Kvalitetssystem for Høgskulen i Volda. Godkjent av styret

Like dokumenter
Kvalitetssystem for Høgskulen i Volda

Kvalitetssystem for Høgskulen i Volda. Godkjent av styret

Kvalitetssystemet Eit verkty for å sikre og utvikle studiekvaliteten ved HVO

TILLITSVALD- HANDBOKA

OMTALE AV HiSF SITT KVALITETSSYSTEM Revidert h- 11

Rapport fra arbeidsgruppe for studiekultur

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

MØTEPROTOKOLL Læringsmiljøutvalet

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Kvalitetssystemet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 2014

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Kvalitetssikring av sivilingeniørutdannelsene

Studenttinget 2016/2017

Februar 2004 (Revidert August 2004)

Studenttinget 2015/2016

Høgskulen i Volda. Evaluering av system for kvalitetssikring av utdanninga oktober 2011

Retningslinjene er utarbeidde i samsvar med Lov om universiteter og høyskoler, sist endra 9. januar Vedteke av LMU 28.

Studenttinget 2015/2016

REVIDERTE RETNINGSLINJER FOR LMU VED HØGSKULEN I VOLDA

RETNINGSLINJER FOR RAPPORTERING TIL DBH. 1. Registrering av grunnlagsdata til DBH

Høgskolen i Innlandet Overordnet beskrivelse av kvalitetssystem for utdanning

STUDIEBAROMETERET 2015

Rammeverk for det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane ved HVL Godkjent av høgskulestyret

Nord universitet - Kvalitetssystem for utdanning

Til stade: Unni Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Mildrid Haugland, Morten André Tryti, Linda Marie Leirpoll, Terje Bjelle

Valregelement for Studenttinget ved Høgskulen i Volda. Sist revidert

Solfrid Kjoberg, Lene Borgen Waage, Anne Gro Dalland, Espen Fosse. 5/18 18/ Godkjenning av innkalling og sakliste 2

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Stillingsomtalar for Arbeidsutvalet i Studenttinget i Volda

Tabell: Ansvar, roller og oppgaver knyttet særlig til arbeid med kvalitetsrapport og kvalitetsutvikling

Bjørg Kristin Selvik, Brit Julbø, Gunn Haraldseid, Johanne Marie Trovåg, Anne-Grethe Naustdal, Øyvind Hatland, Frida Bjørlo Øien, Halvor Austenå

GJENNOMGANG AV SPØRSMÅL FRÅ LÆRINGSMILJØUTVALET TIL AVDELING FOR HUMANISTISKE FAG OG LÆRARUTDANNING

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Studenttinget 2011/2012

Strategiplan for FoU

Prosedyrebeskrivelse for arbeidet fram mot akkreditering og etablering av nye studier ved UiS

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Skodje kommune Teknisk avdeling

Stillingsomtalar for Arbeidsutvalet i Studenttinget i Volda

Innholdsfortegnelse 1. Innledning Kvalitetsdimensjoner Roller, ansvar og oppgaver i kvalitetsarbeidet

Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia

SAK: Revisjon av Studentcharter

STUDIEBAROMETERET 2016

Endra ultimo november 2018 etter ny organisasjonsplan av og Forskrift om tilsyn med utdanningskvalitet i høyere utdanning av

Retningslinjer for sikring og utvikling av studienes og læringsmiljøets kvalitet

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Funksjon Leiar Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Medlem Styresekretær. Møtte for Marit Vartdal Engeseth

Spørjeskjema Nynorsk

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Studiehefte for Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A-H) Studiestad Sogndal

Kvalitet er målet med alt

Del 5: Prosedyre for evaluering og system for eksterne evalueringer

kvalitetssystem for utdanning Vedtatt av styret 9. mars 2016 NTNU

Handlingsplan for internasjonalisering

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Del 5: Prosedyre for evaluering og system for eksterne evalueringer

Strategiplan for Forsking og utvikling (FoU)

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

RETNINGSLINJER FOR EVALUERING

MØTEPROTOKOLL Fellesmøte med Strategisk studienemnd og Læringsmiljøutvalet

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Forum for forskningsdekaner. Kvalitetssystemet ved UiO

Saksnr Utval Møtedato Kontrollutvalet Fylkestinget

STRATEGISK PLAN

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

UNIVERSITETET I OSLO. Til: MN - fakultetsstyret. Sakstittel: MNs studiekvalitetsplan for 2007

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

Praksishefte for barnehagelærarutdanninga

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi?

