Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 28.01.2016 Tidspunkt: 18:30 21:30 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave Medlem AP Tore Åsland Medlem AP Cecilie Vee Straand Medlem AP Bjørn Nordskog Medlem SP Jon Ingebretsen Medlem MDG Elsa Ann Grave Hauglid Medlem H Terje Nekstad Medlem AP Anne Birgit Sollid Medlem SP Lars Håkon Didriksen Medlem SP Tor Arne Mælen Medlem V Tarjei Gjelstad Ordførar AP Halvor Nyland Medlem H Einar Søreide Medlem AP Jonn Foldøy Medlem KRF Mona Riis Medlem AP Bjørn Håvard Olsen Medlem AP Tone Gulliksen Øy Medlem SP Ellen Oddrun Smenes Medlem KRF Geir Kjartan Lid Medlem AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Tarjei Andreas Draugedal VORDF KRF Steinar Torsdalen MEDL SP Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Gårder Ivar Kvålseth Steinar Torsdalen SP Lillian Slettebø Nordal Tarjei Andreas Draugedal KRF Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Jonn Foldøy vart vald som settevaraordførar i Tarjei Draugedal sitt fråvær. V v Tor Arne Mælen bad administrasjonen sjekke moglegheiten for å få sakspapir med sidenummer.
Saksliste Utvalssaksnr. FO 1/16 PS 1/16 PS 2/16 Innhald Interpellasjon og spørsmål Godkjenning av protokoll Orienteringssaker RS 1/16 Årsrapport Prostidiakonen i Vest-Telemark 2015 PS 3/16 Fylkeskommunalt næringsfond - rapport 2015 og planar 2016 PS 4/16 PS 5/16 Samanslåing av Kviteseid forliksråd og Seljord forliksråd Skule- og barnehagestruktur i Kviteseid kommune frå 01.08.2016 - Klage på vedtak k.sak 69/2015 PS 6/16 Val av medlemmer til styre i Renovest 2015-2017 PS 7/16 Samansetning i Eldrerådet for perioden 2015-2019 PS 8/16 Handlingsprogram 2016 PS 9/16 PS 10/16 Kommunesamanslåing - intensjonsavtale - meir forpliktande samarbeid Høyring av innbyggarane sine meiningar i kommunereforma Lukka FO 1/16 Interpellasjon og spørsmål Det var ingen interpellasjon eller spørsmål til møtet. PS 1/16 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken. PS 2/16 Orienteringssaker Rådmannen orienterte om tilsetjingane i kommunen. Referatsak 1 vart teke til orientering.
PS 3/16 Fylkeskommunalt næringsfond - rapport 2015 og planar 2016 Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Kommunestyret godkjenner plan for bruk av fylkeskommunalt næringsfond under føresetnad av at Kviteseid kommune får overført kr 678.000 i 2016 frå Telemark fylkeskommune slik det er skissert i saksframstillinga. Saksprotokoll i Formannskapet - 13.01.2016 Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Kommunestyret godkjenner plan for bruk av fylkeskommunalt næringsfond under føresetnad av at Kviteseid kommune får overført kr 678.000 i 2016 frå Telemark fylkeskommune slik det er skissert i saksframstillinga. Bjørn Håvard Olsen bad om å få vurdera habiliten då han er gift med sakshandsamar. Ordføraren gjorde framlegg om at Olsen var gild, dette vart samrøystes vedteke. Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteke. Kommunestyret godkjenner plan for bruk av fylkeskommunalt næringsfond under føresetnad av at Kviteseid kommune får overført kr 678.000 i 2016 frå Telemark fylkeskommune slik det er skissert i saksframstillinga. PS 4/16 Samanslåing av Kviteseid forliksråd og Seljord forliksråd Forliksråda i kommunane Kviteseid og Seljord vert slege saman til eit forliksråd, der Kviteseid kommune får formannen og 1. og 2. vara, medan Seljord kommune får 2 faste medlemer (av båe kjønn) og 3. vara. I neste valperiode vert dette snudd, slik at Seljord har leiaren og Kviteseid får to faste medlemer. Både Kviteseid og Seljord vel representantar av båe kjønn. Frå Kviteseid kommune vert Svein Henriksen vald som representant og formann. Til vara vert vald Trond Fjågesund og Astrid Tveten. Bjørn Håvard Olsen bad om at habiliten vart vurdera då kommunen fekk henvendelse frå lensmannsetaten i Kviteseid, der Olsen er lensmann, om samanslåing. Olsen vart vurdera til inhabil i saka.
