TYSVÆR KOMMUNE Saksframlegg Dato: 08.09.2015 Saksnr.: 2012/1832 Løpenr.: 27518/2015 Arkiv: M10 Sakshandsamar: Marlin Øvregård Løvås REGIONALPLAN OG REGIONALT TILTAKSPROGRAM FOR VANNFORVALTNING ROGALAND - ANDRE GONGS HØYRING Saksnr Utval Møtedato Teknisk utval Formannskapet RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: 1. Tysvær kommune meiner at med dei endringane og presiseringane som er gjort, har planen fått ei breiare tilnærming i forhold til påverknad, målefaktorar, naturtilstand og ulike vassinteresser. Det er også bra at mål og tiltak er meir konkretisert. Ein registrerer at det er fleire vassførekomstar i kommunen kor kunnskapsgrunnlaget om miljøtilstand bør blir betre, og det er positiv at desse er prioritert. Det blir elles vist til førre uttale. 2. Tysvær kommune er positiv til å bidra økonomisk med kr. 20 000 i året, i fire år, for å kunne opprette ei 50 % stilling som vasskoordinator i vassområde Haugalandet. Dette med atterhald om at dei andre kommunane, fylkeskommunen og staten også bidrar som skissert. Tiltaket blir finansiert innafor ramma til resultatområde teknisk. Arvid S. Vallestad rådmann Bjørn Bruaset teknisk sjef
SAKSUTGREIING: 1. Bakgrunn Rogaland fylkeskommune (ROGFK) har sendt forslag til regionalplan og regionalt tiltaksprogram for vassforvaltning i vassregion Rogaland på andre gongs høyring. Det er no også utarbeida eit handlingsprogram for vassregion Rogaland for 2016 2018, som samstundes er sendt på høyring. Dokumenta og arbeidet er oppfølging av krava i vassforskrifta, som igjen er implementering av EU sitt vassdirektiv i norsk lov. Hovudmålet er å sikre heilskapleg beskyttelse og berekraftig bruk av vatn. I tillegg til høyring av desse dokumenta har ROGFK i brev av 11.06.2015 spurt om kommunane kan vere med på eit spleiselag mellom kommunane, fylket og staten for å etablera ei 50% stilling som vasskoordinator for vassområdet Haugalandet, og om det er nokon av kommunane som kan ta på seg arbeidsgjevaransvar og vere vertskommune for denne stillinga. Då begge desse sakene kan ha økonomiske konsekvensar for kommunen blir saka lagt fram til både i teknisk utval og formannskapet. 2. Om arbeidet med regionalplanen og innlagte endringar etter høyring Regionalplan for vassforvaltning med tilhøyrande forslag til tiltaksprogram for vassregion Rogaland var på høyring første gong hausten 2014. Formannskapet ga i sak 71/14 av 02.12.2014 uttale til dokumenta; «Tysvær formannskap har følgjande kommentarar til forslag til forvaltningsplan og tiltaksprogram for vassregion Rogaland: 1) Tysvær kommune er positiv til arbeidet med å sikre felles, berekraftig bruk av vassressursane på tvers av sektormyndigheiter, og meiner forslag til forvaltningsplan gir eit godt bilete av dagens situasjon. 2) Tysvær kommune ser at det blir ei utfordring både økonomisk og i forhold til andre ressursar å få gjennomført vidare overvaking/kartlegging og konkrete tiltak. Ein vil derfor på ny framheva behovet for at det blir sett av statlege midlar til oppfølging av vassdirektivet. 3) Formannskapet viser elles til merknader i saksutgreiinga.» Samla saksframstilling ligg vedlagt. For meir informasjon om arbeidet med vassforskrifta kan ein sjå saksframlegget eller dei andre vedlegga. Alle dokument som omhandlar arbeidet i vassregion Rogaland og vassområde Haugalandet kan ein også laste ned på www.vannportalen.no/rogaland. Det skal i dette arbeidet utarbeidast totalt fire dokumenter på regionalt nivå; - Regionalplan for vassforvaltning - Viser korleis vassregionen ynskjer å forvalte vassmiljøet og vassressursane i eit langsiktig perspektiv - Omtalar kunnskapsgrunnlaget - Er eit overordna dokument - Fylkestinga vedtar planen som så blir sendt til Klima- og miljødepartementet for godkjenning av Kongen i statsråd. - Tiltaksprogram - Vedlegg til regional plan - Oversikt over utfordringar og prioritering av tiltak - Basert på lokale tiltaksanalysar for vassområda - Årleg rapportering til fylkestinget - Handlingsprogram - Visar kva oppfølging den regionale planen krev og ansvarsfordeling - Årleg revidering og rapportering - Overvakingsprogram - Visar kva overvaking som er naudsynt kor for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag (basisovervaking, tiltaksovervaking, problemkartlegging)
