Innkalling til møte i Tid: 27. februar 2012 kl. 18:00 Stad: Stranda kyrkjelydshus, Møtesalen Forfall må meldast snarast. Varamedlemar møter ikkje utan varsel. Synfaring i Stranda kyrkje. Orientering om arbeidet i Stranda kyrkjelyd. Sakliste: Sakstittel Arkivkode SKF 9/2012 Rekneskap 2011 131.0 SKF 10/2012 Varamedlemer til AU og kyrkjeleg administrasjonsutval 012.3 SKF 11/2012 Betalingssatsar for bruk av kyrkjene i 154.0 SKF 12/2012 Møtegodtgjersle 233.0 SKF 13/2012 Oppretting av stilling 211.0 SKF 14/2012 Referatsaker 012.2 SKF 15/2012 Val av to personar til å skrive under protokollen Orienteringssaker: Prosten orienterer om prestesituasjonen i prostiet. Open post - KOLBJØRN GJÆRE Leiar ESTER WALGERMO kyrkjeverje Møtedato 27. februar 2012 Side 1 av 10
SKF 9/2012 Rekneskap 2011UTGREIINGRekneskapa for dei 5 tidlegare fellesråda er no avslutta og gjennomgått av revisor. I og med samanslåinga av fellesråda vil formelt godkjenne desse rekneskapa, men for Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal sokneråd vil det vere naturleg å presentere rekneskapa også for dei med særskild godkjenning av avdeling 44 som gjeld kyrkjelydsarbeidet. Sokneråda vil også utarbeide eigne årsmeldingar som tidlegare. Det blir lagt fram rekneskapsrapportar på avdelingsnivå, balanseoppstilling og notar for kvart av fellesråda. Det blir lagt opp til at kvart av rekneskapa vert godkjent kvar for seg. Balansen til kvart av fellesråda vil danne utgangspunkt for ein samla inngangsbalanse i. I samband med denne saka kan det vere behov for å seie noko om korleis ein skal dekke inn underskot / disponere overskot. I den grad det er disposisjonsfond er det foreslått brukt av / avsett til dette. INNSTILLINGRekneskapen til Stordal sokneråd vert godkjent som det ligg føre. Rekneskapen til Ørskog sokneråd vert godkjent som det ligg føre. Rekneskapen til Skodje sokneråd vert godkjent som det ligg føre. Rekneskapen til Norddal sokneråd vert godkjent som det ligg føre. Rekneskapen til Stranda kyrkjelege fellesråd vert godkjent. SKF 10/2012 Oppretting og val til kyrkjeleg administrasjonsutvalutgreiingi første møte i administrasjonsutvalet vart det meldt to forfall frå arbeidsgjevarsida. Dette gjorde det tydeleg at det bør veljast vararepresentantar for arbeidsgjevarsida, for å sikre at arbeidsgjevar alltid har fleirtal i møtet. Administrasjonsutvalet her eit utval for arbeidsgjevar der dei tilsette skal ha høve til å vere med å påverke og uttale seg i saker som gjeld dei tilsette. Arbeidsutvalet rår til at nestleiaren i AU, Trond Otto Berg, blir varamedlem til administrasjonsutvalet. I tillegg kan det vere ein representant til frå fellesrådet. INNSTILLINGDesse blir valt til varamedlemer i Storfjorden kyrkjelege administrasjonsutval: 1. varamedlem: Trond Otto Berg 2. Varamedlem: Knut Strand SKF 11/2012 Betalingssatsar for bruk av kyrkjene i Storfjorden kyrkjelege fellesrådutgreiingfellesrådet har ansvar for å syte for personell og andre driftskostnader til forordna gudstenester, kyrkjelege handlingar for dei som bur i soknet og konfirmantundervisning. For andre arrangement i kyrkjene, må Møtedato 27. februar 2012 Side 2 av 10
