REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)



Like dokumenter
LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

Kap 1 Innleiande fastsettingar

VEDTEKT av februar 2007

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

Vedtekter for Fusa Kraftlag

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Vedtekter for Vestland SV

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

VEDTEKTER FOR FINNÅS KRAFTLAG SA

5 Overdragelse av andeler Det er ikkje høve til å overdra andeler til andre utan at styret for andellaget samtykkjer. Adresse: Styret 2009:

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Vedtekter for Revisjon

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

Selskapsavtale for Setesdal Revisjonsdistrikt IKS Versjon

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

Vedtekter for Landbrukstjenester Sør SA

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

Unios vedtekter. nynorsk utgåve

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

SELSKAPSAVTALE FOR INTERKOMMUNALT AVFALLSELSKAP FOR ÅLESUNDREGIONEN

Kap. 1 Firma. Kontorkommune. Formål. 1-1

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

Vedtekter for Sognefrukt SA

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

VEDTEKTER FOR Vekselbanken. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

SELSKAPSAVTALE FOR SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK IKS (SIM)

Sak 8 Endringar i mønsterlovene for lokallag og fylkeslag

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

for NORDTVEIT VASSVERK SA

SELSKAPSAVTALE OM OVERGREPSMOTTAK I SOGN OG FJORDANE. oppretta etter kommunelova 27.

LOV OG FØRESEGNER. for. Bondeungdomslaget i Kristiansand. Vedteke på omframt årsmøte 18.oktober Oppdatert etter årsmøtet 8. februar 2012.

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

STYRINGSFØRESEGN FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Vedteken , sist endra )

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

SELSKAPSAVTALE FOR INTERKOMMUNALT BRANNVERNSAMARBEID I VEST TELEMARK IKS. For kommunane; Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord, Nissedal og Fyresdal

Fortid & notid for framtid

VEDTEKTER. 30. mars ;.. ` '~ ` , ~~ : ~ ~ ~ 7. M. - f~- '~~. ~f N- ' ~~~.r r - ~ '' ~ _~ j ~~ ~~~~~.~.. - ~~ r 7A / ht~ ` ~~ +-

Selskapsavtale for Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Tysdag 10. mars 2015 kl på Bryne Kro & Hotell

SELSKAPSAVTALE for Sunnfjord Miljøverk IKS

VEDTEKTER FOR. SANDE NORD STORVALD (ajourført )

Innkalling. til. Ordinert Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG SA. Onsdag 27. april 2016 KL. 1900, SØK sitt kontor i Skånevik.

VEDTEKTER FOR VIKEDAL BYGDAHUS SA, VINDAFJORD KOMMUNE

Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Vedtekter for Sognefrukt BA

VEDTEKTER FOR RYSSHOLMEN BÅTEIGARLAG

Vedtekter for. Landbrukstenester Folgefonna

Vedtekter Norske Landbrukstenester Hordaland SA

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten Sogndal

VEDTEKTER FOR. Beitelaget Hømrobekken Tøsobekken

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

VEDTEKTER FOR SKJØRSAND OG FUSA VASSVERK SA

Unios vedtekter. vedtatt av representantskapet 7. desember Nynorsk utgåve

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Reglement for administrasjonsutvalet. Vedteke av kommunestyret , sak K-13/110

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Innkalling. til. Ordinært Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG. Torsdag 25. april 2013 KL. 1900, SØK sitt kontor i Ølen.

Protokoll Årsmøte 2017 Møre og Romsdal folkemusikklag

(Styrerommet FK Molde er ikkje tilgjengeleg før etter påske.)

Møtebok frå skipingsmøtet i Nes og Høyheimsvik bygdelag Mai 2006.

SELSKAPSAVTALE. Vedteke på representantskapsmøte , med endringar vedteke på representantskapsmøte , , og 29.4.

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

VEDTEKTER for Lusetermorkje beitelag

3 Forretningskontor Fitjar Kraftlag SA sitt forretningskontor er i Fitjar Kommune.

Reglement for Kvam kontrollutval

Vedtekter Sagvåg skulekorps.

INFOMØTE. for føresette og støttespelarar til privat Montessoriskule på Skodvin

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

Laget har sete i Stranda kommune, og er medlem av Idrettsrådet i kommunen.