Forliksråda i kommunane Kviteseid og Seljord vert slege saman til eit forliksråd, der Kviteseid kommune får formannen og 1. og 2. vara, medan Seljord kommune får 2 faste medlemer (av båe kjønn) og 3. vara. I neste valperiode vert dette snudd, slik at Seljord har leiaren og Kviteseid får to faste medlemer. Både Kviteseid og Seljord vel representantar av båe kjønn. Frå Kviteseid kommune vert Svein Henriksen vald som representant og formann. Til vara vert vald Trond Fjågesund og Astrid Tveten. PS 5/16 Skule- og barnehagestruktur i Kviteseid kommune frå 01.08.2016 - Klage på vedtak k.sak 69/2015 Kviteseid kommunestyre tek ikkje klagen på kommunestyresak 69/15 Skule- og barnehagestruktur i Kviteseid kommune frå 01.08.2016 til fylgje. Klaga vert sendt til Fylkesmannen i Telemark for endeleg avgjerd Rådmannen si tilråding vart vedteke med 15 mot 6 røyster. Kviteseid kommunestyre tek ikkje klagen på kommunestyresak 69/15 Skule- og barnehagestruktur i Kviteseid kommune frå 01.08.2016 til fylgje. Klaga vert sendt til Fylkesmannen i Telemark for endeleg avgjerd PS 6/16 Val av medlemmer til styre i Renovest 2015-2017 Valnemnda v Einar Søreide kom med fylgjande tilråding: Medlem: Varamedlem: Halvor Nyland Cecilie Vee Strand Valnemnda si tilråding vart samrøystes vedteke. Fylgjande vert vald til medlemmer i styret for Renovest for perioden 2015 2017: Medlem: Varamedlem: Halvor Nyland Cecilie Vee Strand
PS 7/16 Samansetning i Eldrerådet for perioden 2015-2019 Kommunestyret vedtek fylgjande samansetning i Eldrerådet for perioden 2015 2017 Medlemmer Solvår Hovdekleiv, leiar Eilev Omland Karin Maria Larsen Kommunale oppnemde Medlemmer Cecilie Vee Straand Tone Gulliksen Øy Varamedlemmer Bjørn Håvard Olsen Lars Håkon Didriksen Kommunestyret vedtek fylgjande samansetning i Eldrerådet for perioden 2015 2017 Medlemmer Solvår Hovdekleiv, leiar Eilev Omland Karin Maria Larsen Kommunale oppnemde Medlemmer Cecilie Vee Straand Tone Gulliksen Øy Varamedlemmer Bjørn Håvard Olsen Lars Håkon Didriksen PS 8/16 Handlingsprogram 2016 Kommunestyret vedtek Handlingsprogram 2016 slik det ligg føre. Saksprotokoll i Formannskapet - 13.01.2016 Kommunestyret vedtek Handlingsprogram 2016 slik det ligg føre. Saksprotokoll i Hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift - 19.01.2016
Kommunestyret vedtek Handlingsprogram 2016 slik det ligg føre. Saksprotokoll i Arbeidsmiljøutvalet - 19.01.2016 5 Skule og barnehage Skule s. 23 Odd-Arne Thorbjørnsen kom med følgjande framlegg om tillegg til siste setning: «Ev. strukturendringar vil krevje ein grundig gjennomgang av pedagogisk personell, administrasjon og leiing ved dei ulike einingane.» Utvalsleiar kom med forslag om å legge til eit avsnitt om investering. Nytt avsnitt lyd: «Det bør gjennomførast ei kartlegging av investeringar i dei ulike einingane.» Tilleggsforslaga vart samrøystes vedteke. Saksprotokoll i Hovudutvalet for oppvekst og omsorg - 21.01.2016 Bjørn Håvard Olsen, Ap, kom med framlegg om fylgjande tillegg til rådmannen si innstilling: HOO ber om at arbeid med kompetanseplan for heile Kviteseid kommune vert teken med som eit nytt punkt i handlingsplanen. Denne skal på plass innan forsvarleg tid. Planen bør vera enkel å administrere. HOO ber om at gangen i arbeidet vert rapportert to gonger i året. HOO røysta over om framlegget frå Ap skulle bli eit tillegg til rådmannen si tilråding, og framlegget vart samrøystes vedteke. Kommunestyret vedtek Handlingsprogram 2016 slik det ligg føre. HOO ber om at arbeid med kompetanseplan for heile Kviteseid kommune vert teken med som eit nytt punkt i handlingsplanen. Denne skal på plass innan forsvarleg tid. Planen bør vera enkel å administrere. HOO ber om at gangen i arbeidet vert rapportert to gonger i året. MDG v Jon Ingebretsen kom med framlegg om gjennomgang av Klima- og miljøplan som nytt pkt i handlingsplanen. Framlegget vart trekkt og sendt over til Plan for rullering av kommunal planstrategi. SP, H og MDG kom med fylgjande tilleggsframlegg: «Nytt pkt om flyktningkonsulenten og busetting av flyktningar
