20 2008-2009 DELTIDSSTUDIM NETTSTUDIUM Boks 114 Opptak, 6101 Volda - T: 70 07 50 00 - www.hivolda.no Med atterhald om trykkfeil og endringar i studietilbodet
I dette heftet gir vi deg informasjon om utdanningstilboda våre som er utvikla med tanke på deg som ønskjer å byggje vidare på utdanninga di. Innhald 2 - Hev kompetansen! Med helsing Jørgen Amdam, rektor Samfunnet er i stadig endring, og vi blir i aukande grad stilt overfor nye kompetansekrav. Livslang læring har derfor blitt ei sentral målsetjing for høgre utdanning. Høgskulen i Volda har sett fokus på deltidsstudenten og arbeidslivet sitt kompetansebehov, og har tilrettelagt utdanningar for deg som treng å kombinere studium og arbeid. Deltidsstudia våre er tilpassa ulike målgrupper og studiesituasjonar. Studieformene kan variere mellom å vere samlingsbaserte, reine nettstudium, eller ein kombinasjon. Dette gjer det mogleg å kombinere studium med ein arbeidssituasjon. Høgskulen i Volda har lang erfaring med fjernundervisning i ulike former og har i dag mange ulike måtar å møte studentar på, heilt frå det fysiske møtet i Volda til det virtuelle på Internett. Fleire studium er også tilrettelagt gjennom Studiesenteret.no, noko som gir Høgskulen eit nasjonalt nedslagsfelt. Administrasjon, planlegging og leiing...6 Estetiske fag: Musikk Kunst og handverk Drama/teater...8 Historie Kultur Samfunnsfag Religion og livssyn...9 Informasjonsteknologi Matematikk - Naturfag...12 Idrett og friluftsliv...12 Førskuleutdanning Praktisk-pedagogisk utdanning...13 Sosial- og helsefag...14 Pedagogikk Spesialpedagogikk...15 Språk og litteratur...15 Opptak og praktisk informasjon...17 3 Med denne katalogen presenterer vi ei oversikt over utdanningstilboda for studieåret 2008-2009. Som deltidsstudent kan du velje mellom ei rekkje studium på ulike nivå innanfor mange fagområde. Vi er stolte av å kunne presentere eit breitt og relevant studietilbod, og ønskjer deg velkommen som deltidsstudent.
Administrasjon, planlegging og leiing 4 Samfunnsplanlegging og leiing Mastergrad (120 stp) Studiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Det vert lagt vekt på at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og gjennomsiktige prosessar. Mastergradsstudiet gir deg høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Det inneber kompetanse til å utvikle og å leie plan- og utviklingsarbeid. tlf. 70 07 51 63, nmm@hivolda.no Fagansvarleg Roar Amdam, tlf 70 07 51 24, ram@hivolda.no Leiing Vidareutdanning, masternivå (60 stp) Studiet er spesielt eigna for leiarar av resultateiningar, avdelingar og topp- og mellomleiarar i kommunar, fylkeskommunar og stat. Studiet er også eigna for dei med mindre leiarerfaring, men som ønskjer å søkje slike stillingar. Studiet gir eit godt grunnlag for å søkje leiarstillingar, og det kan fullt ut innpassast i det to-årige masterstudiet i samfunnsplanlegging og leiing. tlf 70 07 51 63, nmm@hivolda.no Fagansvarleg Roar Amdam tlf 70 07 51 24, ram@hivolda.no www.hivolda.no/tilbod Ledelse i helse- og sosialtjeneste Vidareutdanning, masternivå (30 stp) Samlingsbasert på Høgskolen i Molde Studiet skal gi perspektiv og kunnskap som er nødvendig for å fylle ulike leiarroller, bidra til utvida forståing for rammefaktorar på organisasjonsnivå og auka innsikt i personlege leiarkvalifikasjonar. Studiet gir eit godt grunnlag for å søkje leiarstillingar i helse- og sosialtenesta, og vert tilbydd i samarbeid med Høgskolen i Molde. tlf 70 07 51 63, nmm@hivolda.no Fagansvarleg Lars Jørgen Vik, tlf 70 07 51 36, ljv@hivolda.no Samplan Vidareutdanning, masternivå (30 stp) Studiet fokuserer på koplingane mellom kunnskap og teori, innsikt og forståing, praksis og handling. Målet med studiet er å stimulere til heilskapstenking og djupnekompetanse til både folkevalde og administrasjon. tlf 70 07 51 63, nmm@hivolda.no Fagansvarleg Roar Amdam, tlf 70 07 51 24, ram@hivolda.no Skuleleiing Vidareutdanning, masternivå (30 stp) Studiet tek tak i utfordringar knytt til leiing av analyse, planlegging, gjennomføring og vurdering av skulen si verksemd. Studiet utviklar kunnskap om korleis ein kan forvalte ressursar og kompetanse til beste for utvikling og læring, både for den enkelte elev og skuleorganisasjonen i heilskap. Studiet kvalifiserer for leiaroppgåver i grunnog vidaregåande skule. Roy-Asle Andreassen, tlf 90 75 30 31, ra@hivolda.no Frivillig og offentleg Vidareutdanning (60 stp) med avgift Studiet gir