VELKOMEN TIL RØDE KORS HAUGLAND REHABILITERINGSSENTER Vi håpar at du vil finne deg godt til rette hjå oss den tida du skal vere her. For oss er det viktig å leggje tilhøva til rette for at du skal kunne gjere deg nytte av rehabiliteringsopphaldet på best mogleg måte. Om du skulle sakne noko eller har spørsmål, ta kontakt så skal vi hjelpe deg så godt vi kan. Rehabilitering kan vere ein krevjande prosess, og det kan difor vere godt å ha eit rom ein kan trekke seg tilbake til. Om du vil vere meir sosial, kan du nytte deg av våre fellesstover, - på hemsen, i kjellaren eller i Snikkarbua. Innimellom arrangerer vi kulturaktivitetar som vi håper du vil ha glede av å delta på. Meistring Motivasjon Mangfald Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er eit rehabiliteringssenter innan spesialisthelsetenesta. Vi tek imot 1 300 pasientar årleg, med variasjon i funksjonsnivå, tilstand og diagnose. Behandlingsideologien er inspirert av Erling Stordahl sin visjon om å leggje til rette for aktivitet og deltaking uavhengig av funksjonsnivå. Vi set pasienten i sentrum for sin eigen rehabiliteringsprosess, og tverrfagleg stab vil motivere og rettleie undervegs. Vi har ei ressursfokusert tilnærming, der pasientane sine ressursar er viktigare enn begrensingane. I prosessen nyttar vi friluftsliv, tilpassa fysisk aktivitet og samtale, samt undervisning basert på kognitiv/ metakognitiv terapi. Heilskapstanken står sentralt i rehabiliteringsprosessen. Fagideologien byggjer på skulemedisinske prinsipp der måla er å: Auke sosial og/ eller arbeidsmessig deltaking Redusere følgjetilstander etter sjukdom Betre psykisk helse Betre fysisk helse Med ynskje om eit godt og innhaldsrikt opphald Inger Johanne Osland Adm.dir
HISTORIA OM HAUGLAND Christian Bekker, f. 1877 1980, son til Sofie Cecilia Haugland og Frantz Friedrich Bekker, fekk skøyte på Haugland i 1906. Christian var ugift og budde på Haugland frå 1939. Før han døydde testamenterte han eigedomane sine til Sogn og Fjordane distrikt av Norges Røde Kors. Christian Bekker sette som vilkår i testamentet at midlar og eigedomen skulle nyttast til humanitære og inspirerande føremål. Sogn og Fjordane Røde Kors starta restaurering og utbygging i 1981, og første byggjesteg stod ferdig i 1985. Senteret var då eit ferie-, fritids- og aktivitetssenter for personar med eller utan funksjonshemmingar. I denne perioden vart det starta leirskule. Utbygginga heldt fram og 24. oktober 1992 vart Haugland Helsesportssenter opna av kong Harald. Anlegget vart røyndom grunna Lions sin Røde Fjær aksjon i 1987, som gav midlar til føremålet. I 1993 vart institusjonen godkjent som rehabiliteringssenter gruppe I med 50 sengeplassar. Institusjonen hadde 8500 kvm. bygningsmasse til rådvelde og dekka for det meste etterspurnad frå Vestlandet. Institusjonen la stor vekt på oppbygging av fagleg kompetanse innan rehabiliteringsfeltet og utvikla i første omgang tilbod til personar med muskel,- skjelettlidingar, kronisk smerte og kreft. Frå 2006 har institusjonen hatt avtale med Helse Vest regionale helseføretak og tilbyr spesialiserte rehabiliteringstenester til eit mangfald av pasientgrupper. Røde Kors si satsing på Haugland førde til at organisasjonen United World College vart knytt til senteret. September 1995 vart skulen opna av Dronning Sonja og Dronning Noor av Jordan. Skulen har eit to-årig program der ein tek International Baccalaureate (IB), ein eksamen som gjev tilgang til dei fleste universitet i verda. Internasjonal solidaritet, miljø og menneskerettar vert vektlagt i undervisninga. Skulen legg spesielt til rette for at studentar med funksjonshemming og studentar frå utviklingsland skal få eit tilbod.
