ÅRSMELDING 2013 FOREININGA BASECAMP UNGDOMSDIAKONITILTAK



Like dokumenter
ÅRSMELDING 2012 FORENINGEN BASECAMP UNGDOMSDIAKONITILTAK

Årsmelding. Foreningen Basecamp ungdomsdiakonitiltak

ÅRSMELDING 2015 FOREININGA BASECAMP UNGDOMSDIAKONITILTAK

Årsmelding 2011 Foreningen Basecamp ungdomsdiakonitiltak

Årsmelding. Foreningen Basecamp ungdomsdiakonitiltak

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Månadsbrev for Rosa september 2014

Eksempel frå Stord kommune

Møteprotokoll for møte i

Bruk av driftsmidlar Frifond

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Forsand kommune Seksjon kultur

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

SAK 02/15 REKNESKAP 2014

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Sandeid skule SFO Årsplan

Rapport Camp Svalbard vinter 2015

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

INFOMØTE. for føresette og støttespelarar til privat Montessoriskule på Skodvin

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

«Ny Giv» med gjetarhund

Styresak. Administrerande direktør Hege Fjell Urdahl Berit Berntsen/Anne. M. Reksten Status avvik Helse Miljø og tryggleik (HMT) og sjukefråvær

VEDTEKT av februar 2007

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Forsand kommune. SLT Handlingsplan

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

10/60-14/N-211//AMS

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Strategidokument Varhaug Misjonshus

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SAK 01/13 REKNESKAP 2012

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Strategidokument

FJELLMUSEETS VENNER INNKALLING TIL ÅRSMØTE I FJELLMUSEETS VENNER 14. JUNI 2014 KL 1100 I NORSK FJELLMUSEUM, LOM

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Brukarrettleiing E-post lesar

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

TEMA. Stryn

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

TAU BÅTFORENING ÅRSMØTE

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen HF

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Ove Fekene, Kristin S. Torson, Janne Brøndbo, frå Bygdearkivet: Syver Hjelmen, Berit Marie Sørhøy og Kristofer Eitrheim

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Rutiner overtaking av private VA-anlegg til offentleg drift og vedlikehald. Fagsjef VA Stig Hagenes

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Vara for soknepresten Kyrkjeverje

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Transkript:

ÅRSMELDING 2013 FOREININGA BASECAMP UNGDOMSDIAKONITILTAK

Innhald Innhald....2 Generelt om Basecamp Ungdomsdiakonitiltak.3 Strategiplan og rekneskap.....4 Organisasjon og leiing.. 5 Innsatsområde........7 Oppsummering...12 Vedlegg....13 Besøk på Basecamp under oppussing Side 2

Generelt om Basecamp ungdomsdiakonitiltak Om Foreininga Basecamp ungdomsdiakonitiltak Foreininga Basecamp ungdomsdiakonitiltak (forkorta Basecamp ) er eit rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak for ungdom mellom 13 og 20 år på Sartor Storsenter på Sotra. Vårt primærfokus er ungdom som per i dag ikkje nyttar seg av organisert ungdomsarbeid og som er i risikosona for å starta med rus og/eller kriminalitet. Det kan også vera ungdom som på andre måtar er i ein utsett livssituasjon psykisk, fysisk og/eller emosjonelt. Gjennom inkludering og nestekjærleik ynskjer me at ungdomane skal få oppleva å bli inkludert i eit fellesskap, bli sett og høyrt. Visjonen til Basecamp er: «Bidra til å realisera draumane til ungdom om eit godt liv». Ungdomar frå Basecamp utanfor Sartor Storsenter Det nye lokale til Basecamp - i 3. etasje på Sartor Storsenter, ovanfor Burger King Fram til 30. mai 2013 delte Basecamp lokale saman med Helsestasjon for Ungdom (HFU). Grunna ombygging på Sartor Storsenter, måtte Basecamp og HFU flytta ut i frå dei gamle lokala. Basecamp fekk eige lokale i 3. etasje ovanfor Burger King, på Sartor Storsenter, medan HFU flytta inn til Legesenteret på Straume. Fortsatt drift Ut i frå besøkstalet, historier, eigne observasjonar og stadfestingar frå både foreldre og ungdomar, ser me at Basecamp er eit svært viktig tiltak blant ungdomar på Sotra. Basecamp er i aller høgste grad fortsatt aktuell for vidare drift og utvikling, og fleire og fleire har bruk for tilbodet. Utfordringa er å ivareta alle ungdomane. Basecamp er eigd av Fjell sokneråd, Sartor Storsenter og Fjell kommune og vart etablert som prosjekt 1. februar 2004. Frå 1. januar 2007 gjekk Basecamp over til å bli eit fast tiltak. Fram til 30. mai 2013 delte Basecamp lokale saman med Helsestasjon for Ungdom (HFU). Grunna ombygging på Sartor Storsenter, måtte Basecamp og HFU flytta ut i frå dei gamle lokala. Basecamp fekk eige lokale i 3. etasje ovanfor Burger King på Sartor Storsenter, medan HFU flytta inn på legesenteret på Straume. Side 3

