SAMORDNINGS- OG BEREDSKAPSSTABEN Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik i Nord- Fron kommune www.fylkesmannen.no/oppland
Samandrag Fylkesmannen meiner at samfunnstryggleik og beredskap er godt ivareteke i Nord Fron kommune. Tilsette i funksjonane beredskapskoordinator og beredskapsansvarleg verkar å jobbe tett saman. Dette er særs viktig ikkje å arbeide åleine på beredskapsområdet. Kommunen sine erfaringar frå hendingar med flom dei siste åra og regelmessige beredskapsøvingar i Nord Fron kommune gjer at dei tilsette har mykje kunnskap om handtering av kriser. Kommunen tenkjer nytt for å sette mellom anna temaet beredskap på dagsorden hos alle tilsette, dette gjerast ved at kommunen har laga eit årshjul, der ein kvar månad har fokus på ulike tema. Under heile tilsynet var det mange leiarar ifrå fleire fagområde i kommunen. Fylkesmannen meiner at dette også syner at beredskap har fokus i kommunen. Fylkesmannen har funne eit avvik ved tilsynet. Avviket gjeld heilskapleg ROS som ikkje oppfyller krava i forskrift om beredskapsplikt. Analysen manglar vurdering av behov for befolkningsvarsling og evakuering ved hendingane som ROS analysen beskriv. Årsaka til at dette skal vurderast er at ein kan sjå til desse vurderingane når ein står i krisa og dermed ikkje treng å bruke mykje tid for å vurdere tiltak. Eit døme er at kommunen ved flommen i 2013, i samarbeid med NVE, sette ei grense, indikator, for at dersom det vart nedbør over 30 millimeter i timen så skulle dette medføre at område i Kvam skulle evakuerast. Dette var ein suksess for at hendinga fekk ein bra slutt. Slike viktige vurderingar må mellom anna inn i planverket. Vidare vart det gitt tre merknader ved tilsynet. Dette er forhold kor Fylkesmannen meiner at kommunen bør gjere forbetringar. Dette gjeld mellom anna at oppfølgingsplan for tiltak frå risiko og sårbarheitsvurderingane i kommunen bør godkjennast i kommunestyret med dei økonomiske midlane som trengst for gjennomføring. Ein annan merknad er at kommunen bør revidere planverket på området helseberedskap. 2
Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik i Nord- Fron kommune Tilsynsdato: 26. mai 2016 Tilsynsgruppe: rådgivar Gro Taraldsen seniorrådgivar Tord E. Smestad Føremålet med tilsynet: Fylkesmannen sitt føremål med tilsynet er å identifisere og vurdere rutinar for korleis kommunane kartlegg og tek omsyn til utfordringar og ansvar på beredskap, innanfor dei forventingar og krav styremaktene har til samfunnstryggleik og beredskap. Kommunen skal arbeide systematisk og overordna med arbeidet med samfunnssikkerheit på tvers av sektorane i kommunen for å minske risikoen for tap av liv eller skade på helse, miljø og materielle verdiar. Denne plikta har kommunen som myndigheit innanfor sitt eige geografiske område og som pådrivar overfor andre aktørar. Regelverk: Fylkesmannen utfører tilsyn på Sivilbeskyttelseslova 14 og 15, med forskrift, jf. Kommunelova kapittel 10A. Tilsynet er heimla i Forskrift om kommunal beredskapsplikt 10. Konklusjon: Fylkesmannen fann eit avvik i samband med beredskapstilsynet i Nord- Fron kommune på overordna ROS. Avviket gjeld heilskapleg ROS som ikkje oppfyller krava i forskrift om beredskapsplikt. Analysen manglar vurdering av behov for befolkningsvarsling og evakuering ved hendingane som ROS analysen beskriv. Vidare vart det gitt tre merknader ved tilsynet. Dette er forhold kor Fylkesmannen meiner at kommunen bør gjære forbetringar. Dette gjeld blant anna at oppfølgingsplan for tiltak frå risiko og sårbarheits vurderingane i kommunen. Planen bør godkjennast i kommunestyret med dei økonomiske midlane som trengst for gjennomføring. Dei to andre merknadene gjeld revidering av planverket på området helseberedskap samt at vi meiner at kommunen bør gjere ei grundigare sårbarheitsvurdering i ROS analysen på helseområdet. Tilsynet: Tema for tilsynet var: 1. kommunen sin heilskaplege risiko- og sårbarheits analyse (ROS) 2. samfunnstryggleik og beredskap i samband med planprosessar (kommuneplanar) 3. kommunen sin evne til å handtere