Med Jesus for Palestina: palestinske kristne

Like dokumenter
Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

DEN ORTODOKSE KYRKJA. Kap. 2

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

POLITIRÅD FOR KOMMUNANE VOSS, VAKSDAL, ULVIK OG GRANVIN FØREBYGGING AV RADIKALISERING

Refleksjon og skriving

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Oppgåve 1 EMNEKODE OG NAVN* Samfunnsfag 2, SA-230

DEI HISTORISKE BØKER Av Kristian og Peter Alf

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

Den katolske kyrkja. Katolsk tyder «for alle menneske» Kva kjenneteiknar det største kyrkjesamfunnet i verda?

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

For auka elevengasjement i KRLE 8 10

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Årsplan KRLE 9. trinn

Vigsling av evangelist

Bjellandsvegen 51. Tlf Me er også å finna på Facebook.

For auka elevengasjement i KRLE 8 10

Å løyse kvadratiske likningar

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Lærar: Eva Madeleine Buer

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Ulsteinvik Bibelen

Samordna opptak 2016: Talet på studentar som vel framandspråk aukar. Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 5/2016

Last ned Eg slepper deg utan at du velsignar meg - Eskil Skjeldal. Last ned

Last ned Eg slepper deg utan at du velsignar meg - Eskil Skjeldal. Last ned

Olav Fykse Tveit, generalsekretær Kirkenes Verdensråd

/

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Til deg som bur i fosterheim år

Bibelmeditasjonar om bøn

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Den norske kyrkja ønskjer å vera ei bekjennande, misjonerande, Kyrkja deler sin historie med folket sin historie og vert på den

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Skuleåret 2017/2018.

Kva vil det seie å vere buddhist?

Vigsling til andre tenester

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Referansar: MKR 31/08, MKR/AU 18/08, KR 36/08, MKR 50/08, KR 48/08

Program for Stord kyrkjeakademi hausten På kyrkjeveg frå Vistvik til Fitjar. Sundag 3. september kl frå Vistvik

Last ned Tidebøn. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tidebøn Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Årsplan Kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) 9. klasse

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Helgatun / Danielsen

Info til barn og unge

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Konklusjon for 4 grupper

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Veke Kompetansemål i læreplan Kva gjer me? Vurdering Grunnleggande ferdigheiter. Samtale og diskusjon. Forelesing. Oppgåver

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

2014/

Menneskerettar og diskriminering. Del 1: Menneskerettar

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Brukarrettleiing E-post lesar

Årsplan KRLE 10. Fag: KRLE Klasse: 10 År: 2016/2017 Faglærar: Magnus Stokke. Period e

Veke Kompetansemål i læreplan Kva gjer me? Vurdering Grunnleggande ferdigheiter. Samtale og diskusjon. Forelesing. Oppgåver

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Da psbrosjyre ver nov :03:33

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Haust ferie i veke 40

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kommunikasjonsplattform. for Den norske kyrkja. DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Rusarbeid i ein kulturell kontekst

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Å R S P L A N I KRLE FOR 8. TRINN 2015/2017

Transkript:

Dei kristne palestinarane i Israel/Palestina er eit samfunn i krise. Dei siste tjue åra har det vekse fram ein kristen palestinsk kontekstuell teologi for å ta tilbake den kristne bodskapen, legitimera den palestinske kampen og utfordre religiøs fundamentalisme. Med Jesus for Palestina: palestinske kristne Gina Lende er redaksjonsmedlem i Babylon og arbeider som prosjektkoordinator ved Institutt for Fredsforsking (prio).

