Det skjer i Suldal. 17. september til 16. desember 2012. www.skattkammeretsuldal.no



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Månadsplan for Hare November

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Det skjer i Suldal. 20. september 2011 til 15. januar

Det skjer i Suldal. 26. januar til 22. juni

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Det skjer i Suldal. 20. juni til 3. oktober Du kan kjøpa billettar til arrangement på Kulturhuset på

Program våren 2015 Askim bibliotek

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Det skjer i Suldal. 1. juni til 1. oktober

MEDLEMSINFO. august 2009

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Det skjer i Suldal. 11. september til 20. desember

Velkommen til songarstemne i Florø!

6. trinn. Veke 24 Navn:

Det skjer i Suldal. 3. oktober til 16. desember

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Det skjer i Suldal. 25. september til 9. desember

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Det skjer i Suldal. 26. januar 2012 til 16. juni

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

mmm...med SMAK på timeplanen

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

No sprett knuppane og sevja stig

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Time Bibliotek. Haustmeny 2015

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert


Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månedsbrev april 2015

Det skjer i Suldal. 10. juni til 5. oktober

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Månadsbrev for Rosa september 2014

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Det skjer i Suldal. 22. juni - 5. oktober

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Det skjer i Suldal. 15. september til 14. desember

Onsdag 10. august 18:30-20:30 Fleirbrukshallen ÅIL: Fotball (frå 16 år)

Det skjer i Suldal. 16. januar til 22. juni

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Det skjer i Suldal. 23. mai til 6. oktober

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Vågå kulturskule. Skuleåret

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Oversikt over aktuelle produksjonar 2014/våren 2015

Årsplan i Musikk for 2.årssteg

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

august 2013 NESETDAGANE.

Sommartur til Sverige,

Klepp kommune Tu skule

Transkript:

Det skjer i Suldal 17. september til 16. desember 2012 Du kan kjøpa billettar til arrangement på kulturhuset på www.suldal.kulturhus.no www.skattkammeretsuldal.no

Foto: Suldalsposten Ein stad i verda kvelden 20. september 2002. På tuftene av ein over 1500 år gammal buplass rører det seg eit mylder av oppkledde, utkledde og forventningsfulle barn, unge og vaksne. Staden den kvelden i 2002 var Sand, og høvet var oppfyllinga og opning av eit mangeårig ønske, kulturhus i Suldal. Dette er 10 år sidan. 10 innhaldsrike år med tett mellom store opplevingar, gode stemningar og fine møtepunkt. Kva har høgdepunkta vore? Til det er svaret like variert som programmet har vore; nokre likar symfoniorkesteret, andre diggar Kaizers, nokre kjem for actionfilmar på kino, andre vil bli klokare saman med store føredragshaldarar. Men mest av alt stiller folk når eigne, lokale artistar i ulike aldrar entrar scena eller kler veggane i utstillingsrommet. Og legg me til veltande kjegler i bowlinga, elevar inn og ut på kulturskuleøving og daglege besøk i bibliotek og kafé, er det sikkert at aktiviteten i huset har vore formidabel og har fotavtrykk etter svært mange personar. Kvart nye semester byr på nye opplevingar, men i haust skal det i tillegg visast at huset jubilerer. I jubileumsveka blir det dagar med gratis kino og bowling, det blir sjølvsagt ein jubileumsfestkveld, det skal vera rungande allsong, lått og løye, og det blir sjanse til å møta nye suldøler på eit uformelt treff. Programmet i haust er tett, artistar og aktivitetar er mange. Ingen namn nemnde, men bla i brosjyren og du vil finna noko som kan passa for deg. Og kanskje kan du dela opplevingar i haust med nye kjennskap dersom du møter på Ny i Suldal-treffet 22. september på? Fokuset i denne teksten er på det jubilerande huset. Men det forringar ikkje all aktivitet som går føre seg i andre hus og anlegg i heile Suldal. Utan aktiviteten i bygder og grender hadde det vore lite å utvikla eit kulturhus for. Gå hausten i møte med aktivitet framfor passivitet. La oss skapa trivsel i Suldal saman for oss som bur her, anten du er ny her, godt etablert eller bufast i generasjonar. Aud Marit Hauge Kultursjef 2