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Studenttinget 2015/2016

Bjørg Kristin Selvik, Anne-Grethe Naustdal, Gunn Haraldseid, Johanne-Marie Trovåg, Brit Julbø, Gunhild Raunsgard, Henrik Waage Tjore

NTNUs system for kvalitetssikring av utdanning. 02. oktober 2013

Strategiplan for FoU

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Ansvars- og rolleavklaring i Emweb

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Avvik 1: Nav Osterøy sikrar ikkje at tenesta kvalifiseringsprogram er tilgjengeleg for alle aktuelle deltakarar.

KVALITETSSYSTEM FOR UTDANNINGEN VED UNIVERSITETET I AGDER. Godkjent av NOKUTs styre og

MØTEINNKALLING Forskingsutvalet

Innkalling til møte i avdelingsråd ved Avdeling for lærarutdanning

Møtebok: Utdanningsutvalget ( ) Utdanningsutvalget. Dato: Notat:

NOKUTs veiledninger Veiledning til studietilsynsforskriften

Emnerapport 2015 vår KJEM221

Referat - Utdanningsutval Fakultet for helse- og sosialvitskap, HVL

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Hellen Dahl, Jan-Erik Kallevik Vatland, Hege Råkil

Kvalitetsrapport 2009

Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302)

Terje Bjelle, Unni Margrethe Uren Aasen, Osvald Lykkebø, Dagrun Kyrkjebø, Eli Nummedal, Morten André Tryti, Bente Sønsthagen

Sak: Kvalitetssikringssystem ved Universitetet i Nordland

Naturfag vidareutdanning

Transkript:

Kvalitetssystem for Høgskulen i Volda Godkjent av styret 07.03.2013 HVO Side 1 10.07.2013

Innhald Innhald... 2 1 Innleiing... 3 2 Mål... 3 3 Styring og ansvar... 4 3.1 Overordna ansvar... 4 3.2 Ansvar... 4 3.3 Studentane sitt ansvar... 5 3.4 Utval... 5 4 Hovudelement i kvalitetssystemet... 7 4.1 Kvalitet på rekruttering, informasjon og studentmottak... 4.2 Rammekvalitet... 7 4.3 Programkvalitet... 8 4.4 Resultatkvalitet... 10 5 Evaluering, rapportering og utvikling... 10 5.1 Omtale av sentrale evalueringstiltak... 10 5.2 Rapportar frå studieprogram-/emneansvarlege og avdeling... 12 HVO Side 2 10.07.2013

1. Innleiing HVO har valt å konsentrere seg om kvalitetsarbeid knytt til følgjande hovudtema: Mål for kvalitetsarbeidet Organisering, ansvar og medverknad Evalueringstiltak knytte til dei fire hovudelementa i kvalitetssystemet Systematisk innhenting og bruk av informasjon og andre data som gir kunnskap om hovudelementa ved studiekvaliteten 2. Mål HVO sitt kvalitetssystem skal bidra til å verkeleggjere høgskulen sitt mål om å vere Ein utviklingsorientert institusjon som i samarbeid og konkurranse med andre utdannings- og forskingsinstitusjonar driv utdanning, forsking, fagleg utviklingsarbeid og formidling med høg kvalitet. 2.1 Kvalitetssystemet skal - synleggjere god kvalitet og avdekkje sviktande kvalitet - fremje ein kvalitetsmedviten kultur - gi informasjon til leiinga og styret som grunnlag for avgjerder om prioritering og ressursfordeling - avklare kven som har ansvar for kva når det gjeld utviklinga av god studiekvalitet - bidra til å utvikle og forbetre studiekvaliteten, ikkje berre kontrollere HVO Side 3 10.07.2013

