REFERAT FRÅ OPNINGSSEMINAR FOR NY NYNORSK RETTSKRIVING, I SPRÅKRÅDET 20. JANUAR 2010

Like dokumenter
2012-reforma for nynorsk ikkje berre grammatikk og ordformer, men også eit verdival? Aud Søyland, tidlegare sekretær for Riise-nemnda

Tilråding om ny rettskriving for nynorsk

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 13. og 14. juni 2013

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 20. mai 2011

Kva rolle skal språkinfrastrukturen ha i gjennomføringa av norsk språkpolitikk? Åse Wetås, språkdirektør Bergen,

REFERAT FRÅ HØYRINGSMØTE OM NY NYNORSK RETTSKRIVING, I SPRÅKRÅDET 21. FEBRUAR 2011

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 18. februar 2019

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 6. desember 2012

Vel nynorsk for barnet ditt!

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 13. september 2007

Ein språknormal for lang tid

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 27. september 2018

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 26. april 2013

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Protokoll frå møtet i interimsstyret i Språkrådet

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Vedtakssak. S 34/ normalen for nynorsk rettskriving. Møtedato: 20. mai 2011 Frå: styreleiaren

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Språkrådet Boks 8107 Dep 0032 OSLO. Vår referanse RS. Hovdebygda, 21. februar 2011 HØYRINGSFRÅSEGN OM NY RETTSKRIVING FOR NYNORSK

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 3. september 2012

NY RETTSKRIVING FOR 2000-TALET

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Protokoll frå styremøte i Språkrådet 23. april 2018

Høyringssvar frå Språkverkstaden til rettskrivingsnemnda for nynorsk

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Denne minigrammatikken tar for seg nokre av hovudreglane for nynorsk.

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 24. april 2008

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Merknader til Ny rettskriving for 2000-talet

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 21. februar 2013

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I TINGRETTANE. Nynorsk

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

SoMe-retningslinjer. Os kommune i sosiale medium

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Refleksjon og skriving

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 15. februar 2016

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for alle. Då er det særleg viktig at språket er klårt og tilpassa brukarane.

Vedtaksprotokoll styremøte

MÅLBRUKSPLAN FOR BØMLO KOMMUNE

Ekstern revisor - opsjon og ny konkurranse

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

St.meld. nr. 10 ( )

Frå novelle til teikneserie

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 22. november 2007

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Treng me norsk? Åse Wetås direktør, Språkrådet Språkkonferanse i Førde,

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 2008/ Elin Nicolausson

Protokoll fra styremøtet i Språkrådet 3. mai 2007

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Møte på kommunehuset Smia

Til deg som bur i fosterheim år

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Pensumliste Norsk 623/Norsk 2, emne A: Språkhistorie og talemål. Haust 2017

Last ned Språkplanlegging og språkstrid - Ernst Håkon Jahr. Last ned

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Opprettingar i utgreiinga om nynorskrettskrivinga (versjonen frå )

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

MEDBORGERNOTAT. «Ei oversikt over spørsmåla i Meningsfelle-testen» Marta Rekdal Eidheim Universitetet i Bergen August 2017

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Til Kunnskapsdepartementet

Samnanger kommune Møteprotokoll

Lanseringsmøte for Språkrådets terminologitjeneste. 22. april 2010

Transkript:

REFERAT FRÅ OPNINGSSEMINAR FOR NY NYNORSK RETTSKRIVING, I SPRÅKRÅDET 20. JANUAR 2010 Til stades: Ida Berntsen, Jan Olav Fretland, Ottar Grepstad, Magni Øvrebotten (styret i Språkrådet) Helge Dyvik, Oddrun Grønvik, Endre Brunstad, Inge Særheim (fagrådet for normering og språkobservasjon) Grete Riise, Unn Røyneland, Ragnhild Bjørge, Tore Elias Hoel, Karin Magnetun, Svend Arne Vee, Åse Wetås og Aud Søyland (rettskrivingsnemnda) Håvard Hjulstad (fagrådet for terminologi og fagspråk) Sylfest Lomheim, Torbjørg Breivik, Sylvi Dysvik, Øystein Baardsgaard, Bård Eskeland, Jan Hoel, Daniel Ims, Åsta Norheim, Eilov Runnestø, Dag F. Simonsen, Marit Hovdenak, Svein Arne Orvik, Torunn Reksten, Karl Henrik Steinsholt, Sigfrid Tvitekkja, Kjetil Aasen, Marianne Aasgaard (sekretariatet i Språkrådet) Lars S. Vikør (Universitetet i Oslo) Håvard Øvregård, Gro Morken Endresen (Noregs Mållag) Eva Holthe Enoksen (Norsk Målungdom) Vidar Høviskeland (Landssamanslutninga av nynorskkommunar) Svein Gjerdåker (Dag og Tid) Ingunn Indrebø Ims, Arne Torp (Landslaget for språklig samling) John Ole Askedal (Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur) Ola E. Bø (Det Norske Teatret) Nikolai Nelvik (NFF) Berit Anne Halkjelsvik (Utdanningsforbundet) Ida Berntsen ønskte velkomen og takka medlemmene i den nye normeringsnemnda for at dei har sagt ja til vervet. Sylfest Lomheim slo fast at det er ein historisk dag. Meininga er at den nye nynorsknorma skal liggja fast i lang tid framover. JAN OLAV FRETLAND: REVISJON AV NYNORSKNORMA, BAKGRUNN, MANDAT Jf. artikkelen Aldri har så mange skrive så mykje for så lite? Om ti års arbeid med nynorsknormalen Normering av nynorsk i nyare tid:

1981: Tilnærmingslinja forlaten. 80- og 90-åra: Diskusjon om ordval i nynorsk. 2000-talet: o Vedtak om ordtilfanget o Bokmålet fekk ny rettskriving i 2005; skiljet mellom hovudformer og sideformer vart avskaffa for bokmål. o Stortinget avlyste den offisielle tilnærmingspolitikken. o Ny norsk språkpolitikk tillyst gjennom Mål og meining (2008). Kva er vitsen med nynorsk i 2010? Framleis eit skriftspråk som er bygd på dei norske dialektane Eit ungt og friskt skriftspråk Eit skriftspråk som byggjer på ein demokratisk tanke om at språket til folk flest er godt nok også i skrift Eit språk med tung og allsidig litteraturtradisjon Innarbeidd skriftspråk i skule og styringsverk Innarbeidd avisspråk Kvar klemmer det i 2010? Nynorsk ligg nær talemålet; samtidig fjernar talemålet seg frå nynorsk på fleire område. Støyter nynorsken gjennom stor valfridom frå seg den største brukargruppa: dei som har nynorsk som sidemål? Korleis skriv folk nynorsk i dag? Tradisjonsnynorsk Midtlinjenynorsk Dialektlinja Tilnærmingslinja Kva bør me diskutera? Skal nynorsknormalen vera offensiv, eller konsolidera? Korleis skal normerarane stilla seg til endringar i ungdomsspråket i bygdebyane på Vestlandet? Meir tradisjonell nynorsk? Samla oss om midtlinjenynorsk? Eller skal folkemålslinja framleis vera rådande? Kva delar av skriftspråket må/bør normerast? Vedtaket i styret frå 2007 og retningslinjene frå departementet frå 2009 står til ein viss grad i motsetning til kvarandre: Den nye norma skal vera enkel og stram; men nynorskbrukarar frå heile landet skal kunna kjenna seg att i norma. Dokumentet frå 2003 skal liggja til grunn for arbeidet; nye utgreiingar kan lagast. Nemnda omfattar høgt kompetente språkfolk og høgt kompetente brukarar. Nemnda blir bedd om å møta folk via nett, blogg osv. Open prosess der ein kan få reaksjonar undervegs. Prinsipielle avgjerder kan eventuelt gå til styret undervegs.