fellesrådet ta stilling til kostnadane ved bruk og utlån av kyrkjene. Kyrkjelova 20 gjev heimel for å kunne krevje betaling ved utlån av kyrkjer i slike høve. I sokna vore har det tidlegare vore gjort forsøk på å samordne betalingssatsane ved utleige av kyrkjene. Vi ser no at det likevel er noko ulik praksis og nivå på betalingssatsane som blir brukt. Etter arbeidsutvalet si meining bør ein prøve å harmonisere dette mest mogeleg, så det ikkje skal vere store forskjellar frå sokn til sokn kva ein krev for ein vigsel eller ei gravferd for folk som ikkje er medlemer i kyrkja eller ikkje bur i soknet. Skodje sokneråd har handsama betalingssatsane ganske nyleg, i april 2010. Det vil difor vere naturleg å legge dette vedtaket fram som grunnlag for dei betalingssatsane som skal gjelde i. Reglar for betaling av utlån av kyrkjer, skal godkjennast av bispedømerådet. Moment til vurdering i fellesrådet: - Vil det vere naturleg å ha som grunnlag fleire timar for ein organist enn ein kyrkjetenar ved vigsel? Det kan ofte vere mykje førebuing for begge stillingane til ei slik hending. Og av og til er det ekstra mykje øving og samspel i eit bryllaup. Andre tider kan det vere berre heilt vanlege vigsels seremoniar utan ekstra innslag. I framlegget til betalingssatsar er det brukt ein fast sum uansett. - I nokre kyrkjer er det ofte vigslar, t.d i Geiranger. I andre kyrkjer er det heller sjeldan at det er brudepar som ikkje har tilknyting til soknet, som gifter seg i soknet si kyrkje. - Når det gjeld opning av grav, er det ulike ordningar som gjeld på dei ulike kyrkjegardane. Nokre stader blir det leigt inn eksternt firma til gjere jobben. Andre stader har kyrkja sjølv folk og utstyr til å opne grav. Den reelle kostnaden er kanskje ikkje så ulike anten det er den eine eller andre løysinga ein har. Prisane som er sett opp til vigsel og gravferd, er delt opp i fleire element. Det betyr at dersom nokon har eigen organist t.d. kan denne summen bli trekt frå totalbeløpet. Brudepar skal også betale ein sum til presten, men dette går ikkje gjennom fellesrådet sin rekneskap. Kyrkjeverja legg fram forslag til reglar for betaling ved leige av kyrkjer i fellesrådsområdet. Reglane skal godkjennast av bispedømerådet. Det er difor sett opp ei eiga liste med betalingssatsane, for desse vil endra seg over tid. INNSTILLINGREGLAR FOR BETALING FOR BRUK OG UTLÅN AV KYRKJENE I STORFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD Vedtatt av den.. Sak. Møtedato 27. februar 2012 Side 3 av 10
Godkjent av Møre bispedømeråd den Reglane gjeld betaling for bruk av kyrkjene utanom dei forordna gudstenestene og ved kyrkjelege handlingar Heimel: Lov om Den norske kyrkja 20 Reglar for bruk av kyrkja, fastsett av kyrkjemøtet i 1991 1. Kyrkjeleg handling utanfor gudstenesta kan utførast etter nærare avtale. Det kan takast betaling etter satsar fastsett av fellesrådet. Kyrkjeverja syter for at betalingssatsane blir indeksregulert anna kvart år. 2. For leige av kyrkja i høve vigsel for personar som ikkje er busett i kommunen, skal det betalast etter satsar fastsett av fellesrådet. Det skal ikkje takast betaling dersom brud eller brudgom er medlem i Den norske kyrkja og har bustadsadresse i kommunen eller dersom minst ein av foreldra bur i kommunen. 3. For leige av kyrkja i høve gravferd/jordfesting av personar som er busett utafor kommunen, skal det betalast etter satsar fastsett av fellesrådet. Det skal ikkje krevjast betaling dersom familien som syter for gravferda, bur i kommunen og har festa gravstad. 