studentane forståing for leiing og organisering med mål om at dei utviklar eigen leiingskompetanse for bruk i organisasjonar der samspel mellom offentleg og frivillig sektor er viktig. Studiekoordinator Ann-Iren Høgalmen, tlf 70 07 51 37, aih@hivolda.no Livsløp, velferd og planlegging Vidareutdanning, masternivå (15 stp) Studiet legg vekt på livsløpsteori og korleis slik teori kan brukast i planlegging på ulike samfunnsnivå (kommunenivået er mest vektlagt). Ein vil formidle kunnskap om korleis ein kan utvikle og utforme planar med eit langt tidsperspektiv som tek omsyn til ulike befolkningsgrupper. Sveinung Dimmen, tlf 70 07 50 84, sd@hivolda.no Jon Olav Myklebust, tlf 70 07 50 97, jom@hivolda.no Kommunal økonomi Halvårsstudium (15 stp) Nettbasert med avgift Studiet gir kunnskap om styring og styringsreiskapar i kommunar, i tillegg til kunnskapar om regelverk, rammevilkår og rutinar, t.d. i samband med økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar. Studiet er aktuelt for m.a. noverande og framtidige kommunale avdelingsleiarar, og kan inngå som valfri del av bachelorgradsstudium. tlf 70 07 51 63, nmm@hivolda.no Fagansvarleg Inge Dyrhol, tlf 70 07 50 87, ind@hivolda.no Offentleg rett 1 og 2 Halvårsstudium (15 stp) Nettbasert med avgift Studium i offentleg rett gir innføring i rettsforholda mellom det offentlege og borgarane, og innføring i juridisk metode (rettskjeldelære). Offentleg rett 2 gir fordjupande kunnskap, og det blir også gitt innføring i rettsområde der det vert nytta offentleg rettsleg tvang overfor borgarane. Studium i offentleg rett er svært nyttige for mange yrkesgrupper både i offentleg og privat sektor. Bernt Olav Øvregaard, tlf 70 07 51 91, bov@hivolda.no Forvaltningsarbeid Halvårsstudium (15 stp) eller nettbasert med avgift Studiet gir deg kunnskap om formelle og praktiske element i saksbehandlingsarbeid i offentleg forvaltning. Studiet er spesielt tilrettelagt for dei som er eller vil bli saksbehandlarar i offentleg sektor, og gir auka kompetanse innan forvaltningsarbeid og korleis offentleg forvaltning arbeider. tlf 70 07 51 63 nmm@hivolda.no Fagansvarleg Klaus Egge, tlf 70 07 50 93, klaus.egge@hivolda.no Organisasjon og leiing i barnehagen eller nettbasert Studiet er eigna som vidareutdanning for førskulelærarar og andre som ønskjer å bli betre kvalifiserte for leiaroppgåver, eller som fordjuping for studentar i tredje året i førskulelærarutdanninga. Studiet gir teoretiske rammer for leiararbeid kopla med refleksjonar og praktiske eksempel frå aktuelle arbeidsplassar. Bjørn G. Tafjord, tlf. 70 07 53 67, bt@hivolda.no May Kristin Austrheim, tlf 70 07 53 81, may. austrheim@hivolda.no Entrepenørskap og bedriftsetablering Samlingsbasert med nettstøtte Er du lærar, kulturarbeidar eller nyutdanna innan medie- eller kulturfag? Studiet gir deg kunnskap om korleis du kan starte eiga bedrift eller bruke entreprenørskap som metode. Du kan velje mellom pedagogisk entreprenørskap, kulturelt entreprenørskap eller økonomisk entreprenørskap, og om ein vil arbeide med metoden i praksis, arbeide fram ein forretningsplan eller faktisk freiste å starte opp ei bedrift. Studiet gir grunnlag for å undervise med entreprenørskap som metode eller å etablere eiga bedrift. Bjørn Gunnar Tafjord, tlf. 7007 5367, bjorn.tafjord@hivolda.no Synnøve H. Amdam, tlf. 7007 5007, sha@hivolda.no Søknadsfrist - Samordna opptak: 15. april Linn Iren Alnes Dyb, internettstudent i Organisasjon og leiing i barnehagen - For meg er det svært bra å kunne studere over nettet, då eg bur eit stykke unna Volda. - Eg var litt spent på korleis dette ville gå føre seg, men er positivt overraska. - Det har vore lærerikt. Særleg det å diskutere med medstudentar via forum i Classfronter har gitt meg mykje, men samstundes krev ei slik studieform litt ekstra sjølvdisiplin. Mange er kanskje skeptiske til å prøve dette, men eg kan trygt tilråde det. 5
