Informasjon, inspirasjon og møte med gode venner



Like dokumenter
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkommen til songarstemne i Florø!

mmm...med SMAK på timeplanen

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Til deg som bur i fosterheim år

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

ehandel og lokalt næringsliv

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Stemnehandboka for NKSF

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Referat frå MINTA møte

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Minnebok. Minnebok NYNORSK

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Styremøte 8-9. februar i Bergen

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Spørjeundersøking om sentrumsområde

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Frå novelle til teikneserie

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Kva er økologisk matproduksjon?

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Om å høyre meir enn dei fleste

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Finansiering av søknaden

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Månadsbrev for Rosa september 2014

Virksomhetsplan for år 2016 BESØKSSENTER FOLGEFONNA NASJONALPARK

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Tilbod frå Lom bygdamuseum 2014

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

INFORMASJON FOR OPPMENN

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Hei alle sjøstjerneforeldre

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Kunst, idear, dugnad og pengar eller litt om kulturbasert næring i Eid og andre stader. Magni Hjertenes Flyum, VAKN Bremanger 4.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Ny strategiplan for Høgskulen

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Hardangerkonferansen. FOTO: Torleiv Ljones. HARDANGER i VEKST

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Informasjon til elevane


Brødsbrytelsen - Nattverden

SAK 07/13 SØKNAD OM TILSKOT TIL FÅREFESTIVALEN 2013

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Transkript:

Informasjon, inspirasjon og møte med gode venner 22. - 24. oktober i Stavanger Forum Landbrukpolitisk konferanse Program Landbruksutstilling/-messe Bondepub/ Festmiddag Gratis buss Til og frå Jernbanestasjonen Fredag: 10-12 og 16-01 Laurdag: 10-12 og 15-17 Søndag: 12-16 Opningstider Fredag 22. oktober kl: 10.00-21.00 Laurdag 23. oktober kl: 10.00-17.00 Sundag 24. oktober kl: 12.00-16.00 Bondepub fredag Det vert råd å kjøpe enkel pubmat, laga av norske råvarer utan bestilling på førehand. Vi voner at drøsen skal gå livleg når ein treff gamle vener og kjente. Jens Budsberg syter for ekte irsk stemning. Det vil ikkje vera plassbestilling til puben, men vi reknar med at mange vil stikka innom, slik at det kan vera trongt rundt borda og god stemning! Opningstid for bondepub kl 19.00-01.30 Festmiddag laurdag Laurdag kveld kl. 19.00 inviterer Agrovisjon til festmiddag i Stavanger Forum. Sjur Håland har lova å vera konferansier og binda kvelden saman. Det vert servert ein tre rettars middag med noko å drikke attåt. Vi får vera med på utdeling av Rogaland landbruk sin heiderspris for 2010 og det er dessutan lagt opp til sprek underhaldning. Når middagen er ferdig spelar duoen Santor til dans.

