HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Kvinnherad kommune Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 11. mai 2007 200700816-37/135/MTOR 2006/1372 STRATEGISK VIKTIGE PROSJEKT FOR REGIONAL UTVIKLING 2008 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 2.500.000,- TIL PROSJEKT NYE FOLGEFONNA NASJONALPARK- OG INFORMASJONSSENTER TILSEGN SP 03-07 Vi viser til Dykkar søknad med prosjektplan, datert 13. mars 2007, om tilskot til ovannemnde prosjekt. Det er med glede vi kan melde at Hordaland fylkeskommune løyver inntil kr 2.500.000,- til prosjektet frå budsjettet for Strategisk viktige prosjekt for regional utvikling 2008. For at tilsegna skal være gyldig må De signere og returnere vedlagte standardvilkår som ei stadfesting på at De har lest og akseptert vilkåra for løyvinga, og at De tek ansvar for at prosjektet vert gjennomført som planlagt. 1. PROSJEKTGRUNNLAG Ut frå formuleringane i prosjektsøknaden, legg vi til grunn følgjande moment: Bakgrunn og målsetting I 2003 vart styret for Stiftinga Folgefonna nasjonalparksenter etablert med ordførarane i dei 5 kommunane i området som styre. Same år fekk Guddalsbua i Rosendal mellombels autorisasjon som nasjonalparksenter. Det har vore informasjonssenter i Guddalsbua frå 2001. I Rosendal og i Kvinnherad kommune har det vore arbeidd med planar om eit nytt nasjonalparksenter, og formannskapet i Kvinnherad sette våren 2002 ned ei styringsgruppe som fekk som mandat å jobba fram ein eigna lokalitet for eit nytt informasjons- og nasjonalparksenter. Aktivitet Eit arkitektfirma har utarbeidd ein ideskisse med lokalisering av eit nytt nasjonalpark- og informasjonssenter i Trehallen, ein beddingshall med golvflate på 1200 kvm på det nedlagte skipsverftet i Skålafjero i Rosendal sentrum. Senteret vil ha geologi som overordna fagtema, og samstundes ha fokus på regionen si kultur- og naturhistorie. Det vil ha 5 hovudelement: Ei fysisk geologisk utstilling samansett av geologar, stilt ut av kunstnarar og under stadig endring. Ein database for besøksmål med søketeneste med fokus på natur- og kulturaktivitetar i Hardanger og Sunnhordland. Besøksadresse: Agnes Mowinckelsgt. 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 Bergen - Telefon 55239282 - Telefaks 55239001 Direkte telefon: E-postadresse: Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
Ei avdeling for visuell formidling av nasjonalparkområdet via lyd, bilete og film. Ei aktivtetsavdeling for born og unge. Kunnskapsbasen GRIND, ein portal basert på Naturhistorisk vegbok, Kulturhistorisk vegbok, og Folgefonna og fjordbygdane. Organisering (m. prosjektansvarleg og prosjektleiar) Prosjektansvarleg: Bjørg Tveitnes Waage, tlf. 53 48 01 40 Prosjektleiar: Ole Bennæs: 934 37 521 Org. nr: 964 967 636. Forankring i RUP Reiseliv er eit prioritert satsingsområde i Regionalt utviklingsprogram. Prosjektet skal bidra til å skape livskraftige lokalsamfunn og til å gjere sentra og tettstader attraktive. Det skal også bidra til å utvikle næringsretta kompetanse. 2. BUDSJETT OG FINANSIERINGSPLAN Budsjett Prosjektering kr 2.550.000 Kjøp eigendom kr 2.000.000 Entreprisekostnader kr 18.190.000 Uføresett kr 1.825.000 Innreiing/utstilling kr 7.750.000 Mva kr 5.185.000 Sum kr 37.500.000 Finansieringsplan Kvinnherad kommune kr 8.000.000 Staten kr 15.000.000 Private aktørar kr 6.500.000 Andre kr 5.500.000 Hordaland fylkeskommune, Tilskot til regional utvikling 2008 kr 2.500.000 Sum kr 37.500.000 Vi gjer merksam på at fylkesutvalet under handsaminga av saka vedtok ma.: Det er ein føresetnad for løyvinga til Nye Folgefonna Nasjonalpark- og Informasjonssenter i Rosendal at prosjektet vert fullfinansiert. 3. VILKÅR FOR TILSKOTET Generelle vilkår Større endringar i prosjektplanen må vedtakast i styringsgruppa og godkjennast av fylkeskommunen. Endringar må handsamast som eiga sak i styringsgruppa. Føresetnaden for fylkeskommunen si løyving er at prosjektet vert finansiert slik planane ovanfor viser. Fylkeskommunen sin del skal ikkje dekkja meir enn 8 % av totalbudsjettet. Prosjektet må gjennomførast i samsvar med innsendt prosjektplan. Om dette kravet ikkje er oppfylt, kan tilskotet bli skjønnsmessig avkorta. Dette tilsegnet gjeld til 1. juli 2009 Søknad om forlengelse må sendast før fristen. Profilering I alle presentasjonar av og orienteringar om prosjektet, pliktar tilsegnsmottaker å informerer tydeleg om at prosjektet er delfinansiert av Hordaland fylkeskommune. 2
