BRANNTEKNISK VURDERING Prosjektnamn: Tilbygg Ullerål skole Dato: 25.06.12 Prosjektnummer: Oppdragsgjevar: Ringerike kommune Sign.: Tiltakshavar: Ringerike kommune Jorolv Rivedal Bakgrunn: HR Prosjekt AS er engasjert for å gjennomføre ein brannteknisk vurdering av tilbygg til Ullerål skole. Dette notatet er ei brannteknisk vurdering av tilbygget, og er basert på teikningar og befaring i bygget. a er basert på preaksepterte løysingar i TEK10, og vert gjennomført som ein kvalitativ vurdering. Underlag: Teikningar frå Siv.ark Sverre Moe as datert 16.11.11 Teknisk forskrift (TEK10) og VTEK10 Samandrag: Sikkerheitsnivået i TEK vert fylgd dersom forhold påpeikt i denne rapporten vert etterkome. Dette går mellom anna på oppgradering av nødlysanlegg, lukking av trapperom samt å sjå nærare på rømningstryggleiken frå grupperom på loftet. Vedlegg: Branntekniske teikningar Generell orientering Ullerål skole består av ein bygning i to etasjar med to hovudfløyar som ligg i vinkel mot ein annan. Tilbygget skal erstatte eit eksisterande mellombygg i vinkelen mellom fløyane. Tilbygget får tre etasjar og skal m.a. innehalde ny hovudinngang, hall, personalrom, garderobe og diverse toalett. 2. etasje får i hovudsak personalrom og hall med 3. etasje får lærararbeidsplassar og møterom. Kvart plan i tilbygget får eit areal på ca 300m2. Heile bygget, med tilbygget, får ei grunnflate på ca 2030m2. Eksisterande delar av bygget er oppført gjennom fleire byggetrinn i mur/betong. Spesifikk brannenergi vert samla sett vurdert å ligge mellom 50-400 MJ/m2. Ved brannteknisk vurdering av eksisterande bygg skal ein legge til grunn at sikkerheitsnivået for eldre bygningar skal oppgraderast til same nivå som for nye bygningar så langt dette kan gjennomførast innanfor ein praktisk og økonomisk forsvarleg ramme, jf forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn 2-1. side 1 av 8
11-2 OG 11-3 RISIKO- OG BRANNKLASSE Risikoklassar blir lagt til grunn for å bestemme nødvendige tiltak for å sikre rømming ved brann. Ut frå den konsekvens ein brann kan medføre for skade på liv, helse, samfunnsmessige interesser og miljø, blir byggverk plassert i brannklassar. Skulebygg skal plasserast i risikoklasse 3. Bygning i risikoklasse 3 med 3 etasjar skal plasserast i brannklasse 2. Eldre delar av bygget, som er oppført i 2 etasjar, kan plasserast i brannklasse 1. Dette betingar at det er branncellekonstruksjon i overgang mellom delar av bygget med ulik brannklasse. Lærararbeidsplassar i 3. etasje av tilbygget kan definerast som risikoklasse 2. 11-4 BÆREEVNE OG STABILITET /REN Byggverk skal bevare stabiliteten sin og bæreevne i minimum den tid som er nødvendig for å rømme og redde personar i og på byggverket. Bygningar i brannklasse 2 skal ha hovud- og sekundærbæresystem med brannmotstand R60 (B60). 11-6 TILTAK MOT BRANNSPREIING MELLOM BYGGVERK Byggverk skal ha minst 8 m avstand til anna byggverk, med mindre byggverket er utført slik at spreiing av brann blir hindra av brannvegg med tilfredstillande brannmotstand. Det er meir enn 8m til andre bygg. 11-7 BRANNSEKSJONAR Bygningar skal delast opp i brannseksjonar slik at brann innan ein seksjon ikkje gir urimeleg store økonomiske eller materielle tap. Ein brann skal, med pårekneleg sløkkeinnsats, kunne begrensast til den brannseksjonen der brannen starta. Seksjoneringsvegg må ha motstand minst REI120-M A2-s1,d0 [A 120]. Bygningar kan ha eit bruttoareal pr etasje utan oppdeling med seksjonering på inntil 1200m2. Bygningar med brannalarmanlegg med direkte varsling til brannvesenet kan vera inntil 1800m2 pr etasje utan oppdeling i seksjonar. Bygg med sprinkleranlegg kan vera inntil 10000m2 pr etasje. Største delen av bygget har brannvarslingsanlegg med direkte varsling til brannvesenet. Den eldste fløyen har berre manuelle meldarar. Det totale arealet av bygget er uansett så stort at det er krav om seksjonering. Det vil vera problematisk å plassere ein seksjoneringsvegg i tilknytning til tilbygget. Dette fordi ein får problem med eventuell brannspreiing i innvendig hjørne. Ved slik plassering må seksjoneringsveggen enten førast side 2 av 8