Transkript:

SAK 55/13 REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) Saksopplysning I sak 49/13, under eventuelt var eit punkt spørsmålet om ikkje Regionrådet for Hallingdal burde vera medlem av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Det vart bestemt at til neste møte i Regionrådet skal dagleg leiar har førebudd sak om eventuelt medlemskap i LNK. LNK (www.lnk.no) er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har til føremål å fremja nynorsk språk og kultur i det offentlege. Landssamanslutninga vart stifta i 1993 og har no 123 medlemer: 106 kommunar/fylkeskommunar og 17 interkommunale tiltak/regionråd. Gjennom informasjon, direkte kontakt og jamlege møte med styresmakter og organisasjonar, samordnar LNK nynorskbrukarane sine interesser og rettar når det gjeld nynorsk materiell til bruk i kommunane, i skulen og i informasjon retta til publikum. LNK arbeider for å skape positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk. Så lenge ein eller fleire av kommunane i Hallingdal er fullt betalande medlemer i LNK, er medlemskapet for Regionrådet gratis. I Hallingdal er Gol, Ål og Hemsedal medlemer. LNK driv nettstaden LNK.no som er eit viktig kontaktledd mot kommunane. Styret har vedteke å senda ut medlemsbrev til medlemene kvar veke, frå nyttår. På denne måten vil organisasjonen få endå meir kontakt med medlemene. LNK driv dessutan nettportalen startsida.no i samarbeid med ABC Startsiden. LNK har laga eit fordelskort som sikrar politikarar og tilsette i medlemskommunane rimelege hotellrom. Hotell Bondeheimen i Oslo og Hordaheimen Hotell i Bergen gir særleg gunstige tilbod til LNK-medlemer. Vurdering Regionrådet for Hallingdal har ikkje nokon vedteken målform, og eventuelt medlemskap i LNK handlar heller ikkje om val av målform i Regionrådet. Det meste av det som har vore produsert av planar, brosjyrar, presentasjonar, saker og det som ligg på heimeside er på nynorsk, fyrst og fremst ut frå at dagleg leiar har valt å nytte nynorsk som skriftspråk. For tilsette i Regionrådet er det praktisert valfri målform, noko som vil halde fram som prinsipp. Men i fleire samanhengar kan det vera rett eller formålstenleg å nytte nynorsk og dialekt. Eit medlemskap i LNK bind ikkje Regionrådet på noko vis, men det bør likevel vera ein intensjon eller meining med eit medlemsskap. I samband med Hallingdal 2020 som m.a. er eit profileringsprosjekt for Hallingdal, blir det bevisst nytta nynorsk og dialekt i enkelte samanhengar. Etter dagleg leiar sitt syn bør eit medlemskap i LNK fyrst og fremst vera med 1

utgangspunkt i ein profil Regionrådet eventuelt ynskjer å ha, som t.d. i samband med Hallingdal 2020. Forslag til vedtak Regionrådet for Hallingdal skal søke om medlemskap i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Ål 16.12.2013 Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Vedlegg: Vedtekter for landssamanslutninga av nynorskkommunar 2

VEDTEKTER FOR LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK) 1 FØREMÅL Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ein interesseorganisasjon for kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak. Organisasjonen har som føremål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. 2 MEDLEMER Alle kommunar og fylkeskommunar som gjer bruk av nynorsk i skulen og/eller administrasjonen, kan vera medlemer av landssamanslutninga. På same vilkår kan interkommunale tiltak som brukar nynorsk vera medlemer. 3 LANDSTINGET 3.1 Landstinget sin status: Landstinget er organisasjonen sitt høgaste styringsorgan. Tinget held møte annakvart år. Kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har vore medlemer i minst to månader før landstinget vert opna, kan møta på tinget med fulle rettar. 3.2 Innkalling til landsting: Landstinget skal ha møte innan utgangen av juni månad. Innkalling med sakliste skal sendast til medlemene seinast to månader før tinget skal haldast. Endelege sakspapir skal sendast tre veker før tinget finn stad. Framlegg til saker som medlemene ynskjer skal handsamast på tinget, må sendast skriftleg til styret innan 1. mars. Styret skal kalla inn til omframt landsting når minst halvparten av medlemene krev det. 3.3 Representasjon på landstinget: Kommunane har rett til slik representasjon på landstinget: Inntil 3.000 innbyggjarar 1 utsending Inntil 6.000 innbyggjarar 2 utsendingar Inntil 9.000 innbyggjarar 3 utsendingar Meir enn 9.000 innbyggjarar 4 utsendingar Folketalet i kommunen pr. 1. januar i det året landstinget vert halde er grunnlag for talet på utsendingar. Fylkeskommunane har rett til å møta med fem utsendingar, interkommunale tiltak med ein utsending. Kvar utsending har ei røyst på landstinget. Medlemer med rett til meir enn ein utsending kan gje ein utsending skriftleg fullmakt til å røysta for å så mange utsendingar ein har rett til å senda. Styremedlemene møter på landstinget med tale- og framleggsrett, men har ikkje røysterett med mindre dei er valde som utsendingar. 3

