STUDIEPLAN VIDEREUTDANNING FOR HUNDEFØRARAR I POLITIET MED VINTERTENESTE 10 studiepoeng Godkjend i høgskulestyret 19. februar 2014
1. Innleiing Politihunden er en viktig ressurs i vinter- og fjellredningstenesten, hvor ekvipasjen som regel må samarbeide nært med andre samvirkeaktørar. Under alle politiets bruksområder stilles det krav til eit godt samarbeid mellom hund og førar, samt god kontroll og lydigheit. Politihunden må kunne arbeide effektivt i alle typer miljø og situasjonar. Jamfør Utdanningsmodell og godkjenningsprogram for politiet si hundeteneste av 2012 (heretter kalla Godkjenningsprogrammet) må nye hundeførarar gjennomføre utdanning anten for patruljehund eller søks-/narkotikahund. For å møte desse krava tilbyr Politihøgskulen eit studium for dei to kategoriane hundeekvipasjar. Kvar av utdanningane gir 30 studiepoeng. Vinterutdanninga for hundeførarar i politiet med vinterteneste byggjer på utdanning for nye hundeførarar i politiet. Utdanninga gir 10 studiepoeng. 2. Formål Formålet med utdanninga er å medverke til at nye hundeførarar i politiet blir kvalifiserte til å utføre hundeteneste av høg kvalitet jamført med gjeldande retningslinjer. 3. Målgruppe og opptakskrav 3.1. Målgruppe Målgruppa for studiet er hundeførarar i politiet som er valde ut til vinterteneste i tråd med lokale kompetanseplanar. Studieplan for hundeførere i politiet med vintertjeneste - 2014 Side 1
3.2. Opptakskrav Søkere må: ha fast tilsetjing som polititenesteperson vere godkjent som Innsatspersonell kategori 4 (IP4) ha bestått Politihøgskolens utdanning for nye hundeførarar i politiet med patruljehundar eller utdanning for nye hundeførarar i politiet med søks-/ narkotikahundar (30 studiepoeng) ha gjennomført og bestått lokal nivåkontroll Det kan etter særskild vurdering gjerast unnatak frå kravet om fullført studium for nye hundeførarar på 30 studiepoeng. 4. Læringsutbytte 4.1. Generell kompetanse Studentene kan etter gjennomført utdanning: stå fram med djup innsikt og tryggleik i rolla som hundeførar for ein politihund som skal brukast til vinterteneste ta ansvar for eiga utvikling og trening av hunden nyttiggjere seg hunden i oppgåveløysing som er spesifikke for ein politihund som skal brukast til vinterteneste 4.2. Kunnskapar Studentane har etter gjennomførd utdanning kunnskapar om: ettersøking, organisering og leiing av søk i skred og på snødekt mark redningstenesta si oppbygging, samt politiet og hundeekvipasjen sitt ansvar og rolle i redningsoperasjonar bruk av helikopter og snøscooter som transport i redningsoperasjonar forskjellige snøtypar og tydinga dette har i forhold til skredfare taktisk bruk av hund i skred og på snødekt mark bruk av elektronisk utstyr, medrekna søkjeutstyr, GPS og Mapsource sikring av eigen og andre sin tryggleik i vinterfjellet Studieplan for hundeførere i politiet med vintertjeneste - 2014 Side 2
4.3. Evner Studentane kan etter gjennomført utdanning bruke relevante faglege verktøy og teknikkar for å tilfredsstille krava jamfør Godkjenningsprogrammet for vinterteneste med hund. 5. Organisering og arbeidsmåtar Utdanninga er organisert som eit studium på deltid med fleire samlingar og studiearbeid/trening utanom samlingane. Som hovudregel skal utdanninga gjennomførast i løpet av 2 månader. Utdanninga er berekna til ca. 280 timer. Samlingstida utgjer inntil 115 timar, der fyrste samling blir gjennomførd over to veker og den siste blir gjennomførd på ein veke. Kvar samling blir rekna som eit «trinn». Det er obligatorisk deltaking på samlingane. Aktivitetar over ordinær arbeidstid må reknast med. Utdanninga startar ca. 8 veker før fyrste samling. I denne perioden skal studentane trene under rettleiing av lokal instruktør i distriktet. Omfanget av denne treninga vil vere ca. 50 timar. Mellom samlingane må ekvipasjen også trene systematisk, minst 60 timar. Dette inneber både ein fast treningsdag i veka med rettleiar i distriktet og ei omfattande mengd eigentrening. Det vil vere individuelle variasjonar både mellom