Open høyring i februar 2011, før nemnda leverer innstillinga til styret. Norma skal gjelda frå august 2012. Styret meiner det har funne ei god nemnd, og ønskjer lykke til! LARS S. VIKØR: OM SPRÅKNORMERING, SÆRLEG NYNORSKNORMERING Det er meir samanheng enn brot i det som har vore offisiell norsk språkpolitikk. Retorikken er stadig eit samla norsk språksamfunn med eit felles språkleg repertoar. Jf. utdelt støttenotat. Fleire visjonar har vore rådande for nynorsken. To samlingsvisjonar: - Einaste riksmål i landet - Sterkast mogleg innslag i eit samnorsk To kløyvingsvisjonar: - Leiande el. einaste språk i kjerneområdet - Permanent jamstelt språk i språkdelt felleskultur i heile landet Seks visjonar for nynorskens funksjon. Nynorsken skal: 1. vera det heilnorske språket for vår tid 2. reflektera folkeleg talemål slik det framstår i dialektane 3. vera eit bidrag til å få ein framtidig samnorsk så folkeleg som mogleg 4. vera eit kulturspråk som vernar om sentrale litterære verdiar 5. fungera som eit jamstelt nasjonalt standardspråk parallelt med bokmål 6. fungera som eit riksspråk i dei områda der han no er vanleg To dimensjonar i syna på nynorsk rettskriving: tilnærming til bokmål kontra tradisjonalisme valfridom kontra stram normal Saksgangen i rettskrivingsspørsmålet frå 1996 til no, jf. dokumentet. Viktig å leggja vekt på hovudkonklusjonen i Mål og meining, slik det er forma i brev frå departementet til Språkrådet: lagt til grunn at nynorsken framleis skal vera slik utforma at han kan ha appell til språkbrukarar over heile landet, og at ein ikkje stengjer ute former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar. Umenneskeleg krav å sameina det med kravet om ei enkel og stram norm. Svært usamd med Faarlund i at det bør vera professorar som utgjer rettskrivingsnemnda. Nynorsken mykje meir avhengig av brukarane enn brukarane av nynorsken. Urovekkjande lekkasje av nynorskbrukarar; det tilseier at ein må laga eit produkt som gjer nynorsken lett å ta i bruk. Eliten treng inga reform, men dei vanlege brukarane som bruker nynorsk av overtyding eller vane. Det er blant dei det blir avgjort om nynorsken overlever eller ikkje. Kampen for nynorsken kan ikkje vinnast på bygdene, er det sagt. Men han kan tapast på bygdene!

