PROGRAM HAUSTEN 2017

Like dokumenter
Vi samarbeider for å gje deg dei beste tenestene! PROGRAM VÅREN Praksisfellesskap. To bibliotek ein struktur.

Program hausten Praksisfellesskap. To bibliotek ein struktur.

Informasjon og avtale om bruk av meiropne bibliotek i Lindås og Meland.

PROGRAM HAUSTEN 2016 Praksisfellesskap. To bibliotek ein struktur.

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Det skjer på biblioteket i sommar. Sommaropningstid. 13. juni 22. august. Fjell folkeboksamling. Fjell folkeboksamling

Program våren Vi samarbeider for å gje deg dei beste tenestene! Praksisfellesskap. To bibliotek ein struktur.

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Velkomen som konfirmant

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

Sandeid skule SFO Årsplan

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Velkomen som konfirmant!

Til deg som bur i fosterheim år

Skrivekurs for ungdom Tirsdag 19.01, og kl NB: Kurset er fulltegnet. Januar og februar

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Møteinnkalling SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Høyr ei bok! Biblioteket for alle som strever med å lese trykt tekst BARN & UNG

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

BARNEVERNET. Til beste for barnet

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Bjørnehiet SFO - informasjon

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for Rosa september 2014

UNG I RADØY SOMMARAKTIVITETAR 2015

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3 / nov 2016

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

facebook.com/bibliotekaivest instagram.com #bibvest #ungbibvest

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Månadsbrev for ROSA mars 2015

NESTL MEDL MEDL MEDL. Helse- og sosialsjef Sekretær

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

6. trinn. Veke 24 Navn:


Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

TIL DELTAKANDE KORPS:

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta elevar rein ungdomsskule 1

Norli Junior lesekonkurranse informasjon til lærarar

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

6-åringar på skuleveg

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Bruk av driftsmidlar Frifond

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Nytte og hygge (Ref #1075)

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

ÅRSPLAN GARNES SFO

Transkript:

PROGRAM HAUSTEN 2017 Praksisfellesskap. To bibliotek ein struktur.

MEIROPNE BIBLIOTEK No kan du få betre tilgang til biblioteka i Lindåshallen, i Knarvik og på Frekhaug. På biblioteket i Lindåshallen kan du bruke heile biblioteket så lenge hallen er open. Hugs å ta med lånekort. På biblioteka i Knarvik og på Frekhaug får du tilgang til begge biblioteka mellom kl. 7-22 kvardagar og kl. 7-20 laurdag og sundag. Du får tilgang til heile biblioteket på Frekhaug og delar av biblioteket i Knarvik. Det vert sjølvsagt ikkje eit fullverdig bibliotekstilbod utan personale, men du kan bruke PC, hente reserverte bøker, kikke i hyllene og låne, lese tidsskrift og aviser osb. Det er ingenting i vegen for å ta heile familien med på ein bibliotekstur om sundagen og la borna bruke biblioteket og låne, men det er du som vaksen som er ansvarleg for dei du slepp inn i biblioteket. Ta kontakt for meir informasjon og for å underteikne kontrakt. 2

UTSTILLING: GAMLE OG NYE ÅKLE FRÅ NORDHORDLAND Åkle er vevde teppe brukt til å leggje over sengene. Kjelder viser at åkle i alle høve har vore i bruk sidan middelalderen i Noreg. Nordhordland Husflidslag presenterer gamle og nye åkle frå Nordhordland på Strilabiblioteket. Under opninga fortel Husflidslaget om mønster, teknikkar og bruk. Utstillingsopning med presentasjon Biblioteket i Knarvik Biblioteket på Frekhaug Dato Søndag 13. august kl. 18-20 Søndag 20. august kl. 18-20 Utstillinga er tilgjengeleg i biblioteket 13.-18. august 20.-25. august 3

