Nr. 3/182 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONEN FOR DEI EUROPEISKE FELLESSKAPA HAR med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, med tilvising til rådsdirektiv 91/493/EØF av 22. juli 1991 om fastsettelse av helsekrav ved produksjon og omsetning av fiskeriprodukter( 1 ), sist endra ved direktiv 97/79/EF( 2 ), særleg artikkel 11, og ut frå desse synsmåtane: KOMMISJONSVEDTAK av 26. mars 1999 om fastsetjing av særlege vilkår for import av fiskerivarer og akvakulturprodukt med opphav i Seychellane(*) [meldt under nummeret K(1999)770] (1999/245/EF) 2002/EØS/03/60 kjølelager. Det må utarbeidast ei liste over frysefartøy som er registrerte i samsvar med rådsdirektiv 92/48/EØF( 3 ). Listene må utarbeidast på grunnlag av ei melding frå FIU til Kommisjonen. FIU må difor syte for at føresegnene som er fastsette for dette føremålet i artikkel 11 nr. 4 i direktiv 91/493/EØF, vert stetta. 7) FIU har gjeve offisielle garantiar for at reglane i kapittel V i vedlegget til direktiv 91/493/EØF og krav som svarar til krava i direktivet til godkjenning eller registrering av opphavsverksemder, -fabrikkskip, -kjølelager eller -frysefartøy, vert stetta. 1) Ei ekspertgruppe frå Kommisjonen har vitja Seychellane for å granske tilhøva i samband med produksjon, lagring og utsending av fiskerivarer som er meinte for Fellesskapet. 2) Føresegnene i den seychelliske lovgjevinga om helseinspeksjon og helsekontroll av fiskerivarer kan reknast å svare til dei føresegnene som er fastsette i direktiv 91/493/EØF. 3) I Seychellane er «Fish Inspection Unit (FIU) of the Veterinary Services under the Ministry of Agriculture and Marine Resources» i stand til å føre effektiv kontroll med at den gjeldande lovgjevinga vert stetta. 4) Etter dei nærmare reglane om helsesertifikat som er nemnde i artikkel 11 nr. 4 bokstav a) i direktiv 91/493/EØF, må det fastsetjast ein modell for sertifikatet, kva språk det skal utformast på, og kva stilling underskrivaren skal ha. 5) I medhald av artikkel 11 nr. 4 bokstav b) i direktiv 91/493/EØF må emballasjen til fiskerivarene påførast eit merke som opplyser om namnet på tredjestaten og godkjennings-/registreringsnummeret til opphavsverksemda, -fabrikkskipet, -kjølelageret eller - frysefartøyet. 8) Dei tiltaka som er fastsette i dette vedtaket, er i samsvar med fråsegna frå Det faste veterinærutvalet GJORT DETTE VEDTAKET: Artikkel 1 «Fish Inspection Unit (FIU) of the Veterinary Services under the Ministry of Agriculture and Marine Resources» er den styresmakta i Seychellane som har ansvaret for å kontrollere og attestere at fiskerivarer og akvakulturprodukt stettar krava i direktiv 91/493/EØF. Artikkel 2 Fiskerivarer og akvakulturprodukt med opphav i Seychellane skal stette følgjande vilkår: 1. Med kvar sending skal det følgje eit helsesertifikat i original som er nummerert, tilbørleg utfylt, datert og underskrive, og som utgjer eitt ark slik det går fram av modellen i vedlegg A. 2. Varene skal stamme frå godkjende verksemder, fabrikkskip, kjølelager eller registrerte frysefartøy som er oppførde i lista i vedlegg B. 6) I medhald av artikkel 11 nr. 4 bokstav c) i direktiv 91/493/EØF må det utarbeidast ei liste over godkjende/registrerte verksemder, fabrikkskip eller (*) Denne fellesskapsrettsakten, kunngjort i EFT L 91 av 7.4.1999, s. 40, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 37/2001 av 30. mars 2001 om endring av EØS-avtalens vedlegg I (Veterinære og plantesanitære forhold), se EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende nr. 30 av 14.6.2001, s. 19. ( 1 ) TEF L 268 av 24.9.1991, s. 15. ( 2 ) TEF L 24 av 30.1.1998, s. 31. ( 3 ) TEF L 187 av 7.7.1992, s. 41. 3. Med unntak av fryste fiskerivarer i bulk som er meinte for konserveproduksjon, skal all emballasje vere påførd ordet «SEYCHELLANE» og godkjennings-/registreringsnummeret til opphavsverksemda, -fabrikkskipet, -kjølelageret eller -frysefartøyet med bokstavar som ikkje kan slettast.
EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende Nr. 3/183 Artikkel 3 1. Det sertifikatet som er nemnt i artikkel 2 nr. 1, skal vere utforma på minst eitt av dei offisielle språka i den medlemsstaten der kontrollen vert utførd. 2. Sertifikatet skal vere påført namnet, stillinga og underskrifta til representanten for FIU og det offisielle stempelet til FIU, alt i ein annan farge enn dei andre opplysningane. Artikkel 4 Dette vedtaket er retta til medlemsstatane. Utferda i Brussel, 26. mars 1999. For Kommisjonen Franz FISCHLER Medlem av Kommisjonen
Nr. 3/184 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende VEDLEGG A HELSESERTIFIKAT for fiskerivarer og akvakulturprodukt som har opphav i Seychellane og er meinte for eksport til Det europeiske fellesskapet, med unntak av toskala blautdyr, pigghudingar, sekkedyr og sjølevande sniglar i alle former Avsendarstat: Rett styresmakt: SEYCHELLANE I. Identifikasjon av varene Referansenummer:............................ «Fish Inspection Unit (FIU) of the Veterinary Services under the Ministry of Agriculture and Marine Resources» Nærmare opplysningar om fiskerivara eller akvakulturproduket( 1 ):............................... art (vitskapleg namn):............................................................. tilstand og handsamingsmåte( 2 ):..................................................... Ev. kodenummer:................................................................... Type emballasje:.................................................................... Talet på kolli:...................................................................... Nettovekt:......................................................................... Føreskriven temperatur ved lagring og transport:............................................ II. Opphavet til varene Namn og offisielt godkjenningsnummer for den eller dei verksemdene eller det eller dei fabrikkskipa eller kjølelagra som er godkjende, eller det eller dei frysefartøya som er registrerte av FIU for eksport til Det europeiske fellesskapet:.................................................................. III. Mottakarstaden for varene Varene skal sendast..................................................................... frå:.................................................................................. (avsendarstad) til:................................................................................... (mottakarstat og -stad) med følgjande transportmiddel:............................................................ Namnet og adressa til avsendaren:.......................................................... Namnet til mottakaren og adressa til mottakarstaden:............................................ IV. Helseattestasjon Den offentlege inspektøren stadfestar at dei førnemnde fiskerivarene eller akvakulturprodukta 1) er vortne fanga og handsama om bord på fartøy i samsvar med dei hygienereglane som er fastsette i direktiv 92/48/EØF, ( 1 ) Stryk det som ikkje høver. ( 2 ) Levande, kjølt, fryst, salta, røykt, konservert osv.
EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende Nr. 3/185 2) er vortne førde i land, handsama og eventuelt emballerte, tilverka, foredla, fryste, tinte eller lagra på hygienisk måte i samsvar med dei krava som er fastsette i kapittel II, III og IV i vedlegget til direktiv 91/493/EØF, 3) har gjennomgått helsekontroll i samsvar med kapittel V i vedlegget til direktiv 91/493/EØF, 4) er vortne emballerte, identifiserte, lagra og transporterte i samsvar med kapittel VI, VII og VIII i vedlegget til direktiv 91/493/EØF, 5) ikkje stammar frå artar som er giftige eller inneheld biotoksin, 6) stettar dei organoleptiske, parasittologiske, kjemiske og mikrobiologiske kriteria som er fastsette for visse kategoriar fiskerivarer i direktiv 91/493/EØF og i gjennomføringsvedtaka for direktivet. Underskrivne offentlege inspektør seier seg kjend med føresegnene i direktiv 91/493/EØF, direktiv 92/48/EØF og vedtak 1999/245/EF. Utferda i................................., den........................................... (stad) (dato) Offisielt stempel( 3 )............................................................ underskrifta til den offentlege inspektøren( 3 )......................................... (namnet, med blokkbokstavar, tittelen og stillinga til underskrivaren) ( 3 ) Stempelet og underskrifta skal vere i ein annan farge enn dei andre opplysningane i sertifikatet.
Nr. 3/186 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende VEDLEGG B I. LISTE OVER GODKJENDE VERKSEMDER Nummer Namn Adresse P.P.01 SMB Trading Prawn Project Victoria-Mahé F.C.01 Indian Ocean Tuna Ltd Victoria-Mahé F.F.07 Oceana Fisheries Co. Ltd Victoria-Mahé F.F.10 Sea Harvest (Pty) Ltd Victoria-Mahé II. LISTE OVER FABRIKKSKIP Nummer Namn Hamn F.V.01 Via Gwalarn (Saupiquet, Concarneau) Mahé