Frå 17. 30. september 10 års-jubileum i Suldal Vi feirar oss sjølve! Det blir eit variert program med festforestilling, revy, kino, bowling og kakefest. Torsdag 20. september er den store dagen. Då blir det festforestilling i storsalen, med lokale innslag og innbedne gjester. Den kjende trubaduren og humørspreiaren Tønes vil binda det heile saman og føra oss trygt gjennom kvelden. Her blir det noko for alle! Tysdag 18. september Gratis kino heile dagen Frå kl. 13.00-19.00. Sjå Suldalsposten og www.suldal.kulturhuset.no for program. Tysdag 18. september kl 19.30 Soppkurs Arr: Hagelaget i Suldal september Onsdag 19. september Gratis Bowling heile dagen kl. 11.00-19.00 Onsdag 19. september O-lagskarusell 12. karusell, sprint Vinjarkartet Arr: Suldal O-lag Torsdag 20. september i Festkveld i 10 års jubileum! Festforestilling i storsalen, med lokale innslag og innbedne gjester. Den kjende trubaduren og humørspreiaren Tønes vil binda det heile saman og føra oss trygt gjennom kvelden. Her blir det skjemt og alvor, krumspring og friske dansetrinn. Pris: Vaksne100,- Barn/honnør over 67: 50,- Arr: i Suldal 3

Laurdag 22. september kl 15.00 Ny i bygda? Ny i Suldal? TREFF Me veit alle korleis det er å vera ny på ein plass. Det kan vera litt av ei utfordring for mange å ta det første steget og gli inn i miljøet. Møt opp anten du er innfødd eller fersking for å bli kjent og få tips og gi råd om kva som rører seg i lokalsamfunnet. Arr. Kulturkontoret Laurdag 22. september kl 20.00 Klypa Laangt over streken!!! Humorshow Kjell Kjellen Bigseth tek han heilt ut med ellevill humor og sprelske påfunn. Her kjem latteren garantert til å sitja laust. Pris kr. 390,- Honnør 195,- (over 67) Arr: i Suldal september Laurdag 22. september kl. 22.00 SUSAN & HANS Festkvelden held fram vidare på Ryfylke Fjordhotel saman med livebandet Susan & Hans. Dei er kjende for eit allsidig repertoar som passar til einkvar festleg anledning. Duoen er en kombinasjon av sterk vokal, ny teknologi, lang erfaring og stor speleglede, og er fullt på høgde med mange danseband. Dei har langt over to hundre låtar på repertoaret med musikk for alle danseglade mellom 18 og 80! Arr: Ryfylke Fjordhotel Tysdag 25. september Gratis Bowling heile dagen kl. 14.00-22.00 Arr: Onsdag 26. september Gratis kino hele dagen Frå kl. 13.00-19. Sjå Suldalsposten og www.suldal.kulturhuset.no for program. Onsdag 26. september kl 11.30 gratis Lunsjkonsert Fårikålens dag Arr: Distriktsmusikarane Onsdag 26. september O-lag 13. karusell Sprint, Gullingen, Breiastøldalen Arr: Suldal o-lag Torsdag 27. september kl. 18.30 Nesasjøhuset, Sand Internasjonal kafé Sal av internasjonal mat. Gratis inngang. Arr: Ryfylkemuseet 4

Fredag 28. september kl. 17.00 Vidar Lønn Arnesen Da Capo Allsang og godt humør saman med pianist Philip Kruse Pris: Vaksne kr. 200,- Honnør over 67 år kr. 100,- Arr: i Suldal 30. september Suldalslågen LAKSEFISKET AVSLUTTAST september Tysdag 2. oktober kl 19.00 Mosmyra Mari Boine i naturen Ei konsertoppleving utanom det vanlege. Pris: Vaksne kr. 200,- barn kr. 100,- familie kr. 400,- Arr: Kulturhaust i Ryfylke, og Mo Laksegård Onsdag 3. oktober O-Lags 14. karusell Sprint, Gullingen, Froa Arr: Suldal o-lag Torsdag 4. oktober kl. 18.00 Spøtakafe Uformell samling med spøtet og anna handarbeid av ymse slag. Dei som vil, byrjar å strikka flak av ullgarn som me seinare skal tova og klippa ut hjerter av. Arr: Suldal Husflidslag Fredag 5. oktober Energihotellet, Nesflaten «Pølsekurs med bruk av lokale råvarer» Saknar du lukta og smaken av heimelaga pølser? Vil læra meir om tradisjonhandverk? Bli med turbobudeia og kurshaldar Bodil Norjordet på pølsekurs. - Bodil Irene Gunnarsdottir Norjordet er det hele og fulle navnet, men etter utgivelse av tre kokebøker, over 200 innslag i nitimen, og i fjor det ærefulle vervet som NRKs julekokk som sørget for at ribbesvoren ble perfekt på alle norske julebord, er hun nasjonalt mer kjent som turbobudeia fra Vinje i Telemark. Bodil er kunnskapsrik. Hun er høgskolelektor og faglig ansvarlig for tradisjonsmatstudiet ved HiT, avdeling Rauland. Her holder hun for øvrig på med sin doktorgrad på si. Info og påmelding kontakt post@energihotellet.no. Arr: Energihotellet oktober 5