teologien er og kva som er grunnane til at den veks fram no. tekst: Gina Lende i ei globalisert verd kor identitetsspørsmålet står i høgsetet møter dei kristne arabarane i Israel/Palestina mange problemstillingar. Er dei arabarar, palestinarar, israelarar, eller kristne? Kor høyrer dei til? Til ein stadig meir islamisert palestinsk identitet? Til Israel, der dei vert diskriminerte? Eller til det kristne Vesten som delvis aktivt støttar israelsk politikk? Sjølv om dei kristne er ein liten og stadig minkande minoritet, er det mange svar på desse spørsmåla. Det er likevel eit særtrekk som karakteriserer dei kristne i Palestina/lsrael i dag: ei stadfesting av den palestinske og den kristne identiteten. Dette kjem tydeleg til uttrykk gjennom utviklinga av ein såkalla palestinsk kontekstuell teologi, eller frigjeringsteologi, eit økumenisk prosjekt som har tatt form dei siste tjue åra. I denne artikkelen vil eg sjå på kva denne Palestinske kristne i dag Den kristne minoriteten er ikkje større enn to-tre prosent av innbyggjarane i Israel/Palestina sett under eitt. Dette er i underkant av 200.000, kor av omlag 120.000 bur i Israel, resten i Dei palestinske områda. Ved overgangen til det tjuande hundreåret utgjorde dei kristne i underkant av ti prosent av innbyggjarane; dette er med andre ord eit samfunn i krise. Kvart år emigrerer nye familiar, noko som har ført til at det i dag til dømes er fleire kristne frå Betlehem i Buenos Aires enn det er kristne i Betlehem. Årsakene til at så mange kristne emigrerer er mange, men først og fremst er det dei dårlege økonomiske utsiktene og dei ustabile politiske forholda. 1 I og med at kristne generelt sett er betre stilt økonomisk enn sine muslimske landsmenn mogleggjer dette emigrasjon i større omfang. Det er ei reell frykt for at om ikkje noko drastisk skjer, så vil det kristne samfunnet verta redusert til eit Disneyland of holy relics om eit par tiår; det vil seie at alt som vil vere igjen er kyrkjebygga og dei kristne heilage stadene, men utan dei lokale kyrkjelydane. Kristne palestinarar bur både i Israel og i Dei palestinske områda. 2 Det er ikkje uproblematisk å kalle arabiske kristne i Israel for palestinske kristne, vanlegvis vert termen israelske arabarar nytta. Men fleire og fleire kristne i Israel legg vekt på at dei fyrst og fremst er palestinske, og at dei er israelske kun av statsborgarskap sjølv om det óg er mange kristne som føler seg meir fortruleg med staten Israel enn det palestinske leiarskapet. Dei kristne er generelt i ein meir privilegert situasjon enn 91