Musikk Kunst og handverk Drama/teater Historie Kultur Samfunnsfag Religion og livssyn Drama Fordjupingsstudium,, lokalt Studium i drama utviklar spelkompetanse og innsikt i ulike dramatiske uttrykksformer, og gir praktisk og teoretisk innsikt i skodespelarkunst, regi, scenografi og dramaturgi. Andre viktige emne er dramapedagogisk teori og praksis, og teaterkunsten sin eigenart og historiske utvikling. Studium i drama er eigna både for dei som vil arbeide med drama/teater i skule, kulturskule og amatørteater, og for dei som siktar mot vidare teaterutdanning. Studia kan innpassast i bachelorgradsstudiet i drama/teater. Sigrun Meisingset, tlf. 70 07 53 34, sme@hivolda.no Musikk Brynjulv Gjerdåker, Ralph Meier, 6 Kunst og handverk Halvårsstudium (1 og 2) (30 stp), lokalt tlf. 70 07 52 18, bg@hivolda.no tlf. 70 07 51 44, RalphM@hivolda.no 7 Fordjupingsstudium, Halvårsstudium (1 og 2), 30 stp Studium i kunst og handverk gir kompetanse i visuell kommunikasjon, nyskaping innanfor design og forståing av kulturane sine uttrykksformer. Kunnskap om kunst og formkultur er viktig når ein skal utvikle identitet og forstå seg sjølv og andre. Studia kan innpassast i bachelorgradsstudiet i kunst og handverk. Thorstein Vasset, tlf. 70 07 52 52, thorstein.vasset@hivolda.no Estetiske fag Halvårsstudium, 30 stp, lokalt Studiet har som mål å gi innsikt i og kunnskap om tverrfagleg bruk av estetiske fag som leik-, lærings- og utviklingsressurs for barn. Estetiske fag kan takast som fordjupingseining ved førskulelærarutdanninga, og er tilrettelagt som vidareutdanning for lærarar, førskulelærarar og andre yrkesgrupper som arbeider med barn og kultur. Oddrun Årflot, tlf. 70 07 52 86, OddrunA@hivolda.no Katharina Teige Førde, tlf 70 07 52 86 kteige@hivolda.no Henny Koppen, tlf. 70 07 53 27, henny.koppen@hivolda.no Studium i musikk gir grunnleggande fagleg kompetanse for å arbeide med musikk i skule og kulturliv. Ein tileignar seg ferdigheiter og handlingskompetanse som kvalifiserer for utøving av musikalsk og pedagogisk verksemd. Det vert lagt vekt på å utvikle fagleg, kunstnarleg, didaktisk og sosial kompetanse i tillegg til evne til endring og yrkesetisk refleksjon. Fullførte 60 stp innan musikk kan inngå i valfri del av allmennlærarutdanninga eller i ei faglærarutdanning med PPU. Studiet kan innpassast i bachelorgradsstudiet i musikk. Helge Hamsaas, tlf. 70 07 52 85, hh@hivolda.no Kulturmøte Mastergrad (120 stp), lokalt Mastergradsstudiet i kulturmøte er eit tverrfagleg studium av kulturar og møte mellom kulturar i eit historisk perspektiv. Medvitet er aukande om kultur som eit studiefelt for å nå større kunnskap om menneske og samfunn før og no, nært og fjernt. Studieprogrammet gir studentane kompetanse innan internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti og i forskings- og utgreiingsarbeid. Mastergraden gir også kompetanse som kan nyttast i kyrkje og skuleverket, innan media og informasjonsarbeid, i offentleg og privat forvaltning og i ABM-sektoren og kultursektoren elles. Historie Fordjupningsstudium (30 stp) Årsstudium (60 stp) eller nettbasert m/arbeidskrav Studium i historie skal lære studentane å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Arnljot Løseth, tlf. 70 07 51 21, al@hivolda.no Kjetil Lillesæter, deltidsstudent ved mastergrad i kulturmøte - Det eg liker med å vere deltidsstudent, er at eg kan ta ei pause frå den grå kvardagen, seier Lillesæter. Han er 40 år gammal og arbeider som journalist og programleiar i NRK P1 radio. Før han tok til på Mastergradsstudiet i kulturmøte, studerte Lillesæter samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen og tok deretter mellomfag i historie ved Høgskulen i Volda. No tar han Mastergradsstudiet i kulturmøte på fire år, og reiser til Volda frå Trondheim berre 4-5 dagar til saman kvart semester. Han meiner deltidsstudiet har vore veldig inspirerande og lærerikt. - Som programmedarbeidar i NRK arbeider eg mykje med livssynsspørsmål og historie, og gjennom mastergraden har eg lært mykje nytt som eg kan bruke i jobben. Nokre av emna eg har tatt, har vore veldig relevante, og ikkje minst inspirerande, seier Lillesæter. Han meiner at sidan han er i fulltidsjobb og bur langt frå Volda, er det spesielt viktig å kunne jobbe sjølvstendig som masterstudent, og seier at opplegget med deltidsstudium passar folk i arbeid, folk som bur langt frå eller har familie. Kristendom, religion og livssyn (KRL) Fordjupningsstudium (30 stp) Årsstudium (60 stp) eller nettbasert med avgift Studium i KRL gir innføring i forståing av religiøse tekstar, i historia til ulike religionar og livssyn, og i korleis desse tradisjonane står fram i dag. Religionar og livssyn har alltid vore grunnleggjande for menneska si forståing av seg sjølve og samfunnet. I dag er kompetanse på dette feltet etterspurt fordi også Noreg er blitt eit mangfaldig samfunn religions- og livssynsmessig sett, og er relevant både i skulen og i privat og offentleg verksemd.