STRILESOGA FRÅ STEINALDER TIL OLJEALDER Bli med på ei spanande reise i lokalhistoria. Med utgangspunkt i verket «Strilesoga» presenterer biblioteka i Nordhordland i haust foredrag frå dei tre siste bøkene. Foredragsrekkja er støtta av Nasjonalbiblioteket. Foredrag Stad Dato Johan Ragnar Myking: Bergensarane skapar strilen (1650-1850) Karl Egil Johansen: Dar kjem dampen. Ei ny tid i emning (1850-1914) Egil Ertresvaag: Strilelandet ut av Bergen sin skugge? (1914-2000) Strilabiblioteket Biblioteket i Knarvik Masfjorden folkebibliotek Fensfjordvegen 494 Osterøy bibliotek Lonevåg senter Onsdag 23. august kl. 19.30 Tysdag 26. september kl 19.00 Tysdag 24. oktober kl. 19.00 4

VI MARKERER BIBLIOTEKDAGEN Fredag 1. september kl. 10.00-14.00 i Meland bibliotek, Frekhaug Vi markerer den nasjonale bibliotekdagen på biblioteket på Frekhaug med kaffi og vaflar. Har du framlegg til program våren 2018? Stikk innom og slå av ein prat. GEOLOGISKE KART FRÅ FARAOANE SI TID TIL I DAG Laurdag 9. september kl. 15.00 i Lindås bibliotek, Knarvik Thomas Reinertsen Berg held foredrag om geologiske kart, som spenner over fleire årtusen Historikar og Morgenbladetjournalist, Thomas Reinertsen Berg, har skrive boka Verdensteater: kartenes historie. I høve Geologidagen kjem han til biblioteket i Knarvik med eit foredrag om geologiske kart, som spenner over fleire tusen år. Kva fortel kart oss om geologiske, historiske, kulturelle og politiske endringar gjennom historia? Velkomen til eit spanande foredrag. 5

BIOSFÆREPROSJEKTET VED KARI NATLAND OG PETER EMIL KALAND Måndag 18. september kl. 19.00 Lindås bibliotek, Knarvik «Det er tre år sidan kommunane i Nordhordland saman med Universitetet i Bergen sette i gang arbeidet med å få gjort Nordhordland til biosfæreområde. No har Norge som nasjon bestemt seg for å støtte søknaden. Dette er eit viktig steg vidare for oss, seier Jon Askeland, ordførar i Radøy og leiar for styringsgruppa i biosfæreprosjektet. Gjennom biosfæreprogrammet vil Nordhordland bli del av eit verdsomspennande nettverk som kan bety særs mykje for ei positiv utvikling av regionen, seier han.» (www.masfjorden.kommune.no) På biblioteket i Knarvik vil tilhøyrarane få vite meir om kva biosfæreprosjektet er og kva det vil seie for regionen at vi vert med på UNESCO sitt biosfæreprogram. Arrangør: Nordhordland Rotaryklubb i samarbeid med Strilabiblioteket. 6

AVSLUTNINGSFEST FOR SOMMARLES Onsdag 20. september kl. 18.00 Meland bibliotek, Frekhaug Har du vore med på Sommarles i Lindås eller Meland? Då kan du melda deg på avslutningsfest 20. september! Det vert utdeling av deltakardiplom og underhaldning av Klovnen Knut! Sidan det er meir enn 400 barn som har delteke på sommarles må vi vita kor mange som kjem, og her er det først til mølla! PÅMELDINGSFRIST: 1. september 2017 Meld deg på, då vel! 7

VERKSTADSAKTIVITETAR LINDÅS BIBLIOTEK, Tysdag 26. september kl. 18.00-20.00 Elektronikkverkstad Innføring i enkel elektronikk for store og små. Skap di eiga oppfinning med små elektroniske funksjonar og sett det saman som eit LEGO-sett til noko heilt nytt. Med delar frå LittleBits kan du bygge og sjå korleis elektronikk fungerer. Du får innføring i forskjellige elektroniske grunnprinsipp og korleis sette dei saman. Etter det blir det heilt opp til deg sjølv kva du vil skapa. Frå 8 til 88 år. Eksperiment med elevar frå Knarvik vidaregåande skule Vi følgjer opp dei kjekke eksperimentstundene med Siri og Håvard frå i vår og inviterer til nye eksperiment, i haust med Erna og Thomas. Passar for alle barn frå 7-12 år. 8