Nytt pkt om folkehelsekoordinator og arbeidet rundt folkehelse.» AP v Bjørn Håvard Olsen kom med fylgjande tilleggsframlegg: «Det skal gjevast informasjon om framdriften i handlingsplanen til kommunestyret 2 gonger i året, t.d. i samband med budsjett og revidert budsjett.» H v Halvor Nyland kom med fylgjande tilleggsframlegg: «Fylgje opp Strategisk næringsplan for Kviteseid kommune Rapportere minst 1 gong pr år til kommunestyret.» Alle tre tilleggsframlegga vart samrøystes vedteke. HOO si tilråding vart samrøystes vedteke. Kommunestyret vedtek Handlingsprogram 2016 slik det ligg føre med fylgjande tilleggspunkt: Nytt pkt om flyktningkonsulenten og busetting av flyktningar. Nytt pkt om folkehelsekoordinator og arbeidet rundt folkehelse. Det skal gjevast informasjon om framdriften i handlingsplanen til kommunestyret 2 gonger i året, t.d. i samband med budsjett og revidert budsjett. Fylgje opp Strategisk næringsplan for Kviteseid kommune Nytt pkt om kompetanseplan for heile Kviteseid kommune. Denne skal på plass innan forsvarleg tid. Planen bør vera enkel å administrere. Arbeidet vert rapportert to gonger i året. PS 9/16 Kommunesamanslåing - intensjonsavtale - meir forpliktande samarbeid Kviteseid kommunestyre vedtek å gå vidare med arbeidet i kommunereforma. Intensjonsavtala mellom Seljord, Nissedal og Kviteseid dannar eit godt grunnlag for å danne ein ny kommune. Kommunestyret vedtek i eigen sak korleis innbyggjarane skal bli høyrd. Saksprotokoll i Formannskapet - 13.01.2016 Kviteseid kommunestyre vedtek å gå vidare med arbeidet i kommunereforma. Intensjonsavtala mellom Seljord, Nissedal og Kviteseid dannar eit godt grunnlag for å danne ein ny kommune. Kommunestyret vedtek i eigen sak korleis innbyggjarane skal bli høyrd. AP v Bjørn Håvard Olsen kom med fylgjande framlegg:
«Kviteseid kommunestyret konstaterer at Kviteseid kommunestyre sitt vedtak frå 12.02.2014 om utgreiing om ein felles kommune i Vest-Telemark ikkje er grunnlag for nå. Kviteseid kommunestyret vedtek likevel å gå vidare med arbeidet i kommunereforma. Intensjonsavtala mellom Seljord, Nissedal og Kviteseid dannar eit godt grunnlag for å danne ein ny kommune. Forhandlingsutvalet får fullmakt til å starte eventuelle samtaler med andre kommunar i Vest- Telemark dersom dei tek kontakt. Eventuelle endringar og nye moment i intensjonsavtala skal handsamast i kommunestyret 10. mars før høyring til innbyggarane. Framlegget frå AP vart samrøystes vedteke. Kviteseid kommunestyret konstaterer at Kviteseid kommunestyre sitt vedtak frå 12.02.2014 om utgreiing om ein felles kommune i Vest-Telemark ikkje er grunnlag for nå. Kviteseid kommunestyret vedtek likevel å gå vidare med arbeidet i kommunereforma. Intensjonsavtala mellom Seljord, Nissedal og Kviteseid dannar eit godt grunnlag for å danne ein ny kommune. Forhandlingsutvalet får fullmakt til å starte eventuelle samtaler med andre kommunar i Vest- Telemark dersom dei tek kontakt. Eventuelle endringar og nye moment i intensjonsavtala skal handsamast i kommunestyret 10. mars før høyring til innbyggarane. Kommunestyret vedtek i eigen sak korleis innbyggjarane skal bli høyrd. PS 10/16 Høyring av innbyggarane sine meiningar i kommunereforma Formannskapet rår kommunestyret til å fatte fylgjande vedtak: Kommunestyre vel å nytte innbyggjarundersøking og folkeavrøysting når alternativa til kommunesamanslåing ligg føre. Kommunen nyttar den rammeavtala som er inngått for å gjennomføre undersøkinga. Det vert sett ned eit ad-hoc utval som planlegg og har ansvar for gjennomføring av informasjon til innbyggjarane. Ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar utgjer ad-hoc utvalet saman med rådmannen. Saksprotokoll i Formannskapet - 11.11.2015 Formannskapet rår kommunestyret til å fatte fylgjande vedtak: Kommunestyre vel å nytte innbyggjarundersøking og folkeavrøysting når alternativa til kommunesamanslåing ligg føre. Kommunen nyttar den rammeavtala som er inngått for å gjennomføre undersøkinga. Det vert sett ned eit ad-hoc utval som planlegg og har ansvar for gjennomføring av informasjon til innbyggjarane. Ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar utgjer ad-hoc utvalet saman med rådmannen.
Krf v Ellen Oddrun Smenes kom med fylgjande framlegg: «..kommunesamanslåing ligg føre. Folkerøystinga skal vera rådgjevande» Formannskapet si tilråding og framlegget frå Krf vart samrøystes vedtekne. Kommunestyre vel å nytte innbyggjarundersøking og folkeavrøysting når alternativa til kommunesamanslåing ligg føre. Kommunen nyttar den rammeavtala som er inngått for å gjennomføre undersøkinga. Det vert sett ned eit ad-hoc utval som planlegg og har ansvar for gjennomføring av informasjon til innbyggjarane. Ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar utgjer ad-hoc utvalet saman med rådmannen. Folkerøystinga skal vera rådgjevande.