6. oktober frå kl. 10.00 til kl. 16.00 BERGEKROSSEN, SAND Møgedalsmarknad 2012 Velkomne til Suldal sin tradisjonelle haustmarknad! Her blir det auksjon, vèrlamkåring, følmønstring og underhaldning for store og små. Marknaden skal vera ein triveleg møteplass for alle.me legg vekt på samlast for å ha det gildt,og få visa fram varer me har i Suldal og omegn av utstillerar som kjem på besøk. Nytt for året er at Suldal Hagelag skal kåra Årets Suldalshage på marknaden! Sal av bl.a. grillmat, handarbeid, husflid og lokale matvarer. Gratis marknadsbuss frå Sand sentrum. Arr.: Møgedal Mek. Verkstad AS 6. oktober Haustmarknaden held fram med levande musikk og servering på; Ryfylke Fjordhotel spelar duoen Helene og Cristian. Helene og Christian har spelt saman sidan 2007 som duo. Helene & Christians styrke er eit svært variert repertoar. Arr: Ryfylke Fjordhotel oktober Heidrun Kro feirar haustmarknad med te-dans frå kl. 15.00. Den kjende trubaduren Geir Halleland underheld frå kl. 23.00. Arr: Heidrun Kro haustferie veke 41 Utvida bowling og kinotilbod. Tysdag 9. oktober kl. 19.00 Om å ta vare på vår nære fortid Njål Kolbeinstveit Arr: Suldal Sogelag Onsdag 10. oktober kl. 20.00 Honningbarna Det blir Honningbarna som kjem for å rocka opp Kulturhausten i Ryfylke dette året. Honningbarna slo for fullt igjennom i fjor. Dei vann Urørt-finalen, debutalbumet deira blei rost opp i skyene og dei toppa det heile med å få Spellemannsprisen og blei utan tvil festivalvinnarar landet over. Dei er unge og engasjerte. Dei vågar å meina noko; om dobbeltmoral, feige statsleiarar, krigføring, dei rike og mektige sine løgner. Honningbarna står for det dei syng om og dei leverer med ein slik energi og raseri som berre sinte og engasjerte ungdommar kan. I tillegg til dette så køyrer dei eit av dei råaste sceneshowa i landet. Pris kr. 150,- Arr: og Kulturhaust i Ryfylke 6

Laurdag 13. oktober kl. 12.00 Opning av Kunstutstilling Bjørn Cristian Røed og Jan Kristoffersen Kunstutstilling frå 13. 29. oktober i Tysdag 16. oktober kl. 19.30 Frå lauksetting til frodig hage Arr: Suldal hagelag Torsdag 18. oktober kl. 11.00 Jelsa Bu- og omsorgsenter Torsdag 18. oktober kl 15.30 Vinjar Bu- og omsorgsenter Finn et strå og træ dom på.. en liten time Prøysen Ei nær og varm forestilling om å gripa dagen og augneblinken. Kristine H. Mosdøl syng fleire av Prøysen sine kjære songar og med Beena Kumar Karpisove sitt tonefylgje på piano. Mellom songane får publikum høyre korte historier frå Alf Prøysen sitt liv og nokre av tekstane hans. Det hele blir bunde saman til ein forestilling ved hjelp av enkel scenografi og nokre få rekvisittar. Forestillinga har ei nær og personleg form. Arr: Den Kulturelle spaserstokk, Suldal kommune Fredag 19. oktober kl. 20.00 Konsert med Ryfylke-klang Anne Berit Rinde Bjelland - piano og song; Kristin Bringaker Kleppa - trompet, flygelhorn og song. Ingebjørg Vik Laugaland - tekstar og song og Kristin Sandvik Halgunset- trombone, ocariner og song. Arr: Ryfylkeklang og oktober Laurdag 20. oktober Erfjord skule, vik Haustfest Arr: Frisko 4H Laurdag 20. oktober kl. 15.00 OPPVARMING TIL TV- INNSAMLNGA SØNDAG 21.10 Suldal Folkeakademi, Suldal O-lag og Amnestygruppa inviterer til familiearrangement i allrommet i på Sand. Det blir underhaldning og turløype, og hjå Kulp kan ein kjøpa mat. Opning ved ordføraren. 7