Arbeidet med betring av studiekvaliteten kan framstillast som ein prosess med fire fasar som stadig gjentek seg: 1. Planlegging: Utarbeiding av mål for studium/emne og praktisk opplegg for undervisning, rettleiing og vurdering 4. Forbetring: Revisjon av mål og undervisningsopplegg for studium/emne Tiltak for å betre dei fysiske rammebetingelsane 2. Gjennomføring: Undervisning, rettleiing og vurdering, samtidig med evaluering av framdrift og måloppnåing 3. Evaluering: Analysar av resultat og tilbakemeldingar frå evalueringar med sikte på forbetringstiltak 3. Styring, ansvar og roller 3.1 Overordna ansvar Det er høgskulestyret som har det overordna ansvaret for kvalitetssystemet ved HVO og som handsamar årsrapporten om studiekvalitet. 3.2 Tilsette, ansvar og roller 3.2.1 Rektor og prorektor Rektor er ansvarleg for kvaliteten i høgskulen sine studietilbod. Rektoratet har ansvar for den daglege oppfølginga av kvalitetssystemet, og for at det blir oppretta og gjennomført kompetansehevingstiltak for fagleg tilsette. 3.2.2 Høgskuledirektøren Direktøren har ansvaret for drift og vedlikehald av kvalitetssystemet. Direktøren har òg ansvaret for kvaliteten i dei administrative tenestene knytte til studiekvalitet. 3.2.3 Studiedirektøren Studiedirektøren har det samla ansvaret for kvalitetsarbeidet knytt til dei studieadministrative støttetenestene ved HVO. Studiedirektøren skal i samarbeid med avdelingane ta initiativ til intern evaluering av studietilbod ved høgskulen for å sikre studiekvaliteten. Studiedirektøren skal utarbeide statistikkar og analysegrunnlag som avdelingane kan bruke i sitt kvalitetsarbeid. HVO Side 4 10.07.2013

3.2.4 Personaldirektøren Personaldirektøren har det samla ansvaret for at tilsettingar er i samsvar med kvalitetssystemet og gjeldande regelverk. 3.2.5 Dekan Dekanen har det overordna ansvaret for kvalitetsarbeidet og for å fremje kvalitetskultur i avdelinga, m.a.: - å organisere avdelinga sitt kvalitetsarbeid, og for å skriftleggjere og publisere dei valde ordningane for tilsette og studentar - sjå til at evalueringane blir gjennomførte, og for at resultata blir følgt opp i avdelinga sitt studiekvalitetsutval og andre relevante fora 3.2.6 Instituttleiar/programansvarleg/studieleiar Instituttleiar/programansvarleg/studieleiar har ansvar for planlegging, koordinering, evaluering og kvalitetsutvikling av studieprogram, inkludert praksisopplæring. Programansvarleg/studieleiar lagar ei kort skildring av kvalitetsarbeidet knytta til sitt studieprogram og gjer dette kjent for studentane ved studiestart. 3.2.7 Emneansvarleg Emneansvarleg har ansvar for planlegging, koordinering, evaluering og kvalitetsutvikling av emne. Emneansvarleg skal også bidra til programevalueringane emnet inngår i. 3.2.9 Faglærar Faglærar har ansvar for å gi forskingsbasert undervisning, rettleiing og oppfølging, og for å bidra til evaluering av studieprogram og emne. 3.3 Studentar, ansvar og roller Studentane sine rettar og plikter følgjer av Lov om universiteter og høgskoler av 1. april 2005 nr. 15: http://www.lovdata.no/all/tl-20050401-015-005.html Studentane har medansvar for utviklinga av studiekvaliteten på høgskulen. Det skal skje ved representasjon i styre og utval, og gjennom deltaking i studentevalueringar, trivselsundersøkingar m.m. som høgskulen legg til rette for. Studentane har også ansvar for å setje seg inn i gjeldande reglar. 3.3.1 Fagutvalsmedlem Fagutvalet skal vere eit forum for tilbakemelding og evaluering under vegs i studiet, og har samtidig som mål at studentar og faglærarar skal utvikle ei fagkritisk haldning. Sjå retningslinjer for fagutval: http://www.hivolda.no/nyn/for-studentar/studentsorvis/regelverk/retningslinjer-for-fagutval 3.4 Utval 3.4.1 Sentrale utval Ved HVO har vi følgjande sentrale utval som har oppgåver knytte til kvalitetssikring: HVO Side 5 10.07.2013