palestinske muslimar. Dei har høgare utdanningsnivå, og deira økonomiske situasjon er betre. Dette er reflektert i bustadog arbeidsmønster: dei bur i byar og arbeider i utdanningssystemet, og med handel, helse og turisme. Palestinske kristne har langt fleire representantar i det politiske systemet, i både i Israel og i Dei palestinske områda, enn det deira minoritetsposisjon skulle tilseie. Den palestinske kyrkja Det kristne samfunnet er ein mosaikk av ulike trussamfunn; eit tjue-tals ortodokse, katolske og protestantiske kyrkjer er fast etablerte med lokale palestinske kyrkjelydar. 3 Dei er stolte av å vere etterkommarar av dei fyrste kristne: Det var i Jerusalem den fyrste kyrkjelyden vart etablert. Historia om kyrkjene i Det heilage land har i stor grad vore ei historie om politiske intrigar, internasjonale inngrep og feidar over dei heilage stadene. Misjonering og rivalisering mellom dei vestlege stormaktene har opp gjennom historia ført til fragmentering av den lokale kyrkja. Det osmanske milletsystemet gav monaleg autonomi til dei ulike religiøse grupperingane, og førte til ytterlegare segmentering av dei ulike kyrkjene. Difor har det tradisjonelt vore veldig lite kontakt mellom kyrkjene, noko som er i ferd med å endre seg. Ein viktig grunn til dét er at kyrkjene i dag er i ferd med å erstatte eit tidlegare ikkje-arabisk presteskap med lokale leiarar. Av dei større kyrkjene er det i dag berre den greskortodokse kyrkja som ikkje har palestinsk overhovud. Palestiniseringa av presteskapet, saman med dei politiske realitetane på slutten av åttitalet, førte til eit heilt nytt kristen engasjement. Geries Khoury, kristen palestinar og aktiv deltakar i al-liqa -senteret, seier det slik: Posisjonen til kyrkja var tvitydig, uklar og ikkje samstemt vis-avis eit kvart politisk tema i Det heilage land, det vil seie, fram til den velsigna palestinske intifaden tok til. 4 Med den velsigna intifadaen meiner han at det var den som vekka heile det palestinske folket opp til kamp og tvang institusjonane til å ta stilling. Før den fyrste intifadaen hadde det i lengre tid vore intern misnøye i dei lokale kyrkjene mellom eit politisk engasjert lekfolk på den eine sida og eit langt meir forsiktig, ofte utanlandsk presteskap på den andre sida. Lekfolket kravde at kyrkjehierarkiet måtte engasjera seg i sakene kyrkjelyden var oppteken av. Dette vart spesielt tydeleg i lys av ei rekkje sal av eigedomar og langtidsleigeavtaler den gresk-ortodokse kyrkja inngjekk med israelske utbyggjarar. Lekfolket kravde at jorda kyrkja eigde skulle vera palestinsk eigedom, og at lekfolket skulle ha meir innsyn i kyrkja sine aktivitetar. Med intifadaen vart problema i det palestinske samfunnet så påtrengande, at sjølv eit tradisjonelt ikkje-politisk kyrkjehierarki måtte på banen. Palestinsk kontekstuell teologi Det er spesielt to senter i Israel/Palestina som arbeider aktivt med å utforme ein kristen palestinsk teologi, ein palestinsk kontekstuell teologi. Sabeel er det eine, og er Israel-basert og økumenisk i orientering. Det andre er det muslimsk-kristne al- Liqa -senteret som ligg i Betlehem. 5 Dei arbeider begge med utforminga og praktiseringa av den teologiske nyvekkinga som har vakse fram dei siste tjueåra. Begge sentra har aktive deltakarar frå presteskapet i dei ulike lokale kyrkjene. Medan Sabeel strever etter å vere ein grasrotorganisasjon 92