PRAKTISK INFORMASJON: Ankomstdag Velkomstmøte kvar onsdag kveld (sjå oppslag). Avreise Utsjekking frå rommet er kl. 10.00 avreisedagen. Det er fint om du tek av sengekleda før du reiser. Eigenandel Privatpersonar skal sjølv betale ein del av kostnadene når dei brukar det offentlege helsevesenet ved å betale ein eigenandel (jfr. Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. 5-5.Pasienters egenbetaling). Opphald ved RKHR kjem inn under ordninga om eigenandelstak 2, og du kan søke om frikort for eigenandelstak 2 så snart eigenandelstaket er nådd (meir informasjon om dette finn du på www.helfo.no). Det er eit ynskje at du betalar eigenandelen på opphaldet i resepsjonen i løpet av den fyrste helga du er her. Senteret har betalingsterminal. Brann Branninstruks heng på døra di. Ver vennleg å gjere deg kjend med rømingsplan og orientere deg om næraste naudutgang. Ignorer aldri ein alarm. Bruk trappene ved evakuering, ikkje bruk heis. Samlingsstad ved brannalarm er på plenen nedanfor senteret sitt hovudbygg (utanfor inngangen til Matsal 2). Det er ikkje høve til å nytte open eld, for eksempel stearinlys på rommet, grunna brannfare. Brukarevaluering Vi ønskjer å bli betre og set difor stor pris på å få di tilbakemelding. Vi håper du vil nytte brukarevalueringsskjemaet vårt og gje oss tilbakemelding på korleis du opplevde opphaldet her hos oss. Du vil få utdelt skjemaet ein av dei siste dagane av opphaldet. Buffet Buffetservering til alle måltid. På grunn av allergiar ber vi om at du ikkje blandar serveringsbestikka på fata i buffèen. Fotografering Av omsyn til personvern, ber vi om at du ikkje fotograferer andre pasientar.
Fråværsregistrering Dersom du er borte frå senteret i lengre periodar ynskjer vi at dette vert registrert i resepsjonen. Om du berre er borte nokre timar, kan du registrere deg på eit eige skjema i gangen ved sidan av resepsjonen. Dette er eit tryggleikstiltak for at personale til ei kvar tid skal ha oversikt over kven som er på senteret i tilfelle brann og liknande. Internett Det er trådlaust nettverk på senteret. Du finn og gjeste-pc-ar i 1.etg i hovudhuset. Namn på nettverk: Haugland Passord: hauglandgjest Kultur og fritid Det vert arrangert fleire kultur- og fritidsaktivitetar på ettermiddag og helg, sjå vekeoversikt på oppslagstavla. Arrangement kan vere konsertar, foredrag, kurs, ulike turar m.m. Nokre arrangement må ein melde seg på, andre er opne. Mobiltelefon Det kan vere forstyrrande med mobiltelefon under aktivitet og undervisning. Vi set derfor pris på at du har den på lydlaus eller avslått. Måltid Alle måltid vert servert i matsalen ved resepsjonen til følgjande tider: Frukost: 08.00 09.00 (sundag kl. 08.00 09.30) Fruktmåltid: 10.00 10.30 (måndag - fredag) Lunsj: 11.45 12.45 Middag: 16.00 17.00 Kvelds: 19.15 20.00 Open time: Sjukepleiarane har open time kvar ettermiddag på sjukepleiekontoret (sjå oppslag på dør). I open time kan du ta opp spørsmål om medisinar eller andre aktuelle tema, eller gjere ein avtale om samtale seinare. Parkering Parkering er tilgjengelig på merka stadar ved aktivitetsbygget. Området ved hovudinngangen er reservert for drosjer og forflyttningshemma som har godkjent parkeringstillating/ parkeringsbevis.
Pasientalarm Det er pasientalarm i alle hus. Post og informasjon Post og beskjedar vert lagt i posthyllene i gangen i hovudhuset måndag til laurdag. Internpost vert fortløpande lagt i posthyllene. Noko informasjon vert hengt opp på oppslagstavlene som og er ein nyttig stad for å finne informasjon om aktivitetar og andre tilbod ved senteret. Fint om du sjekkar posthylla di og oppslagstavlene i samband med måltida. Reinhald av pasientrom Reinhald av pasientrom kvar måndag og fredag. I tillegg vert handdukar som ligg i skittentøykorga på rommet henta kvar onsdag. Det er fint om du held orden når reinhaldspersonellet kjem og vaskar. Ynskjer du byte av sengetøy i løpet av opphaldet, tek du det av og vil få utlevert nytt hjå reinhald når dei er innom rommet måndag, onsdag eller fredag. Treng du hjelp til skift av sengetøy, tek du kontakt med resepsjonen. Dersom du har særskilde behov når det gjeld sengetøy eller handdukar ta kontakt med sjukepleieavdelinga. Rus Vi har null-toleranse for bruk av alle rusmiddel medan du er på senteret. Det er heller ikkje ønskeleg at du nyttar alkoholfritt øl. Røyking Det er røykeforbod på senteret sitt område. Røyking er lov på anvist røykeplass. Alle aktivitetar i senteret sin regi er røykfrie. Dette gjeld også bruk av elektroniske sigarettar. Telefon Telefonnummeret til resepsjonen er 9 frå interne telefonar, frå mobil må du ringe 57 73 71 00. Tilgang Det er kun pasientar ved senteret som har tilgang til pasientbustader mellom kl. 23.00 og 07.00. Andre kun etter avtale. Ver venleg og respekter at det skal vere ro i same tidsperiode. Pasientar har heller ikkje tilgang til studentbustader på UWC utan å vere i følgje med tilsett eller student. Vi ber og om at ein ikkje oppheld seg i området rundt studenthusa mellom kl. 23.00 og 07.00.
