Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø TRIVSEL Hillestveit skule LÆRING RESPEKT Hillestveit skule 8. februar 2017 Rådmannen
Innhaldsliste: 1. Forord... 3 2. Formål... 4 3. Definisjonar på krenkande ord og handlingar... 5 4. Førebyggjande og haldningsskapande arbeid... 6 5. Avdekking... 9 6. Handtering og fasar for problemløysing... 11 Fasar for undersøking og tiltak... 12 7. Kontinuerleg, langvarig og systematisk arbeid... 14 Vedlegg 1: Meldeskjema... 15 Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 2 av 16
1. Forord Hillestveit skule har fokus på trivsel, respekt og læring. Dette er verdiar heile skulen kjenner og arbeider kontinuerleg med. Det er tiltak for å fremja desse verdiane både i klassane, på steget og felles med alle i skulemiljøet. TRIVSEL Hillestveit skule LÆRING RESPEKT Til grunn for denne planen ligg også 9A i opplæringslova. Her vert det slått fast at skulen skal driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helse, trivsel og læring. Det er eit mål at denne planen skal samla, systematisera og synleggjera desse tiltaka. I arbeidet med denne planen er både elevar, foreldre og tilsette utfordra på innspel til tiltak for å sikre elevane sitt psykososiale miljø. Det er ein styrke og ein føresetnad for å lukkast. Det viktigaste blir likevel korleis me får til arbeidet i praksis. Det krev innsats og godt samarbeid av alle partane; elevane, føresette og tilsette ved skule og i SFO. Ordensreglementet i Bømlo kommune og skulen sitt eige reglement er også verkemiddel for å nå målsetjinga om eit godt læringsfellesskap prega av trivsel og respekt. Planen skal reviderast kvart år og handsamast i samarbeidsorgana ved skulen, med særskilt fokus i skulemiljøutvalet. Hillestveit skule, november 2016 Margrethe J. Eide Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 3 av 16
2. Formål Opplæringslova 9A omhandlar elevane sitt skulemiljø; «Alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.» Med psykososialt miljø meiner me dei mellommenneskelege tilhøva ved skulen, det sosiale miljøet og korleis elevane og personalet opplever dette. Det psykososiale miljøet skal virke positivt på elevane si helse, sin trivsel og læring, og med dette gje tryggleik og sosial tilhøyrsle. Det er den einskilde elev si subjektive oppleving som er utgangspunktet for skulen si handsaming av opplæringslova 9a «Elevane si arbeidsmiljølov.» Målet vårt på Hillestveit skule er at elevane våre ikkje skal bli utsett for krenkande ord eller handlingar som mobbing, vald, rasisme eller utestenging. Dette skal me oppnå ved: Å arbeida kontinuerleg og systematisk med elevane sitt skulemiljø At skulen, elevane og dei føresette samarbeider om det førebyggjande og haldningsskapande arbeidet Å ha ei tydeleg leiing som førebyggje, avdekke og handtere krenkande handlingar Å gjera alle tilsette medvitne om plikta til å gripe inn ved mistanke om krenkande handlingar Denne planen omhandlar elevane sitt psykososiale miljø og byggjer på følgjande prinsipp: Førebygging og haldningsskapande arbeid Avdekking Handtering og fasar for problemløysing Kontinuerleg og systematisk arbeid Tiltak som reduserer risikoen for at elevar blir utsett for krenkande handlingar Rutinar og metodar skulen nyttar for å avdekka om elevar blir krenka Tiltak og rutinar for problemløysing. Forskrift for ordensreglement Bømlo kommune og skulen sitt eige ordensreglement Skulen sitt systematiske arbeid for å sikra eit godt og trygt psykososialt læringsmiljø Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 4 av 16
