Kva seier rektor Kjell Ertesvåg om byggjeplanane og den nye skulen vår? HafsloEplet



Like dokumenter
2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Til deg som bur i fosterheim år

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

mmm...med SMAK på timeplanen

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Minnebok. Minnebok NYNORSK

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Jon Fosse. For seint. Libretto

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Teknikk og konsentrasjon viktigast

6. trinn. Veke 24 Navn:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Kom skal vi klippe sauen

Informasjon til elevane

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule



Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Kva er økologisk matproduksjon?

Månadsbrev for Rosa september 2014

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Plassebakken Barnehage

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Plassebakken Barnehage

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

«Ny Giv» med gjetarhund

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

I N N H O L D. Forord

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

VEKEPLAN: TRENING - KAMP

Årets nysgjerrigper 2010

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

INFORMASJON om førestellinga:

Brannsår, rus eller friheit?

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

MEDLEMSINFO. august 2009

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går?

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Klepp kommune Tu skule

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Transkript:

Få vite alt om interessene til den spreke Hafsloungdommen i 6.klasse! Kva seier rektor Kjell Ertesvåg om byggjeplanane og den nye skulen vår? 1.utgåve Våren 2015 Kr 30 HafsloEplet Denne spreke og sporty gjengen er årets 6.klasse på Hafslo barne-og ungdomsskule. Oppe frå venstre: Marta, Kristine, Jøran, Magnus, Adrian, Håkon, Markus, Hanna, Helene, Malin, Celina, Oda Karine, Line-Kristine og Viktor. Framme frå venstre: Henrik, Andrea, Sondre, Trym, Mina-Christine, Ida, Martine, Malene, Helle Kristin, Ole Kristian, Frode, Kristoffer, Torkjel, Kristian og Lara. Klar melding frå Barnas Naturoppsyn: Ta vare på fuglelivet i Straumane! Sogneheisen er det nyaste tilskotet til Sogn Skisenter. Les meir om den her! Inn på tunet: Ein lærerik og kjekk skuledag!

Me i 6. klasse har laga ei avis. Me er ein aktiv klasse med mange interesser som fotball, dans, skyting, alpint, langrenn, dyr, sjakk OSV Mykje av dette får du vite meir om i avisa vår, i tillegg til mykje anna. Me er ei klasse som er delt i A og B, me kosar oss saman og har det kjempekjekt. I nokre timar har me 3 deling og nokre kvar for seg og dei siste alle saman i lag. Me håpar de likar avisa vår. Eit eple frå Hafslo er i utgangspunktet ganske unikt og eineståande. Det er i grunn 6.klassen vår og! Tekst: Kristine, Mina-Christine, Line-Kristine og Trym Bilete: Trym

Det store intervjuet med rektor Sola var varm, snøen var kald og me gjekk opp til rektor. Me skulle intervjue han. Me satt oss på kontoret og venta på at han var ledig. Snart var rektor endeleg klar. Rektor Kjell Ertesvåg Me spaserte og dytta Kristian inn først på kontoret. Me satt oss ned på kontoret og starta med spørsmål. Me spurte han om korleis det nye bygget blir? Me skal ha ny SFO, overgang frå samfunnsbygget til raudebygget. Me grubla litt på dei nye endringane, før me hoppa til neste spørsmål. Kor mange rom blir det? Rektor lo litt for seg sjølv. Det blir mange rom. Me var nysgjerrige på kor masse det kosta. Hoi! Det blir om lag 50 000 000 kr, svarte rektor. Det er mykje pengar syntest Ole. Kva for klassar skal vere det nye bygget? - Det er ikkje bestemt enda. Me stilte rektor enda eit spørsmål til. Skal skulen kjøpe nye leikestativ og andre aktivitetsting? Rektor svarte- Ja, nokon forskjellige. So stilte Viktor eit spørsmål om det kjem nye klasserom og kontor. ja i andre etasje og i kjellaren. So stilte Ole eit siste spørsmålet. Kor skal du ha kontoret ditt når bygget er revet? Rektor svarte: - 2 etasje, ved sida av helsesøster. Me takka for oss. På veg ut døra mumla me litt om dei nye endringane før me sprang til klasserommet. Tekst: Kristian, Viktor og Ole.