Timeplan Alle pasientar får ein individuell timeplan med oversikt over treningsaktivitetane ein skal delta på, av sin kontaktperson. I tillegg legg vi opp til både undervisningstimar og i nokre tilfelle samtalegrupper. For aktivitetar laurdag og sundag; sjå eige oppslag på oppslagstavla ved matsal. UWC Red Cross Nordic Vår næraste nabo er UWC. Her er 200 studentar i alderen 16 til 19 år frå meir enn 90 ulike land. I skuleåret vil du kunne møte nokre av studentane i enkelte aktivitetar. Dei arrangerer og eigne aktivitetar som er opne for pasientar, og informasjon vert hengt opp på oppslagstavla ved matsalen. Vask av klede På hovudhuset og i nokre pasientbustader er det vaskeautomatar og tørketromlar. Vi har eige tørkerom på hovudhuset for våte ytterkle og sko. Vask og tørk av klede føregår på eige ansvar, då vaskeriet er ubemanna. Det er strykejern på vaskeriet. Verdisaker Du kan deponere verdisaker og kontantar i resepsjonen. Tenesta er gratis. Vi gjer merksam på at du sjølv har ansvar for verdisaker som blir oppbevart på rommet ditt. Lås døra når du forlet rommet. BEMANNING: Kontaktperson Alle pasientar får ein kontaktperson under opphaldet. Kontaktpersonen er institusjonen sin representant og har ansvar for oppfølging og koordinering medan du er her hos oss. Lege Legekonsultasjon får ein etter behov. Legetimane er tverrfaglege og andre faggrupper vil derfor kunne delta.
Resepsjon Resepsjonen er bemanna heile døgnet. Det er sal av enkelte varer i resepsjonen i tidsrommet kl. 08.00 og 21.00 kvar dag. Sjukepleiar Det er sjukepleiar til stades heile døgnet. Dersom noko akutt skulle oppstå når lege ikkje er til stades, vil sjukepleiar ta kontakt med lege. Øvrig stab Helsefagleg stab består av fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom, ernæringsfysiolog, samhandlingskoordinator og idrettspedagogar. Desse er på senteret frå kl. 08.30 15.30 på kvardagar. I tillegg har senteret helsefagarbeidar og assistentar. Øvrig stab er reinhaldspersonale, kokkar/kjøkkenassistentar, teknisk avdeling, inntakskontor, kultur- og fritidsavdeling, system/it-avdeling og administrasjon. FASILITETAR: Arbeidsstova Arbeidsstova er tilrettelagt for å kunne drive med ulike fritids- og handarbeidsaktivitetar, og du kan kjøpe materiale til eigen produksjon. Det vert arrangert kurs i ulike handverksaktivitetar, informasjon vert annonsert på oppslagstavla ved matsalen. Basseng Du har tilgang på basseng når det står på timeplanen din. Det er ikkje anledning til å gå ut i bassenget før fagstab har gitt klarsignal. Handkle til dusj vert utlevert i bassengområdet etter avslutta aktivitet. Tenk på miljøet og bruk kun eitt handkle per person. Det lille naustet Dette er eit lokale som er tilrettelagt for maling med staffeli, palett og anna. Du kan kjøpe lerret, penslar og akrylmaling i resepsjonen.
Snikkarbua Sosial samlingsstad for pasientar og UWC-studentar, der ein kan lese/låne bøker eller spele spel. Bua er open frå kl. 16.00 22.30 på kvardagar. I helga er den open frå kl. 10.00 22.30. Stillehuset Stillehuset er ein stad du kan komme til stille bøn, meditasjon, yoga eller sitte roleg med eigne tankar. Huset ligg på Hesteneset, forbi UWC landsbyen. Nøkkel får du i resepsjonen. TV stover Det er fjernsyn i kvar stove på pasienthusa. På hovudhuset er det tre TV-stover. Treningsrom Pasientane har tilgang til treningssal og gymsal på ettermiddag/ helg etter avtale med kontaktperson. Utefasilitetar Senteret har tilrettelagte turstiar på holmen og nærområdet. Kart ligg i resepsjonen. Kaier og brygger er tilgjengelige for fisking (utlån av fiskeutstyr i resepsjonen). Pasientar har tilgang til senterets gapahuk og gamme, samt aktivitetsbana (nedanfor bassengbygget) og ballbinge (forbi UWC landsbyen). I sommarhalvåret er det mogeleg å låne kano, robåt og sykkel etter avtale med kontaktperson. Ventesona i aktivitetsbygget I 2. etasje i aktivitetsbygget er venterom for avtalar med fagstab. Det er og mogleg å drive aktivitetar som biljard, bordtennis og fotballspel.