3. Definisjonar på krenkande ord og handlingar Mobbing inneber at ein eller fleire elevar seier eller gjer vonde og ubehagelege ting mot ein annan elev. Ved mobbing skjer dette gjentekne gonger, og den som blir utsett for det har vanskeleg å forsvara seg. Utestenging betyr at nokon så godt som alltid blir haldne utanfor ei gruppe eller klasse. Vald inneber at nokon bruker fysisk makt for å skade andre. Rasisme inneber at nokon blir forskjellsbehandla eller plaga, t.d. fordi dei har ein annan hudfarge eller snakkar eit anna språk. Diskriminering betyr at ein person blir dårlegare behandla eller trakassert, t.d. på grunn avkjønn, funksjonsevne, tru hudfarge eller opphav. Definisjonane er henta frå Utdanningsdirektoratet sin brosjyre om elevane sitt skulemiljø. I elevundersøkinga brukar ein denne definisjonen: Mobbing er gjentatt negativ eller vondsinna åtferd frå ein eller fleire retta mot ein elev som har vanskeleg for å forsvara seg. Gjentatt erting på ein ubehageleg og sårande måte er også mobbing. Åtferda må finna stad to eller fleire gonger i månaden eller oftare for å vera mobbing. Digital mobbing er eit veksande problem. Skulen må i samarbeid med heimen ha ein strategi i høve til førebygging og avdekking. Dette skal vera obligatorisk tema på elevsamtalar og foreldresamtalar. Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 5 av 16
4. Førebyggjande og haldningsskapande arbeid 9a-3 Det psykososiale miljøet, 1. avsnitt: «Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør» Førebyggjande tiltak som Hillestveit skule gjennomfører: På skulenivå: Kva Innhald Når Ansvar Trivselsleiarprogrammet Eit program for auka aktivitet og trivsel i friminutta I alle matfriminutt måndag-torsdag heile året TL lærar Tilsette MOT Haldningsskapande arbeid Faste økter i 8,9. og 10. trinn MOT koordinator Sosial plan T-R-L Kvart trinn har sin sosiale plan som omhandlar mål og aktivitetar som elevane skal ha gjennom skuleåret Inspeksjon Synlege vaksne (Zero-vestar) ute i friminutt. Heile året Lærarar/assistenta r Elevrådsarbeid Jamlege møte med elevrådet. Elevmedverknad og uttale i saker som gjeld skulemiljøet Ved behov og etter oppsett møteplan Elevrådsansvarleg lærar Samarbeid med rådsorgana Er med på alle FAU-møte. SU/SMU- tett kontakt og jamleg info Etter oppsett møteplan Fokus på god klasseleiing Santalar i grupper på tvers. Samtalar i team. Fellestid Teamtid Teamleiar Sosiallærar Eigen stillingsinstruks. Heile året Mellom anna samtalar med alle elevane i ungd.skulen. Sosiallærar b.steg og u.steg Helsetenesta Tilgjengeleg på faste kontordagar på skulen kvar veke Heile året Helsesøster Felles friluftsaktivitetar Tur til Roaldsfjorden med alle elevane Skulejoggen Haust Haust Alle Fellessamlingar for heile skulen Morgonsamlingar X-Hillestveit Etter oppsett plan Plangruppe Jul og sommaravslutning Elevråd Kantine Sal av enkel mat og drikke i friminutt Etter oppsett plan 9. klasse Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 6 av 16
Kva Innhald Når Ansvar Aldersblanda temadagar Fagdagar Omlag 1 pr mnd Team 1 4 Team 5 7 og 8-10 Aktivitetsdag på ungd.trinn der påtroppande 7. trinn er med i aldersblande grupper Gamle hus KU&HA Vår Team 8-10 Team 5-7 Juleverkstad Musikal/juleforestilling Anna kvart år Team 1 4 Vaksne skaper venskap Aktivitetar for elevane saman med foreldra/lærarane Kvart år FAU Elevråd Plangruppa På klassenivå Kva Innhald Når Ansvar Klassereglar Utarbeidd på grunnlag av verdiane til skulen. Heng synleg i klasserom Skulestart Følgje opp sosialplanen Gjennomføre dei tiltak/aktivitetar som ligg i planen for steget Sosiallærar Klassemøte Foreldremøte/Samtalar 1-2 gonger pr år Felles lunsj Team 5-7 Fair play cup Deltaking i cup - Våge Mai/juni Kroppsøvingslærar Team 5-7 Julaball Fest for mellomsteget Desember Team 5 7 Leirskule For 7. klasse, saman med nye elevar frå Espevær Vinter Ta vare på stien Gå turstien klassen har ansvar for 1 gong pr år Avslutning av skuleåret Klassekontaktane lagar avslutning saman med elevane 1 gong pr år Foreldra Klassemøte Aktuelle saker frå elevrådet Etter behov Psykososialt miljø Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 7 av 16