Strategisk studienemnd: http://www.hivolda.no/nyn/hivolda/om-hogskulen/utval-ved-hvo/strategisk-studienemnd Læringsmiljøutvalet: http://www.hivolda.no/nyn/hivolda/om-hogskulen/laringsmiljo/laringsmiljoutval Forskingsutvalet: http://www.hivolda.no/nyn/hivolda/om-hogskulen/utval-ved-hvo/forskingsutvalet Internasjonalt utval: http://www.hivolda.no/nyn/hivolda/om-hogskulen/utval-ved-hvo/internasjonalt-utval Arbeidsmiljøutvalet 3.4.2 Studiekvalitetsutval ved avdelingane Avdelingane skal ha eigne studiekvalitetsutval. Dette punktet faller vekk viss styret går inn for avdelingsråd. Kvalitetsarbeid og handsaminga av kvalitetsrapporten vil da gå inn i saksfeltet til avdelingsrådet 3.4.3 Fagutval for studieprogram Alle fleirårige studieprogram (bachelor-, lærar og masterprogram) skal ha fagutval, der studentar frå alle kull/årstrinn er med. Det er valfritt å organisere andre fagutval, uavhengig av studietype/studielengd. For nettstudentar skal det vere eigne evalueringsopplegg, og det må gå tydeleg fram av studieplanen.4 Hovudelement i kvalitetssystemet HVO har valt fire kvalitetsområde som skal utgjere strukturen for kvalitetssystemet: kvalitet på rekruttering, informasjon og studentmottak, rammekvalitet, programkvalitet og resultatkvalitet. Til kvart av dei fire kvalitetsområda er det utarbeidd mål, definert evalueringstiltak og ansvarsplassering. 4.1 Kvalitet på rekruttering, informasjon og studentmottak Mål Tiltak Ansvarleg Søkjarar skal ha god informasjon om studietilbodet ved HVO og om Volda som studiestad. HVO skal tilby rettleiing og studieplanlegging Spørjeundersøking om studiestart Årleg revisjon av rekrutteringsplanen Universelt utforma nettsider Søkjarrettleiingskorps Evaluering av studierettleiarfunksjonen i studieadministrasjonen og av rettleiingsarbeidet i avdelingane Informasjonsleiar/ studiedirektør Informasjonsleiar/ studiedirektør Studiedirektør HVO Side 6 10.07.2013

4.2 Rammekvalitet Rammekvalitet omfattar ressursar og strukturar som t.d. personal, lokale, utstyr og psykososiale forhold. Mål Tiltak Ansvarleg HVO skal tilby eit godt læringsmiljø med universell utforming HVO skal ha fagleg tilsette med høg kompetanse Studentar skal ha medverknad på avgjerdsprosessar ved HVO. Årleg rapport til styret frå læringsmiljøutvalet Meldingsteneste for studentar Årleg kontroll av det fysiske læringsmiljøet Forskingsprogram Kompetansehevingsprogram (lenke til HMS-system) Faste møte mellom rektor og direktør, studiedirektør, leiar og nestleiar for Studenttinget og direktøren for studentsamskipnaden Læringsmiljøutvalet Studiedirektør Driftsleiar Leiinga av Studenttinget Vere representerte i styre og råd Studentar HVO skal tilby eit godt administrativt støtteapparat Intern evaluering av studieadministrative tenester og it-tenester Kompetansehevingstiltak Rektoratet/direktør/ dekanar/personaldirektør Studiedirektør/ITleiar/Fronter-ansvarleg Direktør/personaldirektør HVO skal ha eit fagbibliotek med relevant litteratur og kunnskapsbasar som held høg kvalitet. Årleg gjennomgang av prioriteringar og rutinar i samband med innkjøp og tilrettelegging av informasjon UH-nettverk Bibliotekleiar Bibliotekleiar 4.3 Programkvalitet Programkvalitet omfattar kvaliteten på studieplanane og gjennomføringa av studia. Mål Tiltak Ansvarleg HVO Side 7 10.07.2013