Intervju med inspektør Ida Johanne På Hafslo barne- og ungdomsskule fekk me i haust ny inspektør. Me har intervjua Ida om korleis jobben går og om fritida hennar. Ida (30) kjem frå Fana i Bergen, men no bur ho i Sogndal. Der trivst ho godt ute i naturen. Ho likar spesielt godt å stå på ski og gå tur i den flotte naturen i Sogn. På jobben sin gjere ho mykje forskjellig blant anna: passa på at alle klassar har lærar til kvar time, ordna datamaskiner, men det viktigaste er å passe på at alle har det bra på skulen. Det beste ho veit er å vere ute med elevane på skulen. Når me spør ho kor ho er om 5 år, ler ho litt før ho svarer: «Eg skal ta backflip på ski!» Tekst: Ida Lomheim Tang og Malin Hundershagen

Fuglelivet i Straumane: Melding frå Barnas Naturoppsyn Kjære du som kastar bos i naturen: Me har ein viktig beskjed til deg! Veit du kva det gjer med fuglelivet? Mange veit sikkert at Straumane landskapsvernområde på Hafslo er ein fin plass og har eit rikt fugleliv som me må passa på. 6.klasse frå Hafslo barne- og ungdomsskule var på tur i Straumane saman med Statens Naturoppsyn torsdag den 30. april. Der fekk me sjå korleis bos påverka fuglelivet. Me såg fleire døde fuglar, blant anna ei svane. Då me var ute i Straumane fann me blant anna malingsspann, ølboksar og masse små bitar av plast. Det var ikkje noko fint å sjå på. Kvart år finn Statens Naturoppsyn døde fuglar i området som har døydd på grunn av at dei har ete plastbitar, bruskorkar og liknande. Fuglane et bos fordi dei trur det er mat, og vert sjuke av det eller døyr. Det er og eit problem at fuglane svelgjer blysøkke og fiskekrokar som fiskarar har mista i vatnet. Fuglar døyr når dei hektar seg fast i fiskekrokar som heng att på straumledninga i Straumane. Me fekk sjå ein død dvergrørdrum, som hang frå ein fiskekrok i straumledninga. Dvergrørdrummen er berre observert sju gonger i Noreg nokon sinne, og den er aldri blitt sett i live i Noreg. Det er fleire sjeldne fugleartar i Straumane. Desse er det viktig at me tek vare på! Då me var i Straumane lærte me at boskasting i naturen er alvorleg. Me fekk vite at bos me kastar i vatnet her i Noreg, kan flyta heilt til den andre sida av jorda. Og om du kastar plast i naturen tek det 500-600 år før det forsvinn. Ikkje berre døyr fuglar av det, det ser utruleg stygt ut med bos liggande overalt. Tenk på jorda. Tenk på den framtidige jorda. Menneska dreper mange av dei gode sidene ved planeten vår sakte, men sikkert. Men om alle tenkjer, og bruker hovudet sitt, kanskje slepp dei framtidige generasjonane leva i eit farleg miljø. Vil DU verkeleg vere den som kasta den korken eller den plastposen som drap den svana eller den gåsa? Eller den som var uforsiktig og kasta fiskesnøret akkurat der straumledninga heng, og tok livet av den sjeldne dvergrørdrummen? Tenkjer du Det er sikkert ikkje nøye om EIN person kastar litt bos ute? JAU, for om alle tenkjer slik, så kastar alle bos, og då blir det ikkje noko betre. Alle må hjelpe kvarandre med å ikkje kaste bos i naturen. Resirkuler det heller til noko nytt! Hjelp fuglane. Ta ansvar for boset ditt. Kast det der det høyrer heime: I bosbøtta! Barnas Naturoppsyn,6.klasse på Hafslo barne- og ungdomsskule

Inn på tunet Kvar tysdag er eg på Lingjerde gard og lærer om hest og gardsdrift. Eg har ein eigen hest der som heiter Hugin. Han er brun og har lang fin man. Hugin er ein Islandshest. Eg må møka stallen og gje han nytt høy og friskt vatn. Etter me har møka, tek me inn ny flis i stallen. Eg må passe på at utstyret til Hugin er reint og i orden. Hugin må striglast både før og etter rideturen. Det er tre hundar og to kaniner der som eg og må passe på. På slutten av dagen rir eg på ridebana eller på tur. Det er det kjekkaste. Laga av Marta