Statusrapportering og evt. delutbetaling Statusrapportar underteikna av prosjektansvarleg, skal sendast fylkeskommunen pr. 1.mars kvart år så lenge prosjektet pågår. Sjå vedlagt mal / Statusrapport. Prosjekt eller tiltak som vert avslutta innafor ei tidsramme på eit år, er friteken for slik rapportering. Delutbetaling kan vurderast dersom medgåtte utgifter er tilfredstillande dokumenterte med rekneskap. Prosjektavslutning og sluttutbetaling Det skal utarbeidast eigen sluttrapport som skal sendast Hordaland fylkeskommune snarast råd etter at prosjektet er avslutta. Sluttrapporten skal innehalde desse punkta: Bakgrunn for prosjektet Målsetjing med prosjektet Oppnådde resultat Vurdering mot oppsette mål Oppsummering av prosjektarbeidet (organisering, sterke/svake sider ved prosjektet, ikkje planlagde resultat, informasjon m.v.) Eventuell vidareføring av prosjektet Det skal føreligge spesifisert rekneskap for prosjektkostnadene seinast ein månad etter at prosjektet er avslutta. Søknad om sluttutbetaling vert å senda fylkeskommunen når prosjektet er avslutta. Dette må skje seinast innan 1. juli 2009. Signert Sluttrekneskapsskjema (vedlagt) gjev formelt grunnlag for endeleg utbetaling. Skjemaet skal fyllast ut og sendast til Hordaland fylkeskommune saman med sluttrapport. På dette grunnlag føretek Hordaland fylkeskommune sluttutbetaling. Tilskotsmottakar har ansvar for å kontrollera at utbetalt beløp er korrekt. Evt. for mykje utbetalt tilskot skal betalast attende snarast. Kontroll: Fylkeskommunen og fylkeskommunen sin revisor har til eikvar tid rett til å kontrollera at midlane vert forvalta i samsvar med vilkåra i tilsegna. Vi gjer merksam på at De pliktar å gje fylkeskommunen og fylkeskommunen sin revisor dei opplysningane dei finn påkrevd for sin kontroll. Riksrevisjonen har også høve til slik kontroll, jf. Stortinget sitt løyvingsreglement 10. 3. INNSYN I DOKUMENTA: Vi gjer merksam på at De etter Forvaltningslova har rett til å gjere Dykk kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av 18 og 19. 4. KONTAKTPERSON Hordaland fylkeskommune sin kontaktperson for dette prosjektet er Matti Torgersen, tlf. 55 23 92 78, epost: matti.torgersen@post.hfk.no Fylkeskommunen ynskjer Dykk lukke til med gjennomføringa av prosjektet. Med helsing Matti Torgersen Fung. direktør Vedlegg: Statusrapportering mal, Sluttreknskapsskjema og Standardvilkår 3
Regionalt utviklingsprogram for Hordaland STATUSRAPPORT PR. 1. MARS 2008 PROSJEKT: Tilsegnsnr. : Vår ref. 1. Kva er utført i perioden? 2. Status i høve til måloppnåing 3. Avvik i høve til prosjektplan? Kvifor? Konsekvensar for prosjektet? Endringar i prosjektet? (Kopi av styringsgruppevedtak.) 4. Korrigeringstiltak: Kva kan gjerast/vil verte gjort for å rette opp avviket? 5. Informasjon : (foredrag, media, artiklar, brosjyrer, rapporter, notater m.m.) 4
6. Økonomi Rekneskapen under skal setjast opp etter same oppsett som er nytta for budsjett (jf. pkt.2 i tilsegnsbrevet). Budsjett: Finansieringsplan: Budsjettpost Rekneskap Budsjett Kjelde: Status for finans. Budsjett HFK, RUP 2007 Kommentarar: 7. Eventuell oppdatert aktivitetsplan fram til prosjektavslutning. Dato:... Prosjektansvarleg... (Signatur) Returadresse: Hordaland fylkeskommune, Strategi- og næringsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen 5