Melding frå Thomas og Erna: Tysdag 3. oktober, kl. 16.30: Under første arrangement har vi tenkt å vise alt frå kule triks med bruk av kjemien sine lover til bygging av til dømes lavalampe. Det blir artige eksperiment som både vi, men også du, får lov å vise og prøve. Tysdag 10. oktober, kl. 16.30: Under det andre arrangementet vil vi mellom anna vise korleis du kan lage enkle ting ved hjelp av ingrediensar du har i huset ditt. Det vert mellom anna laga magisk snø og ein tornado ved hjelp av to flaskar. Tysdag 7. november, kl. 16.30: Under tredje arrangement vil vi mellom anna vise korleis vi får til triks som å balansere to fyrstikker oppå kvarandre ved hjelp av flammer og få ein cola boks til å balansere på ei av sidene. Tysdag 14. november, kl. 16.30: Under fjerde arrangement skal vi vise korleis ulike ting reagerer med kvarandre og mellom anna lage eit Mentos-cola skateboard! Dei fleste forsøka er lette eksperiment du og foreldra dine kan ta med heim å prøve seinare. På denne måten vert kjemien forklart og vist på ein enkel måte som gjer det spanande og gøy å lære kjemi! 9

OM Å SKRIVE OG OM Å LESE! Måndag 2. oktober kl. 18.30 Meland bibliotek, Frekhaug Odd W. Surén og Tormod Haugland er kameratar og etablerte forfattarkollegaer. Dei kjem begge med nye romanar i haust. Denne kvelden vil dei snakke om kvarandre sine bøker. Slikt vert det gode samtalar av! Ikkje gå glipp av dette forfattartreffet med to sentrale forfattarar som begge held til i Nordhordland. 10

DET ELEKTRONISKE BIBLIOTEKET ELLER BIBLIOTEKET 24/7 Biblioteket er noko meir enn berre dei fysiske samlingane av bøker, lydbøker og filmar. Biblioteket har også fleire elektroniske tenester som du har tilgang til frå godstolen din. På dette arrangementet får du greie på korleis du kan fornye og bestille bøkene dine sjølv, korleis du kan lese elektroniske aviser og bøker og korleis du kan strømme filmar ved hjelp av lånekortet ditt. Viss Lindås bibliotek, Knarvik Onsdag 4. oktober Kl. 11.00 Tysdag 17. oktober Kl. 19.00 Torsdag 26. oktober Kl. 14.00 du har med deg ditt eige nettbrett eller smarttelefon, så kan me vise deg korleis du får det inn på din «dings». Det vil også verte gjeve informasjon om korleis du kjem deg inn på biblioteket utan at personalet er til stades. Det same arrangementet går fleire gonger, slik at du kan finne ein dag det passar for deg. Skular og andre grupper kan få informasjon og omvising etter avtale. Ved bibliotekar Laila Rene. 11

KULTURHUS I SIKTE! Onsdag 18. oktober kl. 19.00 Lindås bibliotek, Knarvik Lindås kommune har fått utarbeidd eit forstudie til kulturhus. Denne kvelden vil Strilabiblioteket presentere innhaldet i forstudiet og inviterer til samtale rundt eit framtidig kulturhus. Vi ønskjer alle interesserte velkomne til informasjon og refleksjonar rundt ein viktig regional samlingsstad. Presentasjon av forstudiet ved Rune Håndlykken, rådgjevar kulturbygg. Innspel frå representantar frå det frivillige, profesjonelle og kommunale kulturlivet: Viggo Bjørge, Kjersti Wiik, Arild Nielsen og Marit Gro Berge. Samtale mellom Rune Håndlykken og leiar av Kulturrådet i Lindås, Einar Vatne. Samtaleleiar: Halfdan Wiik. 12