Systemet med sideformer: Aksepterer at ein ikkje lenger skal ha sideformer. Målet må vera å senka terskelen inn til nynorsken. Nemnda må utøva skjønn når det gjeld former som skal med innanfor ulike kategoriar. Der nynorsknormalen i dag har eineformer, er det rimeleg at dei blir ståande, med enkelte unntak. Dei jamstelte formene i læreboknormalen: Dei fleste er i vanleg bruk, men det er til dels òg fordi dei er i læreboknormalen. Nokre kan likevel gå ut, t.d. hava; og enkelte tilnærmingsformer som ikkje har slått gjennom. Sideformer: Bruksstatus for formene må vurderast nøye; ein må bevara former som har vorte vanlege i bruk. Det kan bli mest kamp om tradisjonelle former som er brukte av enkelte mindre grupper. Når det gjeld telja-klassen, må truleg sideformene bli eineformer. Lydverket: Problematikken y ø utgjer eit stort problem. Føreslo i notat for fagnemnda på 70-talet å jamstella alle formene; det ville letta situasjonen for språkbrukarane. Morfologien er eit anna problem: gamle i-stammar (typen benk -en, -er [-ar]) og o- stammar (typen myr -a, -ar [-er]) i substantiv. -ent bør jamstellast med -e i nøytrum av adjektiv som endar på -en, særleg av omsyn til vanlege språkbrukarar. -e kjennest ikkje naturleg i nyare adjektiv som gedigent, guffent, kristent. Samsvarbøying: ikkje så vanskeleg for sterke verb, men vanskeleg i svake verb. A-verba uproblematiske; verre med e-verb. Endringar i talemål og i rettskrivinga har gjort at språkbrukarane kjenner seg usikre, jf. har kjent/kjend, har gått/gådd. J eller ikkje etter g og k: Eit system som er godt grunngitt språkhistorisk; ikkje lett å praktisera for dei som ikkje kan språkhistorie. Konklusjon: Mange har sett valfridom som eit stort gode. Dei fleste som har meint det, har stor språkleg kompetanse. Ein har aldri kunna ta valfridommen for gitt. Dei som les mykje, lærer seg at det finst ei bruksnorm, ein midtlinjenynorsk som ikkje er så variert som folk trur. Åtvarar mot å laga ein nygammal nynorsk, og likeins mot å laga ein ny nynorsk. Målet må vera å laga ein bruksvennleg nynorsk som femner om det som dei fleste oppfattar som vanleg nynorsk. Dess meir det blir sagt at nynorsken er vanskeleg, dess meir poeng får motstandarane. Må vera varsame med det i den opne prosessen. Nynorsken speglar talemålet ganske godt, når folk kan velja mellom nokre hovudkategoriar. Folk vil gjerne ha ei rettleiing, men også ein viss fridom. Støttar statens og Språkrådet sitt mål om ei strammare norm. Blir resultatet slik at ingen er nøgd, men at alle seier dette kunne vore mykje verre, og framleis vil skriva nynorsk, er arbeidet vellykka. Språkkjensla er i endring også hjå språkbrukarane. Framlegg til prinsipp: 1. Bevar den prototypiske nynorsken 2. Vurder valfrie former; ta ut dei som ikkje har nokon funksjon; behald dei som betyr mykje for mange. 3. Vurder regelsystemet; fjern eller lemp på reglar som må puggast. 4. Det nynorske repertoaret er større enn den offisielle rettskrivinga. Prøv ikkje å normera heile repertoaret.

HELGE DYVIK OG ODDRUN GRØNVIK: OM DEN FAGLEGE ROLLA TIL FAGRÅDET FOR NORMERING OG SPRÅKOBSERVASJON UNDER PROSESSEN Fagrådet for normering og språkobservasjon, fagråd 3, har tre eksterne medlemmer og fagrådssekretær for nynorsk og tre medlemmer for bokmål. Fagrådet har vore noko involvert i prosessen med nynorsk rettskriving. Leiar og nestleiar var med i den gamle fagnemnda. Fagrådet er prosjektstyre for rettskrivingsnemnda i fagleg forstand, men økonomisk og administrativt prosjektstyre er styret. Rollefordeling Styret i Språkrådet er oppdragsgivar. Nemnda er leverandør og har ansvar for resultatet av eige arbeid. Fagrådet må stå for kvalitetssikring under prosessen. Kva slags rolle skal fagråd 3 ha? 1. Passiv rolle svara på spørsmål. 2. Rettleiarrolla svara på spørsmål, peika på problem som ikkje er behandla. 3. Overkikadorrolla aktiv overvaking, sjølvpålagd pådriving. Fagråd 3 ønskjer å ha ei rolle midt imellom rolle 2 og 3. Vil gjerne sjå alle dokument. Vil kommentera alt me blir bedde om å kommentera. Varsame med å seia noko om det me ikkje blir bedde om å kommentera. Melda frå i forkant om faglege omsyn som ikkje er påtenkte. Fagråd 3 er kvalifisert til å ha synspunkt på: 1. Omgrepsdefinering 2. Teoretisk ramme 3. Arbeidsplan og metode for språklege undersøkingar 4. Vurdering av dokumentasjon og dokumentasjonsbehov 5. Underbygging av konklusjonar 6. Argumentasjon for konklusjonar 7. Kartlegging av avvik mellom mandat og fagleg resultat Milestolpar, tidsplan, ramme, budsjett Arbeidsgang må nemnda setja opp, men fagrådet kan bidra (jf. liste) Tidsramme for arbeidet: 1 år 3 mnd. Mandatet har styret gitt. Budsjett 1,5 mill. Ramme for nye utgreiingar 250 000 kr. F3 meiner det er for snautt m.a. bør ein bruka midlar på å utvida det nynorske tekstkorpuset. Innføring av ny nynorskrettskriving Nynorskrettskrivinga skal ut til folket hausten 2012. Ny utgåve av Nynorskordboka og ordlister innan 1.7.2012. Vonleg trengst det ikkje nye nynorske lærebøker. Oppdatering av språklege verktøy som ligg under Nynorskordboka.