Strategiplan og rekneskap Strategiplan Basecamps strategiplan vart vidareført i 2013. Planen er bygd opp med ein visjon, eit hovudmål, definering av målgruppa, målsetting og fire delmål. Delmåla og strategiplanen i sin heilskap skal fylgjast opp av tiltaksplanar for kvart enkelt delmål. I tillegg held strategiplanen fram at Basecamp i alt sitt arbeid skal vera ope inviterande, dristig inkluderande, aktivt nærværande, omsorgsfullt ivaretakande og frimodig utfordrande. Med dette ynskjer Basecamp å understreka det gode nærvær i den enkelte ungdoms liv. Basecamp er også opptatt av å utfordra den enkelte ungdom til å vera nærverande i eige liv og ikkje vika vekk frå dei utfordringar som kjem i den enkeltes vei. Slik tar Basecamp ungdom på alvor. Rekneskap Basecamp har i 2013 disponert tilskot på til saman 941.000 kr frå eigarane til dekning av løn, husleige m.m. I tillegg kjem gåver og andre inntekter. Rekneskapen for 2013 er vedlagt. Teljeapparatet hjelper oss å halda talet på ungdomar som er innom Basecamp kvar dag. Ope hus på Basecamp Side 4

Organisasjon og leiing Organisasjon og leiing Stiftingsdokument Eit stiftingsdokument mellom Fjell kommune, Fjell Sokneråd og Sartor Storsenter regulerer, på generelt grunnlag, ansvarsforhold og satsingsområde for Basecamp. Ein utfyllande strategiplan konkretiserer Basecamps innsatsområder. Årsmøte Årsmøte er foreiningas øvste organ og skal godkjenne årsmelding, budsjett og årsrekneskapen. Årsmøtet skal sjå til at: - foreininga sitt formål blir ivaretatt - økonomiske disponeringar blir gjort i samsvar med årsmøte si delegering til styret og foreininga sine vedtekter - rekneskapet og formueforvaltninga er gjenstand for trygg kontroll. Årsmøtet består av totalt seks - 6 representantar med seks - 6 - vararepresentantar: - Fjell sokneråd utnemner kyrkjeverje /dagleg leiar, leiar for Fjell sokneråd og personleg vara for kvar representant. - Fjell kommune utnemner administrativ leiar, leiar for komité for drift og personleg vara for kvar representant - Sartor Storsenter utnemner direktør for Sartor Storsenter, administrerande direktør for Sartor Holding AS og personlig vara for kvar representant. Ungdomsdiakonen har plikt og rett til å møta i årsmøte som sekretær med tale- og forslagsrett, men utan stemmerett. I 2013 møtte fylgjande personar på årsmøte: - for Fjell kommune: Tove Helleland, sosialsjef Vidar Arnesen, leiar komité for drift - for Fjell sokneråd: Annlaug Børve, kyrkjeverje Dag Olav Bjorøy, leiar Fjell sokneråd - for Sartor Storsenter: Thomas Skålnes, direktør Sartor Storsenter Ernst M. Einarsen, administrerande direktør Sartor Holding Gitarspeling på Ope hus Observatørar: - styret for Basecamp ungdomsdiakonitiltak: Svein Ekrem, Fjell kommune Torbjørn Fjøren, Fjell sokneråd - for Basecamp ungdomsdiakonitiltak: Marianne Gilje Løining, ungdomsdiakon Ungdomar i god prat i kjøkkenkroken på Basecamp Side 5