FOREDRAG - REFORMASJONEN Tysdag 31. oktober Knarren, Knarvik VGS kl. 19.00 Foredrag: Samfunns- og demokratiutvikling som følgje av Reformasjonen. Ved Asbjørn Kristoffersen. Arrangør: Nordhordland Rotaryklubb i samarbeid med Senioruniversitetet og Strilabiblioteket 13

BOKGILDE ROMANAR OG FORTELJINGAR Onsdag 1. november kl. 19.00 Meland bibliotek, Frekhaug I løpet av eit år kjem det ut mange bøker, og denne kvelden går bibliotekarane ved Meland bibliotek gjennom bokåret og kjem med lesetips og gåvetips innan ulike sjangrar. Biblioteket kjem også denne gongen til å ha med ein aktuell forfattar. Vår litterære overrasking vert annonsert seinare i haust, så følg med på biblioteket si heimeside og facebook-sida. 14

FAMILIEDAG PÅ MELAND Laurdag 4. november kl. 12.00 14.00 Meland bibliotek, Frekhaug Ta med heile familien til hyggeleg aktivitetsdag på biblioteket. Kom og bruk fantasien og lag figurar og modellar i plastilina. Marcel (12 år) vert til stades og viser fram noko av alt det flotte han har laga. 15

RIKETS STILLSTAND Måndag 6. november kl. 19.00 Lindås bibliotek, Knarvik Alt i eitt; Teater, standup og foredrag. Kom og sjå den kritikarroste framføringa til Tor Arne Johnsen. Han er kjend mellom anna frå Hallo i Uken, Nitimen og Norgesglasset. Eit humørfyld skråblikk på livet i det digitale Noreg. Karakteren «Dr. Gunnar Pensum» tek for seg historie, politikk, kvardagsliv, kjønnsroller og kvardagsliv knytta opp mot det vi i dag veit om korleis hjernen fungerer. «Latteren strømmet gjennom lokalet fra første replikk og karakteren 4. amanuensis dr. Gunnar Pensum blir tatt godt i mot av publikum.» (Frå omtale i Haugalandsnytt) 16

SKAL DET VERE NOKRE TUSENLAPPAR? Onsdag 8. november kl. 19.00 Lindås bibliotek, Knarvik Treng laget ditt pengar? Kan hende songkoret treng pengar til ein solist, revygruppa treng pengar til kulissar eller idrettslaget ønskjer å engasjere ein brannspelar til eit foredrag? Ofte vil ein meir enn det er pengar til. Men det er håp! Strilabiblioteket har invitert Per Ole Ekker frå Frivilligsentralen til å vise korleis du kan bruke Tilskuddsportalen for å få støtte til prosjekt. Dette arrangementet passar for styremedlemmar og alle som ønskjer utvikling i laget dei er med i. 17

BOKGILDE FAG OG FAKTABØKER Onsdag 29. november kl. 19.00 Lindås bibliotek, Knarvik Bibliotekarane ved Lindås bibliotek presenterer eit utval av fagbøkene som er utgjevne i 2017. På denne kvelden får du ei oversikt over kva som er kome ut av biografiar, kokebøker, hobbybøker, naturbøker og mange andre spanande bøker om samfunnet og verda rundt oss. Her vil det verte mange gode lese- og julegåvetips! Bjørk Matheasdatter kjem og snakkar om boka si «Å elske og bli elsket : hvordan ta vare på kjærligheten?». Boka handlar om kjærleiken og forfattaren kjem med gode råd til korleis ein kan halde vedlike kjærleiken og få det betre om det ikkje er så bra. Matheasdatter er parterapeut og er fast spaltist i Dagbladet Magasinet. «Jeg tviler på om det er noen i Norge som kan formidle kjærlighetslivets mange gleder og utfordringer med så stor inderlighet og varme, innsikt og klokskap som det Bjørk Matheasdatter gjør» (Psykologiprofessor Frode Thuen i forordet) 18