4. For leige av kyrkja i høve vigsel eller gravferd av personar som ikkje er medlem av Den norske kyrkja, skal det betalast etter satsar fastsett av fellesrådet. 5. For arrangement i kyrkja i regi av soknerådet går inngangspengar eller kollekt til soknerådet eller til formål bestemt av soknerådet. 6. For arrangement i regi av kristelege organisasjonar innafor Den norske kyrkja, som er verksame lokalt går inngangspengar eller kollekt til arrangøren dersom ikkje anna er bestemt i særskilt vedtak. 7. For prestane i sokna sin eigen bruk av kyrkja etter 10 i reglar for bruk av kyrkja, blir det ikkje tatt betaling. Kollekt går til soknerådet eller til formål bestemt av soknerådet. 8. For arrangement utan billettinntekter i regi av kulturelle eller humanitære organisasjonar i kommunen, skal det betalast etter satsar fastsett av fellesrådet. 9. For arrangement i regi av kulturelle eller humanitære organisasjonar utanfor kommunen, skal det betalast etter satsar fastsett av fellesrådet. 10. For arrangement i regi av kristelege organisasjonar som ikkje er verksame i kommunen, skal det betalast etter satsar fastsett av fellesrådet. 11. For arrangement som medfører billettinntekter, skal det betalast etter satsar fastsett av fellesrådet. 12. Andre tenester utover leige, samt betaling for slike tenester, skal avtalast direkte med Møtedato 27. februar 2012 Side 4 av 10
utleigar i kvart einskild tilfelle og etter nærare vedtak i fellesrådet. 13. Andre vilkår for å nytte kyrkja etter desse reglane, blir fastsett av fellesrådet. 14. Fellesrådet v/kyrkjeverja er ansvarleg for å krevje inn betaling for utlån av kyrkja. Betalinga blir kravd inn på bakgrunn av utfylt oppgjersskjema. Sokneråd som låner ut kyrkja er ansvarleg for at oppgjersskjema vert fylt ut og sendt til kyrkjeverje. SATSAR FOR BETALING FOR BRUK AV ØRSKOG KYRKJE 1. Vigsel ikkje busett i kommunen, og ikkje medlem av Dnk: kr. 3800,- husleige 1000 organist 1400 kyrkjetenar 1400 2. Gravferd ikkje busett i kommunen og/eller ikkje medlem av Dnk: kr. 4850,- husleige 1000 organist 1400 kyrkjetenar 1400 klokkar 1050 Opne grav/ Jordfesting utan seremoni i kyrkja kr. 3500,- 4. Arrangement utan billettinntekter i regi av kulturelle og humanitære organisasjonar i kommunen kr. 500,- 5. Arrangement utan billettinntekter i regi av kulturelle og humanitære organisasjonar utanfor kommunen kr. 2000,- 6. Arrangement i regi av kristelege organisasjonar i bygda kr. 0,- 7. Leige av kyrkja i regi av andre trussamfunn og kristelege organisasjonar utanfor bygda kr. 500,- 8. Arrangement som medfører billettinntekter 10 % av inntektene, maksimum kr. 5000,- 9. Utleige som medfører billettinntekter til arrangørar som ikkje er lokale 15 % av inntektene, minimum kr. 1000,- maksimum kr.7000,- Møtedato 27. februar 2012 Side 5 av 10