God sesong i Sogn skisenter Me var så heldig at me fekk møta Ernst Rune Melheim og Runar Tørvi ved Sogn skisenter i oktober og i mars. Dei kunne fortella oss att det er stor aktivitet der om dagen. Det er ein ny heis som heiter Sogneheisen. I tillegg seier Runar Tørvi at På Sogneheisen er det T-krok eit nytt snøproduksjons -anlegg er på plass som er ganske bra. Dei sa at dei skulle prøve og opne første helga i desember, men det blei ei veka seinare. Starta i 1987 Sogn skisenter har hatt skitrekket sidan 1987. Det heiter i dag Sogn skisenter, før heitte det Heggmyrane skisenter. Det lengste trekket er 2004 meter langt. I Sogn skisenter er det fire ansatte, i tillegg er det mange som stiller opp på dugnad. Besøksrekorden er cirka 700 på ein dag. Runar Tørvi har vore leiar i Sogn skisenter i to år. Tørvi tilføyer at det første trekket på Hafslo var på Nygard, der tannlege Oppsal var leiar. Sogneheisen Sogneheisen vart ferdig 20. desember 2014, dei sa dei skulle prøva og bli ferdig før 15. november, men det klarde dei ikkje. Sogneheisen er 990 M.o.h. og det var 15 stykke som var med å bygde den. Når du tek heisen heilt opp har du mange moglegheitar, du kan køyre ned igjen eller so kan du køyre i veldig mykje laussnø. Det har vore masse laussnø i desember og januar. Det har vore mange gjester og mange utanlandske, mest tyskarar, danskar og svenskar. Dei hadde mykje arbeid om sommaren i fjor, men i sommar kjem dei ikkje til å ha so mykje arbeid. Dei konkluderar med at sesongen har vore god. Skiforholda har vore veldig gode i år. Frå v: Ernst Rune Melheim og Runar Tørvi Tekst og bilete: Torkjel, Sondre og Kristoffer

Vi trenar alpint 2-3 gonger i veka. Trenaren vår heiter Geir Foss. Vi trenar på Heggmyrane, og me er ca.15 stk. på treningane. Om hausten har me barmarkstrening.det er skirenn på Hafslo, Sogndal, Stryn, Jølster, og i heile fylket.eg får alltid deltakarpremie, men når eg kjem opp i ein vist aldersklasse får berre 1. plass, 2. plass og 3. plass premie. Eg likar alpint fordi det går fort, og eg får vere med mange folk. Tekst: Håkon Aspelund.

Kvardagen til ordføraren Ivar Kvalen. Henrik, Magnus og Markus tok turen til Gaupne på rådhuset for å intervjua ordførar Ivar Kvalen. Me tre gutane var nysgjerrige på korleis kvardagen til ein ordførar er. Ein ordførar reiser på møte og konferansar i Noreg. Ordføraren bruker ordførarkjede når han er representant for Luster kommune. Me fekk prøva ordførarkjeda. Me fekk lov og kjenne kor tung den var. Det veg, ca. 1kilo. Ordføraren er aktiv i politikken og partiet er SP, han driv og eigen gard ilag med familien sin. Han har 50 lamsauer +20 påsettlam og ein katt som heiter Mons. Han arbeider frå 07.30 til 15.30, elles vert det nokre møter om kvelden. Han brenn for fleire innbyggjarar til bygdene våre, gode skular og barnehagar. Han vil og skapa nye arbeidsplassar. Han meiner at den viktigaste jobben er å lytta til vil og skapa eit godt lustrasamfunn. Ivar ville bli ordførar fordi han likar politikk. Tekst: Henrik, Magnus og Markus