Søndag 21. oktober kl. 11.00 Erfjord kyrkje Familiegudsteneste/ Misa Campesina med kor og orkester. Den Nicaraguanske bondemessa blir framført av kor og orkester ( Campesina betyr bonde). NB! Vil DU vera med i koret, så ring Magne, tlf. 404 04 093. Onsdag 24. oktober kl. 18.00 SULDAL KULTURHUS/KULP Moteshow 2012 Handelstanden på Sand viser haust og vintermoter for store og små. Demonstrasjonar i foajeen! Smaksprøvar av lokal mat! Underhaldning! Kveldsopne butikkar! Arr: Handelstanden Sand Fredag 26. oktober kl. 19.30 Mitt liv - mine val - 2 Talkshow på Møt ungdommane våre - kva val har dei gjort, og kva tenkjer dei om framtida? 4 unge menneske frå Suldal møtest for å snakka om utfordringar, erfaringar og livsval. Programleiar: Judith Sørhus Litlehamar Arr: Folkeakademiet Suldal oktober Laurdag 27. oktober kl. 15.00 Rytmer fra Verdensrommet Ein stjernehimmel og eit lite romskip og to astronautar som leikar seg med lyd og rytmer. Ei fantastisk interaktiv reise i verdsrommet med dei to trommespelande astronautane Peter Baden og Håkon Mjåset Johansen, og kor tilhøyrarane får vera med å leika og improvisera. Passar frå 3 år. Pris: Vaksne kr. 100,- Barn kr. 50,- Familie kr. 200,-?????? Arr: Laurdag 27. oktober kl. 11.00-17.00 og søndag 28. oktober kl. 11.00-15.00 Nesasjøhuset, Sand Poetiske Prøvelappar og Lause Trådar med Erling Nesse. Kom på kurs med ein leiken haldning og eit ope sinn til uformelt arbeid med form, farge og symaskin! Dette blir to kjekke dagar! Pris: Kursavgift 600,- + materialpakke 300,- Påmelding innan 18. oktober til Ryfylkemuseet, tlf. 52 79 29 50. grete.holmboe@ryfylkemuseet.no Arr. Ryfylkemuseet og Suldal Husflidslag 8

Onsdag 31. oktober kl. 11.30 Lunsjkonsert Halloween Gratis Arr: og Distriktsmusikarane Torsdag 1. november kl. 18.00 Spøtakafe Uformell samling med spøtet og anna handarbeid av ymse slag. Me gjer ferdig tøflene som me byrja på i september. Foajeen på kl. 18.00-20.00. Arr: Suldal Husflidslag Laurdag 3. november Den store kinodagen Filmar for store og små til halv pris. Arr: i Suldal Tysdag 6. november kl. 18.00 Pippi feirer jul Barneteater Victoria Productions er tilbake og syner oss korleis Pippi lagar til jul i Villa Villekulla Pris kr. 210,- Arr: Victoria Productions/ Onsdag 7. november kl. 19.30 VÅRT EGET VERK med Gunnar Roaldkvam, Svein Tang Wa og Elin Furubotn Rogaland har mange forfattarar, musikarar og visesangarar. I denne forestillinga møter du tre av dei. Alle tre har vore sentrale i musikk- og kulturlivet i mange år med cd-innspelingar, konsertar og samarbeid med andre artistar. Dei vil framføra nye og gamle songar og dikt. Alt på norsk og på deira eigen dialekt. Pris: Vaksne kr. 200,- pensjonistar over 67 år kr. 100,- Arr: november Torsdag 8. november kl. 19.00 Suldal kyrkje Konsert for Orgel, el. gitar og trommer. Arnfinn Tobiassen, orgel; Anund Vikingstad, gitar; Andreas Skorpe Sjøen, trommer Ein litt annleis orgelkonsert; orgel med noko attåt Onsdag 14. november kl. 11.30 Lunsjkonsert farsdag Gratis Arr: og Distriktsmusikarane 9

Onsdag 14. november kl. 19.30 Cecilie Skog Foredrag Cecilie Skog er ein norsk fjellklatrar og ekspedisjonsfarar. Ho har som ein av svært få nådd alle tre polpunkta. Nordpolen, Sydpolen og Mount Everest. I 2008 var ho på K2 og opplevde at mannen hennar og fleire andre klatrarar blei tekne av ras og omkom. Dette blir ein kveld med flotte bilete men og om kor fort livet kan ta ei vending. Pris: vaksne kr. 200,- Pensjonistar over 67 år kr. 100,- Arr: Kulturhaust i Ryfylke/ Fredag 16. november kl. 19.30 Mitt liv - mine val - 3 Talkshow på Møt ungdommane våre - kva val har dei gjort, og kva tenkjer dei om framtida? 4 unge mennsker frå Suldal møtest for å snakka om utfordringar, erfaringar og livsval. Programleiar: Judith Sørhus Litlehamar Arr: Folkeakademiet Suldal november Fredag 16. søndag 18. november Mo laksegard Folkemusikkog folkedansehelg Kurs for alle generasjonar i dans, kveding, toradar og hardingfele. Asgeir Heimdal, Numedal - A- klassing halling, held kurs i halling for barn. Vegar Vårdal, Bærum - erfaren dansepedagog med humor og energi held dansekurs for vaksne. Åshild Vetrhus, Suldal - lærer bort songar frå Suldal til dei minste. Solbjørg Tveiten, Hardanger - held kurs i kveding for vidarekomne. Mari Skeie Ljones, Lillehammer - held kurs i hardingfele for dei som har spelt berre litt. Torkjel Lavoll, Sunnfjord - held kurs i hardingfele for dei som har spelt litt meir. Synnøve Bjørset, Sunnfjord - held kurs i hardingfele for dei som har komme lengst. Leif Ingvar Ranøien, Røros - held kurs i toradar for vidarekomne. på Følg oss på facebook og www.ryfylkemuseet.no for meir informasjon. Påmelding innan 19. oktober til: Åshild Vetrhus, Folkemusikkarkivet for Rogaland - Tlf: 975 03 463 (mobil)/ 52 79 29 55 (kontor) 52 79 41 89 (heim). E-post: ashild.vetrhus@ryfylkemuseet.no Kursavgift: Vaksne kr 800, barn kr 400. Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet Laurdag 17. november kl. 20.30 Mo grendehus Huskonsert, jam og dans Kursdeltakarar og instruktørar frå Folkemusikk- og folkedanshelga viser kva dei kan! Etterpå blir det jam og dans til glasrutene på Mo Grendahus sveittar og taket lettar. Ope for alle, gratis inngong. Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet 10