STUDIUM Studiepoeng Semester Studieform Avgift STUDIUM Studiepoeng Semester Studieform Avgift 8 Drama 30 stp Haust/vår Lokal Drama fordjupning 30 stp Haust Lokal Engelsk 1 og 2 30 + 30 stp Haust Lokal Engelsk 1 30 stp Haust Samlingsbasert med nettstøtte m/avgift kr. 5000 Engelsk 3 30 stp Haust/vår Samlingsbasert Entrepenørskap og bedriftsetablering 30 stp Haust Samlingsbasert med nettstøtte Estetiske fag 30 stp Haust Lokal Examen philosophicum 10 stp Haust/vår Nett med avgift Forvaltningsarbeid 15 stp Haust/vår Lokal/Nett med avgift kr. 2500 Friluftsliv 30 stp Haust Samling Frivillig og offentleg 60 stp Haust/vår Samlingsbasert Førskulelærar (bachelor) 180 stp Haust Lokal Helsepedagogikk for farmasøytar 15 stp Haust Samlingsbasert Historie 60 stp Haust/vår Lokal/Nett Historie 30 stp Haust/vår Lokal/Nett Historie 3 30 stp Haust/vår Lokal/Nett Idrett 30 stp Vår Samling IKT i læring 1 og 2 30 + 30 stp Haust/vår Samlingsbasert / Nett Studiesenteret el.norsk nettskole m/avgift kr. 4900/9000 IKT i læring 3 30 stp Haust Samlingsbasert Internasjonal mediehistorie 30 stp Haust/vår Lokal Introduction to modern Japan 30 stp Haust/vår Lokal Kommunal økonomi 15 stp Haust Nett med avgift Kreativ bruk av IKT i barnehagen 30 stp Haust Samling med avgift/ Nett via Studiesenteret med avgift kr. 2500 Kriminalitetsforebygging 15 stp Vår Samlingsbasert Kristendomskunnskap og ungdomsarbeid 30 stp Haust Samlingsbasert KRL 60 stp Haust Lokal /Nett med avgift kr. 10 000 KRL 30 stp Haust/vår Lokal/Nett med avgift kr. 5000 KRL fordjuping 30 stp Haust/vår Nett med avgift kr. 5000 Kulturmøte (master) 120 stp Haust Lokal Kunst og handverk 1 og 2 30 + 30 stp Haust/vår Lokal Kunst og handverk 3 30 stp Haust Lokal m/materialavgift Ledelse i helse og sosialtjenestene 60 stp Vår Samlingsbasert Leiing 60 stp Haust/vår Samlingsbasert Livsløp, velfred og planlegging 15 stp Vår Samlingsbasert Mat, kosthald og helse 30 stp Haust Lokal Mat, kultur og konservering 30 stp Haust Lokal Matematikk 1 og 2 30+ 30 stp Haust Lokal/Nettstøtta Matematikk 3 30 stp Haust Lokal/Nettstøtta Musikk 1 og 2 30 + 30 stp Haust Lokal Naturfag 1 og 2 30 + 30 stp Haust Lokal Norsk 60 stp Haust/vår Lokal/ Nett med avgift kr. 12 000 Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 30 stp Haust Samlingsbasert Norsk 2: Lese og skriveoppl. 30 stp Haust Lokal/Nett med avgift kr. 6000 Norsk 2: Språk og litteratur 30 stp Haust/vår Lokal/Nett med avgift kr. 6000 Norsk 3 30 stp Haust/vår Nettbasert Nynorsk i opplæringa 30 stp Haust Nettbasert Nynorsk skriftkultur (master) 120 stp Haust Lokal Offentleg rett 1 og 2 15 + 15 stp Haust/vår Nettbasert med avgift kr. 2500 Organisasjon og leiing i barnehagen 30 stp Haust Samlingsbasert/Nett Praktisk-pedagogisk utd. (PPU) yrkesretta 60 stp Haust Samlingsbasert Rus - samfunnsproblem, førebygging og behandling 30 stp Haust Samlingsbasert Samfunnsplanl. og leiing (master) 120 stp Haust/vår Samlingsbasert Samplan 30 stp Haust Samlingsbasert Selvhjelp i brukermedv. 30 stp Haust Samlingsbasert, nettstøtte m/avgift kr. 15 000 Skuleleiing 30 stp Haust Samlingsbasert Skuleretta samf. 1 og 2 30 + 30 stp Haust Lokal/Nett med avgift kr. 5000 Sosial- og helsefag: Meistring og myndiggjering (master) 120 stp Haust/vår Samlingsbasert Spesialpedagogikk - yrkesretta (master) 120 stp Haust Samlingsbasert Spesialpedagogikk - yrkesretta (vidareutd.) 60 stp Haust Samlingsbasert Trusopplæring 30 stp Haust/vår Samlingsbasert Utefag 30 stp Haust Lokal 9 15. april er ordinær søknadsfrist. 1. juni får søkjaren tilsendt omslagsark, 1. juli er siste frist for ettersending av vårens vitnemål og attestar. 17. juni vert svar på søknadar sendt ut, med svarfrist 26. juli. Studiestart er sett til 19. august. Du finn utfyllande informasjon om korleis du søkjer om opptak på nettsidene www.hivolda.no/sok. Har du fleire spørsmål kan du ringe til Sørvistorget på telefon 70 07 50 18 eller sende ein e-post til sok@hivolda.no.