minst 8m langs eine sida av fasaden i innvendig hjørne eller 5m langs begge fasadane. Dette vil truleg vera ei lite aktuell løysing. For å unngå denne problematikken bør seksjoneringsveggen trekkast vekk frå innvendig hjørne. Ein vil anta at det enklaste vil vera å plassere seksjoneringsveggen i den eldste delen av bygget for eksempel ved akse U - T Seksjoneringsveggen må førast minst 0,5m over tilstøytande tak. Seksjoneringsveggen må også førast ut i veggliv i ytterfasadane for å hindre brannspreiing vertikalt i fasaden. Ein må også hindre spreiing rundt seksjoneringsveggen via gesimskasser og liknande. Alternativet til seksjonering vil vera sprinkling av heile bygningsmassen. Kostnadsmessig er det truleg ei lite aktuell løysing. Dersom kommunen meiner det vil vera hensiktsmessig å bygge seksjoneringsveggen i neste byggetrinn, meiner HR prosjekt AS at det bør vera forsvarleg sett opp i mot faren for liv og helse. Seksjoneringsveggen vil ha svært liten eller ingen betydning for rømningstryggleiken, men manglande seksjonering vil redusere verdisikringa av bygningen. Reint formelt må det kanskje søkjast om ein tidsavgrensa dispensasjon frå kravet om seksjonering. 11-8 BRANNCELLER Bygningar skal delast på hensiktsmessig måte i brannceller. Brannceller skal ha slik form og innreiing at rømming og slokking av brann kan skje på ein rask og effektiv måte. Brannceller skal vere slik utført at dei forhindrar spreiing av brann og branngassar til andre delar av brannseksjonen i den tid som er nødvendig for rømming og redning. Branncellekonstruksjon skal ha brannmotstand minst EI 60 [B 60] Trapperom som går over meir enn to etasjar skal røykventilerast. Ventilasjonsluke eller glas må ha eit areal på minst 1m2, og må kunne opnast manuelt frå inngangsplanet. Fylgjande rom skal vera eigne brannceller: - Trapperom (TR2) - Undervisningsrom med tilhøyrande birom - Rømningsveg - Tekniske rom som betener fleire brannceller f.eks ventilasjonsrom, heismaskinrom, fyrrom - Holrom skal vera maks 400m2 f.eks kaldtloft - Tekniske installasjonssjakter Krav til dører skal vera som fylgjer: Brannklasse Dørplassering 2 og 3 Korridor - trapperom Tr 2 E 30-CS a [F 30 S] Branncelle - korridor EI 2 30-S a [B 30] side 3 av 8
Forslag til inndeling i brannceller framgår av brannteikningane. For tilbygget vil det kunne vera fare for brannsmitte mellom glas i innvendig hjørne i 2. etasje. Det er krav til brannmotstand til glas når avstanden mellom glas i innvendig hjørne er under 4m. Det kan enten vera halv brannmotstand til begge glasa eller full brannmotstand på eit av dei. Sidan glas med brannmotstand normalt ikkje skal kunne opnast foreslår ein i dette tilfelle full brannmotstand (EI 60) til nytt glas over hovudinngang i tilbygget. Ein slepp då å berøre glaset i klasserom. Det kan også vera eit alternativ å fjerne glas i klasserommet dersom lysforholda vert gode nok i klasserommet. I 1. etasje er tilsvarande glas fjerna i fyrrom. 11-9 MATERIALAR OG PRODUKT SINE EIGENSKAPAR VED BRANN Det skal veljast materialar og overflater som ikkje gir uakseptable bidrag til brannutviklinga. Det skal leggast vekt på tid til overtenning, varmeavgjeving, røykproduksjon og utvikling av giftige gassar. Krav til overflater og kledningar: Overflater og kledninger Brannklasse 2 Overflater i brannceller som ikke er rømningsvei Overflater på vegger og i himling/tak i branncelle inntil 200 m 2 D-s2,d0 [In 2] Overflater på vegger og i himling/tak i branncelle over 200 m 2 B-s1,d0 [In 1] Overflater i sjakter og hulrom B-s1,d0 [In 1] Overflater i brannceller som er rømningsvei Overflater på vegger og i himling/tak B-s1,d0 [In 1] Overflater på golv D fl -s1 [G] Utvendige overflater Overflater på ytterkledning B-s3,d0 [Ut 1] Kledninger Kledning i branncelle inntil 200 m 2 som ikke er rømningsvei K 2 10 D-s2,d0 [K2] side 4 av 8