Tysdag 20. november kl. 19.00 Revahistorier og andre historier Reidar Sandal fortel. Arr: Suldal Sogelag Onsdag 21. november kl. 12.30 Hipp hurra for Torbjørn Egner Det er 100 år sidan Thorbjørn Egner blei fødd. Dette blir markert over heile landet på ulikt vis. Hjå oss vil Bjørn Kallevig ta for seg av Egner sine viser og songar. Bjørn Kallevig kjem frå Karmøy og har vore ein del av det Rogalandske musikklivet i mange år. Han har ein lang musikkproduksjon bak seg og mykje av det er skreve og komponert for dei yngste. Pris: vaksne kr. 90,- barn kr. 75,- Arr: Kulturhaust, og Ryfylkebiblioteket Suldal Onsdag 21. november kl. 19.00 Min mors hemmelighet Dokumentarfilm om det å finna røtene sine og bli kjend med familiehistoria. Om korleis det å vera av samisk ætt var ei skam og blei fortia og om den harde statlege fornorskningspolitikken. Regissøren Ellen-Astrid Lundby som vaks opp i Oslo fortel her historia om mor si og den ukjende samiske familien. Pris: vaksne kr. 90,- barn kr. 75,- Arr: november Laurdag 24. november frå kl. 09.30 SAND SKULE JULEMESSE Sal av heimebakst, husflidsvarer m.m. Kafeteria og loddsal. Møte kl. 11.00 og 14.00. Arr: Normisjon Onsdag 28. november frå kl. 17.00. Næringsparken Stor Juleverkstad for store og små Bli med på førjulskos og juleunderhaldning. Sjå nærare annonsering. Arr: Handelstanden Sand 11

november Torsdag 29. november kl. 18.30 Nesasjøhuset, Sand Internasjonal kafé med Solo Cissokho Me er svært stolte av å kunne presentera den musikalske trollmannen Solo Cissokho på Internasjonal kafe i haust. Med det vestafrikanske 21-strengsinstrumentet sitt kora, song til hjarta og smittande humør er han ein musikkformidlar av internasjonalt format. Solo er verdsmusikkstjerne frå Senegal, busett i Noreg sidan 1995. Han høyrer til griotane frå minoriteten Mandinka-folket, og desse har i omlag tusen år formidla sitt folks historie, og er i dag leverandørar av melodiar til mykje av populærmusikken i det vestlege Afrika. Solo har eit enormt repertoar av musikk frå dette området og er ein musikalsk historieforteljar av rang. Ein konsert med Solo er eit rytmekalas, med heilsprø strengeleik og smektande, melodiøse vokalparti. Du vert rett og slett i godt humør av denne mannen! Her heime er han nok mest kjend for det banebrytande plateprosjektet Frå Senegal til Setesdal (1997) med Kirsten Bråten Berg, Kouame Sereba og Bjørgulv Straume. Han har også gjeve ut plater med sitt eige band Cissokho System. Men til oss kjem Solo solo! Sal av internasjonal mat. Gratis inngang. Arr: Ryfylkemuseet Laurdag 1. desember kl. 12.00 Opning av Peparkakelandsbyen desember Laurdag 1. desember Gata Sand Julegateopning! Julehandel, juleunderhaldning og aktivitet i våre juleboder. Fakkeltog frå Rimi kl. 15.45. Tenning av julegran kl. 16.15. Kanskje kjem nissen med noko godt i sekken?? Arr. Handelstanden Sand Søndag 2. desember kl. 16.00 Vinjar skule, gymsal Suldalsosen Julekonsert med Suldal Musikkorps Arr: Suldal Musikkorps Torsdag 6. desember kl. 18.00 Spøtakafe Uformell samling med spøtet og anna handarbeid av ymse slag. Me klipper hjerter av flaka me spøta i oktober. Foajeen på kl 18.00-20.00 12

