OMLEGGING TAK EIDFJORD UNGDOMSHUS, SOLVANG. KONKURRANSEGRUNNLAG Konkurransegrunnlag Side 1
INNLEIING: Informasjon: Eidfjord kommune ynskjer pristilbod på omlegging av eksisterande skifertak på ungdomshuset Solvang. Ungdomshuset er plassert i sentrum av nedre Eidfjord. Huset er bygd i 1930-31 med tilbygg i 1952. Ein ynskjer no at skifertaket skal tekkast opp at med eksisterande skifer og at det vert etterisolert på loft. Ein ynskjer og at det vert skifta ytterdører i bygget. Bygget har ein slik status at det må innhentast uttale frå Hordaland fylkeskommune ved arbeid på bygningen. Eidfjord kommune innhentar dette før arbeida tek til. Sceneteppe som er i ungdomshuset er måla av Kari Viveli. Dette har stor kulturhistorisk verdi og det må takast spesielt hensyn til dette slik at det ikkje vert skada i arbeida. Dette har vorte restaurert og er no plassert i salen i 1. etg. Byggherre: Byggherre er Eidfjord kommune Personar som er knytte til prosjektet er: Lisbeth Bygstad Celik Geir Underhaug Arne Bu Kultursjef Eidfjord kommune Assisterande rådmann Eidfjord kommune Byggeleiar Eidfjord kommune Synfaring: Det vert synfaring for dei som ynskjer det tysdag 29. september kl. 10.00 på ungdomshuset. Innlevering av tilbod: Frist for innlevering av tilbod er sett til måndag 19 oktober kl. 12:00 på Eidfjord kommunehus i Simadalsvegen 1. Tilbod kan sendast eller leverast direkte. Byggesøknad: Tiltaket er ikkje søknadspliktig, men det må vera uttale på arbeida frå Hordaland fylkeskommune. Eidfjord kommune ordnar dette. Konkurransegrunnlag Side 2
Teikningar: Det eksisterer ikkje noko teikningar av bygget slik som det er i dag. Byggherre er behjelpeleg med dette viss det er naudsynt. Prosjektering, dimensjonering og dokumentasjon. Entreprenør er ansvarleg for all prosjektering, dimensjonering og dokumentasjon av eigne arbeid. Språk: Det er norsk som er kommunikasjonsform på byggeplassen. Bas for den enkelte entreprenør eller underentreprenør skal kunna uttrykkja seg muntleg på norsk. Byggemøte: Byggjeleiar kallar inn til byggemøte kvar 14 dag. Alle entreprenørar er pliktige til å møta på byggemøte viss dei er innkalla. Kvalifikasjonskrav: Entreprenøren må kunne dokumentera arbeid frå liknande oppdrag tidlegare Det skal til ei kvar tid vera kvalifisert personell til å utføra dei ulike arbeida Økonomisk soliditet til oppdraget Gjennomføring av oppdraget innanfor kriterium for byggetid Tildelingskriterium: Tildelingskriterium er lågaste pris Entreprenør skal levera pris på alle fag Tilbod som ikkje er komplette kan verta forkasta Byggetid: Byggarbeid kan starta så fort entreprenør er valgt og har skrive kontrakt med Eidfjord kommune på arbeida. Konkurransegrunnlag Side 3
Vedlegg tilbod: Tilbodsbrev Konkurransegrunnlag med timeprisar og påslagsprosent Arbeidsbeskrivelse med prisar Skatteattest, ikkje eldre enn 6 mnd. Sentral godkjenning Forsikringsbekreftelse Eigenerklæring om lønns- og arbeidsvilkår HMS eigenerklæring Framdriftsplan Alternative prisar og byggemetodar: Alternative byggemetodar, løysingar og produktval vil verta vurderte. Det må koma godt fram at det er ein alternativ pris. Den alternative prisen skal prisast i tillegg til den beskrivne løysinga. Alternative prisar skal ikkje førast til sum. HMS/SHA: Entreprenør er ansvarleg for HMS og utarbeiing av plan for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø SHA plan. Kontrakt: Byggherre lagar kontraktsforslag. Kontrakt vert NS8406 Forenklet norsk bygge- og anleggskontrakt. Straum: Byggherre stiller med naudsynt byggestraum i byggetida som kan hentast av entreprenør frå eksisterande EL fordeling i bygget. Riggområde: Entreprenør kan nytta toalett og rom i kjellar i byggetida. Entreprenør kan nytta areal på sørsida av ungdomshuset som riggområde. Området rundt ungdomshuset skal til ei kvar tid vera sikra med byggegjerde. Entreprenør kan disponera parkeringsplass nærmast ungdomshuset på framsida. Konkurransegrunnlag Side 4
Underentreprenørar: Som underentreprenør vil me nytta: Fag: Entreprenør: Timeprisar: Timesatsar for arbeidarar: Fag:..... Timepris: Timesatsar for maskiner og utstyr: Maskin: Timepris: Påslag: Påslagsprosent på materialar: Påslagsprosent på underleverandørar: %...% Konkurransegrunnlag Side 5
PRISSKJEMA: Prisar frå Mengdebeskrivelse: 01 Rigg og drift: kr.. 02 Riving: kr.. 03 Murararbeid kr.. 04 Tømrararbeid kr.. 05 Blikkenslagerarbeid kr.. 06 Malararbeid kr.. Sum kapittel 1 til 6 MVA kapittel 1 til 6 Totalsum kapittel 1 til 6 kr.. kr.. kr.. 09 Opsjonsprisar kr. MVA kapittel 9 Totalsum kapittel 9 kr. kr. Konkurransegrunnlag Side 6