10. Inntekter ved arrangement med billettsal blir fordelt slik: 50 % til det soknerådet som leige ut kyrkja 50 % til fellesrådet SKF 12/2012 Møtegodtgjersle UTGREIINGKyrkjelova 15 pålegg kommunen økonomisk ansvar for mellom anna «driftsutgifter for fellesråd og menighetsråd, herunder utgifter til administrasjon og kontorhold». «Handbok for sokneråd og kyrkjeleg fellesråd» seier dette om møtegodtgjersle: Det er ulik praksis med omsyn til om medlemmer av sokneråd og fellesråd får dekt møteutgifter, utgifter til skyss og anna. Det å sitje i eit råd er eit offentleg verv som ein har plikt til å utføre om ein blir vald. Det er ikkje ei frivillig sak som anna kyrkjelydsarbeid. Spørsmålet om godtgjersle bør takast opp med kyrkjeverja/fellesrådet og avgjerast i fellesrå Dersom det blir vedteke å gi godtgjersle, er det naturleg å leggje godtgjerslereglementet i kommunen til grunn for utrekninga. (Handboka er tilgjengeleg på www.kyrkja.no/haandbok) Spørsmålet om møtegodtgjersle for soknerådsrepresentantane har vore eit vanskeleg spørsmål for mange sokneråd og fellesråd. Dårleg økonomi har gjort at denne posten ofte har blitt salderingspost. I dei gamle sokneråda har det dei siste åra vore slik praksis: Skodje: kr. 350 pr. møte Stordal: kr. 100,- pr. møte Norddal: kr. 250,- pr. møte Stranda: kr. 0,- Ørskog: kr. 0,- kr, 3000 til leiar Godtgjersle frå kommunane veit vi ikkje så mykje om, men Ørskog har hatt 350 kr /møte og arbeider no med å foreslå auke på kr. 50. I Skodje kommune er møtesatsen kr. 533 pr møte I andre fellesråd kjenner vi til desse satsane: Haram: FR kr. 300 pr møte SR kr. 0 Giske: Volda: FR og SR kr. 250 pr møte. kr. 500 pr møte til leiar kr 0 både til FR og SR Sykkylven: FR kr 375 (maks 1500) SR kr. 150 (maks 1500) Møtedato 27. februar 2012 Side 6 av 10
Ulstein: Ålesund: kr. 1000 pr møte FR kr 750,- Leiar kr. 1100 pr møte SR kr 600,- Leiar kr. 850 pr møte Andre utval: kr. 850,- pr møte Gjemnes: FR 300,- pr møte. Leiar + kr 6000,- Fræna: kr 0,- Leiar kr. 3000,- Molde: Surnadal Rindal FR og ADMIN: 715,- pr møte. Møteleiar kr. 1073 pr møte (1 promille av rådmanns løn) FR: 0,1 % av av kyrkjeverja si løn Leiar 0,3 % til leiar av FR og ADMIN SR: 500 kr pr. år. Leiar: 1500 pr. år Sunndalsøra:FR: kr. 400,- pr møte SR: kr. 0,- I tillegg til møtegodtgjersle må dei som har eit stykke veg til fellesrådsmøta også få skyssgodtgjersle. Dersom det er nokon som ikkje har høve til å få fri med løn for å vere med på møte i fellesrådet, kan det også bli snakk om å dekke tapt arbeidsforteneste. Dersom dette er eit behov, bør fellesrådet vurdere om det skal lagast eige reglement for godtgjersle til folkevalde. Dei kommunale representantane får møtegodtgjersle som til andre politiske møte. Skodje sokneråd har hatt oppe sak om møtegodtgjersle og bed om at medlemer i SR (sokneråd) får ei godtgjersle på kr. 350 pr møte. Vurdering: Det er i utgangspunktet ikkje nokon rimeleg grunn til å handsame sokneråd og fellesråd ulikt. Men den økonomiske situasjonen gjer at det ofte ikkje blir heilt optimale løysingar. For er økonomien stram. Det er budsjettert med kr. 45000,- til møtegodtgjersle. Det er ikkje lagt inn i budsjettet skyssgodtgjersle og tapt arbeidsforteneste. Etter det ein ser av den oversikta vi har laga når det gjeld møtegodtgjersle, er det mange måtar å løyse dette på. Møtedato 27. februar 2012 Side 7 av 10