Torsdag 6. desember kl. 18.00 Kolbeinstveit, Suldal Nissekveld Servering av graut og saft. Inngang: kr. 100,- OBS! Påmelding til post@ryfylkemuseet.no eller på tel. 52 79 29 50. Arr: Ryfylkemuseet Søndag 9. desember kl. 11.00 Jelsa kyrkje Me syng jula inn Julekonsert med lokale musikarar og songarar, bl.a.jelsa skulekorps, elevar frå Suldal musikkskule m.fl. Søndag 9. desember kl. 13.00 Ryfylke Fjordhotel Tradisjonelt julebord for heile familien! Det vil bli gang rundt juletre og overraskelsar av nissen. Bordbestilling tel. 52 79 27 00. Kr 265,- pr voksne og kr 125,- pr barn. Arr: Ryfylke Fjordhotel kulturhuset Jule-/familiefilm kl. 16.00 Torsdag 13. desember kl. 09.00 - kl. 23.00 sand Nattope i butikkane Julemoro og aktivitetar på torget! Stort Luciatog med faklar og lys frå Sjukeheimen kl. 18.00. Alle er hjarteleg velkomne. Bli med på ei triveleg førjulstid og handel! Arr: Handelstanden Sand/Suldal kulturhus desember Laurdag 15. desember kl. 19.30 Sand kyrkje Majorstuen - Juledrøm - Stjerna heng høgt i alle salar, og hei for ein vakker julsong! Til Suldal kjem felegruppa Majorstuen inkludert suldalsglade Jorun Marie Kvernberg (kjent frå Tindra) med juleturneen Juledrøm. Juledrøm starta som ei vakker, sterk og stemningsfull juleplate ein hyllest til den folkelege julemusikken. Med musikken frå plata kjem Majorstuen til Suldal og med seg har dei to av dagens fremste folkesongarar i tillegg til lokale korsongarar. Musikken på Juledrøm famnar om det lystige, skjemtande, det høgtidelege, ettertenksame, nett som jula sjølv. Majorstuen byr på tradisjonelle julesongar, samt nye melodiar og tekstar signert m.a utøvarane på plata. Då felespelarane i Majorstuen starta sitt musikalske samarbeid, laga dei seg ufråvikelege råmer; berre strengeinstrument, og ingen elektroniske duppedittar. 10 år seinare er råmene framleis dei same og framleis driv 13

dei kreativ leik der musikken fløymer ut med ei enorm kjensle av fridom. Dei begeistrar, overraskar og utfordrar! Velkomne til høgtid og fest i musikkens teikn denne desemberkvelden i Sand kyrkje. Jorun Marie Kvernberg, fele; Synnøve Bjørset, fele; Anders Löfberg, cello; Tove Hagen, fele og cello; Andreas Ljones, fele; Camilla Granlien, song; Gro Kjelleberg Solli, song. Arr: Kyrkja i Suldal og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet. desember Onsdag 5 desember kl. 12.00 Kjølvikstølen Torsdag 6. desember kl. 12.00 Jelsa Bu- og omsorgsenter Fredag 7. desember kl 12.00 Suldal sjukeheim Onsdag 12. desember kl. 17.00 Vinjar Bu- og omsorgsenter Torsdag 13. desember kl. 12.30 Erfjord Gredasenter Marias Jul Fortellerkonsert Dette er forteljinga om den unge jenta Maria, som får høyre at ho skal bli mor til Guds son. Vi følgjer henne gjennom angst, sorg, glede og håp i møte med landsbyfolk, familie og vener, og på den lange reisa til Betlehem. Forteljar Anne Berit Malum Solvang og Kristin Halgunset Sandvik på fløyter, piano og sang. Arr: Den kulturelle Spaserstokk, Suldal kommune Søndag 16. desember kl. 15.00 Suldal kyrkje Medan me ventar Julekonsert med lokale musikerar og songerar, bl.a. Suldal musikkorps, Suldal Barnekor, Suldal kyrkjekor, elevar frå Suldal musikkskule m.fl. Søndag 16. desember kl. 17.00 Sand kyrkje Medan me ventar Julekonsert med lokale musikerar og songerar, bl.a. Suldal kyrkjekor, elevar frå Suldal musikkskule m.fl. Søndag 16. desember kl. 16.00 Erfjord kyrkje Me syng jula inn Julekonsert med lokale musikerar og songerar, bl.a. Erfjord skulekorps, elevar frå Suldal musikkskule m.fl. 14

