1905 - Høyanger kommune



Like dokumenter
Hyllestad kommune

Leikanger kommune

Askvoll kommune

Aurland kommune

Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

Gaular kommune

Luster kommune - gamle Hafslo kommune

Sogndal kommune

Solund kommune

Flora kommune

Førde kommune

Luster kommune - gamle Jostedal kommune

Naustdal kommune

«Ny Giv» med gjetarhund

Hornindal kommune

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Jølster kommune

Gulen kommune

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Lærdal kommune

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Brødsbrytelsen - Nattverden

Bremanger kommune

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Til deg som bur i fosterheim år

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS


Møteprotokoll for møte i

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Jon Fosse. For seint. Libretto

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Stryn kommune

Setring ved Håbakkselet Hareid

Gloppen kommune

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Søking til skuleåret

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

/

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Rådgjevarkonferanse 2010

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Transkript:

Side 1 av 5 Lavik kring 1905. Lasse Trædal (1857-1924), bonde og lærar, stortingsmann for Venstre i fleire periodar i tida 1900 til 1918 og ordførar i Lavik i tida 1905 til 1913. Lasse Trædal var ein av stridsmennene for norsk målreising og aktivt med i skyttarrørsla. Stortinget 7. juni 1905. Kommunestyret i Lavik sende 20. juni helsing til Stortinget på fyrste møtet sitt "i eit heilt sjølvstendig Norig". 1905 - Høyanger kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Høyanger kommune. Høyanger kommune i 1905 Høyanger kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Kyrkjebø og Lavik. Kvart sokn var den gongen eigen kommune. Den tidlegare Brekke og Lavik kommune vart frå 1. januar 1905 delt i Brekke kommune og Lavik kommune. I 1964 vart Lavik og Kyrkjebø samanslegne til den nye Høyanger kommune. I 1900 hadde Kyrkjebø kommune 1699 innbyggjarar og Lavik og Brekke kommune 2166. Jordbruk og fiske var dei viktigaste næringsvegane i begge kommunane. Den 18. mai 1905 skipa fylket til husdyrutstilling i Lavik. Kyrkjebø hadde tre særs gode lakseverp. Galdeverpet i Ortnevik var eitt av dei. Kyrkjebø kommune hadde postopneri i Bjordal, Vadheim, Måren og Kyrkjebø; Lavik kommune i Tredal, Lavik og Torvund. I Lavik var det to bankar, Lavik Sparebank oppretta 1882, og A/S Lavik Privatbank, oppretta 1900. Kopi av helsinga frå kommunestyret i Lavik til Stortinget i juni 1905. Sjøvegen batt bygdene saman. Fylkesbaatane hadde i Lavik kommune stoppestad i Trædal på sørsida, og Lavik og Torvund på nordsida, - og i Kyrkjebø kommune i Åkre, Bjordal og Ortnevik på sørsida, og Vadheim, Kyrkjebø, Norevik og Måren på nordsida. " i spændt Forventning" I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser). Gjennom heile året 1905 venta folk her - som elles i landet -