HVO skal drive undervisning av høg fagleg og pedagogisk kvalitet. Ekstern evaluering: Strategisk studienemnd peikar årleg ut 2-3 studieprogram som skal ha ekstern evaluering og vel tema for evalueringa. Studieprogram kan også be om å bli eksternt evaluert Kandidatundersøking på utdanningane som er peika ut for ekstern evaluering (studentar som gjekk ut 1-3 år tilbake i tid) Dekan og studieprogramansvarleg ved dei utpeika utdanningane, i samarbeid med Strategisk studienemnd. Studiedirektør HVO skal tilby studieprogram som er relevante i høve til dei fagfelta HVO utdannar arbeidskraft til. HVO skal kvalitetssikre nye studieprogram og nye emne. Intern evaluering: Brukarundersøking av utvalde fleirårige utdanningar (bachelor-, lærar og masterprogram) Alle emne skal evaluerast fortløpande Obligatorisk fagutval på alle fleirårige utdanningar (bachelor-, lærar og masterprogram) m. fokus på utviklingsarbeid, basert på data frå evalueringar av t.d. program, emne, spørjeundersøkingar, sensorrapportar, kandidatundersøkingar m.m. Tett kontakt med praksisfeltet tilbakemelding/evaluering frå praksisstad og studentar i praksis Skildring av læringsutbytte i tråd med Kvalifikasjonsrammeverket i alle studie- og emneplanar Ekstern fagfellevurdering av nye studium/emne Ekstern sensur første gong emnet blir gjennomført Studieprogramansvarleg og studiedirektør Emneansvarleg Dekan, studieprogramog emneansvarleg, faglærar Studieprogram- og emneansvarleg Dekan, studieprogramog emneansvarleg Dekan, studieprogramog emneansvarleg Dekan, emneansvarleg HVO skal tilby studentar og fagtilsette utanlandsopphald ved anerkjende utanlandske Tett kontakt med utanlandske institusjonar Studieprogramansvarleg, internasjonal koordinator, studiedirektør HVO Side 8 10.07.2013

utdannings- og forskingsinstitusjonar. HVO skal tilby studentar rettleiing knytt til planlegginga og gjennomføringa av studiet deira. Studentevalueringar (som del av brukarundersøking og/eller kandidatundersøking) Tilbod om utdanningssamtalar for studentar på studieprogram på 60 stp eller meir Meldingsteneste for studentar http//:www.hivolda.no/risogros Studiedirektør, studieprogramansvarleg og internasjonal avd. koordinator Studieprogramansvarleg eller utdanningsrettleiar/basis -grupperettleiar Studiedirektør HVO Side 9 10.07.2013

4.4 Resultatkvalitet Resultatkvalitet omfattar gjennomstrøyming og karakterfordeling. Mål Evalueringstiltak Ansvarleg HVO skal ha løpande oversikt over gjennomstrøyming og karakterfordeling mellom kandidatane. Analyse av strykprosent, karakterfordeling og av karakterutviklinga over tid Utarbeide statistikk om samanhengar mellom inntakskvalitet og resultatkvalitet innanfor utvalde utdanningar Analyse av studieprogresjon og gjennomstrøyming Dekanar/ studiedirektør Studiedirektør/ Studieleiar/ Studieprogramansvarleg Studiedirektør På nettet ligg det malar og døme til bruk for dei ulike kvalitetsområda. 5 Evaluering, rapportering og utvikling God informasjonsflyt og tilbakeføringssløyfer er ein viktig del av kvalitetssystemet, då dette skal bidra til deling av kunnskap, læring og utvikling i organisasjonen. Rapportar og referat frå dei ulike evalueringstiltaka skal vere tilgjengelege for studentar og tilsette på eigna stad, t.d. nettsider eller Fronter. Dersom problemområde blir avdekte og melde vidare i systemet, skal det givast skriftleg tilbakemelding på kva som er gjort/vil bli gjort og kven som har ansvar for oppfølging. Under punkt 5.2. står nærare omtale av rapporterings- og tilbakemeldingsrutinane. 5.1 Omtale av sentrale evalueringstiltak 5.1.1 Studiekvalitetsutval i avdelinga/avdelingsråd Studiekvalitetsutvalet/avdelingsrådet skal vere samansett av representantar frå studentar, fagmiljø og administrasjon i avdelinga. Det skal vere eit formelt organ som drøftar og følgjer opp saker knytt til studiekvalitet på tvers i avdelinga. 5.1.2 Fagutval for studieprogram Fagutvala skal vere bindeleddet mellom studentane og fagansvarlege på studieprogram. Fagutvala skal gi høve til å diskutere emne- og studieplanar, gjennomføringa av studiet, og å kome med tilbakemeldingar på studieopplegget. Arbeidet med fagutval går fram av retningslinene for fagutval. Alle fleirårige studieprogram skal ha eit fagutval, og utover dette vel avdelinga sjølv struktur for fagutvalsarbeidet og om HVO Side 10 10.07.2013