Velkommen til Tlf. 52 79 22 90 - faks 52 79 22 85 i Suldal! www.suldal.kulturhus.no Tlf. 52 79 22 90 / 52 79 22 91 har aktivitetar sju dagar i veka! Her finn du utstillingar, konsertar, kino, bowling, biljard, dart, bibliotek, møter, konferansar, kulturskule og sist men ikkje minst Kulp kafe. Du kan også nytte vårt trådlause nett gratis eller lese avisar i vår sofakrok. Opningstider Måndag kl. 11.00-16.00 Tysdag kl. 11.00-16.00 Onsdag kl. 11.00-16.00 Torsdag kl. 11.00-19.00 Fredag kl. 11.00-15.00 Laurdag kl. 11.00-15.00 Folkebiblioteket har ope i si opningstid. Her kan du utanom bøker låne dvd filmar, lydbøker, tidsskrift og aviser. Biblioteket har også pc ar du kan bruke. Kino Digitalkino med gode bilete og skikkeleg lyd! Framsyningar kvar veke. Sjå elles annonsering i lokalavisa og på www.suldal.kulturhus.no eller www.filmweb.no Bowling, biljard, dart Tysdag kl. 17.00-22.00 Onsdag kl. 14.00-19.00 Torsdag kl. 17.00-22.00 Bowling kan tingast utanom ordinær opningstid. NB! Min. 2 banar i 1 t. Kulp kafé Måndag - fredag kl. 11.00-16.00. Laurdag kl. 11.00-15.00 Tlf. 95 15 32 32 Neste utgåve av Det skjer i Suldal kjem i januar. Frist for innlevering: 8. desember. 15

Kjenn på den friske haustlufta... Bruk hausten til å bli kjend med det Suldal har å tilby! Haust- og førjulstida kan ein bruke til kafe og museumsbesøk, eller kanskje aktivitetar ute i det fri? Me er stolte av bygda vår, og viser den fram med glede. Velkommen til skattkammeret Suldal. Høsebrua- Ill.: Sami Rintala. Attraksjonar Nytt i 2013: Høsebrua - gangbru ved Sandsfossen teikna av Sami Rintala. Laksestudio på Sand - Sjå laks og aure på veg opp elva for å gyte! Helgeope ut september. Blåsjø - Vegen inn til Blåsjø er open til første snøfall. Kraft arkitektur på Nesflaten - best bevarte døme på funksjonalistisk stil i Norge! Kolbeinstveit - gardstun Strandstaden Jelsa - skulemuseum og kyrkja. Røynevarden - husmannsplassen ved Suldalsvatnet Håland - storgarden i Erfjord Nasjonal Turistveg Ryfylke - last ned mobilapplikasjonen Multiguide Ryfylke og du får guiding gjennom attraksjonane langs vegen! Aktivitetar ute i det fri! Ta deg ein tur - Kombiner handel i strandstaden Sand med ein tur ved Sandsfossen. Gullingenområdet har mange flotte turstiar, har du prøvd Skuteheia rundt eller topptur til Reinsnuten? Fjordlandskapet kan du oppleva på familievenlege turar ved Erøy i Erfjord, Barkåsen på Jelsa eller rundt Grytevatnet på Ropeidhalvøya. Suldalsdalføret kan du oppleva på stemningsfull tur ved Ritlandsvatnet eller topptur med flott utsikt frå Stråpanuten. Kraftarkitektur og tradisjonell kultur kan du få med deg på ein rundtur på Nesflaten. Stranddalen turisthytte er betjent til 25. september. Guida fottur - kontakt Eventus på tlf. 95 94 41 28. Jakt - Småviltjakt finn du på www.inatur.no Fiske i Suldalslågen - brunaure og laksefiske. Fiske avsluttast 30. september. Fiske i vatn i Suldal - fiskekort for vatn kjøper du på www.inatur.no Laksesafari og Elveekspedisjon i Suldalslågen - Mo Laksegard tlf. 52 79 76 Guida tur til skinkeloftet på Mostøl - Energihotellet tlf. 51 20 05 55 Sightseeing i Suldal og områda rundt - Osa-Bu Taxi/Turvogn tlf. 52 79 92 60 Suldal Turistkontor har kontor i Suldal Næringspark på Garaneset. Opningstider er måndag til fredag frå kl. 08.30 til kl. 15.30. Ta gjerne kontakt på tel. 52 79 05 60 eller e-post til post@suldal-turistkontor.no dersom det er noko du lurer på! www.suldal-turistkontor.no BEFRI & BEVAR post@befriogbevar.no Tlf. Tlf 96 90 03 03 09 09 A S Gjenbruket i Gåsavika Alle tiders aluminium Ville det ikkje vera ein draum å kunne halde på ungdomens kraft og venleik for alltid? Slik er aluminium. Metallet kan resirkulerast om og om igjen, utan å tape kvalitet. Det er ein ressurs som kan fornyast og gjenbrukast på tallause måtar også av komande generasjonar. Hydro er aluminium. Vi er stolte av å produsere metallet for framtida. www.hydro.com Ville det ikkje væra ein draum å kunne halde på ungdomens kraft og venleik for alltid? Slik er aluminium. Metallet kan resirkulerast om og om igjen, utan å tape kvalitet. Det er ein ressurs som kan fornyast og gjenbrukast på tallause måtar også av komande generasjonar. Hydro er aluminium. Vi er stolte av å produsere metallet for framtida. www.hydro.com 16

