentane møter dei same forventningane, og kan stille dei same forventningane, og at vi slik kan få heilskaplege utdanningar.

Litteratur Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda (2009). Henta 30. april 2013 frå www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20090305-0289.html Klausen, A. M. (1979): Kultur variasjon og sammenheng. Oslo: Gyldendals Studiefakler. Kvalitetssystem for Høgskulen i Volda (2011). Henta 30. april 2013 frå www.hivolda.no/nyn/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid?lang=nyn