hundeførarar og hundane som skal trenast. Timetalet må derfor sjåast på som eit minimumskrav. Arbeidsmåtane i utdanninga skal hjelpe studentane til eit godt utbytte av læring, og særleg forklare samanhengen mellom teori og praksis. Det blir lagt vekt på varierte arbeidsformar med stor grad av studentaktivitet. Dette inneber medverknad i undervising, praktiske øvingar, trening, individuelt arbeid, gruppearbeid og litteraturstudium. Studentane vil delast inn i lag/grupper med ein instruktør, som trenar saman i feltmessige omgivnader. Det vil bli lagt vekt på trening av ulike evner og individuell instruksjon/rettleiing av den einskilde studenten/ekvipasje. Studieplan for hundeførere i politiet med vintertjeneste - 2014 Side 3
Arbeidskrav Følgjande arbeidskrav må vere godkjent før studentane får avleggje eksamen: Mellom samlingane skal den einskilde hundeekvipasjen følgje ein individuell treningsplan under rettleiing av instruktør i politidistriktet. Arbeidet inneber føring av treningsdagbok/logg, der refleksjon over, og planlegging av, treninga er sentralt. Ei individuell oppgåve om eit tema innan vintertenesten (inntil 1600 ord). Tema skal godkjennast av fagansvarleg. 6. Vurdering Hundeføraren og ekvipasjen blir vurdert gjennom heile utdanninga etter nærare beskrivne føresetnader i Godkjenningsprogrammet, og føresetnader forankra i læringsutbytteforklaringane. Det vil bli gitt kontinuerleg tilbakemelding på bakgrunn av vurderingar i samanheng med praktisk instruksjon. Hundeføraren og ekvipasjen må tilfredsstille uttalte krav til utvikling for å få fortsetje i utdanninga. Mellom alle samlingar og oppstart på neste trinn skal lokal instruktør i distriktet gjennomføre ein nivåkontroll av ekvipasjen i høve til Godkjenningsprogrammet. Vurderinga blir send Politihøgskulen etter meld frist. Gjennomførd og bestått nivåkontroll er ein føresetnad for å få delta på neste samling/trinn. Basert på eit heilskapsinntrykk av ekvipasjen sine prestasjonar og progresjon gjennom heile utdanninga, avgjer den om ekvipasjen får gå opp til eksamen. Studiet blir avslutta med ein praktisk eksamen som blir etterfølgd av ein munnleg eksamen. Det blir nytta karakterane bestått/ikkje bestått. Studieplan for hundeførere i politiet med vintertjeneste - 2014 Side 4
7. Litteratur 7.1. Pensum (467 sider) Landrø, M. (2007). Skredfare: snøskred, risiko og redning. Oslo: Fri flyt. (169 sider). Brattlien, K. (2008). Den lille snøskredboka. Oslo: Fri flyt. (82 sider). Forsvarets overkommando, Hærstaben (1997). Snø, snøskred og redningstjeneste: Veiledning i vintertjeneste, hefte 9 (ny utg.). Oslo: Forsvarets overkommando/hæren. (61 sider). Fauske, L. & Bruland, Ø. S. (2007). Førstehjelp på tur: fjell-, høyde- og reisemedisin. Oslo: Fri flyt. Pensum: s. 10 110 (100 sider). Kristensen, K. (1994). Vurdering av akutt snøskredfare (NGI rapport 581230-2, 20.juni 1994). Oslo: Norges Geotekniske Institutt.(47 sider). Christiansen, J. (1994). Et snøskred sett innenfra ved en av dem. I Snøskredkonferansen (Norsk Fjellmuseum, 1994:1). Lom: Norsk Fjellmuseum. Side 106-113 (8 sider). 7.2. Følgjande blir føresett kjend Pensum fra utdanningen for nye hundeførere, enten for patruljehund eller søks- /narkotikahund. Alminnelig tjenesteinstruks for politiet (Politiinstruksen) (FOR-1990-06-22-3963) Lest 3. februar 2013. http://www.lovdata.no/cgiwift/wiftldles?doc=/app/gratis/www/docroot/fo r/sf/in/jd-19900622-3963.html&emne=politiinstruks*& Forskrift om skytevåpen, våpendeler og ammunisjon mv. (våpenforskriften) (FOR-2009-06-25-904). Lest 3. februar 2013. http://www.lovdata.no/for/sf/jd/jd-20090625-0904.html Studieplan for hundeførere i politiet med vintertjeneste - 2014 Side 5
Politidirektoratet (2011). Politiets beredskapssystem (PBS), del I: Retningslinjer for politiets beredskap. Oslo: Politidirektoratet. Politidirektoratet (2008). Politiets beredskapssystem (PBS), del II: Håndbok for innsatspersonell. Oslo: Politidirektoratet. Studieplan for hundeførere i politiet med vintertjeneste - 2014 Side 6