Samarbeid Viktig med: - rolleforståing - god organisering - god informasjonsflyt (arbeidsrom på nett?) - semje om kven som uttalar seg om kva Fagråd 3 vil gjerne yta sitt til at nynorskrevisjonen blir vellykka og godt motteken. SPØRSMÅL OM MANDATET, ARBEIDET, PROSESSEN. PLENUMSDEBATT Halkjelsvik: Hovudformålet må ikkje vera å tilfredsstilla dei som har nynorsk som hovudmål, men alle som skal skriva nynorsk. Ikkje fjerna mykje brukte former. Samd med Mål og meining i at det ikkje er former som avgjer om det er god nynorsk. Mykje kan gjerast i utdanningssystemet for å styrkja nynorsken. Særheim: Gode foredrag. Spørsmål til Fretland om ansvarsmodellen: Mellom fagrådet og nemnda er det teikna inn kommunikasjon begge vegar; frå styret til nemnda berre ein veg (ovanfrå). Fretland: Ikkje viktig å fastslå arbeidsforma i detalj; nemnda og fagrådet må finna den forma som passar dei best. Økonomispørsmål og tidsplan bør gå gjennom fagrådet til styret, likeins spørsmål med språkpolitisk kraft. Riise: I min språkbruk er styringsgruppa den som bestemmer ramma. Eg oppfattar fagrådet som fagleg instans og økonomi/rammer som ei sak for styret. Fleire synspunkt på det? Lomheim: Ikkje så formelle; stiller meg bak Fretlands syn. Modellen er utgangspunktet. Brunstad: Det trengst meir midlar til utgreiingsarbeid enn det som er sett av i budsjettet. Viktig å analysera korleis nynorskrettskrivinga blir teken i bruk. Truleg får me ei norm som er smalare enn dagens rettskriving, men vidare enn dagens læreboknormal. Kva vil store normerarar som forlag, departement, NPK velja? Fagrådet har hatt førespurnad frå forlag som har laga ein eigen nynorsknormal for sitt bruk, mest mogleg nær bokmålet; sannsynlegvis er det den same framgangsmåten dei store tekstprodusentane no vel. Dette må nemnda ta omsyn til i arbeidet. Eit anna aspekt er den nynorsken elevane bruker i skulen. Her er normklynger eller subnormer av nynorsk noko vi treng meir kunnskap om. KAL-korpuset er eit materiale som kan brukast til granskingar. Det må vera mogleg å få ekstraløyvingar frå departementet. Lomheim: Truleg får me ikkje meir pengar frå departementet. Forlag skriv den nynorsken dei vil; statsforvaltninga det dei blir pålagde. Askedal: Noverande nynorsknorm prega av ein ulykkeleg kombinasjon av stor valfridom på ei side og sterke restriksjonar på den andre sida. Viktig at nynorsknorma tek didaktiske omsyn til at svært mange skal læra nynorsk som sidemål. Mykje av det som er problematisk både med dagens nynorsk- og bokmålsnorm, er eit resultat av ekspertane sitt arbeid. Derfor helsar eg ikkje-ekspertane velkomne. Viss ein får ei nynorsknorm som er strammare, burde ein kanskje leggja meir vekt på å utvikla eit nynorsk normaltalemål. Det støttar opp om den nye skriftnorma. Berntsen: Sluttar meg til det som Lomheim og Fretland har sagt, viktig å få opp slike problemstillingar. Er det behov for ytterlegare presiseringar, tek me det opp på neste styremøte.