Kledning i branncelle over 200 m 2 som ikke er rømningsvei Kledning i branncelle som er rømningsvei Kledning i sjakter og hulrom K 2 10 B-s1,d0 [K1] K 2 10 A2-s1,d0 [K1-A] K 2 10 A2-s1,d0 [K1-A] Taktekking må tilfredsstille klasse BROOF(t2) [Ta]. Denne vurderinga gjeld krav stilt til tilbygget. Overflater og kledningar i eksisterande bygg er ikkje vurdert i denne samanhengen. 11-10 TEKNISKE INSTALLASJONAR Tekniske installasjonar skal ikkje auke faren for at brann oppstår eller at brann og røyk spreier seg. Installasjonar som er føresett å ha ein funksjon under brann, skal være prosjektert og utført slik at funksjonen vert oppretthalden i nødvendig tid. Kanalar og ventilasjonsutstyr må vere festa slik at det ikkje dett ned eller bidreg til auka fare for brann- og røykspreiing. Røyrgjennomføringar i brannskiljande konstruksjonar må vera tetta med tettemasse godkjent for den aktuelle bruken slik at brannmotstanden ikkje vert redusert. Straumforsyning/kablar som går til installasjonar som skal ha ein funksjon under brann og sløkking må under ein brann oppretthalde funksjonen dei er meint å skulle ha i minst 60 minutt. Det må nyttast spesialkablar berekna for denne typen bruk. Eventuelle gjennomføringar i brannskiljande konstruksjonar må tettast på godkjent måte. 11-12 TILTAK FOR Å PÅVIRKE RØMMINGS- OG REDNINGSTIDER /REN Byggverk skal utformast og utførast for rask og sikker rømming. Den tida som er tilgjengeleg for rømming, skal vere større enn den tida som er nødvendig for rømming frå byggverket. Byggverk i risikoklasse 3 skal ha heildekkande brannalarmanlegg. Branntekniske installasjonar som har betydning for rømnings- og sløkkeinnsats skal vere tydeleg merka. Tilbygget må utstyrast med ledesystem og heildekkande brannalarmanlegg. side 5 av 8
11-13 UTGANG FRÅ BRANNCELLE /REN Frå branncelle skal det være minst ein utgang til sikker stad eller til rømmingsveg som har to alternative rømmingsretningar som fører vidare til ulike rømmingsveier eller sikre stader. Utgangane skal vera hensiktsmessig fordelt i lokalet. For dimensjonering leggast det til grunn fri breidde i rømningsveg på 1cm pr person. Minstekravet til fri breidde i rømningsveg i risikoklasse 3 er 1,2m. I risikoklasse 2 (lærararbeidsplassar) kan fri breidde på rømningsveg vera 90 cm. Låsesystemet på dør i rømningsveg må vera slik at det er mogeleg å vende tilbake dersom rømningsveg skulle vera blokkert. Maksimal lengde på fluktveg i branncelle(til næraste utgang/rømningsveg) i risikoklasse 3 er 30m. Det er fleire utgangar til sikker stad eller trapperom frå alle plana. I 1. etasje kan også glas nyttast som rømningsveg. 11-14 RØMNINGSVEG /REN Rømningsveg skal på oversiktleg og lettfatteleg måte føre til sikker stad. Heis kan ikkje vera ein del av rømningsveg. Dør til rømningsveg må lett kunne opnast slik at den er enkel å bruke for alle personar. At dør skal vera lett og opne for alle vil normalt seia at døra skal kunne opnast med mindre kraft enn 20N. Dør som krev større opningskraft enn 20 N må ha opningsautomatikk. Avstand frå dør i branncelle til næraste utgang eller trapp skal vera maksimalt 30m når det er fleire utgangar. Bygget har pr i dag eit avvik frå TEK når det gjeld rømningsforhold frå sørfløyen av 2. etasje. Her er det føresett rømming via andre brannceller (åpent landskap) Manglar ved rømningsveg vil verta ekstra kritisk under ombygginga, når eksisterande utgang i mellombygget vert stengd. Sjå eige punkt om særskilte forhold ved ombygginga. 