Val Thomas Skålnes og Svein Ekrem vart valt inn i ein ny periode i styret for Basecamp. Viviann Holmefjord (Fjell kommune), Hans Jarle Einarsen (Sartor Storsenter) og Maria Tveten (Fjell sokneråd) vart valt inn som vararepresentantar i styret. Etter valet består styret av: - Fjell kommune: Svein Ekrem, leiar for dei kommunale ungdomsklubbane Vara: Viviann Holmefjord, helsesøster - Fjell sokneråd: Torbjørn Fjøren, soknediakon Vara: Maria Tveten, ungdomsprest - Sartor Storsenter: Thomas Skålnes, direktør Sartor Storsenter Vara: Hans Jarle Einarsen, markedssjef Styret Foreininga Basecamp ungdomsdiakontiltaks utøvande organ er styret. Styret er ansvarlig overfor årsmøtet. Forvaltninga av foreininga høyrer til under styret. Styret skal sjå til at foreininga sitt formål blir ivaretatt, og at økonomiske disponeringar blir føretatt i samsvar med årsmøte si delegering og foreininga sine vedtekter. Styret skal sjå til at rekneskap og formueforvalting er gjenstand for trygg kontroll. Ungdomsdiakonen har plikt og rett til å møta i styret som sekretær med tale- og forslagsrett, men utan stemmerett. Styret hadde 9 styremøte og har behandla totalt 74 saker i 2013. Dagleg leiar/ungdomsdiakon Frå januar 2004 og fram til desember 2011 var Vetle Karlsen Eide ungdomsdiakon og dagleg leiar på Basecamp. Frå januar 2012 gjekk Torstein Nordhaug inn i eit års vikariat for Vetle. Etter eit år vart Marianne Gilje Løining tilsett som ny ungdomsdiakon og dagleg leiar frå 7. januar 2013. Assistentar og frivillige For å styrka arbeidet rundt «Ope hus», vart Solveig Stenerud engasjert som praksisstudent frå Bildøy Bibelskule frå august 2012 til mai 2013. Det vart ikkje oppretta ny avtale med Bibelskulen for skuleåret 2013/2014, då det ikkje var aktuelle kandidatar. Elles har det vore 4-5 frivillige som meir eller mindre har vore fast på Basecamp og hjelpt til under «Ope hus». Karianne Kleppe (venstre) og Renate Olsen (høgre) har vore blant dei trufaste frivillige på Basecamp i 2013. Her saman med dagleg leiar, Marianne Gilje Løining. Side 6

Innsatsområde Nye lokale Den største endringa som skjedde på Basecamp i 2013, var oppussing og opning av nye lokale (opning 19. september). Samlokaliseringa med Helsestasjon for Ungdom (HFU) vart i denne perioden avslutta. HFU er no lokalisert ved legesenteret på Straume, medan Basecamp har fått nye lokale i 3. etasje på Sartor Storsenter, ovanfor Burger King. Før Basecamp kunne opna dei nye lokala, var det mykje arbeid som skulle gjerast. Riving av veggar, legging av golv, lydisolasjon samt ny himling, vart utført av JC bygg. Alt det elektriske arbeidet har Vestgard elektro tatt seg av. Elles har dagleg leiar og andre frivillige måla og sett opp nytt kjøkken. 9. april: Det gamle advokatlokale klar for oppussing Måling og mykje av inventaret, som møblar og berbare datamaskinar, er blitt sponsa av ulike bedrifter. Sjølve oppussinga kom på ca. 450 000 kr (eks. mva). Midlane kom i hovudsak frå gåver, løyvingar frå eigarane og oppsparte midlar. Me er svært godt nøgd med resultatet, og me ser at det nye lokalet er mykje besøkt og godt likt av ungdomane. Det har blitt ei stor og viktig oppgradering frå dei gamle lokala, og det er ein god base for vidare drift og utvikling av Basecamp. 9. april: Synfaring i det komande lokale til Basecamp 9. april: Bilete er tatt frå gangen og inn mot lekserommet 9. april: Det gamle kjøkkenet og veggen skal rivast 9. april: Store hol i veggen til ventilasjonsrøyra i gangen Side 7

6. juni: Tore Ebbesvik i full gang med å riva veggane i lokale 25. juni: Alle veggane + det gamle kjøkkenet er riven 31. juli: Kjøkkenkroken er lydisolert 17. august: Gipsplatene er på plass - testing av måling 17. august: Testing av måling i gangen på Basecamp 21. august: Kontrastveggen i rommet er ferdig måla 22. august: Nytt, flott golv blir lagt i heile lokale 23. august: I stova og på kjøkkenet er det nye plater i taket Side 8