Intervju med Hafslo gjestehus Me ringte på døra til gjestehuset og blei tatt i mot av Remi Lunde Solbakken. Me gjekk og satt oss i stova. Der satt det ein fluffy katt og Magnar Johan Solbakken. Kristine spurte: -Kor lenge har Hafslo gjestehus vert her? -Det vart vel bygd i slutten av 1800 talet. Svara Magnar. -Det brant ned i 1874 og vart bygd opp igjen i 1950 i stein og mur, slik at det ikkje skal brenne ned igjen. Korleis er det og jobbe her når det spøkar? -For og vere ærleg trur eg ikkje så særleg på da. Men de som kjem på besøk (familie og venner) seier jo at det er litt ekkelt. Me ha jo og merka litt på katten og. Ho dama frå Åndenes makt sa att eg kansje ikkje va open nokk til og sjå da. Da e jo slik att når du høyrer folk snakke om det, så begynnar du og tenke på om det kan vere sant. Og da sprer jo ryktet seg. Kva fant de ut når de fekk besøk av Åndenes makt? -Da kan me ikkje sei dessverre sei. Men da skal vera vekke no etter att dei kom. Kvar spøkar det? -Det er ein gong oppe i 3.etasje som folk får ein ekkel følelse av og vere der. Kva opplevde de? -Det er vanskeleg og sei. Gjestene søv godt. Ein gong var det nokon som sov til rundt klokka halv to. Det er egenleg ikkje «spøking», det berre ekkelt her. Katten oppfører seg litt rart nokon gonger. Når begynnte det og spøke? -Eg veit ikkje heilt. Det kan ha vore lenge, men eg har ikkje merka noko. Det har kanskje alltid vore der, eller so kom det nettopp. Men eg har ikkje peiling. Kor mange jobbar her? -Det er berre meg og fruen. Og nokon YXansatte hjelper av og til. Kor mange gjester har de? -Me har ein gjest her no som skal bu her i 1 år til. Men no skal me begynne og reklamere meir og fikse på heimesida vår slik at folk finn oss lettare.

Trives du her? -Ja, absolutt. Eg kunne ikkje tenkt meg og bu nokon anna plass. Kva er det spesielle med Hafslo gjestehus? -Det er nok den gamle stilen her. Me har prøvd og halda på den gamle, koselege stilen. Mange hotell har kvite, nakne vegger, mens me har heimekoseleg stil. Når me var ferdige med intervjuet, viste Remi oss rundt. Først fekk me sjå kjellaren. Her er det bar. Me har pussa opp masse her. I eit område var det ikkje gjort noko unntatt hengt opp høgtalarar. Det neste me fekk sjå var alle romma. -Me får mange fine kommentarar i gjesteboka. Seier Remi. -Det er ei gjestebok på kvart rom. So fekk me sjå ein gong der nokre folk får ekkel følelse av å vere i. Eg skal bytte ut nokre tepper og fikse litt. Hafslo Gjestehus Resepsjonen Nokre av gongane Tekst og foto: Celina, Hanna og Kristine

Når det ringte ut til friminutt var me spente på om Sverre Kjos Venjum var kommen på kunstgras bana. Der sto han og smilte. Me begynte med å stille det første spørsmålet. -Kvifor bygde de kunstgrasbana? Me bygde kunstgrasbana fordi det mangla noko på Hafslo, og det blir lettare å komma seg hit på skulen enn til Moane. Då håpar vi å få meir aktivitet blant dei unge.han fortalte vidare at det er Hafslo idrettslag som eig bana. Kven har stilt opp til dugnad? Det er ca.40 stk. som har stilt opp til dugnad i fritida si. Sverre er ikkje ein kar som framhevar seg sjølv, men vi veit at han har lagt ned utallige timar med kunstgrasbana. Me lurte på kor mykje det kosta å bygge kunstgras bana, og me vart overraska då han sa at det kosta 3 000 000 kr.dei har fått 1 000 000 kr frå kommunen og 1 000 000 kr tippemidlar og 200 000 kr frå Luster Sparebank og 50 000 kr betalte H.I.L sjølv. Kven er det som kan bruke bana? Sverre svarer at H.I.L, skulen, barnehagen og alle på fritida kan bruke bana. Bana blir mest brukt til fotball kampar, fotballtrening og i gym timar. Bana er open til kl.22.00. Me lurte og på kor lang tid det tok og bygge bana? Han sa det at det tok ca.1 år. Til slutt ville vi vita kva kunstgras eigentleg er. Det er plast, seier Sverre Kjos Venjum. No var me ferdige med intervjuet, så me takka for eit flott intervju. Tekst og bilete: Håkon Aspelund, Jøran Aspelund og Frode Bujar Sørensen.