Landbrukpolitisk konferanse Agrovisjon 2010 Møteleiar: Hallvard Ween, Regiondirektør NHO Rogaland 10.00 10.15 OFFISIELL OPNING Nils T Bjørke, leiar i Noregs Bondelag 10.15 11.00 Korleis vil bønder som har gjort store investeringar for volumproduksjon av norsk kvalitetsmat, bli fulgt opp framover. Erna Solberg, partileder i Høyre 11.00 11.30 Muligheiter for norske bønder fram mot 2030. Korleis skal vi skaffe mat til 1 million fleire nordmenn? Ole Chr. Hallesby, veivalgsrådgiver (Sparebank 1 SR bank) 11.30 12.00 Nytt matprogram frå 2011- sentralt i arbeidet med utvikling av tilleggsnæringar. Korleis kan dette stimulere til ein ny giv i satsinga på lokal mat og lokale spesialitetar frå bygdene i Rogaland. Inger Solberg, direktør for mat og marin Innovasjon Norge 12.00 15.00 PAUSE FOR Å SJÅ PÅ UTSTILLINGA OG FÅ I SEG LUNCH. 15.00 15.45 EU sin landbrukspolitikk er stadig i endring. Produksjonskvotane for mjølk i EU skal bort - kva kjem i staden? Kva skjer med ordninga Eit bruk eit tilskot (pipetilskotet) ved revisjon av landbrukspolitikken. Bjørn Eidem, landbruksråd ved EU-delegasjonen i Brussel 15.45 16.30 Makt og avmakt i verdikjeda for mat! Får bøndene ein rimeleg del av verdiskapinga i dag? Einar Stensnes, leiar av matkjedeutvalet 16.30 17.00 Rogalandsbonden deprimert gledesdrepar eller innovativt fyrverkeri? Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylke Livsgnist Vi støtter Agrovisjon 2010 som hovudsponsor fordi: Sponsorar: Sparebank 1 SR bank Landbruket er ein av dei største og viktigaste næringane i vår del av landet. SpareBank1 SR-Bank satser aktivt på landbruk og vi deltar som hovedsponsor på Agrovisjon då vi ser på arrangementet som ein viktig fagleg og sosial møteplass for landbruket. Landbruksteamet i SR-Bank har brei og allsidig bank- og landbrukskompetanse og vi kjenner godt utfordringar og behov som landbruket har. Vi lager gode totalløysingar innan finansiering, sparing og forsikring for deg og ditt bruk. Eksisterande og nye kunder treffer landbruksteamet i SpareBank 1 SR-Bank på Agrovisjon. Innovajon Norge Innovasjon Norge skal bidra til å oppfylle Landbruks- og matdepartementets mål for næringsutvikling i landbrukssektoren. Vi støtter derfor prosjekt med god lønnsomhet som tar i bruk mangfoldet av landbrukets menneskelige og materielle ressurser. Den nasjonale strategien er nedfelt i Ta landet i bruk. Denne har disse satsingsområdene: mat, økologisk matproduksjon og matforbruk, trevirke, bioenergi, reiseliv og opplevelsesproduksjon og Inn på tunet. Det meste av de finansielle tjenestene Innovasjon Norge bruker i landbrukssatsingen er avtalt i jordbruksforhandlingene. Vår satsing omfatter programmer og tjenester rettet mot primærproduksjon og alternativ næringsutvikling, men også i noen grad mot tilstøtende bygdebasert næringsliv og foredlingsindustri. Stikk innom vår stand i hall D under ditt besøk på Agrovisjon 2010.

Nils T. Bjørke Erna Solberg CF-Wesenberg/kolonihaven.no Får bonden ein rimeleg del av prisen for mat i butikken? Kven skal produsere mat for ein ny million nordmenn? Skal vi følgje EU der det er vedteke å avvikle mjølke kvotane frå 2015? Kva har Innovasjon Norge på lur når det gjeld støtte til utvikling av lokal mat og andre tilleggsnæringar? Ole Christen Hallesby Inger Solberg Bjørn Eidem Tor Øyvind Skeiseid Einar Steensnæs Hallvard Ween Dette er spørsmål som vil bli belyst på den landbrukspolitiske konferansen under Agrovisjon 2010. Konferansen er ein av bærebjelkane i heile arrangementet. Etter erfaringane frå to tidlegare arrangement er det i år ikkje noko krav om påmelding på førehand. Det er heller ikkje eiga konferanse avgift. Har du kome til Agrovisjon 2010 og betalt for å sjå maskin utstillinga kan du nytte same billetten til konferansen. I tillegg er det midt på dagen lagt inn ein tre timars pause i konferanseprogrammet. Dette for at konferansedeltakarane skal få sjanse til å sjå den flotte maskinutstillinga. Regiondirektør i NHO Hallvard Ween har sagt seg villig til å leia konferansen som blir opna av leiaren i Norges Bondelag Nils T Bjørke. Sjølve konferanseprogrammet inneheld berre godbitar. Her er det tilstrekkelig å vise til programmet. Vi har fått med oss dei innleiarane vi har vore interesserte i. Dei vil ta opp utfordringar som det må takast omsyn til når landbrukspolitikken for første halvdel av dette hundreåret skal utformast. Med sitt grundige kjennskap til dei emna dei vil orientere om, er vi sikre på at det vil gi den enkelte både informasjon, større innsikt og inspirasjon å nytte den 22 oktober i konferansesalen i Stavanger Forum. Velkomen til ein spennande dag om framtida for Norsk landbruk! Me har vore med å planlegge Agrovisjon 2010: w w w.b ls.n s -a o