JUBILÈ - EILERT SUNDT 4.- 22. desember Lindås bibliotek, Knarvik I år er det 200 år sidan den kjende norske samfunnsforskaren og folkelivsgranskaren Eilert Sundt vart fødd. Lindås bibliotek markerer jubileet med ei utstilling utarbeidd av Nasjonalbiblioteket. Utstillinga vert vist frå 4.-22. desember. 19

QUIZ Dagar: 6. september, 4. oktober, 15. november Tid: kl. 19.00. Quiz er moro, og ein onsdag i månaden vert det uhøgtideleg quiz på Meland bibliotek. Her er det berre å slenga seg med, ta med deg ein gjeng frå jobben eller venekretsen, eller tropp opp aleine, så lagar vi lag der og då. Quizmaster: Silje Namtvedt 20

EVENTYRSTUNDER Alle førskuleborn er inviterte til eventyrstund denne hausten Lindås bibliotek, Knarvik kl. 10.30 Måndag 4. september Måndag 9. oktober Måndag 6. november (Film) Måndag 4. desember Lindås bibliotek, Lindåshallen kl. 10.30 Torsdag 14. september Torsdag 19. oktober Torsdag 9. november (Film) Meland bibliotek, Frekhaug kl 10.30 Torsdag 7. september Torsdag 5. oktober Torsdag 2. november (Film) Torsdag 7. desember 21

LAURDAGSKONSERTAR Få deg ein hyggeleg start på laurdagen. Velkomen til små konsertar med elevar frå Kulturskulen og boktips frå biblioteket. Biblioteket i Knarvik kl. 11-11.30 Laurdag 23.9 Laurdag 4.11 Biblioteket i Lindåshallen NB: Onsdag 6.12 kl. 17.00 22

BOK- OG STRIKKEKAFÉ Meland bibliotek, Frekhaug annakvar tysdag Tid: 12.00-14.00 Annankvar tysdag i partalsveker er det strikkekafe på Meland bibliotek. Ta med deg eit handarbeid, og møt opp på biblioteket. Vi serverer kaffi, te og boktips! Første gong i haust er: 5. september kl. 12.00 14.00 Siste gong i haust er: 12. desember kl. 12.00 14.00 23

SPRÅKKAFÉ Første gong, Knarvik: 11. september kl. 14.00. Same tid og stad kvar veke til og med 4. desember Vil du vera med på språkkafé? Samtalen om ulike emne går rundt små bord slik at alle kjem til orde. Her er norske vertar som hjelper til med samtalen, og det vert servert kaffi, te og noko å bita i. Tilbodet er gratis og det er ikkje påmelding. Her er det berre å stikka innom for ein hyggeleg prat, så finn du ut om det er noko for deg. Velkommen! Meland frivilligsentral og Raude kross i Meland arrangerer óg språkkafé på biblioteket på Frekhaug. For dag og tid: Sjekk arrangementskalenderen til biblioteket, eller ta kontakt med Meland frivilligsentral, telefon: 56 17 10 66. 24

KAN VI LÅNE DEG UT? Biblioteket i Knarvik Tid: Etter avtale Bli med på å gjere det litt lettare for ein tilflyttar som er ny i landet å bli kjend med heimplassen. Tilbodet «Lån ein innbyggar» går ut på å møte eit medmenneske 1 time på biblioteket 2 gonger. Biblioteket gjer avtale for det første møtet, det andre møtet avtaler de sjølve. Etter to gonger kan du velje om du vil halde fram med å stå på kontaktlista for bibliotektreff med nye personar. Stikk innom biblioteket og meld deg på, send e-post; post. bibliotek@lindas.kommune.no eller ring 56 37 54 31. 25

