MØTEPROTOKOLL Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 15.05.2017 Tid: kl.16:00-19:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart gjort tilgjengeleg elektronisk 09.05.2017 og 12.05.2017. Møtet vart kunngjort på heimesida. Desse medlemene møtte: Atle Kvåle Hans Ekeberg Aud-May Boge Bjarte Samnøy Margunn Yndestad Samnøy Mikal Leigland Svein Lang Parti Ap Ap H Krf Sp Sp Sp Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Anne-Grete Gjerdevik Ap Gustav Folkestad V Magne Djuvik Frp Kristine Hjartnes Frp Møtenotat: Orientering: Informasjon frå ordførar om spørsmål om oppfølginga av rombehov ved Nore Fusa skule. Formannskapet sette saka på saklista som ekstrasak 33/2017. Det var ingen merknader til innkalling og sakliste. Det var ikkje merknader til at ettersendt ekstrasak nr 31/2017 vart handsama. Det var ikkje merknader til at ekstrasaker nr 32/2017-34/ 2017 vart handsama. Saklista vart samrøystes endra slik: Sak nr 31/2017 vart handsama som siste sak. Før den vart sak nr 33/2017 handsama. Ordførar Atle Kvåle, Ap, leia møtet og førte protokollen i møtet då administrasjonen er inhabil i sak 30/2017 Møtet vart samrøystes lukka i sak 30/2017 og sak 32/2017, jf. kommunelova 31 nr 2, 4 og 5. Ansvarleg sekretær har ført protokollen på data. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune snarast og seinast innan 14 dagar.
Eikelandsosen, 23.05.2017 Atle Kvåle Ordførar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær Side 2
Sakliste Sak nr. Tittel 029/2017 Godkjenning av møteprotokoll 030/2017 Oppfølging av kommunestyresak nr 19 2017 - utvida økonomiske rammer 031/2017 Meldingssak: kommunereform -info. 032/2017 Tilsetjing rådmann 033/2017 Orientering om rombehov ved Nore Fusa skule 034/2017 Suppleringsval styre Fusa utviklingsselskap Side 3
029/2017: Godkjenning av møteprotokoll Møteprotokoll frå møtet 29.03.2017 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FOR- 029/2017 Vedtak: Møteprotokoll frå møtet 29.03.2017 vert godkjent. 030/2017: Oppfølging av kommunestyresak nr 19 2017 - utvida økonomiske rammer Framlegg til vedtak: Utvida økonomiske rammer «sak om varsling» Møtet vart samrøystes lukka med heimel i kommunelova 31 nr 2, 4 og 5. Handsaminga og dokumenta er unnateke frå offentleg innsyn. Jfr. Off.lova 13 1. ledd Jfr. Forvaltningslova 13 1. ledd nr. 1 Off.lova 23. 1. ledd Vedtaket er offentleg saman med tittel på saka og følgjande: Framlegg frå ordførar: Faktaundersøkinga blir gitt ei utvida ramme på inntil Kr. 500.000,- Framlegget frå ordførar vart samrøystes vedteke. FOR- 030/2017 Vedtak: Side 4
Faktaundersøkinga blir gitt ei utvida ramme på inntil Kr. 500.000,- 031/2017: Meldingssak: kommunereform -info. framlegg til vedtak: Svein Lang, Sp, fremja følgjande felles forslag til vedtak som vart samrøystes vedteke: Formannskapet tar forslag til mandat til orientering. Formannskapet utarbeider endelig forslag til mandat for fellesnemda innen mandag 19 juni. Ordføreren får i oppgave på bakgrunn av intensjonsavtalen mellom kommunene, behandling av sak 9 i styringsgruppa 24 april 2017, forslag til mandat til styringsgruppen fra 13 mai 2016 og oppgavene som følger av paragraf 26 i inndelingslova og gi en saksutgreing som grunnlag til mandat. FOR- 031/2017 Vedtak: Formannskapet tar forslag til mandat til orientering. Formannskapet utarbeider endelig forslag til mandat for fellesnemda innen mandag 19 juni. Ordføreren får i oppgave på bakgrunn av intensjonsavtalen mellom kommunene, behandling av sak 9 i styringsgruppa 24 april 2017, forslag til mandat til styringsgruppen fra 13 mai 2016 og oppgavene som følger av paragraf 26 i inndelingslova og gi en saksutgreing som grunnlag til mandat. 032/2017: Tilsetjing rådmann Side 5