FOTBALL Fotball laget eg spelar på heiter Hafslo G 03. Om vinteren trener vi 1 gong i veka. Om sommaren trener vi 2 gonger i veka. Trenaren vår heiter Joar Haugen Duesund. På turneringar spelar vi i Sogndal. På heimebana spelar vi i Moane. Vi er på bortekampar i Sogndal,Bjørn, Vik, Kaupanger,Årdal og Leikanger. Vi liker godt og spela fotball.vi har det er gøy, og vi får betre kondis. 1. Vi spelar på 7ar bana. Tekst: Frode, Jøran

På Hafslo er det eit jentelag. Me trenar både måndag, onsdag og fredag. Treningar: Måndag: kl.17.30-19.00 Onsdag: kl.17.30-19.00 Fredag: kl.17.30-19.00 Me har vore så heldige og fått dessa fantastiske trenarane. Trenarar: Jan Tore Jåstad og Norill Therese Fotball Norheim. Me trenar med j02 på måndagar og fredagar. Og på onsdag trenar me med j04 og j02 i gymsalen. Om vinteren trenar me i gymsalen og på våren, hausten og sommaren trenar me i Moane og kunstgrasbana. Første kampen vår for 2015 byrjar 16.april, og den er mot Sogndal. Me har vore på forskjellige turneringar mellom anna Hamar, Måløy, Lerum og Ål. Det var kjekt og me anbefalar dei. I år skal me spela 7`ar, me er 9 stykker på laget. Me likar fotball, fordi det er god trening, og det er kjempegøy. Du trenar masse styrke i føtene, og det er veldig sosialt. Tekst og foto: Malene Neset, Helene Selland og Oda Ugulen!

Kanin er død. Det var derfor eg fekk Andrea. Andrea likar og ete gras og løvetann blad. Ho har aldri gått i band. Om vinteren er ho inne i fjøsen, og om sommaren er ho ute. Ho kan fort bli redd, når ho ser ukjente.ho har brun og kvit pels. Ho har veldig tjukk pels. Om sommaren skal ho prøve å gå på tur for første gong. Eg har ei kanin som heiter Andrea, eg fikk ho når eg var 11 år. Eg har hatt ei kanin til, som heiter Rosa. Ho Tekst og foto: Helle Kristin Andrea er ein type som heiter løvehode.andrea har bursdag ein gong i februar (trur eg). HUND Hunden min heite ROZANKA. Ho er 7 år Eg fekk ROZANKA når ho var 3 år ROZANKA er brun og brune auger. Ho likar ikkje å gå i band. Ho likar å liggja oppå sofaputene. Ho elskar skinke. Ho har masse pels. Ho røyter masse. Ho elskar å kose. Ho liker ikkje å bada. ROZANKA er ifrå Polen.Me henta ho i Larvik. Ho er ein Chihuahua. HER ER ROZANKA: Når ein hund tullar med ROZANKA, då blir ho sur. ROZANKA har bursdag 4 april. Ho stel kattemat ifrå Mons(katt) Tekst og foto: Andrea

Intervju med Nina Gudevang Me reiste på bussen til Gaupne for me skulle til Lustrabadet. Me var spente når me skulle møte Nina Gudevang. Me møtte ho i resepsjonen, me sette oss ned ved eit bord og begynte og stille spørsmåla. Me begynte med det første spørsmålet. -Kvifor bygde de Lustrabadet? Ho svarte at Lustrabadet blei bygd fordi skulane trengte eit nytt basseng til og ha skulesymjing i, og fordi me ville betre folkehelsa i kommunen samt skape eit attraktiv tilbod som kunne trekkje til seg besøkjande frå fjern og nær. Lustrabadet er cirka 2750m3, cirka 435 er vassflata. Dagleg leiar er Nina Gudevang. -Kor lang tid tok heile bygginga av Lustrabadet? Ca. 2,5 år sa Nina. Me lurte vidare på kor mykje heile Lustrabadet kosta tilsaman.-100 millionar, svarte Nina, -Ojjj, det var mykje, sa me. Heheh, ja, det er eit par kroner ja, sa Nina og lo. Me hoppar vidare til neste spørsmål. -Kva årstid får de flest kundar?- Hausten og vinteren, svarte Nina. Me ville og vita kven som brukar Lustrabadet. Det var mange grupper: skular i Luster kommune, symjeklubb, lag og organisasjonar som LHL og revmatikarforeninga, helseinstitusjonar, turistar, familie, baby på babysymjing, kajakkpaddlere som trener på og rulle i kajakkane sine, ski og snowboardere som øver på hopp og triks. Me lurte på kor mange som besøkte kvar dag. Det varierar frå 30-400 kvar dag. På sommaren kan det vere så få som 2000 badande på ein månad men om vinteren har me nesten hatt 7000 badande på ein månad. Nina spurde om me ville ha slush, og det takka me ja til. Me tok ein slurp og begynte på neste spørsmål.