ein vil ha andre/fleire fagutval i avdelinga. Fagutvala skal vere samansett av både studentar og fagtilsette, og det skal vere minst eitt møte pr. semester. Godkjende referat frå møte i fagutvalet skal sendast til dekan for fortløpande vurdering og eventuell vidare oppfølging. 5.1.3 Utdanningssamtalar / Utdanningsplanar Utdanningsplanen skal leggje til rette for at studentane kjem gjennom studiet på normert tid, og skal omhandle rettleiing, informasjon og studieplanlegging. Utdanningsplanane skal sikre eit tettare og meir forpliktande forhold mellom institusjonen og den einskilde studenten. Utdanningsplanen skal vere eit verktøy for begge partar i planlegginga og gjennomføringa av eit studieprogram. Studentar ved studium på 60 studiepoeng eller meir får ved studiestart oppnemnt ein utdanningsrettleiar. Tidleg i første semesteret skal utdanningsrettleiaren gi tilbod om ein utdanningssamtale, individuelt eller gruppevis. Seinare i studieløpet bør partane gjennomføre ein rettleiingssamtale kvart semester, individuelt eller i gruppe. Gjennomføring av utdanningssamtalar går fram av retningslinene for utdanningsplanar. Tidspunkt følgjer oppsett i kalender for studieåret for studentar. 5.1.4 Evaluering av studieprogram Studieprogramevalueringa skal gi studentar og studieprogramansvarlege høve til å gi tilbakemelding om opplegget for og gjennomføringa av kvart studieprogram. Denne evalueringa gjeld berre studieprogram på 60 studiepoeng eller meir. Strategisk studienemnd peikar ut dei studieprogramma som skal ha ei ekstern evaluering. Strategisk studienemnd peikar også ut tema for evalueringa. Når det ikkje er ekstern programevaluering, skal det gjennomførast ei enklare form for internevaluering. Denne byggjer på emneevalueringane som inngår i programmet, sensorrapportar og eventuelt supplerande evalueringselement som fagmiljøet initierer. All evaluering skal danne grunnlag for systematisk analyse, faglege drøftingar og eventuelle forbetringar av studiekvaliteten. Den studieprogramansvarlege oppsummerar alle tilbakemeldingane og drøftar resultata saman med dei emneansvarlege innanfor programmet. Dette, saman med eventuelle forbetringstiltak, dannar grunnlag for ein skriftleg rapport. Rapporten bør også innehalde kommentarar til emneevalueringane for dei emna som inngår i studieprogrammet (sjå nedanfor). Dekanen analyserer alle studieprogramrapportane og utarbeider ein studiekvalitetsrapport for heile avdelinga. Denne vert først lagt fram for studiekvalitetsutvalet i avdelinga/avdelingsrådet og blir sakshandsama der. Deretter går rapporten vidare til Strategisk studienemnd. Rapporteringa følgjer studieåret. Resultatet av evalueringane skal gjerast kjent for studentane. 5.1.5 Evaluering av emne Emneevalueringa skal gi studentar og emneansvarlege høve til å gi tilbakemelding om opplegget for og gjennomføringa av kvart emne. HVO Side 11 10.07.2013

Den emneansvarlege oppsummerar tilbakemeldingane og drøftar resultata i fagmiljøet. Dette, saman med eventuelle forbetringstiltak, vert formulert i ein kort rapport som går til den studieprogramansvarlege (sjå ovanfor). 5.1.6 Kvalitetssikring av nye studieprogram og emne Fagfellevurdering Fagfellevurdering av nye studie- og emneomtalar er innført for å sikre ei ekstern vurdering av nye studietilbod. Alle nye studie- og emneomtalar på 15 studiepoeng eller meir skal vurderast av to eksterne fagkollegaer frå to ulike institusjonar i forkant av godkjenninga av studiet/emnet. Fagkollegavurderingane skal leggjast ved avdelinga sin søknad og saksutgreiing om godkjenning av nye emne- og studieplanar. Prosedyre for utarbeiding, utforming og godkjenning av studie- og emneplanar går fram av retningslinjer for emne- og studieplanarbeid. Ekstern vurdering Alle nye emne skal i tillegg til dei vanlege evalueringstiltaka ha minst ein ekstern sensor ved første gongs eksamensavvikling. 5.1.7 Spørjeundersøking om studiestart HVO ønskjer å få tilbakemeldingar om kor godt ein lukkast med å nå fram med god og relevant studieinformasjon, kvaliteten på denne og mottakinga studentane får ved semesterstart. Kvar haust gjennomfører informasjonskontoret ei spørjeundersøking om semesterstart til alle (førsteårs-) studentar på grunnstudium. Spørsmåla i undersøkinga blir stilt slik at resultata skal vere samanliknbare, og undersøkinga gir dermed eit godt grunnlag for å vurdere utvikling i tenestene våre og til å setje i verk forbetringstiltak. 5.1.8 Intern evaluering av studiestart HVO har utarbeidd ein overordna plan for studiestart og studentmottak. Strategisk studienemnd evaluerer studiestarten kvar haust. 5.1.9 Meldingsteneste for studentar På heimesida for studentar er det ei meldingsteneste der studentar kan gi ris eller ros til HVO om saker som fell utafor dei vanlege evalueringstiltaka. Studiedirektøren er ansvarleg for å vedlikehalde og følgje opp innspel som blir meldt inn. 5.2 Rapportar frå studieprogram-/emneansvarlege og avdeling 5.2.1 Grunnlagsrapportar Fagutvalsreferat Det skal skrivast referat frå møte i fagutval som skal publiserast for studentar og fagtilsette på eigna stad (Fronter eller nettside). HVO Side 12 10.07.2013