Informasjonsteknologi Matematikk Naturfag 10 Internasjonal mediehistorie Fordjupingsstudium (30 stp) Studiet skal gi studenten historisk innsikt i samspelet mellom media og samfunn, og kunnskap om korleis globale fenomen gjennom dekning i media blir spreidde på tvers av landegrenser og regionale skiljelinjer i verdssamfunnet. Studiet eignar seg spesielt godt for studentar som interesserer seg for nyare internasjonal historie, utanrikspolitikk og utanriksjournalistikk. Rolf Werenskjold, tlf. 70 07 50 71, rof@hivolda.no Examen philosophicum Innføringsemne, 10 stp Nettbasert med avgift Studiet gir kunnskap om sentrale tema og personar i filosofihistoria, og gir kunnskap om utviklinga av den vitskapelege tenkinga fram til nyare tids vitskapsfilosofiske diskusjon. Skuleretta samfunnsfag Halvårsstudium (1 og 2) (30 stp) eller nettbasert m/avgift (sjå midside) Studium i skuleretta samfunnsfag gir kunnskap til å forstå meir om samfunnet i fortid og notid, og er profesjonsretta med tanke på arbeid i skule og andre formidlingssituasjonar. Skuleretta samfunnsfag 1 og 2 er primært undervisningsretta, og kan inngå som valfri del av allmennlærarutdanning eller i ein fagkrins med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studia kan også inngå som emne i frie bachelorgradar. Odd Ragnar Hunnes, tlf. 70 07 52 96, orh@hivolda.no Trusopplæring Studiet skal gi fagleg kompetanse til å drive trusopplæring innan kyrkjer og organisasjonar, men er også nyttig for anna barne- og ungdomsarbeid. Studiet kan takast som vidareutdanning for arbeidarar i kyrkje eller organisasjon, eller t.d. for den som har lærarutdanning frå før. Det kan også innpassast i ulike bachelorgradar. Asbjørn Simonnes, tlf. 70 07 51 47, as@hivolda.no Kristendomskunnskap og ungdomsarbeid Studiet er eit samarbeid mellom Høgskulen og Norges KFUK-KFUM i tilknyting til prosjektet Ten Sing Norway, og og gir ei innføring i bibelfaget og kreativt ungdomsarbeid. Jan Ove Ulstein, tlf. 70 07 50 66, jou@hivolda.no IKT i læring Fordjupingsstudium (3) (30 stp ) Halvårsstudium (1 og 2) (30 stp) eller nettbasert m/avgift (Studiesenteret eller Norsk Nettskole) Studium i IKT i læring rettar seg mot studentar i lærarutdanning og lærarar, og legg vekt på utvikling av digital kompetanse og læringsdesign støtta av digitale verktøy. Ein vert i stand til å bruke digitale medium som ein effektiv reiskap i læring, eiga utvikling og administrativt arbeid. Fordjupningsstudiet kan berre takast samlingsbasert i Volda, medan IKT i læring 1 og 2 også kan takast nettbasert med avgift. Kjartan Bjorøy, tlf. 70 07 52 68, kjartanb@hivolda.no Matematikk Fordjupingsstudium (3) (30 stp) Halvårsstudium (1 og 2) (30 stp) (kan takast med nettstøtte) Studium i matematikk gir studentane eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar i grunnskulen. Odd Helge Tonheim, tlf. 70 07 53 68, OddHT@hivolda.no Arne Kåre Topphol, tlf 70 07 53 63, ArneKare.Topphol@hivolda.no Naturfag Halvårsstudium (1 og 2) (30 stp) Studium i naturfag er sett saman av ulike vitskapsområde som biologi, fysikk, kjemi, astronomi, geologi og andre emne. Målet er å gi studentane eit fagleg og didaktisk grunnlag for å undervise i desse emna på ulike nivå og i ulike samanhangar. Kreativ bruk av IKT i barnehagen og nettstøtte m/avgift eller nettbasert via Studiesenteret m/avgift Studiet vil kunnskap om korleis ein kan komme i gang med bruk av digitale verkty saman med barn, og det gir innføring i ulike måtar å bruke digitale verkty på i det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Høgskulelektor Lila Marie Moberg, tlf. 70 07 52 33, lila@hivolda.no 11 Arne Redse, tlf. tlf 70 07 51 49, ar@hivolda.no Frode Opsvik, tlf 7007 5362, frode.opsvik@hivolda.no Øyvind Almskår Schnell, tlf. 7007 5264, oyvindsc@hivolda.no
Idrett og friluftsliv Førskuleutdanning Praktisk-pedagogisk utdanning 12 Friluftsliv Studiet legg vekt på å gi studentane gode naturopplevingar, lærerike utfordringar og spennande fysiske aktivitetar i eit fagleg og sosialt miljø. Som ramme kring opplæringa ligg den storslagne sunnmørsnaturen med hav, kyst, fjordar og steile tindar. Studiet kvalifiserer for arbeid med barn og unge i grunnskule, SFO, vidaregåande skule, leirskule, lag og organisasjonar. Studiet kan inngå som del av bachelorgradstudiet i idrett og friluftsliv og som valfri del i allmennlærarutdanninga. Det er også tilrettelagt som vidareutdanning for lærarar og andre yrkesgrupper som vil arbeide med