På elevnivå Kva Innhald Når Ansvar Elevsamtale Jamlege samtalar og tilbakemeldingar. Gjennom heile året Foreldre/elevsamtale Fagleg og sosial utvikling to gonger pr skuleår Haust Vår Skal ta opp spesielt om eleven opplever mobbing på skulen/skulevegen. Tilbakemelding til rektor på eige skjema. Fadderordning 1. og 5. klasse 5. klasse er fadrar for 1. klasse. Bli kjende og hjelpe til med at 1.klassingane finn seg til rette og trivest i friminutta. Planleggje aktivitetar og leike saman, spesielt ved skulestart Ved skulestart og ved høve gjennom året Lærarane på 1. og 5. steget Ansvar for sine fadderungar når heile skulen er på tur. Aktivitetar saman med fadrane sine 1-5 og 6-10 1 gong i halvåret ane Forskingsbasert kunnskap seier at følgjande råd til skulen kan hjelpe til i høve til å redusera og motverka krenkande åtferd: Skuleleiar og lærarar må ta ansvar for å stoppa krenkande ord og handlingar Elevar som fortel om krenkande ord og handlingar skal bli tatt på alvor Skulen må møte foreldre/føresette med tillit og respekt Dei vaksne må gripa inn med ein gong krenkande åtferd blir oppdaga Arbeidet med eit godt læringsmiljø førebyggjer tilfelle av krenkande ord og handlingar Skulen skal ha eit systematisk og langsiktig arbeid mot krenkande ord og handlingar Skulen sitt arbeid med arbeidsmiljøet skal vera kunnskapsbasert Det skal vera synlege vaksne til stades på alle skulen sine arenaer God klasseleiing motverkar bruk av krenkande ord og handlingar Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 8 av 16
5. Avdekking 9a-3 Det psykososiale miljøet, 2. avsnitt «Dersom nokon som er tilsett ved skulen får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkja saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogeleg, sjølv gripe direkte inn.» Arbeidet med å avdekke tilfelle av mobbing er også nedfelt i handlingsprogrammet for Zero. Alle tilsette har ei plikt til å følgje dette opp, ei handlingsplikt: Plikt til å gripa inn Plikt til å gjera undersøkingar raskt Plikt til å varsla rektor/skuleleiing (meldeskjema-vedlegg) Vert ikkje handlingsplikta oppfylt kan tilsette straffast med bøter eller fengsel i inntil 3 månader, jf. Opplæringslova 9a-7 Avdekking kan vera at tilsette, elevar eller foreldre melder frå om hendingar om at elevar opplever krenkande ord og handlingar. Skulen skal sikre at elevane si subjektive oppleving kjem fram, og at eventuelle tiltak vert sett i gang så raskt som mogeleg. Dette må dokumenterast ved bruk av enkeltvedtak som vert registrert i eleven si mappe i saksarkivet (Ephorte) Hillestveit skule har følgjande rutinar for avdekking Rutine Kartlegging av mobbing to gonger pr år gjennom elev/foreldresamtalen. rapporterer til rektor ved bruk av meldeskjema avgjer vidare oppfølging Elevsamtalar 1-10 Elevundersøkinga Gjennomfører årleg for 5. 10. klasse Foreldreundersøkinga Oppfølging/Informasjon til Skulemiljøutvalet Resultat av elev/foreldreundersøkinga Vakt og tilsynsordningar i friminutt, før og etter skuletid Tema på klasseforeldremøte, elevråd og i FAU Samtalar med sosiallærar. Alle elevane på ungdomssteget Handlingsplan /instruks for sosiallærar barnesteg* Helsetenesta Helsesøster gjennomfører samtalar med elevar og føresette etter eigen plan Ansvar for oppfølging Lærar FAU Elevrådskontakt Sosiallærar - ungdomssteg Sosiallærar barnesteg Helsesøster Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 9 av 16
Ny stilling skuleåret 2016/17 instruks kjem dette skuleåret. Me byggjer på samarbeid med sosiallærar på ungdomssteget og helsesøster. Ved mistanke eller kunnskap om at ein elev blir utsett for krenkande ord og handlingar, skal tilsette bruke meldeskjema. Foreldre/føresette kan også bruke dette skjemaet. Dersom føresette kjem med ei munnleg bekymring og ønskjer å bruke meldeskjema, skal mottakar av bekymringa fylle ut meldeskjema (vedlegg). Meldeskjemaet skal også ligge ute på skulen sine heimesider. Viser også til Utdanningsdirektoratet sitt hefte om elevane sitt psykososiale elevmiljø som også ligg på heimesida vår. Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 10 av 16