krisar (beredskapsplan) Gjennomføringa På opningsmøtet vart tilsynsplan, bakgrunn og føremål med tilsynet presentert. Tilsynet var lagt opp som eit fellesmøte med alle deltakarene. Det vart gjennomført individuelle samtalar med administrasjonssjef, beredskapskoordinator og ordførar. Tema 1 Kommunal beredskapsplikt - Risiko- og sårbarheits analyse (ROS) Heimel: Forskrift om kommunal beredskapsplikt 2 Kommunen hadde revidert sin heilskaplege risiko- og sårbarheits analyse (ROS) i 2013. Dette er ein felles ROS-analyse for de tre kommunane Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu. ROS-analysen bør ha 3
samanheng med dei andre kommunale planverka, til dømes bør hendingar som krev økonomiske tiltak gjerast synlege i handlingsplanen til ROS og i økonomiplanen. Gjeldande overordna ROS frå 2013 oppfyller ikkje krava i forskrift om beredskapsplikt 2. Det er ikkje vurdert i analysen når befolkningsvarsling og evakuering skal setjast i verk ved dei ulike hendingane. Heimel; forskrift om beredskapsplikt 2 f. Tidsfrist. 1. juli 2016 Ingen merknad Tema 2 Omsyn til beredskap i samfunnsplanlegginga Heimel: Forskrift om kommunal beredskapsplikt 3 Både samfunns- og arealdelen i kommuneplanen oppfyller krava på området for samfunnstryggleik og beredskap. Fylkesmannen registrere vidare at samfunnsdel og arealdel skal reviderast i denne rekkefølgja. Planstrategi er i prosess. Ingen avvik Ingen merknad Tema 3 Kommunen si evne til å handtere kriser Beredskapsplan for kommunen Heimel: Forskrift om kommunal beredskapsplikt 4 Kommunen sin beredskapsplan er oversiktlig. Kommunen sin informasjonsplan bør også omfatte informasjon til eigne tilsette. Beredskapsrådet og Politirådet er oppretta og i aktivitet. Dette er bra. Under tilsynet spurte kommunen Fylkesmannen om kva vi meinte om at den vurderte å seie opp abonnement på kommunen sin satellitt-telefon sia topografi i kommunen gjør at satellitt- telefon ikkje fungerer over alt, og at naudnett har vist seg å være eit betre hjelpemiddel. Fylkesmannen anbefaler at kommunen bør behalde satellitt-telefonen på grunnlag av at han ikkje er heilt avhengig av strøm og basestasjonar. Fylkesmannen anbefaler kommunen å montere antenne på taket på kommunehuset for å sjå om dette kan hjelpe. Ingen avvik 1. Oppfølgingsplan for ROS er mangelfull. Planen bør inneholde prioritering, ansvar, økonomi. Planen bør revideres årlig. 2. Kommunens planar på helseområdet bør samordnes og planene bør revideres. Smittevernplanen har gamle henvisninger, er ikke oppdatert på faglige endringer. Til dømes er informasjon om vaksine i planverket ikkje riktig. 3. Sårbarheitsvurderingar i ROS analysen knytt til liv og helse er mangelfull. Sårbarheitsvurderingar knyt til liv og helse i ROS analysen bør vurderas grundigare. Oppfølging av tilsynet: Nord-Fron kommune har frist til 1. juli 2016 med å sende Fylkesmanne ei attendemelding på framdriftsplan for å lukke avvika og kven som er ansvarlig for dette. Assisterande fylkeslege og 4
kommunelegen i Nord-Fron kommune skulle delta på tilsynet, men sia kommunelegen hadde sagt opp si stilling i forkant av tilsynet vart det vurdert at assisterande fylkeslege ikkje skulle delta. Fylkesmannen har etter tilsynet ettersendt nokre spørsmål til kommunen sitt planverk på helseområdet. Vi ynskjer difor også ei attendemelding på korleis kommunen har fylgd opp dette. Gro Taraldsen Rådgivar Tord Smestad seniorrådgivar Vedlegg: Deltakarar ved tilsynet frå kommunen og dokumentgrunnlag: Deltakarar frå kommunen: Ordførar: Administrasjonssjef: Kommunalsjef og beredskapsansvarleg: Kommunalsjef: Kommunalsjef: Virksomhetsleder for areal og næring: Virksomhetsleder for teknisk drift: Planlegger: Plan- og miljøkonsulent: Konsulent i stab: Rune Støstad Arne Sandbu Anita W. Heggestuen Irene Nystad Sverre Sætre Egil Tofte Bjørn Bjørke Hanne Kristine Risdal Anders Nybakken Tove Haugli Dokumentgrunnlag: Risiko- og sårbarheitsanalyse for Midt- Gudbrandsdal frå 2013 Utfylt statusskjema frå Fylkesmannen om samfunnstryggleik og beredskap Beredskapsplan revidert i 2015 5