26

BOKPAKKE NESTEN HEIM Ønskjer du eit bibliotek nærare deg? Hugs at om du bur i Lindås kan du bruke bokbussen til å ta med seg bøker til stoppet ved din lokale skule eller barnehage. Sjekk ruta og avtal med biblioteket minst 3 dagar i forkant. RUTE 1: PARTALSVEKER ONSDAG 08.30-11.30 Alversund barneskule 12.05-12.25 Busstoppet ved Smilehullet barnehage RUTE 2: ODDETALVEKER ONSDAG 08.30-08.50 Seim barnehage, Strilatun 08.55-09.15 Seim barnehage, hovudbygget 09.30-11.30 Seim skule TORSDAG 08.30-08.50 Alversund Montessoribarnehage 08.50-10.20 Nordhordland kristne grunnskule TORSDAG 10.30-10.50 Trollskogen barnehage 08.50-09.50 Kløvheim skule 12.00-12.30 Knarvik barnehage 10.05-11.05 Myking skule 12.35-12.50 Juvikstølen barnehage 11.45-12.10 Natås barnehage 13.00-13.20 Haugen barnehage 12.30-12.50 Hundvin naturbarnehage 13.00-14.15 Skodvin Montessoriskule FREDAG FREDAG 08.40-10.00 Eikanger skule 10.15-12.00 Ostereidet barneskule 12.05-12.25 Ostereidet barnehage 08.30-11.00 Leiknes skule 27

MERK DEG DATOANE! AUGUST Søndag 13.8. Søndag 20.8. Onsdag 23. 8. Utstillingsopning åkle frå Nordhordland Sjå s. 3 Utstillingsopning åkle frå Nordhordland Sjå s. 3 Foredrag: Bergensarane skapar Strilen Sjå s. 4 SEPTEMBER Fredag 1.9. Måndag 4.9. Tysdag 5. 9. Onsdag 6.9. Torsdag 7.9. Laurdag 9.9. Måndag 11.9. Torsdag 14. 9. LINDÅSHALLEN Måndag 18.9. Måndag 18.9. Tysdag 19. 9. Onsdag 20.9. Nasjonal bibliotekdag: Stikk innom biblioteket for kaffi og vaflar. Sjå s. 5 Eventyrstund Sjå s. 21 Bok- og strikkekafé Sjå s. 23 Quiz Sjå s. 20 Eventyrstund Sjå s. 21 Foredrag: Geologiske kart frå faraoane si tid til i dag Sjå s. 5 Språkkafé Sjå s. 24 Eventyrstund Sjå s. 21 Språkkafé Sjå s. 24 Informasjon om biosfæreprosjektet Sjå s. 6 Bok- og strikkekafé Sjå s. 23 Klovnen Knut på Sommarlesavslutning. Påmelding innan 1.9. Sjå s. 7 28

Laurdag 23. 9. Måndag 25.9. Tysdag 26.9. Tysdag 26.9. obs; MASFJORDEN Laurdagskonsert Sjå s. 22 Språkkafé Sjå s. 24 Elektronikkverkstad Sjå s. 8 Foredrag; Dar kjem dampen Sjå s. 4 OKTOBER Måndag 2.10. Måndag 2.10. Tysdag 3.10. Tysdag 3.10. Onsdag 4.10. Onsdag 4.10. Torsdag 5.10. Måndag 9.10. Måndag 9.10. Tysdag 10.10. Måndag 16.10. Tysdag 17.10. Tysdag 17.10. Onsdag 18.10. Språkkafé Sjå s. 24 Forfattarsamtale Sjå s. 10 Bok- og strikkekafé Sjå s. 23 Etter skuletid: Kule eksperiment Sjå s. 9 Opplæring e-biblioteket Sjå s. 11 Quiz Sjå s. 20 Eventyrstund Sjå s. 21 Språkkafé Sjå s. 24 Eventyrstund Sjå s. 21 Etter skuletid: Kule eksperiment Sjå s. 9 Språkkafé Sjå s. 24 Opplæring e-biblioteket Sjå s. 11 Bok- og strikkekafé Sjå s. 23 Kulturhus i sikte! Sjå s. 12 29