og arbeider aktivt mot lekfolk, barn og unge, så er al-liqa meir eit akademisk og kulturelt forum for akademikarar og kristne og muslimske leiarar. 6 Kontekstuell teologi er kanskje best kjend frå Latin-Amerika og Sør-Afrika i form av ein frigjeringsteologi som tek utgangspunkt i dei fattige og dei undertryktes situasjon. Det er mange fellestrekk mellom teologiane, men dei ulike kontekstane gjev sjølvsagt ulike fokus. Dei to sentra, Sabeel og al-liqa, arbeider på ulike måtar, men har til felles at dei ynskjer å identifisere kva det vil seie å vere kristen palestinar i dagens Israel/Palestina. Kva tyder det teologisk? Kva har det å seie for deira forhold til Israel og til dei palestinske styresmaktene? Kva vil det seie å vere ein kristen minoritet? Kva rolle har kristne palestinarar i det israelske og det palestinske samfunnet? Korleis skal kristne forholda seg til konflikten mellom israelarar og palestinarar? Kort oppsummert tek palestinsk kontekstuell teologi utgangspunkt i situasjonen palestinske kristne lever i dag. Ifølgje Sabeels medlemsblad; det motsette av kontekstuell teologi er ein kontekstlaus teologi som ikkje høyrer til nokon stad. I Palestina] spør teologar kva det tyder å følgje Jesus, i vår situasjon, i dag i vår kritiske situasjon midt blant lidinga og håpet til det palestinske folket. 7 Det er to hovudspørsmål palestinske kristne arbeider med gjennom utviklinga av palestinsk kontekstuell teologi: For det første, Kven er me? og vidare, Kvifor lid me? Etableringa av staten Israel i 1948 førte til noko mange palestinske kristne kallar eit jordskjelv i den palestinske kyrkja. Ikkje berre fekk det enorme konsekvensar for deira daglegliv, men det førte også til at Bibelen vart vanskeleg å forholda seg til. Referansane til Israel og det jødiske i Det gamle testamentet fekk ei annleis ramme når ein las det bokstaveleg. Som Naim Ateek, anglikansk palestinsk prest, og leiar av Sabeel, seier det: ] viss nokon deler av I dette perspektivet er det palestinarane, og ikkje jødane, som er dei utvalde. Bibelen vert nytta bokstaveleg om vår situasjon i dag, så kan det sjå ut som om Bibelen tilbyr palestinarane slaveri framfor fridom, urett framfor rettferd og død over vårt nasjonale og politiske liv. 8 Bibelen har såleis blitt ein del av problemet i konflikten. Ifølgje sentra er palestinsk kontekstuell teologi den einaste måten for palestinarane til å ta tilbake den kristne bodskapen, ein bodskap dei meiner vert misbrukt av kristne og jødiske sionistar verda over. Jesus, og Det nye testamentet, må vere den hermeneutiske nøkkelen til å lese Det gamle testamentet, og vil då erstatte biletet av Gud som ein stamme gud for eit utvald folk. 9 Den kristne Gud har gitt eit landløfte til alle jordlause, ikkje berre til jødane, og han er ein Gud som står ved sida til dei undertrykte i verda i dag. Denne teologiske debatten har oppstått av mange grunnar. Viss ein ser vekk frå dei reint andelege årsakene, så er denne rørsla eit uttrykk for eit samfunn med sterk trong til å stadfeste sin identitet. Samstundes søkjer desse sentra identifisera kva som er dei største utfordringane, for så å samle seg om ein måte å arbeide for ei løysing. Eg vil sjå nærare på to av desse utfordringane 93

som dei identifiserar: Israel/Palestina-konflikten og religiøs fundamentalisme. 10 Israel/Palestina-konflikten Konflikten mellom palestinarane og Israel er naturleg nok kjernen i dei problema palestinske kristne står overfor. Dei to omtalte sentra stadfestar gong på gong at når det kjem til konflikten, så står dei last og brast med sine palestinske muslimske brør. Palestinske kristne legitimerer fyrst Gjennom kontekstuell teologi prøver palestinske kristne å legitimere palestinsk nasjonalisme samstundes som den inneheld eit fundament for kompromiss med israelarane. og fremst sine politiske krav i kraft av å vere palestinarar, men også i kraft av si kristne tru. Dei har gjennom den kristne bodskapen fått lovnad om at rettferd skal skje, og at rettferd må vere fundamentet i ei kvar løysing på konflikten. Mitri Raheb, lutheransk pastor i Bethlehem, seier at Gud på same tid er ein Gud som krev rettferd, og ein Gud som lovar rettferd. Raheb tolkar Bibelen som ei bok om minoritetar; Det gamle testamentet handlar om ein jødisk minoritet, og Det nye testamentet om ein kristen minoritet. I begge høva er det minoritetar som er forfølgde og utan makt i sine samfunn, og det er desse folka som er Gud sine utvalde Gud lovar rettferd til dei utan makt. I dette perspektivet er det palestinarane, og ikkje jødane, som er dei utvalde. Av Israel krev Gud rettferd. Gud krev rettferd av dei som er i maktposisjon. Israel sin politikk er undertrykkjande, rasistisk og farleg, ifølgje dei to sentra. For å illustrere Israel/Palestina-konflikten viser Naim Ateek, leiar av Sabeel, til historia om Nabot (1. Kongebok 21); Kongen Akab (869-850 f.kr.) ynskte å utvide eigedomen sin, men for å gjere det måtte han ta jord frå vingarden til bonden Nabot. Men Nabot ville ikkje selje. Kongen, saman med kona Jesabel, sette difor ut falske skuldingar mot Nabot. Dette førte til at Nabot vart dømd til døden og eigedomen vart konfiskert og gitt til Akab. Profeten Elia konfronterte Akab med unåden og sa at han handla mot Guds vilje. Kort tid etter døydde både Akab og kona hans. Ifølgje Ateek er det tre viktige poeng å lære om Gud frå denne historia. Fyrst, det syner kor viktig rettferd er for Gud. Vidare viser den at, frå eit teologisk synspunkt, så har staten Israel utført den same udåden overfor palestinarane. Til slutt fortel ho oss om ein Gud som sørgde for at streng rettferd vart praktisert til slutt. Han let ikkje Akab halde på. Sjølv om dei palestinske kristne meiner at det er Israel som har uført, og utførar, dei mest alvorlege overgrepa i dag, så er staten Israel eit historisk faktum som palestinarar nå må forholda seg til. Israelarane er naboane. Eit av fundamenta i den palestinske teologien er toleranse, og i dette ligg det eit skarpt angrep på all eksklusiv fundamentalistisk religion. I det skil palestinsk kontekstuell teologi seg frå det me kjenner som fundamentalisme : Målet er ikkje siger over fienden, men sameksistens. Politisk ender dei opp med ei to-statsløysning kor Jerusalem er felles delt hovudstad. Dette er ein teologi med klare politiske undertonar, som teologi generelt, og kontekstuell teologi spesielt, 94