3.4 Vedtak på landstinget: Vedtak vert gjorde med vanleg fleirtal. Endringar i vedtektene og vedtak om oppløysing av organisasjonen krev to tredels fleirtal av dei registrerte røystene (inkl. fullmaktsrøyster) på landstinget. 3.5 Landstinget sine oppgåver: Landstinget vedtar sjølv endeleg dagsorden, og vel møteleiar, referent og to utsendingar til å skriva under protokollen saman med møteleiaren. Fram til tinget er konstituert har styreleiaren ansvaret for møtestyringa. Ordinære landsting skal alltid a) Godkjenna årsmeldinga. b) Godkjenna revidert årsrekneskap og balanse c) Vedta kontingent, rammebudsjett og handlingsprogram for komande to år. d) Velja styre, valnemnd og revisor. e) Ta stilling til innkomne framlegg. 4 STYRET 4.1 Val av styre: Styret skal ha fem medlemer og tre varamedlemer. Begge kjønn skal til ei kvar tid vera representerte både blant dei faste medlemene og varamedlemene i styret. Styremedlemene vert valde for fire år, likevel slik at vekselvis to og tre står på val på kvart landsting. Varamedlemene vert valde for to år. Ved suppleringsval vert nye medlemer valde for resten av funksjonstida til den som går ut. Landstinget vel mellom styremedlemene leiar og nestleiar for to år om gongen. 4.2 Styremøte: Leiaren kallar inn til styremøte når han/ho synest det trengst, når dagleg leiar ber om det, eller når minst to av dei faste styremedlemene krev det. Styret er vedtaksført når minst tre av medlemene er til stades. Ved likt røystetal gjer møtestyraren si røyst utslaget. 4.3 Styret sine oppgåver: Styret leier landssamanslutninga i samsvar med vedtektene og vedtak som er gjorde av landstinget. Styret har i tillegg desse oppgåvene: a) Arbeida ut framlegg til rammebudsjett for komande år, og for toårsperioden fram til komande landsting. 4

b) Vedta årsbudsjett innafor dei rammer landstinget har vedteke. Styret kan her også gjera nødvendige endringar i desse rammene. c) Sjå til at rekneskapen vert ført i samsvar med lov, forskrifter og god rekneskapsskikk, og syta for at han vert revidert. d) Kalla inn til landsting, og førebu dei sakene som skal førehavast på tinget. e) Alle andre oppgåver som naturleg høyrer inn under styret. 5 VALNEMND Etter framlegg frå styret vel landstinget ei valnemnd på tre medlemer. 6 ADMINISTRASJON Styret tilset dagleg leiar, fastset kontorstad og vedtar løn og andre arbeidsvilkår. Innafor vedteke budsjett og dei rammer landstinget har sett for drifta, kan styret også oppretta andre stillingar i administrasjonen. 7 MEDLEMENE SINE PLIKTER 7.1 Kontingent: Medlenskommunane skal betala kontingent i høve til innbyggjartalet, med ein grunnkontingent. Fylkeskommunar og interkommunale føretak skal betala ein fast årskontingent, utan omsyn til folketalet. Den del av kontingenten som byggjer på innbyggjartalet, skal ta utgangspunkt i folketalet per 1. januar. Landstinget fastset kontingenten etter framlegg frå styret. Styret kan justera kontingentsatsane for det andre året. 7.2 Kontaktperson: Kvart medlem pliktar å peika ut ein av sine tilsette til å vera kontaktperson for LNK. 8 INNMELDING OG UTMELDING Innmelding i LNK skal skje skriftleg til styret. Utmelding av LNK må skje skriftleg og får først verknad to fulle kalenderår etter at slik melding er komen til styret. 9 ENDRING AV VEDTEKTENE Endringar i desse vedtektene krev to tredels fleirtal. Framlegg til endring av vedtektene frå andre enn styret må vera innkomne til styret innan 31. desember i året før landstinget skal haldast. Vedtekne 18. juni 1993, med endring vedteken 9. juni 1995 og endringar vedtekne 7. juni 2001. 5