Møre og Romsdal fylkeskommune saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.05.2010 23880/2010 Bengt Endreseth Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 31.05.2010 Høyring - forslag om blokker til utlysing i 21.konsesjonsrunde Bakgrunn Olje og energidepartementet har invitert oljeselskapa til å nominere blokker som dei ønskjer skal vere ein del av 21. konsesjonsrunde på norsk kontinentalsokkel. Invitasjonen vart sendt til alle rettighetshavarane og til prekvalifiserte selskap på norsk sokkel. Det blir arrangert to typar konsesjonsrundar på norsk kontinentalsokkel. Dei ordinære konsesjonsrundane som dei siste åra har vore arrangert kvart andre år, og som gjev utvinningsløyve i umodne delar av sokkelen. Dei årlege konsesjonsrundane som går under namnet "tildeling i forhåndsdefinerte områder" (TFO) fokuserer på dei modne delane av sokkelen der geologien er kjent og infrastrukturen er godt utbygd. Gjennom igangsettjing av 21. konsesjonsrunde gis petroleumsindustrien tilgang til delar av sokkelen som er mindre utforska, og kor potensialet for å gjere store funn er til stades. Olje og energiministeren sier: "Å gi industrien tilgang til umodne områder gjennom forutsigbare konsesjonsrunder er viktig for å opprettholde aktivitetsnivået på norsk sokkel samt sikre at norsk sokkel fortsatt er attraktiv. Disse områdene vil i fremtiden kunne føre til langsiktig verdiskaping og sysselsetting." Høyringsuttala vil utgjere ein viktig del av beslutningsgrunnlaget når departementet skal avgjere kva for blokker som skal inkluderast i endeleg utlysning av 21. konsesjonsrunde. Departementet si målsetting er at utlysning skal skje før sommaren 2010 samt at utvinningsløyve blir tildelt våren 2011. Prosessen for 21. konsesjonsrunde er vist nedanfor. Vurdering av nominerte blokker Hering forslag om blokker til utlysning Endelig utlysning av 21. konsesjonsrunde 16 03 10-11 05 10 før sommeren 2010 OED inviterer oljeselskap til & nomlnere blokker de onsker skal være en del av 21. konsesjons runde på norsk kontinental sokkel. Unntak i foryaltningsplan Norskehavet, Barentshavet, mv OD har vurdert de 307 nomlnerte blokkene og har anbefalt utlyse 100 blokker Offentlig horing av forslag til blokker. HensIkten er mer åpenhet slik at ullke samfunns interesser f&r mulighet til å uttale seg fer departementet fatter beslutning I saken. OED beslutning og avgjørelse av hvilke blokker som skal inkluder-es I endeilg utlysning av 21. konsesjons runde
Side 2 21.konsesjonsrunde nominerte blokker pr 13.01.2010: OD 21. runde. Nominerte blokker 1.1 2 eiler fiere nominasjoner L I Nominerte blokker Nominerbare blokker
Side 3 21.konsesjonsrunde, anbefalte blokker pr 16.03 2010 i Norskehavet: 1 E 3 E 4 E SE 6 E 7 E 8`E 15E 11 E 12 E esm- Funn og felt _ UMnningstillatelser Olje 771 Seismikkområder Gass c:3 TFO områder Olje m/gass Gass/kondensat mei Utlyste blokker.-69 N -68 N 68 N- -.67 N. 66 N 66 N- - 65 N 65 N.. 84 N 0 6301 63021 Trondheim - 63 N 83 N 0 2 E 3 E 4 E 5 E
Side 4 Vurdering Olje- og energidepartementet uttrykkjer at dei ønskjer å oppretthalde aktivitetsnivået på norsk sokkel samt sikre at norsk sokkel framleis er attraktiv ved tideling av nye områder. Dei peikar peker også på at desse områda vil kunne føre til langsiktig verdiskaping. Samstundes registrerer ein at fleire av dei nominerte blokkene, særleg i den sørlege delen av Norskehavet, ikkje er mellom dei blokkene foreslått lyst ut. Det er gjort betydelege investeringar i petroleumsindustrien i Møre og Romsdal. Dette gjeld både infrastruktur og kompetanse. Det er vesentleg både frå eit samfunns-økonomisk og eit