Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Straumsnes oppvekstsenter Dato: 09.03.2017 Tidspunkt: 15:00 16:30 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave Medlem AP Tore Åsland Medlem AP Bjørn Nordskog Medlem SP Anne Birgit Sollid Medlem SP Tarjei Gjelstad Ordførar AP Elsa Ann Grave Hauglid Medlem H Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Tarjei Andreas Draugedal VORDF KRF Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Jonn Foldøy Tarjei Andreas Draugedal KRF Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Sveinung Seljås Plansjef Jonn Foldøy vart samrøystes vald til settevaraordførar. Formannskapet starta dagen med synfaring rundt i Vrådal, før møtet tok til på Straumsnes oppvekstsenter kl. 1500.
Saksliste Utvalssaksnr. PS 27/17 PS 28/17 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker RS 10/17 Søknad om økonomisk stønad - Leve Telemark RS 11/17 Svar på søknad om stønad til etablering av foretak og marknadsføring av håndverktenester RS 12/17 Delegerte vedtak PS 29/17 K - 14/286 - Tiurfaret 8 - Vinterstue som tredje bygg på tomta - dispensasjon PS 30/17 K - 1/1 m.fl. - Reguleringsplan detaljregulering F4-feltet i B10 i Vrådal skisenter - plan til offentleg ettersyn PS 31/17 K - 39/2 - Bygging av veg, snuplass, båthus og flytebrygge - dispensasjon PS 32/17 PS 33/17 K - 20/69 - Bukasin og Solli - Oppføring av erstatningsbygg for gamalt skogshusvære - dispensasjon Finansiering - reiseliv i Kviteseid kommune Lukka PS 27/17 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken. PS 28/17 Referatsaker Referatsakene 10 12 vart tekne til orientering.
PS 29/17 K - 14/286 - Tiurfaret 8 - Vinterstue som tredje bygg på tomta - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for oppføring av eit tredje frittståande bygg, vinterstue, på g/bnr 14/286, slik det er søkt om. Byggetiltaket er søknadspliktig etter pbl, kap. 20. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for oppføring av eit tredje frittståande bygg, vinterstue, på g/bnr 14/286, slik det er søkt om. Byggetiltaket er søknadspliktig etter pbl, kap. 20. PS 30/17 K - 1/1 m.fl. - Reguleringsplan detaljregulering F4-feltet i B10 i Vrådal skisenter - plan til offentleg ettersyn Ettersynsperioden blir sett til minimum seks veker slik lova krev, rekna frå den tida kommunen har mottatt oppretta planforslag i samsvar med dette vedtaket. Rådmannen får fullmakt til å fastsetje ettersynsperiode og høyringsfrist. Rådmannen la fram ny korrigert tilråding: «Formannskapet legg i medhald av pbl 12-10 forslag til reguleringsplan, detaljregulering F4- feltet i B10, Vrådal skisenter ut til offentleg ettersyn og sender det på høyring til aktuelle høyringsinstansar, naboar og andre med partsinteresse i planområdet. Planen blir lagt ut til offentleg ettersyn når plankart og planføresegner er omarbeidd slik det blir tilrådd i saksframstillinga: Plankartet: -Tomterekka tomtene 180-190 blir trekt ut. Planen blir avgrensa i samsvar med fyrste gongs varsling. - Areal lagt ut etter pbl 12-5 nr 3 som friområde blir endra til nr 5 friluftsområde. Planføresegnene: - Nytt punkt 2.4: Dersom det viser seg at arbeid kan virke inn på automatisk freda kulturminner, skal Telemark fylkeskommune kontaktes og arbeidet stanses i den utstrekning det kan berøre kulturminner. - Tillegg til punkt 3.2 fyrste ledd: Bebyggelse skal plasseres med hovedmøneretningen parallelt med terrenget (høydekotene). - Tillegg til punkt 3.3 tredje ledd: Søyler over 1,25 meter er ikke tillatt. - Punkt 3.3, siste ledd går ut. - Punkt 3.4, andre ledd går ut. - Tillegg til punkt 4.1, nytt siste ledd: Veglys er ikke tillatt
Ettersynsperioden blir sett til minimum seks veker slik lova krev, rekna frå den tida kommunen har mottatt oppretta planforslag i samsvar med dette vedtaket. Rådmannen får fullmakt til å fastsetje ettersynsperiode og høyringsfrist.» AP v Tore Åsland kom med fylgjande endringsframlegg: Stryke fyrste strekpunkt. Det skal innarbeidast vegstrekning i plankartet frå 190 til 180. Åsland sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Elles vart rådmannen si tilråding samrøystes vedteke. Formannskapet legg i medhald av pbl 12-10 forslag til reguleringsplan, detaljregulering F4- feltet i B10, Vrådal skisenter ut til offentleg ettersyn og sender det på høyring til aktuelle høyringsinstansar, naboar og andre med partsinteresse i planområdet. Planen blir lagt ut til offentleg ettersyn når plankart og planføresegner er omarbeidd