Ryfylkemuseet Regionmuseum for Ryfylke, senter for bygningsvern, folkemusikkarkiv for Rogaland NESASJØHUSET: Ope måndag fredag 09 15.00 Museumsbutikk med lokallitteratur og gåveartiklar. Løland kafé med varm drikke, aviser, internett og fantastisk fjordutsikt. UTSTILLINGAR: Kvitebjørnen eventyrleg utstilling for barn Det gode liv om livsstilsinnvandring til Suldal og Sauda Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand Tlf. 52 79 29 50, faks 52 79 29 51 E-post: post@ryfylkemuseet.no www.ryfylkemuseet.no Sukkagarden - der historia sit i veggene Solveig og Ola Sukka tlf. 92418460 / 92640803 e-post: sukkagarden@gmail.com sukkagarden.no VELKOMMEN TIL HANDEL PÅ SAND 17

OPE: måndag til fredag 11.00-16.00 laurdag 11.00-15.00 Tlf. 95 15 32 32 www.kulp.as post@kulp.no e-post: bg@bgsuldal.no www.bgsuldal.no Tlf. 98 25 98 00 - Faks. 52 79 99 49 sand - tlf. 52 79 07 90 Opningstider: 09-21 laurdag til kl. 18.00 Bred Bred erfaring erfaring med med bryllup bryllup Tradisjonell mat mat i moderne i moderne form form Våre Våre kunder kunder våre er våre beste beste referanser referanser Næringspark Sandvegen 134, 4230 SAND Tlf. 900 65 410 www.underbakke.as Velkommen! Tlf. 05555 Krambua Tlf. 52 79 06 50 www.krambuasand.no Du finn oss på Garaneset, Sandsvn. 134 - SAND Me byggjer hus, hytter, NæriNgsbygg M.M. Garaneset - 4230 SAND tlf. 52 79 06 30 firmapost@kv-bygg.no www.kv-bygg.no Bensin/diesel, bildeler, rekvisita og kiosk. OPNINGSTIDER: Mån-Fre 07.30-20.00 Laur-sønd 09.00-20.00 Tjelmane Dekkservice AS Garaneset, 4230 Sand - tlf. 52 79 74 77 VI LEVERER ALT I BYGGEVARER! Største byggevarehus i Ryfylke monter.no Montér Suldal 7.30-16(18) (9-14) Tlf. 476 55 200 18

Bergekrossen, 4230 Sand - tlf. 52 79 25 30 OPN.TIDER: Mån-tysd-onsd-fred 7.30-16.00 Torsdag 7.30-18.00 Laurdag 10.00-14.00 09.00-14.00 Step Styrke Dans Pilates Spinning Zumba Tlf. 474 17 566 post@stas-suldal.no www.stas-suldal.no Velkommen innom den nye butikken! Sandvegen 134, 4230 Sand Tlf. 52 79 06 90, post@sandmobelsenter.no Tlf. 02002 - www.sr-bank.no El.installasjon i hytte/hus Salg, montering og reparasjon av varmepumper Salg av småelektriske artikler Salg og reparasjon av hvitevarer Suldal InStallaSjon as Tlf. 52 79 73 19 - mob. 915 42 690 Faks 52 79 75 61 E-post: suldal.installasjon@hed.no Suldal Vekst AS Treng du rettleiing ved nyetablering eller vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du rett og slett ein god ide? Bruk oss! Suldal Vekst AS, Sandsv.134, 4230 Sand. Tel: 52 79 06 00, post@suldalvekst.no Gåsevikja, 4230 Sand Tlf: 52 79 29 70 E-post: post@klungtveit.com ÅpninGSTidEr butikken: Mand - fred: 08.30-16.00. Lørd: 10.00-13.00 bok@bok-it.no it@bok-it.no Tlf. 52 79 06 65 Tlf. 414 66 131 19

Tlf. 52 79 22 90 Tlf. 52 79 29 50 Tlf. 52 79 06 13 Tlf. 52 79 05 60 Layout: Suldalsposten Honningbarna. Foto: Jørn Gjersøe