6. Handtering og fasar for problemløysing 9a-3 Det psykososiale miljøet, 3. avsnitt «Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet. Deriblant tiltak mot krenkande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skulen snarast mogeleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak» Ved Hillestveit skule skal alle elevar og føresette oppleva å bli tatt på alvor om dei kjem til skulen med bekymring om at ein elev blir utsett for krenkande ord og handlingar. Skulen skal ta ansvar og initiativ for å stoppe slik åtferd, og følgje opp etter at tiltak er sett i verk. har det overordna ansvaret for at skulen følgjer opp saker som gjeld det psykososiale miljøet. Dette ansvaret kan delegerast til inspektør som då handlar på vegne av rektor. Det er rektor som eventuelt skriv enkeltvedtak, men det er naturleg at samtalar/undersøkingar/framlegg til tiltak og vidare oppfølging bli gjennomført av inspektør/kontaktlærar. Når elev, føresette eller tilsette ved skulen har avdekka at elevar blir utsett for krenkande ord og handlingar, skal skulen sikre ei sakshandsaming og oppfølging i tråd med lover og forskrifter. Viser også til forvaltningslova. Enkeltvedtak: Munnleg eller skriftleg melding frå elevar eller føresette om tilhøve knytt til skulemiljøet skal svarast med eit enkeltvedtak. Føresette skal då få informasjon om retten til å få enkeltvedtak når dei ber om tiltak. Ved varsling frå tilsette om kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkande ord og handlingar, skal rektor etter undersøking avgjere om det skal fattast eit enkeltvedtak. Dersom det vert sett inn tiltak som er inngripande for den eleven det gjeld, må det fattast enkeltvedtak. Det er likevel eit viktig prinsipp for handtering at problem vert løyste på lågast mogeleg nivå, så tidleg som mogeleg, men at dei tilsette veit når saker skal meldast vidare (meldeskjema). Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 11 av 16
Fasar for undersøking og tiltak Oppgåver Ansvar Dokumentasjon Tilsett får informasjon/kjennskap om mogeleg krenking av elev Melder frå til kontaktlærar samtalar med eleven for å skaffe informasjon og gje støtte STEG 1 samtalar også med den som utfører krenkinga. Melding om at slik åtferd er uakseptabel og må stoppe straks. Dersom det er fleire elevar involverte, samtalar ein med ein elev om gongen Tilsette Munnleg følgjer opp saka ved å kontakte heimen til eleven som kjenner seg krenka Både skule og heim kjem med si oppleving av situasjonen. Det er viktig at eleven si subjektive oppleving kjem fram. og foreldre vert einige om situasjonen er løyst, eller skal meldast vidare til skuleleiinga v/rektor. vurderer om det er trong for å kontakte heimen til eleven som har utført handlinga Skulen og heimen samarbeider om å følgje opp eleven og bidra til at krenkinga av medelev opphøyrer straks. Gjer avtale om oppfølging. Målet er å løyse slike situasjonar på lågast mogeleg nivå, i godt samarbeid mellom heim og skule. a ved rektor vert kopla inn, enten ved melding frå kontaktlærar/tilsette, foreldre eller elevar Tilsette Foreldre Meldeskjema Formell sakshandsaming startar STEG 2 Møte med foreldre, kontaktlærar og skuleleiing Skriftleg førehandsvarsel Undersøkingsfasen samtalar, observasjonar, kartleggingar Tilsette Registrert i Ephorte Referatlogg Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 12 av 16