Evaluering av studieprogam Studieprogramansvarleg skriv ein samlerapport for sitt studieprogram (jf. 5.1.4). Rapporten skal leggast fram i avdelinga sitt studiekvalitetsutval/avdelingsråd for vidare handsaming. Rapporteringa følgjer studieåret. Evaluering av emne Emneansvarlege skriv ein kort rapport for kvart emne og sender den til studieprogramansvarleg for programmet emnet høyrer til. Emnerapportane kan leggast fram i fagutvala på studieprogramnivå. Rapporteringa følgjer studieåret. Ekstern evaluering av studieprogram Strategisk studienemnd peikar kvart år ut studieprogram på minst 60 studiepoeng som skal ha ekstern evaluering. Studieprogramansvarleg og dekan har ansvar for å samanfatte ein rapport som skal hansamast i studiekvalitetsutvalet i avdelinga. Strategisk studienemnd skal ha rapporten til orientering. Sensorrapport Ved ekstern sensur skal den eksterne sensoren utarbeide ein sensorrapport som skal leggjast ved sensurlista. I forskrift om studium og eksamen er det beskrive kva rapporten skal innehalde. Etter innføring av kvalifikasjonsrammeverket bør det også givast ei vurdering av eksamensoppgåvene i høve til læringsutbyttet for emnet. 5.2.2 Avdelingsvise rapportar om studiekvalitet Kvar dekan utarbeider for kvart studieår ein rapport om studiekvalitet på grunnlag av studieprogramrapportane. Rapporten følgjer studieåret og skal etter handsaming i avdelinga sitt studiekvalitetsutval/avdelingsråd - sendast til Strategisk studienemnd innan 1. oktober. Dei avdelingsvise rapportane skal - gi ei vurdering av studiekvaliteten ved avdelinga, og eit oversyn over resultat og tiltak i kvalitetsarbeidet - gi ei vurdering av kvalitetsarbeidet som grunnlag for ressursstyring og prioriteringar (menneskelege ressursar, infrastruktur, rammevilkår) - identifisere eventuelle problem som avdelinga ikkje kan løyse åleine. - gi ei samla evaluering av undervisninga og utdanningstilbodet ved avdelinga. 5.2.3 Årsrapport om studiekvalitet Strategisk studienemnd utarbeider ein årsrapport om studiekvalitet på grunnlag av: Avdelingsvise rapportar om kvalitetsarbeidet Oppsummering av studiestartundersøkinga HVO Side 13 10.07.2013

Statistikk frå målområda rektrutterings-, informasjons- og studentmottaks-, ramme-, program- og resultatkvalitet Rapport frå Læringsmiljøutvalet (LMU) Årsrapporten skal gi ei samla og overordna evaluering av studiekvaliteten ved institusjonen, og gi eit oversyn over opplegg og tiltak i kvalitetsarbeidet. Årsrapporten skal innehalde eventuelle framlegg om forbetringstiltak og prioritering av ressursar til dei framlagde tiltaka og korleis desse skal følgjast opp. Årsrapporten følgjer studieåret. Den skal leggjast fram for høgskulestyret tidsnok til at resultata i rapporten kan innarbeidast i budsjettet og årsplanane for komande år. HVO Side 14 10.07.2013