-Kor mange basseng har de? Ho svarde at dei har fire basseng: Eit med 25m, eitt babybasseng, knøttebasseng, eit varmebasseng. Me må ikkje gløyme 624 stykker. svømmebriller, 717 stykker badedrakter og shorts. Neste spørsmål var korleis bedrifta til Lustrabadet går? -Det går bra, men det er veldig utfordrande med reinhold og vedlikehald for mange av dei som jobbar her. <<minibassengene>> våre : utekulpane og grotta Den lange sklia er cirka 65m og den korte er berre nokre få meter. Dei har fire hoppeplassar: 1m sviktbrett, 3m sviktbrett, 3m plattform, 5m plattform. I den varme kulpen er det cirka 39 grader og i den kalde cirka 10-15 grader. Ho gjekk for og finne seg ein kaffi kopp og me spurte vidare. -Kor mykje pengar er det de pleier å få på ein dag? Ho svarte at det varierer VELDIG! Det er stor skilnad på høgtider som jul og påske og vanlege dagar. Me fekk og vita at det er cirka. 15 ansatte som jobbar alt frå 12% til 95%. + tilkallingsvakter. Me lurte på korleis kiosksalet gjekk. Ho tok seg ein slurp av kaffien og svarte:- ja, me selg mykje mat og drikke og badeting i kiosken i løpet av året: eksempel frå 2013: 5450 solgte braincoolere, 3275 solgte kaffi, 6900 stykker. pølser, 1254 solgte vaflar, 2353 stykker. toast, 7822 stykker. is, Tilslutt lurte me på kva som er det mest positive med Lustrabadet? Ho svarte at Lustrabadet innehelder så mykje forskjellig og det er ein aktivitet som ALLE kan drive med det heilt frå dei er babyar til dei som er 100 år! WOW, det er fasinerande sa me og tok ein slurp av slushen. Er det noko negativt i det heile teket? -Ho sa at det kostar ein del og drive det, men det er så mange sider som veier opp frå da negative: det trekkjer besøkjande og turistar frå andre land og kommunar for og auke inntektene for fleire enn bare Lustrabadet, det er sunt for helsa og bade, symje, og slappe av i vatn og det er fint å ha eit godt badeanlegg som barn og ungdommar kan lære seg og symje i, ikkje berre på skulesymmjingar. Det gir fleire arbeidsplassar og det er ein aktivitet som alle i familien kan nyte! Me takkar Nina for eit fint intervju! Tekst: Helene Selland, Lara Gundersen og Oda Ugulen

AMFI Sogningen Me intervjua Wilhelm Fredrik Tangerud (39) i haust. Han er senterleiar for AMFI Sogningen og me var så heldige å få prate med han. Han bur i Sogndal, men han kjem i frå Bærum. Han kom til Sogndal fordi han blei sambuar med Tonje Norheim som bur i Sogndal. Kva er du ansvarleg for på senteret? Eg er ansvarleg for markedsføring, drift og jobbar med arrangement og aktivitetar. Kva er det som er gøy med å jobbe som senterleiar? Eg har lov til å jobbe med andre og byggje opp senteret.