- Årleg revidering Det er gjort fleire endringar i dokumenta sidan dei var på høyring sist, særleg gjeld dette at det er føreslått individuelle miljømål for 280 sterkt modifiserte vassførekomstar (SMV). SMV er vassførekomstar kor det er gjort så store fysiske endringar at det ikkje er mogleg eller forsvarleg ut frå eit samfunnsnyttig perspektiv å kunne oppnå naturleg tilstand. Dette gjeld for eksempel vasskraftutbyggingar, drikkevasskjelder, etc. I den reviderte utgåva er det meir fokus på brukarinteresser innafor vatn, både for næring, innbyggarar og samfunnet. Det er også satt eigne brukarmål. Det er no lagt inn eit kapittel om miljøtilstand i terskelfjordar, som er aktuelt for Tysvær kommune. I terskelfjordar og terskelbasseng har ein liten utskifting av sjøvatnet innanfor terskelen. Det kan i slike område vere vanskeleg å fastsette kva den faktiske naturtilstanden er. Skjoldafjorden/ Grindefjorden, Førresfjorden og Førlandsfjorden med Tysværvågen er av Tysvær kommune nemnd som terskelfjordar med denne problematikken. To andre tema som no er tatt inn i planen er miljøtilstand for grunnvann og miljøtilstand for utvalde artar, kalla «indikatorartar». Laks, sjøaure og elvemusling er omtala som indikatorartar; artar som er sensitive for miljøendringar og dermed kan indikera visse miljøforhold. Prioriteringane innafor den første tiltaksperioden er no endra. I førre utgåve var det 9 tiltaksområde som var føreslått prioritert. Prioriteringar er i det nye dokumentet meir spissa og det er valt å dele dei inn i følgjande område; - Prioriterte nedbørsfelt - Prioriterte tiltaksområder - Prioriterte sektorovergripande verkemidlar For prioriterte nedbørsfelt som inngår heilt eller delvis i Tysvær kommune er «Skjoldafjorden og Grindefjorden», «Skjoldafjorden ytre med Hervikfjorden», «Førlandsfjorden indre» og «Vatsfjorden og Yrkjefjorden» føreslått som prioriterte vassførekomstar. Dette er førekomstar kor ein ynskjer å kartlegge forureiningssituasjonen og vurdera behov for tiltak. Dei prioriterte tiltaksområda er omtrent som dei prioriteringane som blei gjort i første utgåve; forsuring, landbrukssektoren, vasskraftregulering, habitatforbetrande tiltak, vass- og avløpssektoren, forureina sediment og framande artar i ferskvatn. Forsuring, forureina sediment og vasskraftregulering er ikkje prioriterte tiltaksområder i vassområde Haugaland. Prioriterte sektorovergripande verkemidlar er arealplanlegging, sektorovergripande tiltaksplanar og utredningar og kunnskapsbygging gjennom problemkartlegging og tiltaksovervaking. Vidare er det to førekomstar i Tysvær kommune kor det er føreslått at frist for å oppnå miljømåla skal utsettast til 2027 etter vassforskrifta 9c; Grindefjorden og Storavatnet (Nes). Dette fordi ein ser det som umulig å oppnå minimum «god tilstand» innan den første fristen som er 2021. Effekt av tiltak tar tid. Til orientering er det framleis ueinigheit (dissens) mellom Fiskeridirektoratet og fylkesmannen når det gjeld vurdering/grad av påverknad for fire førekomstar i regionen, der i blant Hervikfjorden. Rådmannen ser det som positivt at det no står at Vassregionen vil ha fokus på betre økonomiske virkemidlar slik at ikkje økonomi og mangel på ressursar blir ein flaskehals hjå sektormyndighetene. 3. Forslag til handlingsprogram 2016-2018 Gjennom pbl 8-1 er det krav om at alle regionale planar skal ha eit handlingsprogram for gjennomføring av planen. Handlingsprogrammet skal klargjere ansvar og vise kva oppfølging planen krev. Handlingsprogrammet har delt inn oppgåvene på følgjande måte;