barn og unge. Nils Ola Skuset, tlf. 70 07 53 72, nilsola.skuset@hivolda.no Idrett Studiet inneheld to modular: Ski og ballspel, og er aktuelt for alle som ynskjer å auke kompetansen innanfor desse aktivitetsområda. Studiet kan gå inn som del av bachelorgradsstudiet i idrett og friluftsliv, som sjølvstendig studium, vidareutdanning eller som del av fjerde året i allmennlærarutdanninga. Studiet kvalifiserer til arbeid med barn og unge i skule og fritid og gir kompetanse som Trenar 1 i Alpint og Telemark i NSF si trenarutdanning. Arnfinn Haug, tlf. 7007 5287, aha@hivolda.no Utefag Studiet skal gjennom teoristudium og faglege og praktiske erfaringar gi kompetanse til å planleggje og gjennomføre frie og organiserte aktivitetar med barn utandørs. Utefag kan takast som fordjupingseining ved førskulelærarutdanninga, og kan inngå i bachelorgrad i idrett og friluftsliv. Studiet er dessutan tilrettelagt som vidareutdanning for lærarar, førskulelærarar og andre yrkesgrupper som arbeider med barn og natur. Helga Synnevåg Løvoll, tlf. 70 07 52 58, HelgaL@hivolda.no Rune Pettersen, tlf. 70 07 53 47, Rune.Pettersen@hivolda.no Førskulelærar Bachelorgradsstudium (180 stp) Deltid 2008-2012, samlingsbasert i Volda Studiet kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage, i 1.klasse i grunnskulen (etter gjeldande kompetansekrav i opplæringslova) og med barn på tilsvarande alderssteg i andre institusjonar. Studiet kvalifiserer for opptak til vidareutdanning i grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring for førskulelærarar og til mastergrad i spesialpedagogikk ved HVO. Gerd Sylvi Steinnes, tlf. 70075267, Gerds@hivolda.no Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) - yrkesretta Årsstudium (60 stp) PPU gjer det mogleg å setje saman si eiga lærarutdanning. Studiet kvalifiserer studentar som har fullført ulike fagstudium for læraryrket. Denne lærarutdanninga byggjer på fagstudium frå universitet og høgskular, eller på ei yrkesutdanning med yrkesteori og praksis frå yrkeslivet. Studiet er ei profesjonsutdanning som kvalifiserer for lærararbeid på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen, i vidaregåande skule, i vaksenopplæringa og innanfor høgare utdanning. Geir Humberset, tlf. 70 07 53 12, ghu@hivolda.no 13 Sosial- og helsefag Sosial- og helsefag: Meistring og myndiggjering Mastergradsstudium (120 stp) Studiet siktar mot å styrkje helse- og sosialarbeidarane sin kompetanse i arbeid retta mot einskildpersonar, familiar og grupper, og gir eit godt grunnlag for klinisk arbeid, undervisning og førebyggjande arbeid. Særleg vil helseføretaka si satsing på læring og meistring gi utfordrande arbeidsoppgåver for mastergradskandidatane. tlf. 70 07 51 63, nmm@hivolda.no Fagansvarleg Kåre Heggen, tlf. 70 07 52 16, khe@hivolda Rus samfunnsproblem, førebygging og behandling Vidareutdanning, mastergradsnivå (30 stp) Studiet gir kunnskap om og refleksjon til å møte rusproblem på ein løysingsorientert måte på arbeidsplassen, i familien og andre stader. Studentane vil få eit breitt nettverk av kollegaer som arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk innanfor helse- og sosialtenestene og på andre felt av samfunnslivet der ein møter rusproblem. Hallgerd Conradi, tlf. 70 07 50 81, hc@hivolda.no Nils Magne Magerøy, tlf. 70 07 51 63, nmm@hivolda.no Kriminalitetsforebygging Masternivå (15 stp) Studiet er hovudsakleg orientert mot kriminologiske problemstillingar og perspektiv på førebygging av kriminalitet. Studiet er ein del av mastergrad i Sosial- og helsefag: Meistring og myndiggjering, og kan takast som frittståande vidareutdanning. Alf Roger Djupvik, tlf. 70 07 51 32, alfroger@hivolda.no
Helsepedagogikk for farmasøytar Vidareutdanning, masternivå (15 stp) Studiet blir gitt på bakgrunn av at sjukehusapoteka i Midt-Norge ønskjer meir pedagogisk kompetanse, noko som har samanheng med hovudmålet til sjukehusapoteka som er: Riktig legemiddelbruk. Kurset tek sikte på å styrkje den pedagogiske og kommunikative kompetansen til farmasøytane i møte med pasient/pårørande/kunde og helsepersonell. Marit Kvangarsnes, tlf. 70 05 50 73, Marit.Kvangarsnes @hivolda.no Selvhjelp i brukermedvirkning med nettstøtte m/avgift Studiet gir kunnskap om selvhjelp og arbeidsmåter, som gir kompetanse til å omsette relevant fag- og erfaringsbasert kunnskap i et brukermedvirknings og folkehelseperspektiv. Samfunnsutviklingen skaper komplekse helsemessige og mellommenneskelige