bedriftsøkonomisk perspektiv å sikre at petroleumsindustrien får tilgang til nytt leieteareal og at omsynet til eksisterande infrastruktur blir lagt vekt på ved tildeling av blokker. I samband med komande konsesjonsrundar på norsk sokkel og val av utbyggingsløysingar må det bli stilt krav til selskapa om samfunnsmessige analyser for dei valte løysingane og då særleg med vekt på industriell utvikling og sysselsetting på land. I eit miljø- og klimaperspektiv er det viktig framleis å ha fokus på at nye installasjonar på sokkelen blir vurderte for elektrisitetsforsyning frå land. Dette saman med ny teknologi for reinsing av utslepp og skjerpa ansvar for den som forureinar, bør vere vesentlege tiltak for å få utsleppa frå sokkelen ned. Omsynet til miljø- og klima må og vektast tungt ved tildeling av nye konsesjonar slik at dei selskapa som kan vise til god innsats på dette området blir prioriterte. I ein slik samanheng er det viktig å sjå korleis selskapa på norsk sokkel evaluerer hendingane i Mexicogulfen og tek omsyn til erfaringane derifrå i sitt eige arbeid med tryggleiksrutinar og oljevernberedskap. St.meld. nr. 37 (2008-2009) «Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Norskehavet» (forvaltningsplan) viser til område der det ikkje skal utlysast konsesjoner før oppdatering seinast i 2014; Mørebankane, Iverryggen og Froan/Sularevet. Desse inngår dermed ikkje i 21. konsesjonsrunde og blir ikkje kommentert i denne runden.
Side 5 Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune gjev følgjande uttale: 1. Det er positivt at Olje- og energidepartementet gjennomfører offentlege høyringar, kor regionale og lokale styresmakter sine synspunkt kan innarbeidast i dei krav OED stiller til det enkelte selskap i konsesjonsrundane. Tildelingar av nye lisensar er viktige hendingar i norsk olje- og gass verksemd og har stor innverknad både på miljø og næringsutvikling. 2. Møre og Romsdal fylkeskommune registrerer at fleire nominerte felt i den sørlege delen av Norskehavet ikkje er mellom dei felta som er foreslått utlyst. Petroleumsretta næringsverksemd er ei av dei største næringane i fylket. Det er allereie gjort store investeringar i infrastruktur og kompetanse spesielt retta mot petroleumsaktiviteten i Norskehavet. Dette gjeld særleg investeringar i landanlegg, base- og driftsmiljø, leverandørindustri og utdanningstilbod tilpassa petroleumsnæringa sine behov. For å sikre kontinuitet og vidareutvikling er det ein føresetnad, både ut frå eit samfunns- og frå eit bedriftsperspektiv, at ein nyttar desse ressursane fullt ut og legg dette til grunn for ny leiteaktivitet og utbygging og drift av nye felt. 3. Når søknaden om konsesjonar skal handsamast, må det bli lagt vekt på kva selskapa tilfører regionane i form av ringverknader. Det skal settast krav til lokale og regionale ringverknader også i leitefasen og det bør bli gjennomført samfunnmessige analyser av dei løysingar som blir utgreidd og då særleg med vekt på industriell utvikling og sysselsetting på land. 4. Omsynet til klimautfordringane og miljøet må tilleggast stor vekt ved tildelingar av nye konsesjonar slik at dei selskapa som kan vise til god innsats på dette området blir prioriterte. I ein slik samanheng er det viktig å sjå korleis selskapa på norsk sokkel evaluerer hendingane i Mexicogulfen og tek omsyn til erfaringane derifrå i sitt eige arbeid med tryggleiksrutinar og oljevernberedskap 5. Innsatsen må framleis rettast mot elektrifisering av installasjonane på sokkelen samt utvikling av ny og forbetra teknologi for å redusere klimautsleppa. Bergljot Landstad regional- og næringssjef