Oppgåver Ansvar Dokumentasjon avgjer om retten til godt psykososialt elevmiljø er A: Oppfylt og ikkje grunnlag for tiltak B: Ikkje oppfylt og tiltak vert sett i verk Tiltak vert gjennomførte og det er jamlege evalueringsmøte heim-skule Om enkeltvedtak: gjer enkeltvedtak så snart råd dersom eleven sin rett etter 9a-1 er oppfylt eller ikkje. Konklusjonen må kome klart og tydeleg fram. Nemne dei faktiske tilhøva som vedtaket byggjer på. Grunngje val av eventuelle tiltak Setje tidsfrist for kor lenge vedtaket gjeld Klagerett må sikrast Enkeltvedtak kan vere aktuelt Om krenkinga held fram etter enkeltvedtak - ytterlegare kartlegging og nye vedtak Referat STEG 3 Når ein evaluerer enkeltvedtak, blir det også vurdert om det er trong for nye enkeltvedtak og tiltak Eventuelle nye enkeltvedtak Om krenkinga held fram vert det sett inn tiltak i tråd med sanksjonar frå ordensreglementet Sanksjonane må vere i tråd med ordensreglementet Skulen må dokumentera bruk av sanksjonar Skulen må vurdere om det skal fattast eigne enkeltvedtak om sanksjonane er inngripande Situasjonen vert følgd til handlingane stoppar. Alle involverte elevar skal følgjast opp. Det tar tid å komme over alvorlege krenkingar Dersom krenkande åtferd ikkje tek slutt, skal andre eksterne partar inn i saka. PPT, barnevern, politi eller konfliktråd. Kommunalsjef v/skulebytte Tilsette Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 13 av 16
7. Kontinuerleg, langvarig og systematisk arbeid 9a-4 Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll) Skulen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitel blir oppfylte. a har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet. Det er viktig at det vert arbeidd systematisk gjennom heile skuleåret. Arbeidet skal vera gjennomtenkt og etter ein plan. Denne må innarbeidast slik at det vert rutine for tilsette å følgja prosedyrane når det vert jobba med saker som gjeld det psykososiale miljøet til elevane. a har ansvaret for oppfølginga av skulen sitt systematiske arbeid. Skulen si leiing, ved rektor, skal sjå til at det systematiske arbeidet er aktivt og etter planen. Denne planen skal bidra til at elevane opplever eit trygt og godt skulemiljø. For å sikre at dette vert eit levande plandokument, må planen vera kjend for alle partane i skulemiljøet. Skulen har følgjande rutinar: Rutine Tidspunkt Ansvar 1 Skulen sine tilsette går gjennom planen og drøftar spesielt: Kva er eit godt psykososialt miljø? Kva er krenkande åtferd? Kor tid grip me inn? Når skal skuleleiinga varslast Ved skulestart 2 Skulen sine planar og tiltak for førebyggjande og haldningsskapande arbeid pregar skulekvardagen 3 Den sosiale planen med tiltak på kvart steg vert gjennomført. Fellessamlingar vert gjennomført etter oppsett plan 4 Ordensreglementet vert gjennomgått, både forskrift og eigne reglar for Hillestveit skule 5 Føresette vert gjort kjende med planen og ordensreglementet. Skal ligga på skulen sine heimesider. 6 Tiltak som gjeld skulemiljøet vert teke opp i elevrådet 7 Resultat av elevundersøkinga vert grunnlag for drøftingar/tiltak i Personalet Elevrådet FAU Skulemiljøutvalet Gjennom heile skuleåret Gjennom heile skuleåret Haust Haust Haust/Vår Haust Plangruppe Sosiallærarane Lærarane Sosiallærar Lærarane elevråd Sosiallærar Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 14 av 16
Rutine Tidspunkt Ansvar 8 Oppsummering av elev- foreldresamtalane vert levert til rektor. Funn vert undersøkt og følgd opp 9 Skulen skal evaluera sitt førebyggjande og haldningsskapande arbeid kvart år. Evaluering og revidering skjer i personalmøte, elevråd, FAU og skulemiljøutvalet 10 Vakt og inspeksjonsordning skal evaluerast to gonger i året 11 Rapportering i pedagogisk årsmelding status for arbeidet med det psykososiale elevmiljøet Haust/vår Kvar vår Haust og vår Vår Kommunalsjef Vedlegg 1: Meldeskjema Sjå neste side Godkjend av: Rådmannen Sist revidert: 08.02.2017 Side 15 av 16
Meldeskjema: Bekymring for eleven sitt psykososiale skulemiljø Namn på elev: Meldeskjema Bekymring for eleven sitt psykososiale skulemiljø Melding frå føresette vil utløyse eit enkeltvedtak Elev i klasse: Fødselsdato: Bekymring meldt til: Bekymring meldt til: Dato for melding: Kva gjeld bekymringa? (mobbing, vald, rasisme, diskriminering, utestenging) Korleis vart dette oppdaga? Anna informasjon: Skjema sist revidert: 08.02.2017 Side 1