I hovudsak ser eg for meg at ein kan tenke på to alternativ som eit utgangspunkt. Alt. 1: Godtgersle både til FR og SR. Alt. 2: Godtgjersle berre til FR og Admin-utval og til soknerådsleiarane. Alt 1: Med 45000,- til disposisjon blir det veldig vanskeleg å kunne gje ein fornuftig sum til kvart soknerådsmedlem. Dersom ein tenkjer at alle skulle få lik,. blir det omlag kr. 125 kr pr møte. Dette er sjølvsagt avhengig av kor mange møte råda har og kor mange medlemer det er i kvart råd. Alt 2: Ein kan også tenke at Medlemene i Fellesrådet og administrasjonsutvalet får ein høgare sum og at leiarane for sokneråda får ei godtgjersle. Dersom møtesatsen blir sett til kr. 500 og rådsleiarane får ei godtgjersle på kr. 3000, vil vi kome ut ca kr. 10000 over budsjettet. Reknearket eg har brukt for å sette inn og ut ulike tal, kan gje ein peikepinn på kva nivå fellesrådet må finne for møtegodtgjersle. Møtegodtgjersle: Alt 1 Alt 2 2012. ant møter sum pr møte sum Storfjorden 8 6 400 19200 admin 2 5 400 4000 leiar FR 3000 26200 Leiarar SR 8 3000 24000 24000 Stranda 6 7 125 5250 Hellesylt 8 7 125 7000 Geiranger 4 7 125 3500 Liabygda 4 7 125 3500 Norddal 8 7 125 7000 Stordal 6 7 125 5250 Ørskog 8 7 125 7000 Skodje 8 7 125 7000 71700 50200 Får for maks 7 møte INNSTILLINGSoknerådsmedlemer som er med i får ei møtegodtgersle på kr. 400 pr møte når dei møter i fellesrådet og i administrasjonsutvalet. Leiaren i fellesrådet får i tillegg ei årleg godtgjersle på kr 3000. Møtedato 27. februar 2012 Side 8 av 10
Soknerådsleiarane får ei årleg godtgjersle på kr. 3000. Fellesrådet vil arbeide for at sokneråda etter kvart også får møtegodtgjersle. Dei som har reiseutgifter til møta, får dekka desse etter gjeldande reiseregulativ. Det blir oppmoda om at ein søkjer å køyre saman til møta. SKF 13/2012 Oppretting av stillingutgreiingørskog sokneråd har tidlegare hatt ulike løysingar for reinhald i kyrkjelydshuset. Det har vore frivillige vasketeam og det har vore ungdom som har hatt oppdraget med reinhald. No blir det leigd inn ein mann på timebasis. Ørskog sokneråd har vedtatt å setje av ca 40000 til lønsmidlar pluss sos. utgifter til reinhaldar/vaktmeister på Kyrkjetorget. Det vil bli omlag 10 % stilling. Det er fellesrådet som skal godkjenne oppretting av stillingar, jfr. KL 9 For Ørskog sokneråd sin del vil det ikkje vere formålstenleg å bli arbeidsgjevar på grunn av denne stillinga. Soknerådet bed difor om at fellesråd tar på seg ansvaret som arbeidsgjevar og får refundert lønsutgiftene frå soknerådet. Det vil ikkje vere knytt forpliktingar til pensjonsutgifter til stillinga. Stillingar som skal meldast inn i pensjonsordninga må vere på minimum 40% stilling. Stillinga har vore drøfta i administrasjonsutvalet som tilrår intern utlysing. INNSTILLING godkjenner at det blir oppretta inntil 10 % stilling som reinhaldar/vaktmeister på Kyrkjetorget. vil stå som arbeidsgjevar for stillinga med dei rettar og plikter det vil ha for stillinga. Ørskog sokneråd refunderer utgiftene til stillinga. SKF 14/2012 ReferatsakerUTGREIINGa) Møteprotokollen frå Fellesrådet 18.01.2012 er godkjent og underskriven. Den er tidlegare sendt ut til medlemene og ligg difor ikkje ved denne sendinga. b) Referat frå Stranda sokneråd 02.02.12 c) Referat frå Ørskog sokneråd 25.02.12 d) Referat frå Skodje sokneråd 16.02.12 e) Brev frå Møre biskop datert 17.02.2012, om oppnemning av prestar i kyrkjelege fellesråd 2012-2016 f) Referat frå sak i AU 07.02.12 g) Rekneskapsrapport Når det gjeld referat frå sokneråda, har ikkje alle sendt inn desse til fellesrådet. Det kan hende at soknerådsrepresentantane har referat frå sitt sokneråd. Møtedato 27. februar 2012 Side 9 av 10
INNSTILLING tar referatsakene til vitande. Møtedato 27. februar 2012 Side 10 av 10