Enoksen: Samd i det som blir sagt om å ta omsyn til språkbrukarane, og då må ein ta med dei unge språkbrukarane, både dei som lærer det som hovudmål, og dei som lærer det som sidemål. Viktig at nynorsken blir normert på sjølvstendig grunnlag; vil heller ta eit steg tilbake, slik at folk opplever skiljet mellom nynorsk og bokmål som klarare. Ønskjer at ein tek utgangspunkt i læreboknormalen, men likskapen mellom nynorsk og bokmål må ikkje bli større. Det er ikkje rettskrivinga som får folk til å halda på nynorsken, det er i kva grad dei ser nynorsken i bruk i barne-tv, på nett, i bøker og blad. Torp: Samd med Askedal i alt bortsett frå det siste. Aasen tenkte nok at folk skulle tala landsmålet, men han våga det ikkje sjølv. Det kom mykje seinare, og då var det mindre stigmatisert å tala dialekt. Lite behov for å kvitta seg med dialekten i dag; møter lite motstand. Problemet for nynorsken er at ingen har det som morsmål. Hadde Aasen fått den sosiale eliten til å tala nynorsk, ville stoda ha vore ei heilt anna i dag. Nynorsken som normaltalemål er ei avsporing i debatten i dag. Øvregård: Bra opningsmøte. Mållaget sitt offisielle syn er landsmøtevedtaket frå 2008: ikkje for stor innstramming, nynorsken må femna om heile landet. Utdanningsdirektoratet føreslår i dag at yrkesfagelevar skal sleppa sidemål. Statsråden svarar tja, ikkje klart ja, som det burde ha vore. Det illustrerer problema me slit med. Eskeland: Det er aldri gjort noka risikovurdering av kor store grupper som kan koma til å detta av dersom nynorsken blir endra. Lett å læra, lett å bruka er gode prinsipp. Stramheit har dukka opp i mandatet, utan at eg ser at departementet har kome med slike signal. Ideologi skal ikkje vera viktig? Det er det som gir retning i normeringsarbeidet. Korleis skal ein formidla det som no går ut av norma, og som har vore i nynorsknormalen? Vikør: Hovudmåls- og sidemålsbrukarar har truleg ikkje så ulike interesser. Lett å bruka? Ingen språk er lette å skriva heilt rett, viss ein ikkje les og skriv det mykje. Grønvik: Fleire her var med i førre runde. Det verkar som at det no er mykje større aksept for ei stram norm. Skjer det ikkje her, skjer det ute i den private marknaden. Materialtilgangen er ein heilt annan no enn før. Problemet er at dei fleste ikkje tek det i bruk. Ordlista blir brukt som rettesnor. Det må seiast noko om ordtilfanget: at norminstansen for ordtilfang er Norsk Ordbok. Viktig at ein vågar å ta i dette problemet. Lomheim: Nemnda har høve til å gjera seg ferdig med delproblem, i samråd med fagrådet. Viktig at det endelege forslaget ikkje blir liggjande lenge i departementet før det blir godkjent. Litt om a-infinitiven: hugs at a-infinitiv er den dominerande i norsk skrift, pga. svensk. D. Ims: I mandatet står det at norma skal vera eit tilbod til dei som må skriva rett nynorsk, og at forfattarar og mange andre ikkje treng ta omsyn til henne. Mange forfattarar vil framleis bruka kløyvd infinitiv t.d. Ein må ikkje enda opp med ein nynorsk som blir brukt berre i sakprosa; ein blir ikkje god i nynorsk av å lesa sakprosa, men skjønnlitteratur. Breivik: Eit bruksområde har vore lite framme i diskusjonen: IKT. Stavekontrollar og ordlister gir elevar rett på former som ikkje heng saman stilistisk sett. Det faget der dei no bruker mest pc, er norskfaget (80 %). Stavekontrollane er ei form for normering som me ikkje har kontroll på. Program som gir stilistisk rettleiing, finst, men blir ikkje brukte. Program som blir styrte av tale, er på veg inn. Kan òg vera eit viktig moment. Dyvik: Eit moment som har vore forsømt i tidlegare normering, og som nemnda kan merka seg: enkle grunngivingar for forslaga ein kjem med.