26. august: Kjøkkenet er klar til montering 27. august: Lesing av IKEA instruks 27. august: Kjøkkenet er snart ferdig montert 29. august: Kjøkkenbenken skal på plass 2. september: Besøk på Basecamp 2. september: Gode dugnadsarbeidarar målar lekserommet 4. september: Kristian er i full sving med muring av disk framom kjøkkenkroken 4. september: Disken er nesten ferdig 13. september: Bordet frå Møbelringen skal lakkerast før opninga 18. september: Dagen før dagen Side 9 Side 9

Basecamp er klar for opning 19. september 2013 Kjøkkenkroken Stova Databenken Side 10

«Ope hus" Fram til torsdag 30. mai 2013, arrangerte Basecamp «Ope hus» kvar tysdag (13-16), onsdag (13-18) og torsdag (13-16). Talet på besøkande har lagt kring 30-40 ungdomar kvar «Ope hus» dag. Mellom 1. juni 2013 og 18. september 2013 var Basecamp stengt grunna oppussing av nye lokale. Frå og med torsdag 19. september var lokale klar til bruk. Me opna det heile med ein opningsfest der ca. 90 stk. møtte opp frå ulike samanhengar. Tidspunkta for «Ope hus» er dei same som dei var før sommaren 2013, bortsett frå tysdagane, då me har ope ein time lenger. Me var spent på oppslutnaden kring «Ope hus» etter me flytta frå dei gamle lokala, men det har vist seg at det er i snitt det same som før me flytta. Sjølv om Basecamp var stengt i nesten 4 månader i 2013 (frå 1. juni til 19. september), hadde Basecamp likevel eit besøkstal rundt 3800 i lokala på Sartor Storsenter. Nattope I 2013 arrangerte Sartor Storsenter «Nattope» seks gongar. I den samanheng hadde Basecamp som vanleg «Ope hus» for ungdomane. Alt i alt har det vore ca. 500 besøkande på «Ope hus» under «Nattope» på senteret i 2013. Me har også hatt ungdomar i ungdomspatruljen under kvart nattope-arrangement. Tiltaket blir meir og meir populært blant både gutar og jenter frå 14-20 år. Dei går med gule vestar rundt på senteret som gode og høflege medhjelparar, hjelper kundar som ikkje finn vegen, treng hjelp med å bera handleposar eller har spørsmål. Dei er også med å bidra positivt til ro og orden. I den tida ungdomspatruljen har eksistert, har det ikkje vore ei negativ oppleving med ungdom under «Nattope». Dette tyder på at både ungdomspatruljen og andre tiltak fungerer godt. Jentene på Basecamp spelar playstation Ungdomspatruljen under Nattope på Sartor Storsenter Ny internettside Basecamp oppretta i 2013 ei ny, flott internettside. Den er meir funksjonell og brukarvenleg enn den tidlegare sida Basecamp hadde. Utviklinga av nettsida er sponsa av Checkin.no. Jentegruppe I samarbeid med barnevernet og "Felles ansvar" vart det oppretta ei jentegruppe november 2012. Målet var å leggja til rette for gode relasjonar, positiv dialog og aktiv samhandling for jenter med særskilte behov. To jenter med tilknyting til barnevernet, møtte opp i gruppa. Men etterkvart viste ikkje jentene interesse for gruppa, og slutta. Gruppa vart avvikla i februar 2013. Internettkafè på Basecamp Side 11