Side 2 av 5 spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige; om utviklinga i konsulatsaka utover våren, - om unionsoppløysinga 7. juni, - om folkerøystinga 13. august, - forhandlingane i Karlstad, - spørsmålet om kongedømme eller republikk og - det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ein mann i Fresvik skreiv i eit brev til Amerika at folk meir enn ein gong stod "i spændt Forvænting nede ved Dampskibssanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden." Ein dag i juni fekk lærar Andreas Vamraak på Kyrkjebø brev frå Edvard Liljedahl i Vik. Liljedahl fortalde om 7. juni. Han hadde heist flagget straks han hadde fått vita om unionsoppløysinga. Han gledde seg og vona det ikkje ville verta krig. Postkort frå 1905 med flagget, namna på 7. juniregjeringa, Per Sivle sitt dikt "Vi vil oss et land.." og Bjørnson sitt sigersdikt der dei siste linene i verset spelar på orda hjå Sivle. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange. På Kyrkjebø skipa dei mållag den 22. januar 1905. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging, og i 1905 var det gjennomslag i Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet, - å byggja sjukehus i fylket og å kjempa mot smittsame sjukdomar, fyrst og fremst tuberkulosen. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. På ettervinteren klaga til dømes folk over kaldt og ufyse ver, og mange var plaga av influensa. I mars kom det bort ein mann i Fuglsetfjorden som dei ikkje fann att. Om hausten gav regjeringa løyve til å byggja kapell i Bjordal. Mykje større oppslag fekk Loenulukka natt til 16. januar då flodbylgja etter eit fælsleg ras øydela fleire gardar og kosta 61 menneske livet. Ved ofring i kyrkjene på Kyrkjebø og i Lavik kom det inn kr. 245,79 til dei skadelidne. I Ortnevik står ein minnestein om unionsoppløysinga i 1905, den einaste i sitt slag i heile fylket. Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904. Bonde Gunnar Mjølsvik vart vald til ordførar i Kyrkjebø kommune; og bonde Lasse Trædal i Lavik. P.H.B. Borch var sokneprest i Lavik prestegjeld. Lærar og kyrkjesongar Andreas Vamraak i Kyrkjebø var eldsjel og stor arbeidskraft i ungdomslagsrørsla og målrørsla. Han var og mykje med i kommunalt styre og stell, mellom anna ordførar i Kyrkjebø i perioden 1899-1904, og han var den fyrste ordføraren som førde møteboka på nynorsk. Lag og organisasjonar Fleire idealistiske lag var aktive rundt om i bygdene. Lavik Ungdomslag vart skipa 15. september 1905. Det var ungdomslag på Vadheim (skipa 1886), Kyrkjebø (1889), Austerheim (1902), Berge (1895), Høyanger (1893), og Ortnevik (1904). Dei skipa mållag på Kyrkjebø vinteren 1905. Elles var det fleire skyttarlag, fråhaldslag, og misjonslag.

Side 3 av 5 17. mai 1905 Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. I Lavik kommune vart dagen feira i mange grender. "Dagen var ovfager" skreiv ein innsendar til Sogns Tidende. I Lavik samlast folk frå dei to skulekrinsane Lavik og Rå på dampskipsbryggja og gjekk i tog utover til kyrkja og prestegarden og attende. Frå altanen på huset til Ivar Kvammen heldt klokkar Andreas Kvåle tale for dagen, og då "dampen" kom, møtte heile flokken fram og vart helsa med salutt frå skipet. Om kvelden var folk samla til fest med allsidig program hjå Ivar Kvammen. Mellom anna synte medlemmer av ungdomslaget fram spelestykket "Folk" av Sigurd Nesse. I Vadheim gjekk toget frå "Holdeplassen" innover forbi Vadheimsgardane og Hovland og attende til skulehuset. Distriktslækjar R. Bergh heldt tale for dagen. Han skildra "stemningsfullt og vakkert" Norges framgang frå 1814 og understreka sterkt dei norske krava for rett [truleg til eige konsulatstell] og sjølvstende. Lærar M. Hovland tala for fedrelandet, og medlemmer av ungdomslaget framførte spelstykket "Til sæters." 7. juni 1905 7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste mange flagget og nokre stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Kommunestyret i Lavik sende på fyrste møtet sitt etter 7. juni helsing til Stortinget. I telegrammet stod: "Lavik heradstyre samlad fyrste gong til møte i eit heilt sjølvstendig Norig sender med største høgvyrdnad stortinget sin takk for godt arbeid. Vanskarne vil nok melda seg, allvist no i fyrstningi, men eit folk, som vil sin fridom skal nok i stødug samhelde rygg mot rygg vinna over dei. Gud signe vaart frigjorde, kjære fedreland. 20/6-05. For heradsstyret Lasse Trædal. Ordf." Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: 1). Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. 2). Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle velja prins Carl av Danmark til konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Lavik valsokn tilsvara kommunane Kyrkjebø, Lavik og Brekke. Desse skreiv under valstyret sin valprotokoll ved folkerøystinga 13. august: Lasse Trædal, Johannes B. Mølmesdal, Gunnar Mjelsvik, I.P. Haugland, Sjur Dale, L. Aven, Ramsli, Johs. Vergeland,