Fretland: Dei som pliktar å skriva rett nynorsk, blir ganske mange: elevane i skulen, lærarane, lærebokforfattarane, dei statstilsette. Norma skal dessutan vera eit tilbod til dei som ønskjer å skriva eit korrekt nynorsk. I dag er ho kanskje så vid at mange får eit slapt forhold til henne. Det må koma tydeleg fram at det er eit tilbod, og ikkje eit påbod. Grønvik: Har nemnda nådd å gjera seg nokre tankar om det å få folk i tale? Enoksen: Det blir sagt mykje om kven som skal skriva den korrekte nynorsken, og at det blir vanskeleg for mange å læra seg ei ny norm. Det er eit problem berre dei fyrste åra, til dei som må skriva korrekt, og nye generasjonar av skuleelevar har lært seg norma. Brunstad: Vil presisera det med "rettskrivinga som eit tilbod" som styret talar om. Denne talemåten er vel idealistisk; ein ser vekk ifrå normeringsmakta til dei store tekstprodusentane og korleis normeringa blir gjennomført. Kjenner folk som går over frå a- til e-infinitiv pga. at a- infinitiven blir sedd på som markert, og den markeringa heng saman med at ein ikkje ser a- infinitiven i lærebøker, statlege skriv etc. I.I. Ims: Til det NMU sa om tilnærming: svært viktig å ta omsyn til brukarane. Det må ikkje vera eit poeng ikkje å velja former som fell saman med bokmål. Lite midlar til nye undersøkingar? Vonar nemnda tek omsyn til tidlegare undersøkingar. Har nemnda teke stilling til kva ein må få laga undersøkingar på? Riise: Takkar for tilliten på vegner av nemnda. Førebels har ikkje nemnda tenkt; det har andre til no gjort. Det ligg eit stort materiale frå førre normeringsnemnd som me vil leggja til grunn. Somme har sagt at rettskrivingsarbeid ikkje er for folk flest, men iallfall er rettskrivinga for folk flest. Har merka meg det om at me ikkje skal laga ein ny nynorsk, men ta omsyn til brukarane. Har begynt å snakka om at me treng fleire undersøkingar, men me må kartleggja til neste møte kva me har, og kva me treng. Får me ikkje meir pengar, må me halda oss til dei 250 000 me har. Det blir ein nettstad på Språkrådet sine sider der me legg ut vårt grunnlagsmateriale, og referat frå møta våre. Når det gjeld innspel, må me avgrensa det innanfor det me har kapasitet og økonomi til. Vår frist er 1. februar 2011, då det blir neste sjanse for dykk å koma med råd. Lomheim: Budsjettet for 2010 skal vedtakast 24. februar. Ein sum er stipulert for prosjektet, men kan vurderast. Askedal: Uttrykket tilbod har vore brukt urovekkjande mange gonger. Målet må vera at flest mogleg skal bruka norma. Riise: Viktig å formidla ut at språk er uendeleg mykje meir enn den norma me kjem fram til. Lomheim takka alle dei frammøtte for verdifulle innspel til arbeidet med ny rettskriving for nynorsk. Referent: Aud Søyland