Basecamps juleaksjon I år vart Basecamp sin juleaksjon arrangert for 5. gong. Dette er ein kunderetta aksjon på Sartor Storsenter. Det vart plassert ut 61 bøsser i 60 ulike butikkar med eit resultat på 7897 kr. Det vart også gjeve ei gåve frå avgangsklassane (1983) frå Fjell ungdomsskule etter ein 30 års jubileumsfest. Gåva var på 8188,33 kr. Dette er me svært takksame for. Til saman kom det inn totalt 16085,33 kr til juleaksjonen. Anti-naskeprogrammet Det som ikkje skulle skje Anti-naskeprogrammet "Det som ikkje skulle skje" er eit samtaleprogram for ungdom som er tatt for nasking på Sartor Storsenter. Programmet er et samarbeid mellom Politiet, Nokas, Barnevernet og Basecamp. Ungdomar som er under 15 år og blir tiltalt for nasking, må møte på Basecamp i staden for ein «bekymringssamtale» hos Politiet. Dei som har naska og er over 15 år, kan få ei Ungdomane på Basecamp hjelper til med førebuingane til juleaksjonen påtaleunnlating av Politiet som reaksjon med vilkår at dei fylgjer anti-naskeprogrammet på Basecamp. Dette blir som alternativ til førelegg. I 2013 hadde Basecamp i alt to samtalar med ungdomar; ein angåande nasking og ein samtale angåande hærverk på senteret (4 samtalar pr. ungdom). Statistikken viser at naskesamtalane har gått gradvis ned frå år til år. Dette er svært gledelege tal som kan tyde på at anti-naskeprogrammet fungerer saman med alt det andre førebyggjande arbeidet som blir gjort på senteret og elles i kommunen. Ungdomar frå Ope hus Smil og latter på Basecamp Oppsummering 2013 har i store trekk vore prega av flytting og oppussing av nytt lokale, etablering av ny internettside og vidareutvikling av «Ope hus». Elles opplev me det har vore kontinuerlig og godt arbeid i styret. I løpet av året har me fått fleire gode tilbakemeldingar frå både samarbeidspartnarar, foreldre/føresette og ungdomane sjølve. Tilbakemeldingane underbyggjer at Basecamp er ein viktig del av det førebyggjande arbeidet i Fjell kommune. Thomas Skålnes (sign.) Torbjørn Fjøren (sign.) Svein Ekrem (sign.) Sartor Storsenter Fjell sokneråd Fjell kommune Sartor Storsenter mai 2014 Side 12

Vedlegg Organisasjonskart 2013 Årsmøte To representantar frå kvar av eigarane (Fjell kommune, Fjell sokneråd og Sartor Storsenter) Styret Torbjørn J. Fjøren Thomas Skålnes Svein R. Ekrem Fjell sokneråd Sartor Storsenter Fjell kommune Ungdomsdiakon/daglig leder Marianne Gilje Løining Side 13

Rekneskap 2013 Regnskap Regnskap Avvik(per.) 2013 2012 0 Kostad: 4500 BASECAMP 30100 FAST LØN 495.063 449.225 45.838 30101 FASTE TILEGG 8.160 6.946 1.213 30200 VIKARLØN 3.729 9.922-6.193 30900 AFP-PREMIE KLP 8.312 8.288 23 30901 PENSJON KLP 51.851 58.845-6.993 30903 KOLL. ULYKKESFORSIKRING 419 309 110 30904 KOLL. GRUPPELIVSFORSIKRING 1.197 1.158 39 30990 ARBEIDSGJEVARAVGIFT 78.016 75.417 2.599 31000 KONTORMATERIELL 499 1.279-781 31100 FORBRUKSMATERIELL 5.904 2.679 3.225 31203 REINHALDSUTGIFTER 2.050 0 2.050 31205 BEVERTNING 1.036 42.469-41.433 31206 BLOMSTER 185 160 25 31207 MATVARER 10.164 34.581-24.417 31300 PORTO, BANK, TELEFONI OG DATA 7.375 3.484 3.891 31302 GEBYR 45 22 23 31400 STILLINGSANNONSER 0 24.942-24.942 31402 TRYKKING 6.879 4.417 2.462 31403 ANNONSER, REKLAME OG INFORMASJON 0 3.356-3.356 31500 OPPLÆRING/KURS 2.000 1.500 500 31502 OPPLÆRING/KURS FRIVILLIGE 1.200 0 1.200 31550 REISEUTGIFTER - KURS (IKKE OPPGÅVEPLIKTIG) 0 878-878 31600 OPPG.PL.REISEUTGIFTER 2.872 1.396 1.476 31650 ANDRE OPPG.PL.GODTGJERSLE 0 180-180 31701 KJØP AV TRANSPORTTENESTER 0 11.550-11.550 31703 REF. REISEUTGIFTER 532 0 532 31800 ENERGI 3.469 5.929-2.460 31900 HUSLEIGE 81.317 88.695-7.378 31950 KONTIGENT/LISENSAR 2.408 2.354 54 32000 INVENTAR/UTSTYR 11.524 11.505 19 32004 BØKER O.A. TIL BIBILOTEK 0 200-200 32300 PLANLAGT VEDLIKEHALD 430.098 0 430.098 32700 KONSULENTTENESTER 2.500 0 2.500 34290 MVA PÅ KJØP I DRIFTSREKNESK. 137.822 45.982 91.840 34700 TILSKOTT/GÅVER TIL ANDRE 20.714 14.950 5.764 35500 AVSETNAD BUNDNE FOND 0 119.969-119.969 Sum utgifter 1.377.337 1.032.587 344.749 Side 14