ofte er. Skal den kristne bodskapen gje håp til eit stadig meir frustrert palestinsk kristent folk er palestinsk teologi det einaste alternativet, hevdar dei. Gjennom kontekstuell teologi prøver palestinske kristne å finne ein veg som legitimerer palestinsk nasjonalisme samstundes som den inneheld eit fundament for kompromiss med israelarane. Dei kristne er så få at dei må vere tydelege og samla for å fremje krava sine. Dette ser me tydeleg i måten dei to sentra har fokusert på til dømes Jerusalem. Her er kristne prosentvis fleire enn elles i området, samt at dei er sentrale landeigarar. I eventuelle framtidige forhandlingar om Jerusalem ynskjer dei kristne difor å spele ei eiga rolle. Al-Liqa -senteret, som ligg i Betlehem, reiser lite kritikk mot dei palestinske styresmaktene, og dei er veldig tydelege på at dei ikkje er diskriminerte i det palestinske samfunnet. Det er likevel vanskeleg å tru at det ikkje er frustrasjon med tanke på den islamske radikaliseringa av det palestinske samfunnet. Å kun fokusere på problema med Israel kan og forståast som eit politisk val: Det største problemet er okkupasjonen, og det er der kreftene må mobiliserast. Palestinske kristne er ein integrert del av det palestinske samfunnet, om enn ein sårbar minoritet, og ynskjer ikkje at fokuset skal vere på interne problem. Religiøs fundamentalisme Jødisk, kristen og muslimsk fundamentalisme er, i den rekkefølgja, farlege utfordringar for det kristne samfunnet i Israel/Palestina, ifølgje den palestinsklutherske pastoren Mitri Raheb i al-liqa senteret. Raheb grunngjev dette med at den jødiske fundamentalismen, både den religiøse og sekulære, har representantar og støttespelarar i det israelske maktapparat som har store konsekvensar for israelsk politikk. Vidare er den kristne fundamentalismen først og fremst ein politisk trussel, men han fører også til at muslimar kan få eit bilete av at dette er den allmenne kristne oppfatninga. Endeleg har muslimsk fundamentalisme potensial til å fremje intoleranse. Slik dei to sentra ser det, er ikkje muslimsk fundamentalisme eit problem i dag, men erfaringar frå andre land viser at fundamentalisme (eller ekstremisme som dei óg kallar det), ikkje kan sameinast med grunnprinsippa i kristen tru. Det motarbeider samarbeid på tvers av religionar. I Sabeel sitt tidsskrift står det: Religiøs ekstremisme er eit svært alvorleg fenomen. Det er nesten som ein religion i seg sjølve. Alle ekstremistar har til felles ein feil teologi om Gud, menneske og fridom. Ekstremisme er høgst ekskluderande i innhald og karakter, og medverkar til intoleranse og fremmedgjering. Det kan aldri vere eit middel for fred og forsoning av di deira oppfatning av rettferd er forkvakla. 12 Kontekstuell teologi er med andre ord ein måte for kristne å gå i dialog med andre religionar. Dette vert praktisert i stor grad gjennom til dømes al-liqa -senteret som arbeider mykje med dialog mellom muslimske og kristne religiøse leiarar. Den religiøse retorikken i konflikten er i så flittig bruk at den tek monopol på religionens rolle om den ikkje møter motbør. Jødisk, kristen og muslimsk fundamentalisme er alle reelle truslar for den kristne palestinske minoriteten. Er det rom for palestinske kristne? Dette nummeret av Babylon stiller spørsmål om kor vidt det er rom for to folk i dette omstridde området. Når det gjeld 95