utfordringer, som medfører et stort behov for kunnskap om praktisk brukermedvirkning og folkehelsearbeid. Anne-Sofie Egset, tlf. 70 07 50 13, annesofie.egset@hivolda.no Mat, kosthald og helse Halvårsstudium, 30 stp Studiet er retta mot dei som vil undervise i faget Mat og helse i grunnskulen, der mat vert studert frå eit ernæringsmessig, sosiologisk, estetisk og helsemessig perspektiv. Studiet gir kompetanse om kosthald og helse på generelt grunnlag, og kan byggjast ut til årsstudium i Matkultur og helse eller som valfri del i allmennlærarutdanninga. Heidi Brunstad Øyehaug, tlf. 70 07 52 72, hb@hivolda.no Mat, Kultur og konservering Bøstrand har vore tilsett som klassestyrar 14 Studiet er eit tverrfagleg studium retta mot Nynorsk skriftkultur Norsk på småskulesteget ved Stadlandet deg som er interessert i matkultur, mattradisjonar Mastergradsstudium (120 stp) Fordjupingsstudium, (30 stp) skule, deretter fekk ho ny jobb som 15 og konservering, og er særskilt eigna for dei som vil formidle mat, kultur, konservering og laging av mat til barn, ungdom og vaksne i barnehage, skule eller anna formidlingsverksemd. Studiet kan byggjast ut til årsstudium i Matkultur og helse, der 60 stp i faget kan inngå i ei faglærarutdanning med PPU. Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur er eineståande i Noreg. Det vert lagt vekt på skriftkulturen allment, samstundes som det nynorske eksemplet vert brukt for å vise korleis menneska har forma skrifta, og skrifta har forma menneska. Årsstudium (60 stp) Nettbasert, lokalt eller nettbasert m/avgift spesialpedagog ved Sande og Vanylven PPT-kontor. Ved Stadlandet skule fungerte ho også som spesialpedagogisk koordinator, og hadde mellom anna ansvaret for oppfølging av det spesialpedagogiske opplegget ved skulen og kontakt med PPT-kontoret. Heidi Brunstad Øyehaug, tlf. 70 07 52 72, hb@hivolda.no Erik Fooladi, tlf. 70 07 53 22, ef@hivolda.no Pedagogikk Spesialpedagogikk Yrkesretta spesialpedagogikk Mastergradsstudium (120 stp) Mastergradsstudiet i spesialpedagogikk er yrkesretta, og skal gi studentane brei praktisk og teoretisk kunnskap om og kjennskap til verksemda i barnehage og skule. Studiet byggjer på innhaldet og arbeidsmåtane i dei obligatoriske emna i dei ulike lærarutdanningane, og kvalifiserer mellom anna til: - spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule - arbeid i PP-tenesta - doktorgradsstudium Språk og litteratur Studiet gir brei kulturkompetanse og kvalifiserer for arbeid i fagstillingar ved museum, i offentleg og privat kultursektor, i kulturadministrasjon og ved kulturformidlingsinstitusjonar. Jan Inge Sørbø, tlf. 70 07 52 26, jis@hivolda.no Stephen J. Walton, tlf. 70 07 52 17, stephen@hivolda.no, Roger Ole Rangsæter, tlf. 70 07 50 16, ror@hivolda.no Spesialpedagogikk - vidareutdanning Masternivå (60 stp) Studiet er ein del av mastergradsstudiet i spesialpedagogikk, men kan takast som ei vidareutdanning på 60 stp, med 4 emne innanfor spesialpedagogikk. for spesialpedagogikk Grete Dalhaug Berg, tlf. 70 07 53 55, GreteD.Berg@hivolda.no Studium i norsk gir kompetanse til å kunne undervise i norsk, og det gir gode basiskunnskapar i språk og litteratur. Dei fleste som studerer norsk, nyttar faget i undervisningssamanheng, men norsk er også nyttig i kombinasjon med anna utdanning eller yrkeserfaring. Studium i norsk høver mellom anna godt som grunnlag for vidare studium innanfor media/informasjon og journalistikk. Fagansvarleg Kari Garshol Welle, tlf. 70 07 53 08, kw@hivolda.no Studiekoordinator Sylvi Gulla Hovdenakk, tlf. 70 07 50 15, sgh@hivolda.no Ingvild Bøstrand, deltidsstudent ved Mastergradsstudiet i spesialpedagogikk Bøstrand meiner studiet har vore godt tilrettelagt for studentar som vil kombinere jobb, familie og utdanning. Bøstrand arbeider som spesialpedagog ved Sande og Vanylven PPT-kontor. Ingvild Bøstrand er 32 år gamal og har tre born. I 1998 fullførte ho 3-årig førskulelærarutdanning og tok deretter 20 vekttal i Pedagogisk arbeid på småskulesteget for å få undervisningskompetanse i barneskulen. I 2002/03 vart Bøstrand deltidsstudent ved Spesialpedagogikk første avdeling og er no ferdig med sin mastergrad. Bøstrand har vore godt nøgd med organiseringa på emnenivå ved masterstudiet, fordi studentane kan fordjupe seg meir i kvart fagområde. Ho likar også at det har kome inn meir varierte vurderingsmåtar og at det har vore mange gode videoforelesingar med kjende fagpersonar ved masterstudiet.