Torsdag 19.10. LINDÅSHALLEN Måndag 23.10. Tysdag 24.10, obs! OSTERØY Torsdag 26.10. Måndag 30.10. Tysdag 31.10. Tysdag 31.10. obs! Knarvik vgs Eventyrstund Sjå s. 21 Språkkafé Sjå s. 24 Strilelandet ut av Bergen sin skugge? Sjå s. 4 Opplæring e-biblioteket Sjå s. 11 Språkkafé Sjå s. 24 Bok- og strikkekafé Sjå s. 23 Samfunns- og demokratiutvikling som følgje av reformasjonen Sjå s. 13 NOVEMBER Ondag 1. 11. Torsdag 2. 11. Laurdag 4.11. Laurdag 4.11. Måndag 6.11. Måndag 6.11. Måndag 6.11. Tysdag 7.11. Onsdag 8. 11. Torsdag 9. 11. LINDÅSHALLEN Bokgilde; Nye romanar og forteljingar Sjå s. 14 Eventyrstund Sjå s. 21 Familiedag: lag plastilina Sjå s. 15 Laurdagskonsert Sjå s. 22 Eventyrstund Sjå s. 21 Språkkafé Sjå s. 24 FORESTILLING: Rikets stillstand Sjå s. 16 Etter skuletid: Kule eksperiment Sjå s. 9 Skal det vere nokre tusenlappar? Sjå s. 17 Eventyrstund Sjå s. 21 30

Måndag 13.11. Tysdag 14. 11. Tysdag 14.11. Onsdag 15.11. Måndag 20.11. Tysdag 28.11. Måndag 27.11. Onsdag 29.11. Språkkafé Sjå s. 24 Etter skuletid: Kule eksperiment Sjå s. 9 Bok- og strikkekafé Sjå s. 23 Quiz Sjå s. 20 Språkkafé Sjå s. 24 Bok- og strikkekafé Sjå s. 23 Språkkafé Sjå s. 24 Bokgilde; Nye fag og faktabøker Sjå s. 18 DESEMBER Måndag 4. 12. Måndag 4. 12. Måndag 4.12. Onsdag 6.12. LINDÅSHALLEN Torsdag 7.12. Tysdag 12.12. Eventyrstund Sjå s.21 Utstilling: Eilert Sundt Sjå s. 19 Språkkafé Sjå s. 24 Onsdagskonsert Sjå s. 22 Eventyrstund Sjå s.21 Bok- og strikkekafé Sjå s. 23 31

Kunnskap & oppdaging Kultur & oppleving Biblioteket Knarvik senter Opningstider med personale til stades Lindås bibliotek - tlf. 56 37 54 31 Meirope bibliotek (opningstider utan personale til stades. Sjå informasjon s. 2) Måndag: 11-15 (7-11 / 15-22) Tysdag: 11-19 (7-11 / 19-22) Onsdag: 11-19 (7-11 / 19-22) Torsdag: 14-19 (7-14 / 19-22) Fredag: (7-22) Lindås filial, Lindåshallen Biblioteket er ope når hallen er open. Hugs lånekortet. Personalet er tilstades: Laurdag: 11-15 (7-11 / 15-20) Måndag 14-19 Sundag: (7-20) Onsdag 13-16 Biblioteket Frekhaug senter Opningstider med personale til stades Meland bibliotek tlf. 56 17 10 80 Meirope bibliotek (opningstider utan personale til stades. Sjå informasjon s. 2) Måndag: 14-19 (7-14 / 19-22) Tysdag: 10-16 (7-10 / 16-22) Onsdag: (7-22) Torsdag: 14-19 (7-14 / 19-22) Fredag: 10-14 (7-10 / 14-22) Rossland filial (stengd i skuleferiar) Laurdag: 11-15 (7-11 / 15-20) Måndag 9.30-11.30 Sundag: (7-20) Torsdag 15-19 www.mittnordhordland.no https://www.facebook.com/nordhordlandsbiblioteka Sjå også bloggen: http://nordhordlandlitteratur.blogspot.no/