Regnskap Regnskap Avvik(per.) 2013 2012 0 36104 DELTAKERBETALING 0-9.000 9.000 37000 REFUSJON STATEN 0-30.000 30.000 37100 SJUKELØNSREFUSJON -28.008 0-28.008 37290 MVA. KOMP. DRIFT -137.822-45.982-91.840 37300 REFUSJON FRÅ KOMMUNEN -443.000-429.000-14.000 37701 REFUSJON FRÅ ANDRE -11.625 0-11.625 37702 REFUSJON FRÅ SARTOR -419.004-419.004 0 37800 INTERNE OVERFØRINGAR -75.000-72.000-3.000 38600 OFFER TIL EIGNE FØREMÅL -5.861-7.601 1.740 38700 TILSKOT/GÅVER FRÅ ANDRE -52.904-20.000-32.904 39400 BRUK AV DISP. FOND -204.113 0-204.113 Sum inntekter -1.377.337-1.032.587-344.749 Sum kostnadstad: 4500 BASECAMP 0 0 0 T O T A L T 0 0 0 Side 15

Budsjett 2013 Buds(end) Buds(end) Disponert Avvik(per.) 2 014 2 013 2 013 0 4500 BASECAMP 30100 FAST LØN 474 000 432 000 495 063-42 000 30101 FASTE TILEGG 9 000 8 000 8 160-1 000 30200 VIKARLØN 15 000 20 000 3 729 5 000 30900 AFP-PREMIE KLP 11 000 9 000 8 312-2 000 30901 PENSJON KLP 53 000 56 000 51 851-3 000 30903 KOLL. ULYKKESFORSIKRING 1 000 0 419-1 000 30904 KOLL. GRUPPELIVSFORSIKRING 2 000 0 1 197-2 000 30990 ARBEIDSGJEVARAVGIFT 88 000 74 000 78 016-14 000 31000 KONTORMATERIELL 2 000-2 000 499-4 000 31100 FORBRUKSMATERIELL 5 000 5 000 5 904 0 31101 UNDERVISNINGSMATERIELL 2 000 2 000 0 0 31203 REINHALDSUTGIFTER 16 000 0 2 050 16 000 31205 BEVERTNING 16 000 3 000 1 036 13 000 31206 BLOMSTER 2 000 2 000 185 0 31207 MATVARER 28 000 30 000 10 164-2 000 31300 PORTO, BANK, TELEFONI OG DATA 6 000 6 000 7 375 0 31302 GEBYR 0 0 45 0 31400 STILLINGSANNONSER 18 000 0 0-18 000 31402 TRYKKING 6 000 4 000 6 879-2 000 31403 ANNONSER, REKLAME OG INFORMASJON 5 000 5 000 0 0 31500 OPPLÆRING/KURS 8 000 7 500 2 000-500 31502 OPPLÆRING/KURS FRIVILLIGE 2 000 1 000 1 200-1 000 31550 REISEUTGIFTER - KURS (IKKE OPPGÅVEPLIKTIG) 3 000 3 000 0 0 31600 OPPG.PL.REISEUTGIFTER 3 000 3 000 2 872 0 31703 REF. REISEUTGIFTER 2 000 2 000 532 0 31800 ENERGI 8 000 8 000 3 469 0 31850 FORSIKRING 2 000 2 000 0 0 31900 HUSLEIGE 180 000 150 000 81 317-30 000 31950 KONTIGENT/LISENSAR 3 000 2 000 2 408-1 000 32000 INVENTAR/UTSTYR 10 000 35 000 11 524-25 000 32004 BØKER O.A. TIL BIBILOTEK 1 000 1 000 0 0 32300 PLANLAGT VEDLIKEHALD 0 75 000 430 098 75 000 32700 KONSULENTTENESTER 10 000 0 2 500-10 000 34290 MVA PÅ KJØP I DRIFTSREKNESK. 60 000 43 500 137 822-16 500 34700 TILSKOTT/GÅVER TIL ANDRE 0 22 000 20 714 22 000 35400 AVSETNAD DISP.FOND 0 500 0 500 Sum utgifter 1 051 000 1 009 500 1 377 337 Side 16