11-16 TILRETTELEGGING FOR MANUELL SLØKKING /REN Det er krav om brannslangar for bygg i risikoklasse 3 med plassering og antal som dekker heile bygningen, og som kan nyttast for effektiv sløkkeinnsats i startfasen til brannen. Brannteikningane viser foreslått plassering av brannslangar i tilbygget side 6 av 8
11-17 TILRETTELEGGING FOR REDNINGS- OG SLØKKEMANNSKAP /REN Alle byggverk skal plasserast og utformast slik at rednings- og sløkkemannskap, med nødvendig utstyr, har brukbar tilgjengelegheit til og i byggverket for rednings- og sløkkearbeid. Holrom og sjakter må vera tilgjengelige for inspeksjon Det må vera brannkum innanfor 25-50m frå inngangen til hovudangrepsveg for brannvesenet. Sløkkevasskapasiteten må vera minst 50l/s, fordelt på minst to uttak. Opne vasskjelder må ha kapasitet for minst 1 times tapping. Bygningen er tilgjengeleg frå alle fasadar. I denne rapporten legg ein til grunn at det er brannvassuttak frå kommunalt nett i området. Ein legg også til grunn at brannvesenet har relativt kort innsatstid til bygget. SÆRSKILTE FORHOLD VED OMBYGGINGA Ombygginga skal føregå medan det er drift på skulen. Under ombygginga vil det ikkje vera tilgjengeleg rømningsveg via mellombygget. Rømningsforholda frå 1. etasje er uproblematiske sidan det vil vera rømningsmulighet gjennom glas. Frå 2. etasje er det for høgt ned til terreng til at glas kan nyttast som rømningsveg. Ved manglande rømningsmulighet via mellombygget vil lengda på fluktveg til trapperom i fløyen mot sør bli for lang. Manglar ved rømningsveg mot sør er eit eksisterande forhold som er eit avvik i forhold til reglane i TEK. Det må difor opprettast ein ny permanent rømningsveg som er intakt frå stenging og riving av mellombygget er aktuelt. Dette er tenkt løyst ved å etablere ei vindeltrapp ned frå eksisterande balkong ved innvendig hjørne mellom akse 9 og 10 på planteikningen. Dette vil vera ei god løysing som vil korte inn lengda på fluktveg. Ein slik rømningsveg i innvendig hjørne må beskyttast mot strålevarme frå glas i andre brannceller, enten ved å installere glas med brannmotstand eller ved å setje opp ein flammeskjerm. Ringerike kommune har planar om at det skal byggast ei midlertidig gangbru som bind saman dei to fløyane medan bygginga pågår. Gangbrua i 2. etasje skal gå innvendig i vinkelen mellom fløyane, og skal ha trapp ned til terreng. Gangbru og trapp bør så langt det er mogeleg tilfredstille brannkrava til rømningsveg (EI 60, overflater m.v.) for å gi best mogeleg beskyttelse mot eventuelle flammar og røyk. Samla sett meiner HR prosjekt AS at sikkerheitsnivået vert på eit akseptabelt nivå når det gjeld foreslått løysing på rømningsforholda frå 2. etasje av bygget. Dette ut i frå at det er ei midlertidig ordning, gjeldande for eit relativt kort tidsrom. For ombygginga vil ein anbefale fylgjande: - Midlertidige rømningsvegar etablerast som skissert over - Etter etableringa av nye rømningsvegar bør skulen arrangere hyppige brannøvingar for å lære inn nytt rømningsmønster - Under ombygginga må brannalarmanlegg og ledesystem haldast i full drift for alle areal som ikkje er berørt av ombygginga side 7 av 8
KONKLUSJON Tilbygg ved Ullerål skole vil bli i samsvar med sikkerheitsnivået i TEK 10 dersom tiltak foreslått i denne rapporten vert gjennomført. Dette går mellom anna på at det i byggeperioden må etablerast midlertidige rømningsvegar/rømningsmuligheter, samt at det er krav om seksjonering av bygningsmassen. side 8 av 8