den palestinske kristne minoriteten er dette eit spesielt viktig spørsmål, i og med at samfunnet rett og slett står i fare for å forsvinne frå Israel/Palestina. Det er, som tidlegare nemnt, mange grunnar til at kristne emigrerer, og det er óg mange ulike faktorar som kan motverke denne trenden. 13 Kontekstuell teologi er ein måte for kristne å stadfeste deira posisjon i Israel/Palestina. Men denne vektlegginga på det kristne står i konflikt til korleis muslimar og kristne arbeidde saman under ein felles identitet for arabisk nasjonalisme ved byrjinga av nittenhundretalet. Vil det seie at dei kristne godkjenner det religiøse aspektet ved konflikten? Eller tyder det at palestinske kristne er i ferd med å distansere seg frå den muslimske majoriteten? Eg må alltid forsvara meg; eg er alltid anten usynleg eller under angrep, 14 seier Munir Faseh om det å vere palestinsk kristen. Den palestinske kristne identiteten vert utfordra frå alle hald. Palestinsk kontekstuell teologi gjev forklaringar i ein vanskelig situasjon, samstundes som den gjev håp om ei løysing ( for rettferd vil til slutt sigre ), og motivasjon til å engasjere seg i konflikten. Ei forsterking av den kristne og den palestinske identiteten kan motverke emigrasjon. Religion spelar ein rolle i Israel/Palestina konflikten, og sjølv om palestinske kristne lenge har prøvd å halda religion skilt frå politikken vert dei no, av ulike grunner, tvungne til å ta i bruk Bibelen. Som eg har vore inne på tidlegare er den tradisjonelt sekulære palestinske identiteten i ferd med å få sterkare islamske føringar med oppslutninga om organisasjonar som Hamas og Islamsk Jihad. Palestinske kristne føler seg som ein integrert del av det palestinske samfunnet i dag, men vil ha større problem innanfor ein eventuell palestinsk stat med sterk muslimsk identitet. Den muslimske identiteten gjer at kristne vert definert ut, og dei må sjølv skapa det rommet dei treng. Den internasjonale kristne ambassaden i Eg må alltid forsvara meg; eg er alltid anten usynleg eller under angrep. Palestinsk kristen. Jerusalem, etablert i 1980 av ei gruppe utanlandske evangeliske kristne, tvinger også palestinske kristne til å ta til motmæle. 15 Det er ein sterk organisasjon som aktivt støtter Israel, ei støtte fundert på religiøs overtyding, og som hevdar å tala dei kristne sin sak i Midtausten sjølv om dei ikkje har kontakt med dei palestinske kristne. Men palestinsk kontekstuell teologi har ført til auka engasjement frå ein annan del av det internasjonale kristne samfunnet. Til dømes er den sørafrikanske erkebiskopen Desmond Tutu engasjert i Sabeel som deira offisielle internasjonale patron. Sabeel og al-liqa - sentra har også nær kontakt med fleire kyrkjer i Vesten. Kontekstuell teologi er slik ein moglegheit for at palestinske kristne får støtte frå det internasjonale kristne samfunnet, på same måte som muslimar og jødar har det med sine respektive internasjonale samfunn. Kontekstuell teologi mogleggjer ikkjevaldeleg aktivisme i ein blodig konflikt. Dei to sentra arbeider med å dokumentere og 96