Buds(end) Buds(end) Disponert Avvik(per.) 2 014 2 013 2 013 0 37100 SJUKELØNSREFUSJON 0 0-28 008 0 37290 MVA. KOMP. DRIFT -60 000-42 500-137 822 17 500 37300 REFUSJON FRÅ KOMMUNEN -447 000-433 000-443 000 14 000 37701 REFUSJON FRÅ ANDRE 0 0-11 625 0 37702 REFUSJON FRÅ SARTOR -447 000-433 000-419 004 14 000 37800 INTERNE OVERFØRINGAR -78 000-75 000-75 000 3 000 38600 OFFER TIL EIGNE FØREMÅL -6 000-6 000-5 861 0 38700 TILSKOT/GÅVER FRÅ ANDRE -13 000-20 000-52 904-7 000 39400 BRUK AV DISP. FOND 0 0-204 113 0 Sum inntekter -1 051 000-1 009 500-1 377 337 38 500 Sum kostnadstad: 4500 BASECAMP 0 0 0 0 T O T A L T 0 0 0 0 Side 17

Strategiplan Foreininga Basecamp ungdomsdiakonitiltak 2011-2014 Foreininga Basecamp ungdomsdiakonitiltak er eit kjøpesenterlokalisert rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak. Basecamp er eit samarbeid mellom Sartor Storsenter, Fjell sokneråd og Fjell kommune. Visjon: Bidra til å realisera ungdoms drøymer om eit godt liv! Hovudmål: Gje ungdom livshjelp og styrka deira livsmeistringskompetanse Målgruppe: Unge mellom 13 20 år som oppheld seg i Sartor Storsenters nærområde Målsetting: Arbeide rus- og kriminalitetsførebyggande i og rundt Sartor Storsenter ved å styrka ungdoms oppleving av tilhøyrsle, identitet og meistring. Hovudfokus i planperioden: rusførebyggande, kriminalitetsførebyggande og haldningsskapande arbeid Delmål 1 oppretthalda og vidareutvikla ein særprega kjøpesenterlokalisert førebyggingsmetodikk Delmål 2 oppretthalda og vidareutvikla kriminalitetsførebyggande tiltak Delmål 3 oppretthalda og vidareutvikla Ope hus som arena for haldningsskapande arbeid Delmål 4 leggja til rette for den gode samtalen Delmål 5 bidra til å synliggjera Basecamp ovanfor ungdom og deira familiar, samarbeidspartnarar, støttespelarar og andre aktuelle instansar I sitt arbeid skal Basecamp ungdomsdiakonitiltak vera: ope inviterande dristig inkluderande aktivt nærværande omsorgsfullt ivaretakande frimodig utfordrande Side 18

Statistikk 2013 Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des Totalt Besøk Basecamp 334 421 325 446 385 291 435 644 507 3788 Individuell samtale - Rus - Graviditet - Suicidal 1 1 - Relasjoner 1 1 5 2 4 4 17 - Naskesamtalar 4 4 - Oppsøkande samtalar på senteret - Anna 1 4 1 3 1 4 5 19 Møte - Styremøte Basecamp 1 1 2 1 1 1 2 9 - Stabsmøte på kyrkjekontoret 1 2 1 1 1 6 - SLT 1 1 1 3 - Fagdag diakoni 1 1 - Anna 10 8 8 9 5 3 9 4 2 58 Markedsføring - Foredrag 1 1 - Skulebesøk/instisusjonsbesøk 1 1 - Butikkleiarmøte 1 1 2 - Anna 1 1 Medieoppslag - Avis 1 1 2 2 6 - Radio 1 1 - TV - Internett 1 1 2 - Kyrkjebladet 1 1 1 3 - Anna Anna - Transport 3 3 - Følge til avtale - Anna 1 1 2 Side 19

Besøksadresse: Basecamp Ungdomsdiakonitiltak Sartor Storsenter 3. etg (ovanfor Burger King) Postadresse: Basecamp Ungdomsdiakonitiltak c/o Fjell kyrkjekontor Boks 184 5342 Straume Telefon: +47 550 97 458, Mobil: +47 996 68 870 E-post: marianne.loining@fjell.kommune.no Dagleg leiar: Ungdomsdiakon Marianne Gilje Løining Org.nr. 993 09 6083 Gåvekonto: 8580.14.09453 - NB! Merk gåva: GÅVE BASECAMP Takk for di støtte!