Side 4 av 5 Ivar O. Asheim, J. Breivik, Bjørnethun (konstituert lensmann), Berge Instefjord, Johan Kirkebø og Ole Føsund. Desse skreiv under valstyret sin valprotokoll ved folkerøystinga 12. og 13. november: Lasse Trædal, Bjørnethun (konst. Lensmann), Johs. Vergeland, J. Breivik, L. Austreim, A.O. Haaland. Ivar Asheim, J.B. Mølmesdal, Sjur P. Dale, Ramsli, I.S. Haugland, Isak Tynning, Johan Kirkebø og L. Aven. I begge røystingane var det tre røystestader: I Lavik kyrkje, i Kyrkjebø kyrkje og i Brekke kyrkje. Oppteljinga i august føregjekk i Lavik om kvelden klokka kl. 20.30. I november vart oppteljinga forseinka grunna uver. Det særskilde røystestyret for Kyrkjebø kom seg ikkje til Lavik den 13. I staden reiste valstyret og det særskilde røystestyret for Brekke med dampskip til Kyrkjebø den 15. Oppteljinga føregjekk i "Johan Kirkebøs hus". Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet for Lavik valsokn: 833 hadde røysterett. Det vart avgjeve 745 godkjende røyster (89,4 %) Alle røysta ja. Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei.) Folkerøystinga 13. august på Kyrkjebø "I Kyrkjebø møtte omtrent kvar mann paa avrøystingsdagen", skreiv Sogns Tidende. Jamvel gamle menn som ikkje hadde vore på valting dei siste 20 åra møtte no fram. Folk gjekk i festfylgje med flagg i spissen til kyrkja, som var pynta med grønt og to flagg over kordøra. Dei song fedrelandssalma og det var korsang. Kyrkjesongar Vamråk heldt ein kort tale og las opp ei bøn for fedrelandet. Etter røystinga samla folk seg ute på vegen, der formannen i valstyret, lensmann Ramsli ba folket vera med i eit hurra for fedrelandet. "Leve fedrelandet!" Alle tok hattane av og ropa kraftig 3 x 3 hurra." Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Kvinneunderskrifter frå Lavik innsende til amtmannen! Innsamlinga av underskrifter vart ordna på ulike måtar kringom i landet, men vi veit lite om korleis det vart gjort i Sogn og Fjordane. Det vi veit er at det i Lavik vart samla inn 59 underskrifter og at desse vart overlevert til valstyret. Valstyret tok i mot og vedtok å senda dei til amtmannen saman med utskrifta av valprotokollen. Vi kjenner ikkje til at tilsvarande vart gjort nokon annan stad i fylket eller landet. Folkerøystinga i november - kongedømme eller republikk

Side 5 av 5 Resultatet av folkerøystinga i november for Lavik valsokn: 809 hadde røysterett. Det vart avgjeve 487 godkjende røyster (60,2 %). 290 (59,5%) røysta ja (for kongedømme), 197 (40,5%) røysta nei (for republikk). Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk. Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november. Tusenvis av feststemde menneske var møtte fram. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet, kan henda frå Høyanger også, men det veit vi ikkje noko om. Nasjonal takkegudsteneste På halvårsdagen for unionsoppløysinga, torsdag 7. desember, vart det halde takkegudstenester i heile landet. Vi veit det vart halde slik gudsteneste i Lavik kyrkje. Kyrkjedepartementet hadde i rundskriv fastsett at dagens tekst skulle vera Salmane 118, vers 23-26, og rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme "Gud signe vårt dyre fedreland". Salmane 118, 23-24: Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo. Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no! Artikkelnummer: KAL/SFF-424.1416 Forfattar og datering: Hermund Kleppa, 2004. Prenta kjelder: Sogns Tidende. 23.05, 30.05, 18.08, o.fl. Sogningen. 01.03, 24.05, 18.08. Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Avskrifter av møteboka for valstyret i Lavik valsokn. Stortingsarkivet: Kopi av helsingstelegram frå kommunestyret i Lavik. Litteratur: 100 år for nynorsk språk. Ytre Sogn. 18.01.2005. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no