Prosjektnamn: Regionalt utviklingsprogram 2007 SLUTTREKNESKAPSSKJEMA Tilsegnsnr. : Tilskot inntil kr Vår ref. Fyllast ut av tilskotsmottakar: Org.nr. Kto.nr.bank/post Namn: Postadresse: Kontaktperson: Telefon/telefaks: E-postadresse: SLUTTREKNESKAP: Rekneskapen under skal setjast opp etter same oppsett som er nytta for budsjett (jf. pkt.2 i tilsegnsbrevet). Budsjett: Finansieringsplan: Budsjettpost Rekneskap Budsjett Kjelde: Sluttfinansiering Budsjett HFK, RUP 2007 Godkjent av prosjektleiar: dato signatur og stempel Godkjent av prosjektansvarleg: dato signatur og stempel ATTESTASJON AV REVISOR. GJELD BERRE FOR TILSEGN OVER KR 100.000,-. Føremålet med revisor sitt arbeid og rapportering for prosjektet, er å stadfeste økonomisk informasjon registrert i sluttrekneskapen. Revisor skal utføre kontrollar som gjev tilsagnsytar ei forvissing om at inntektene/finansieringa og kostnadane i prosjektet er fullstendige og reelle, dokumenterte og korrekt registrerte i rekneskap/ prosjektrekneskap. Avtalte kontrollhandlingar opp mot sluttrekneskapen for prosjektet er gjennomført. Godkjent av revisor: dato signatur og stempel Returadresse: Hordaland fylkeskommune, Strategi- og næringsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen 6
Vi ber om at De signerer og returnerer følgjande standardvilkår som ei stadfesting på at De har lest og akseptert vilkåra for løyvinga, og at De tek ansvar for at prosjektet vert gjennomført etter planen. Standardvilkår for regionalt utviklingsprogram Prosjektnamn: Tilsegnsnr. : Tilskot inntil kr Vår ref. Fyllast ut av støttemottakar: Støttemottakar: Postadresse: Kontaktperson: Telefon/telefaks: E-postadresse: Org.nr. Kto.nr.bank/post VILKÅR FOR TILSKOTTET: Generelle vilkår Større endringar i prosjektplanen må vedtakast i styringsgruppa og godkjennast av fylkeskommunen. Endringar må handsamast som eiga sak i styringsgruppa. Føresetnaden for fylkeskommunen si løyving er at prosjektet vert finansiert slik planane ovanfor viser. Fylkeskommunen sin del skal ikkje dekkja meir enn 8 % av totalbudsjettet. Prosjektet må gjennomførast i samsvar med innsendt prosjektplan. Om dette kravet ikkje er oppfylt, kan tilskotet bli skjønnsmessig avkorta. Hordaland fylkeskommune deltek i styringsgruppa for prosjektet. Dette tilsegnet gjeld til 1. juli 2009. Søknad om forlengelse må sendast før fristen. Profilering I alle presentasjonar av og orienteringar om prosjektet, pliktar tilsegnsmottaker å informerer tydeleg om at prosjektet er delfinansiert av Hordaland fylkeskommune. Statusrapportering og evt. delutbetaling Statusrapportar underteikna av prosjektansvarleg, skal sendast fylkeskommunen pr. 1.mars kvart år så lenge prosjektet pågår. Sjå vedlagt mal / Statusrapport. Prosjekt eller tiltak som vert avslutta innafor ei tidsramme på eit år, er friteken for slik rapportering. Delutbetaling kan vurderast dersom medgåtte utgifter er tilfredstillande dokumenterte med rekneskap. Prosjektavslutning og sluttutbetaling Det skal utarbeidast eigen sluttrapport som skal sendast Hordaland fylkeskommune snarast råd etter at prosjektet er avslutta. Sluttrapporten skal innehalde desse punkta: Bakgrunn for prosjektet Målsetjing med prosjektet Oppnådde resultat Vurdering mot oppsette mål Oppsummering av prosjektarbeidet (organisering, sterke/svake sider ved prosjektet, ikkje planlagde resultat, informasjon m.v.) Eventuell vidareføring av prosjektet 7
Det skal føreligge spesifisert rekneskap for prosjektkostnadene seinast ein månad etter at prosjektet er avslutta. Søknad om sluttutbetaling vert å senda fylkeskommunen når prosjektet er avslutta. Dette må skje seinast innan 1, juli 2009. Signert Sluttrekneskapsskjema (vedlagt) gjev formelt grunnlag for endeleg utbetaling. Skjemaet skal fyllast ut og sendast til Hordaland fylkeskommune saman med sluttrapport. På dette grunnlag føretek Hordaland fylkeskommune sluttutbetaling. Tilskotsmottakar har ansvar for å kontrollera at utbetalt beløp er korrekt. Evt. for mykje utbetalt tilskot skal betalast attende snarast. Kontroll: Fylkeskommunen og fylkeskommunen sin revisor har til eikvar tid rett til å kontrollera at midlane vert forvalta i samsvar med vilkåra i tilsegna. Vi gjer merksam på at De pliktar å gje fylkeskommunen og fylkeskommunen sin revisor dei opplysningane dei finn påkrevd for sin kontroll. Riksrevisjonen har også høve til slik kontroll, jf. Stortinget sitt løyvingsreglement 10. Stad:... Dato:... Signatur:..... Prosjektansvarleg Returadresse: Hordaland fylkeskommune, Strategi- og næringsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen 8