A) Arbeid på regionalt nivå (vassregion) B) Arbeid på vassområde nivå C) Oppgaver for sektormyndighetene I handlingsplanen er det satt opp tabellar som visar ansvar og ressursbehov for dei ulike aktivitetande som er naudsynte for oppfølging av arbeidet. Kommunen har direkte ansvar for arbeid både på vassområde nivå og som sektormynde. Det er i handlingsprogrammet tatt utgangspunkt i at det blir oppretta koordinatorstillingar på vassområde-nivå, sjå avsnitt om koordinatorstilling under. Handlingsprogrammet gjer også greie for dei tilskotsordningane som er aktuelle for oppfølging av dette arbeidet. Det går fram av handlingsprogrammet at det er behov for ekstra ressursar til koordinering og samordning, og det er føreslått etablert ein 50 % stilling som vasskoordinator i kvar av dei fire vassområda i vassregion Rogaland. Stillingane er planlagt finansiert som eit spleiselag mellom stat, fylke og kommunane. Av dei fire vassområda i Vassregion Rogaland er det kun i vassområde Jæren det har vore etablert stilling som koordinator. Av prosjekta «Frivillige tiltak i landbruket» i Jæren vassområde og «Aksjon Vatsvassdraget» i Haugaland vassområde ser ein blant anna at for å få gjennomført frivillige tiltak i landbruket er det heilt naudsynt med ekstra ressursar til oppfølging og informasjon. Fordelar med å opprette ein vasskoordinatorstilling: - Ressursperson på vassovervaking og kommunale oppgåver etter vassforskrifta. - Mindre ressursbruk per kommune ved å gå saman i spleiselag. - Nærleik og lokal tilknyting til arbeidet. - Moglegheit til å gjennomføra miljøprosjekter i vassdrag og fjordar på tvers av kommunegrensene, som den enkelte kommune sannsynlegvis ikkje kan gjennomføra aleine. - Vere drivkraft som ivaretek felles koordinering, samt arbeider for å betre statleg finansiering av tiltak og prosjekter for aktuell tematikk i vassområdet. - Innhente lokal kunnskap og forbetre tiltaksanalyse på vassområde-nivå til neste planfase m.v. Erfaring visar også at det er lettare å få statleg støtte til tiltak og overvaking i slike samarbeidsprosjekt. ROGFK har kome fram til følgjande forslag til finansiering for vassregionen; 800 000 frå Miljødirektoratet, 400 000 frå fylkeskommunen og 400 000 frå kommunane i Rogaland. Utgift vil vere 20 000 per år i fire år for Tysvær kommune. Vindafjord kommune har ytra at dei kanskje kan holde arbeidsgjevaransvar og kontorlokale for stillinga. Rådmannen ser at det er eit behov for ei slik koordineringsstilling i vassområdet for å kunne gjennomføra tiltak og oppnå måla om god miljøtilstand innan fristen. Ifølgje regionalplanen er det i vassområde Haugalandet åtte vassdrag og fjordar som er prioriterte for vidare undersøking og tiltak. Av desse er det fire stykk som ligg heilt eller delvis i Tysvær kommune. Saka var også diskutert i 2012, då Tysvær kommune sa seg positive til å vere med på eit liknande spleiselag (delegasjonssak 181/12, av 26.03.2012), då med varighet på to år. På grunn av manglande statlege midlar blei ikkje stillinga lyst ut den gongen. Rådmannen tilrår at Tysvær kommune bidrar med 20 000 kr i året i fire år til ei stilling som koordinator i vassområde Haugalandet. Vedlegg: 2. gangs høring av regional plan og regionalt tiltaksprogram for vannforvaltning i Vannregion Rogaland 2016-2021 og høring av handlingsprogram Vannregion Rogaland 2016-2021 Regionalplan for vannforvaltning Rogaland - andre gongs høyring Regionalt tiltaksprogram for vannforvaltning Rogaland - andre gongs høyring Handlingsprogram 2016-2018 Særutskrift Uttale til forslag til forvaltningsplan og tiltaksprogram for vannregion Rogaland Etablering av stillinger som vannkoordinator i vannområdene i vannregion Rogaland 2016-2019