slik det blir tilrådd i saksframstillinga: Plankartet: - Det skal innarbeidast vegstrekning i plankartet frå 190 til 180. - Areal lagt ut etter pbl 12-5 nr 3 som friområde blir endra til nr 5 friluftsområde. Planføresegnene: - Nytt punkt 2.4: Dersom det viser seg at arbeid kan virke inn på automatisk freda kulturminner, skal Telemark fylkeskommune kontaktes og arbeidet stanses i den utstrekning det kan berøre kulturminner. - Tillegg til punkt 3.2 fyrste ledd: Bebyggelse skal plasseres med hovedmøneretningen parallelt med terrenget (høydekotene). - Tillegg til punkt 3.3 tredje ledd: Søyler over 1,25 meter er ikke tillatt. - Punkt 3.3, siste ledd går ut. - Punkt 3.4, andre ledd går ut. - Tillegg til punkt 4.1, nytt siste ledd: Veglys er ikke tillatt Ettersynsperioden blir sett til minimum seks veker slik lova krev, rekna frå den tida kommunen har mottatt oppretta planforslag i samsvar med dette vedtaket. Rådmannen får fullmakt til å fastsetje ettersynsperiode og høyringsfrist. PS 31/17 K - 39/2 - Bygging av veg, snuplass, båthus og flytebrygge - dispensasjon Formannskapet gjev i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå byggeforboda i friluftsområdet og i 50-meters beltet langs Sundkilen for bygging av veg, parkeringsplass, båthus og flytebrygge på g/bnr 39/2, Midtsund nordre, på desse vilkåra: Båthus: - Maksimal grunnflate 24 m2. - Maksimal mønehøgde 2,50 m, gesimshøgde 1,70 m. - Saltak, med mørk/matt farge, eventuelt torvtak. - Mørke/jordfarga veggar. - Event. vindauge med maks. lysopning 0,5 m2. - Skal vere uisolert.
Flyterygga: - Avgrensa til eit overflateareal på maks (8 x 2) m2 - Etablering elles i samsvar med vedtekne retningsliner, så langt desse er relevante. Veg/parkering: - Som søkt om, men med parkeringsarealet avgrensa til inntil seks parkeringsplassar. Veg og parkeringsareal må heller ikkje kome i konflikt med regulert gangveg i området. Formannskapet gjev i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå byggeforboda i friluftsområdet og i 50-meters beltet langs Sundkilen for bygging av veg, parkeringsplass, båthus og flytebrygge på g/bnr 39/2, Midtsund nordre, på desse vilkåra: Båthus: - Maksimal grunnflate 24 m2. - Maksimal mønehøgde 2,50 m, gesimshøgde 1,70 m. - Saltak, med mørk/matt farge, eventuelt torvtak. - Mørke/jordfarga veggar. - Event. vindauge med maks. lysopning 0,5 m2. - Skal vere uisolert. Flyterygga: - Avgrensa til eit overflateareal på maks (8 x 2) m2 - Etablering elles i samsvar med vedtekne retningsliner, så langt desse er relevante. Veg/parkering: - Som søkt om, men med parkeringsarealet avgrensa til inntil seks parkeringsplassar. Veg og parkeringsareal må heller ikkje kome i konflikt med regulert gangveg i området. PS 32/17 K - 20/69 - Bukasin og Solli - Oppføring av erstatningsbygg for gamalt skogshusvære - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for eventuell oppattføring av eit bygg, ca. 70 m2, til kombinasjonsføremålet driftshusvære/fritidshusvære på eigedomen g/bnr 20/69 slik det er søkt om. Bygget blir, etter oppattbygging eller eventuell restaurering, matrikkelført med byggkode 161 (fritidsbustad), eller eventuelt 524 (utleigehytte) ut frå kva framtidig bruk søkar ønskjer. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon for eventuell oppattføring av eit bygg, ca. 70 m2, til kombinasjonsføremålet driftshusvære/fritidshusvære på eigedomen g/bnr 20/69 slik det er søkt om.
Bygget blir, etter oppattbygging eller eventuell restaurering, matrikkelført med byggkode 161 (fritidsbustad), eller eventuelt 524 (utleigehytte) ut frå kva framtidig bruk søkar ønskjer. PS 33/17 Finansiering - reiseliv i Kviteseid kommune Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Kommunestyret godkjenner forslag til finansiering av reiselivet for 2017 som skissert i saksframstillinga. Midlane vert å hente frå bunde fond konto 147026, ansvar 4303, teneste 3250. Status per februar 2017 før løyving kr 700 000,-. Status per februar 2017 etter løyving kr 390 000,-. Solveig N. Grave bad formannskapet vurdere habiliteten, då ho er styremedlem i Visit Vrådal. Formannskapet var samde om at ho er habil. Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Kommunestyret godkjenner forslag til finansiering av reiselivet for 2017 som skissert i saksframstillinga. Midlane vert å hente frå bunde fond konto 147026, ansvar 4303, teneste 3250. Status per februar 2017 før løyving kr 700 000,-. Status per februar 2017 etter løyving kr 390 000,-.