16 Engelsk Fordjupingsstudium (3) (30 stp) Halvårsstudium (1 og 2) (30 stp) (Engelsk 1 kan takast samlingsbasert i Volda, nettstøtta m/avgift) Studium i engelsk gir større fagleg innsikt og tryggleik i bruk av engelsk, både munnleg og skriftleg. Det er i dag stor etterspørsel etter undervisningskompetanse i engelsk i skuleverket, og saman med allmennlærarutdanning/ppu kvalifiserer studiet til arbeid som engelsklærar. Studium i engelsk kan innpassast i bachelorgrad i språk og litteratur. Howard Medland, tlf. 70 07 50 38, howardm@hivolda.no Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk Fordjupingsstudium (30 stp) Studiet gir førskulelærarar og lærarar kompetanse i utvikling og gjennomføring av opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø ein kompetanse det er stort behov for i både skule og barnehage. Randi Myklebust, tlf 70 07 53 78, randi.myklebust@hivolda.no, Birgitte Fondevik Grimstad, tlf 70 07 50 39, e-post bfg@hivolda.no Nynorsk i opplæringa Nettbasert Studiet er retta mot utfordringane knytt til opplæring i nynorsk som hovudmål og sidemål. Kunnskap om bokmål og nynorsk utgjer ein samla lese- og skrivekompetanse i norsk. Studiet kan takast som ei vidareutdanning for lærarar, som påbyggingsstudium for lærarstudentar og emne i eit fagstudium i norsk. Studiet gir saman med Norsk 1 i lærarutdanninga 60 studiepoeng i norsk, og kvalifiserar studentane til å bli ressurspersonar i nynorskopplæringa. Odd Monsson, tlf. 70 07 50 43, om@hivolda.no Norsk 2: Lese og skriveopplæring eller nettbasert med avgift Studiet er retta mot læraryrket og dei utfordringane lærarar møter i sitt daglege virke knytt til lese- og skriveopplæring i grunnskulen. God lese- og skriveopplæring er ein føresetnad for læring i alle fag for alle, og særleg for dei som kan utvikle lese- og skrivevanskar. Med vektlegging av leseopplæring, skriveopplæring og digital kompetanse tek studiet for seg tre av dei fem grunnleggjande ferdigheitene i Kunnskapsløftet (L-06). Studiet gir derfor ei svært aktuell og relevant kompetanseheving knytt til det nye læreplanverket og innføringa av det. Pål Hamre, tlf. 70 07 52 69/95 85 13 61, phamre@hivolda.no Norsk 2: Språk og litteratur Halvårsstudium, 30 stp eller nettbasert med avgift Studiet er i større grad enn norsk i lærarutdanninga eit fagstudium, og gir deg ei grunnleggjande innføring i dei litterære sjangrane og i tekstanalyse. Språkdelen har eit kulturperspektiv, der ein arbeider med språket i lys av historiske og sosiale forhold. Studiet gir undervisningskompetanse i skulen. Fagansvarleg Kari Garshol Welle, tlf. 70 07 53 08, kw@hivolda.no Studiekoordinator Sylvi Gulla Hovdenakk, tlf. 70 07 50 15, sgh@hivolda.no Nina Slettesløt, internettstudent i historie - Nettstudiet har gitt meg ein flott sjanse til å studere utan å flytte til Volda. Leksjonane og innleveringane på nettet fungerer svært godt, og rettleiarane er alltid tilgjengelege. - Diskusjonsforumet var veldig nyttig, fordi eg på den måten hadde kontakt med andre studentar, og fekk gode tilbakemeldingar på fagspørsmål. - Du kan bu kvar som helst og likevel ta utdanning. 17
18 Opptak og praktisk informasjon Generell studiekompetanse er hovudkravet for opptak til grunnutdanning ved høgare utdanningsinstitusjonar. Opptaksreglane er fastsette i Forskrift om opptak til universitet og høgskoler UFD 10. oktober 2005, med heimel i lov av 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular. Generell studiekompetanse skal normalt vere: Fullført og bestått 3-årig vidaregåande utdanning (grunnkurs, VK I og VK II), eller: - fullført og bestått fagopplæring med fagbrev/sveinebrev og obligatoriske fagkrav (felles allmenne fag), eller - fylte 23 år i løpet av opptaksåret og fem års fulltids arbeidserfaring eller fem års samla arbeidserfaring og utdanning (23/5-søkjarar). Omsorgsarbeid og militær førstegongsteneste kan også reknast som arbeidserfaring. Som utdanning gjeld fullført og bestått årskurs i vidaregåande opplæring og/eller folkehøgskule, og eksamen frå studium av minst eit års leng og obligatoriske fagkrav (felles allmenne fag). For meir utfyllande informasjon om generell studiekompetanse: www.hivolda.no eller www.samordnaopptak.no Søknadsfrist: 15. april (Samordna- og lokalt opptak) 7. desember (lokalt opptak) Realkompetanse Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse, og som fyller minst 25 år i søknadsåret, kan søke på grunnlag av realkompetanse. Dette er den kompetansen ein person skaffar seg gjennom lønna eller ulønna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring eller på annan måte. Kvar enkelt studiestad avgjer kva som gir realkompetanse for sine studium. Informasjon om dette får du ved å kontakte Høgskulen i Volda. Søknadsfrist: 1. mars (Samordna- og lokalt opptak) 7. desember (lokalt opptak) 19 Å vere nettstudent Vi har satsa på eit verkty når det gjeld nettstudier, Classfronter, som legg til rette mellom anna for at lærar kan publisere informasjon og oppgåver til studentar, og at studentar kan kome i dialog med kvarandre anten direkte eller via meldingar som ein svarar på ved høve. I Classfronter finn du leksjonar, eksamensoppgåver, gruppearbeid og fagressursar. I tillegg bruker vi Classfronter til informasjon frå administrasjonen, biblioteket og frå Studenttinget (STIV).