Har du vore i ein irsk pub nokon gong? I så fall gløymer du det aldri. Det er ein slik irsk pub vi ynskjer å skape i Stavanger Forum fredag kveld. Bondepuben er ny av året. Den opnar etter at konferansen er avslutta og vil vare til ut i dei små timar. Reint konkret vil bondepubben vera open frå kl 19.00 til over midtnatt (kl 01.30). For å gjera heimturen enkel vil det bli sett opp buss i schuttle til og frå jernbanen utover kvelden. Bussen tek sikte på å korrespondere med avgangstidene for tog. Siste buss som vil bli tilpassa siste avgang for tog vil bli annonsert i lokalet. Vi ynskjer med dette arrangementet å gi eit tilbod både til dei som har kome til Agrovisjon for å høyra og sjå, og til utstillarane på Agrovisjon. Bondepubben er og tenkt å vera ei koseleg avslutning på ein spennande dag. Så utfordringa er å skaffe seg avløysar slik at ein kan stoppe att, og kose seg saman med gode vener. For dei som vil ha seg eit skikkeleg måltid er det råd å bestille bord i restaurantbuffeten som vi lagar for anledninga i Stavanger Forum. Elles vert det utover kvelden råd å kjøpe enkel pubmat, laga av norske råvarer, og med god drikke attåt. Her skal drøsen gå livleg. Vårt håp er at mange vil treffa vener dei ikkje har sett på år og dag og friske opp gamle venskap, men det vert nok og mulighet for nye kontaktar. For å skape den rette stemninga har vi leigd inn trubaduren Jens Budsberg. Han har lova å syte for ekte irsk stemning i pubben. Det vil ikkje vera bestilling for å få plass, men vi reknar med at mange vil stikka innom, slik at det kan verta trongt rundt borda. Så er det opp til den enkelte å medverka til god stemning og hyggeleg lag. Fest med middag og dans avsluttar Agrovisjonslaurdagen Laurdag kveld inviterer vi til fest i Stavanger Forum. Vi har lagt opp til ein tre rettars middag tilberedt av våre fremste kokkar. Og middagen skal lagast av dei beste norske råvarer. Det vert vin eller anna god drikke til maten. Vi har prøvesmaka menyen som vert ein kullinarisk nytelse. Og når middagen er ferdig, spelar duoen Santor opp til dans. Det vert sprek underhaldning under vegs. Sjur Håland har lova å dra oss gjennom kvelden. Det borgar for godt humør og fin stemning. Som eit av høgdepunkta vert det utdeling av Rogaland landbruk sin heiderspris for 2010. Vi vonar at folk i landbruket denne kvelden vil gå mann av huse. Alle har vi behov for, av og til å gjera noko utan om det vanlege. Prisen på festmiddagen vert kr 660,- pr person. Her får du mykje god mat og drikke for pengane, samt dans med levande musikk og god underhaldning. Vi er sikre på at det vil den vera verd. Plass kan tingast på våre heimesider - www.agrovisjon.no. Når kvelden er slutt vil det bli sett opp gratis buss frå Stavanger Forum til Jernbanestasjonen slik at ein kan koma seg heim på ein grei, billig og sosial måte. Til damene i bondebransjen: Send gubben i dusjen, finn fram danseskoa og rensk stemmen for nå blir det fest med god mat, allsang, dans og drøs for alle bønder i Rogaland.