diskutere brot på menneskerettar, dei bygg opp nettverk av likesinna nasjonalt og internasjonalt og dei arbeider for dialog på tvers av religionar. I dialog ligg det moglegheit for kompromiss. Og denne moglegheita er til stades så lenge det er nokon å ha dialog med. f 1 For ein diskusjon om emigrasjon blant kristne palestinarar, sjå til dømes Bernard Sabella, 1998, The emigration of Christian Arabs: Dimensions and Causes of the phenomenon i Pacini, «A Christian Communities in the Arab Middle East. The Challenge of the Future». Clarendon Press, Oxford. 2 Eg vil i denne artikkelen nytta termen palestinske kristne også om dei arabiske kristne som er israelske statsborgarar. Fortress Press, Minneapolis, samt medlemsblada til al-liqa og Sabeel. 10 Fundamentalisme er eit upresist og vanskeleg ord å nytte, men her nyttast det slik det populært vert nytta og av di dei to sentra omhandlar det slik. Eg ber lesaren å sjå for seg hermeteikn kvar gong det vert nytta. 11 Raheb, Mitri (1995) 12 Cornerstone, issue 1:1 (mi omsetjing), publikasjon frå Sabeel. 13 Emigrasjon blant kristne er eit problem også i andre arabiske land, noko som tyder på at det ikkje berre er Israel/Palestina-konflikten som er årsaka til fråflyttinga 14 Faseh, Munir (1992): 63, i Ateek, Ellis og Ruether: «Faith and the Intifada. Palestinian Christian Voices», Orbis Books, Maryknoll, NY 15 Sjå deira heimeside www.icej.org for meir informasjon. 3 Dei siste femti åra har fleire vestlege kristne etablert seg i regionen, men dei vert ikkje rekna med i denne artikkelen. Det vert heller ikkje eit veksande tal russiske kristne som har immigrert i kraft av deira jødiske bakgrunn. 4 Khoury, Geires, al-liqa Journal, vol.14/15: 175 5 For meir informasjon, sjå heimesidene deira www.sabeel.org og www.al-ligacenter.org 6 Denne artikkelen bygger på mi hovudfagsoppgåve i religionshistorie, UiO (2003) A Quest for Justice. Palestinian Christians and their Palestinian Contextual Theology. 7 Khoury, Geires al-liqa Journal 14/15: 27 8 Ateek, Naim, 1989, «Justice and Only Justice. A Palestinian Theology of Liberation» Orbis Books, Maryknoll, NY:75 (mi omstejing). 9 I og med at dette er ein teologi utforma av ulike kyrkjer, finst det fleire ulike innfallsvinklar. Det er fyrst og fremst dei protestantiske og dei katolske kyrkjene som mest eksplisitt har medverka til dei teologiske debattane. Den ortodokse kyrkja er tradisjonelt meir konservativ i forhold til teologi. For eit inntrykk av kva dei teologiske debattane g å r ut på, les til dømes Naim Ateek, 1989, «Justice and only Justice. A Palestinian Theology of Liberation» Orbis Books, Maryknoll, NY, eller Raheb, Mitri, 1995, «I am a Palestinian Christian» 97