Saka vart lagt fram i møtet. Det vart vist til vedtak i kommunestyret 27.04.2017: Dei politiske representantane i rekrutteringsutvalet får fullmakt til føreslå arbeidsavtalen, føreslå årslønn og andre arbeidsvilkår. Forslaget skal godkjennast av formannskapet. Møtet vart lukka i sak nr 32 /2017, jf Kommunelova 31 nr. 2, 4 og 5. Handsaming av unnateke informasjonen og den delen av drøftinga av saka er unnateke frå offentleg innsyn jf. Kommunelova 31 nr. 2, 4 og 5, jf. offentleglova 23 og 25 1. ledd i offentleglova. For arbeidsavtalen er det utsett offentleghet jf. 5 offentleglova. Framlegg til arbeidsavtale- med årslønn rådmann på kr 1.050.000 - vart delt ut i møtet 15.05.2017 Framlegg frå ordførar på vegne av politiske medlemmer av rekrutteringsutvalet: Formannskapet godkjenner framlegg til arbeidsavtale delt ut i møtet 15.05.2017. Årslønn rådmann kr 1.050.000 pr år. Samrøystes vedtatt som framlegg frå ordførar. FOR- 032/2017 Vedtak: Formannskapet godkjenner framlegg til arbeidsavtale delt ut i møtet 15.05.2017. Årslønn rådmann kr 1.050.000 pr år. 033/2017: Orientering om rombehov ved Nore Fusa skule Saka vart teke opp i møtet. Før møtet hadde Margunn Y. Samnøy, Sp sendt inn følgjande: "Underteikna ynskjer å ta opp som sak i ekstra formannskapsmøte måndag 15.05.2017, vedteke prosjekt i investeringsbudsjett 2017 på kr. 3 000 000 til Nore Fusa skule. Me ber om at administrasjonen orienterer om saka. Aud May Boge (H) Bjarte Samnøy (KrF) Margunn Y. Samnøy (Sp)" Ordføraren orienterte. Skriv frå utdanningsforbundet vart delt ut. Følgjande fellesforslag fremja av Margunn Y. Samnøy, Sp. vart samrøystes vedteke. Side 6
Rombehovet ved Nore Fusa skule er nå blitt ei haste sak. Kommunestyret gjorde i budsjettmøte i desember 2016 ei bevilgning på kr. 3 000 000 til å starta arbeidet med å planlegge påbygg for å løysa rombehovet ved Nore Fusa skule. Rådmann blir derfor beden om å straks setja i verk tiltak for å løysa rombehovet og legga fram kostnadsoverslag ved tilbygg på Nore Fusa skule. Rektor ved Nore Fusa skule og leiar i Holmefjord barnehage skal takast med i planleggingen. Planløysing skal leggast fram for formannskapsmøte 31.05.2017. FOR- 033/2017 Vedtak: Rombehovet ved Nore Fusa skule er nå blitt ei haste sak. Kommunestyret gjorde i budsjettmøte i desember 2016 ei bevilgning på kr. 3 000 000 til å starta arbeidet med å planlegge påbygg for å løysa rombehovet ved Nore Fusa skule. Rådmann blir derfor beden om å straks setja i verk tiltak for å løysa rombehovet og legga fram kostnadsoverslag ved tilbygg på Nore Fusa skule. Rektor ved Nore Fusa skule og leiar i Holmefjord barnehage skal takast med i planleggingen. Planløysing skal leggast fram for formannskapsmøte 31.05.2017. 034/2017: Suppleringsval styre Fusa utviklingsselskap Saka vart teke opp i møtet. Torild Lohne har søkt om fritak som styremedlem i Fusa utviklingsselskap Ordførar sitt framlegg til vedtak: Herborg Nordtveit blir innstillt som fast medlem i styret Fusa utviklingsselskap. ( Opprykk frå varalista). Ny vara: 1. vara Ståle Rød Side 7
2. vara Bjørnar Vik Framlegget til vedtak frå ordførar samrøystes vedtatt. FOR- 034/2017 Vedtak: Herborg Nordtveit blir innstillt som fast medlem i styret Fusa utviklingsselskap. ( Opprykk frå varalista). Ny vara: 1. vara Ståle Rød 2. vara Bjørnar Vik Side 8