Tredje gongen sede det Dette hugsar eg vi sa til kvarandre som born. Første og andre gongen var prøving og feiling, men tredje gongen måtte du ta det fulle ansvaret for det du gjorde. Så også for Agrovisjon 2010. Arrangementet er det tredje i sitt slag i Stavanger Forum. Og vi har lært av det vi har gjort før. Årets Agrovisjon er derfor fornya i form og innhald. For oss som har med arrangementet å gjera er det nærast som ein eksamen. Vi vonar derfor, at alle som lever av landbruk og mat legg turen innom Stavanger Forum i perioden 22.-24. oktober og er med på å gi karakter til vårt arbeid. Hovudkomiteen har gitt Agrovisjon 2010 tre stikkord: Informasjon Inspirasjon Møte med gode venner. Målet for oss er at Agrovisjon 2010 skal gi informasjon slik at ein tryggare kan gjera val for framtida. Vi har derfor lagt oss i selen og fått dei innleiarane som vi meiner har mest å gi. Og det er med glede og stolthet eg som leiar av hoveudkomiteen kan konstatere at vi har lukkast 100%. Landbruk og produksjon av kvalitets mat er viktig for Noreg, for Rogaland, for kommunen og for heimbygda. Her i Rogaland har vi definert oss sjølv som matfylket i Noreg. I fylket vårt har vi mange bønder og stor produksjon. Vi trur den flotte utstillinga som vi kan vise fram på Agrovisjon 2010 vil gi aktive bønder inspirasjon til å ta nye og framtidsretta grep. Kvifor reise til Agroteknikk eller til Agromek når vi har alt vi treng i distriktet, like rundt stovedøra. At alle som kjem på Agrovisjon 2010 vil treffe kjentfolk og gamle venner kan vi garantere. Målsettinga vår er at vi vil ha 10 000 gjester i utstillingshallane. Når folk møtes er det alltid muligheter. Gamle vennskap kan friskast opp og fornyast og nye kan bli etablert. Agrovisjon 2010 legg derfor til rette for at folk kan stoppe igjen i Stavanger Forum etter at utstillinga er slutt fredag. Då blir det lagt til rette for ein intim bondepub med irsk musikk. Og laurdag inviterer vi til ein staseleg festmiddag som blir avslutta med dans. Sjur Håland har lova å vera toastmaster. Alle dagar vil det bli sett opp gratis buss til og frå Jernbansestasjonen i Stavanger. Nytt av året er at vi inviterer familiar frå bygd og by til Agrovisjon 2010 søndag den 24 oktober. Mange vil nok, etter ein tur gjennom utstillingshallane, oppdage at landbruket er meir moderne og meir i tida enn dei har vore klar over. Velkommen til Agrovisjon 2010 Joar Oltedal Leiar av hovudkomiteen

Rogalandsbonden har tradisjon for å vera moderne Ovanståande formulering er tittelen på ei hovudfagsoppgåve på universitetet i Bergen. Og det fortel at rogalandsbonden vil ha tak i det mest moderne utstyret. Derfor vil du finne det siste nyaste nye i utstillingshallane under Agro visjon 2010. Opp i mot 4000 kvadratmeter vil vera proppa med den nyaste teknologien som er på veg inn i landbruket, og andre ny vinningar for eit moderne landbruk. I år skal vi berre nytte Hall C og Hall D. Det betyr ei meir kompakt utstilling og korte avstandar. Men det betyr også at det vert fleire folk rundt i gangane og inne på den enkelte utstillar sin stand. Dei aller fleste relevante firma som har vore med før, og ein del nye er på plass og vil vise det dei har og kan tilby. Og vi har oppmoda alle utstillarane til å henta fram den teknologien som dei veit er på veg inn. Nye løysingar og rasjonelle tilpassingar er det alltid marknad for i Rogaland. I tillegg til dei tradisjonelle utstyrsleverandørane, som vi reknar med vil gi gode rabattar for å få i stand ein god handel, er og Rogaland landbruksrådgjeving og andre viktige støttespelarar for landbruket solid representert. Vi var veldig stolte over utstillinga på Agrovisjon i 2007. Minst på høgd med Agroteknikk og Agromek var det mange som konstaterte. Og vi skal garantere. Vi har lagt lista ennå høgare i år. På vår heimeside finn du oversikt over alle utstillarane i år. Vi reknar med at mange av dei vil nytte høvet å presentere sine beste tilbod og sine nyheter her. Følg derfor med på http://www.agrovisjon.no/ fram mot Agrovisjon 2010. Det kan løne seg. Stavanger A = Landbrukpolitisk konferanse bondepub/festmiddag B = Landbrukutstilling/messe D = Landbrukustilling/messe P = Parkering