Me gjekk bort til barnehagen, og var veldig spente. Me begynte å spørja. Kvifor bygde de ny barnehage? -Jo, fordi den gamle skulle bli ny, betre og større. -Kven har bygd barnehage? Ho sa at det var Vestlandhus som bygde barnehagen, og at dei planlagde i 1 år og bygde 1 år. Me gjekk vidare til neste spørsmål : -Kvar var ungane då de bygde? -Dei var på Gamlestova barnehage. Vi lurte på kven som betalte barnehagen og fekk til svar at det var Luster kommune. Vi fekk og vite at det er 3 avdelingar i barnehagen som heiter Gul, Turkis og Lilla. Vi var spente på kor mykje barnehagen kosta. Det kosta 20 mill. -Det er veldig mykje peng. Det er Luster kommune som eig barnehagen. Vidare fekk vi vite at det er 14 personar som jobbar i barnehagen, og at det går 41 ungar der. - Korleis er ein dag i barnehagen? - Først er det frukost, så leik litt inne og ute. Så lunsj, så samling og så soving og lesing. Solveig fotalte at ungane blant anna liker å køyre karusell ute og leike med duplo inne. Ungane likar også veldig godt bøker og bli lest for. Vi spurte Solveig om kva som var kjekt med å jobbe i barnehagen. Ho trivst veldig godt med jobben sin og er veldig fornøgd med den nye barnehagen. Takk til Solveig for det fine intervjuet. Solveig Løkkebø Laga av Malene, Andrea, Marta og Helle Kristin

Tur til Sørheim I juni var mellomtrinnet på sykkeltur. Første stopp var Ornes, der fekk me litt omvising i stavkyrkja. Ho blei bygd i 1069. Etterpå var me på besøk i hjortefarmen! På hjortefarmen fekk me lov til å mate hjortane, og viss dei kom bort så fekk me lov til å klappe dei. Etterpå held me fram med sykkelturen. Me sykla ca. 2 mil. Då me kom fram pakka me ut og me var ute og leikte. Til middag laga me taco. Om kvelden var me nede på stranda. Der hadde me konkurranse. Konkurransen gjekk ut på å få høgst steintårn, dette gjekk på tid. Før me gjekk til sengs kl.24 åt me snop og snakka saman. Ikkje alle sovna klokka 24 Då me sto opp neste dag pakka me saman alle tinga våre, før me åt frukost. Deretter var me ute og leikte litt. Før me reiste tilbake var me på besøk på den gamle Lerumfabrikken. Der fekk me litt omvising, og me fekk lov til å kjøpe litt drops. Etter dette kjekke besøket skulle me sykle heim, nokon sykla til Skjolden, der dei fekk dei skyss heim. Dei andre sykla tilbake til Solvorn, der dei fleste blei henta av foreldra sine. Dette var ein sosial og lærerik tur! Tekst: Mina-Christine, Martine og Line-Kristine

Det store intervjuet med Ståle Kjos- Wenjum Me gjekk opp på Eikum Hotell etter skulen. Me møtte Ståle. Me fekk vite at hotellet opna som eit gjestegiveri i 1919. So gjekk me ned i kjellaren og fekk vite at det var travelt i kvardagen nokon gongar. Me spurte: Har du nokon planar om utbygging? Ståle svarte: Ja. Me skal lage ein bod til ski. Me fekk sjå inn i et rom som det var eit solarium som er Ca.40 år. So spurte me er det mange rom på hotelet? Han svarte: Det er 55 rom som er til leie. Hotellet brann også ned og dei trur det var på grunn av kulde og mykje ved i peisen. Me gjekk også ned i eit lagerrom der det var utstoppa dyr. Me fekk vita at han tener 25000 kr i månaden. Me rusla inn i salongen. Der var det ein gammal jukeboks. Me spurte: virka jukeboksen? Han svarte: ja, den virka. Han skrudde den på og me dansa litt. So spurte me igjen: kor mange jobbar her? Han klødde seg i hovudet, men kom fram til at det jobbar 3 stk. om vinteren, og om sommaren 15 stk. Me trippa inn på møterommet. So spurte me: blei hotelet brukt i krigen? Han svarte: Ja hotelet blei brukt i krigen. Dei tyske offiserane brukte hotelet som base. Soldatane budde på bedehuset. Me gjekk opp igjen til resepsjonen og fekk vite at den eldste og mest verdifulle tingen er eit skap som er eldre enn første verdenskrig. So var det tid for det siste spørsmålet. Me spurte: kva slags mat og drikke har de på hotelet? Han svarte: Det mest populære er coltbord, selskapsmat, brus, øl og vin. Me takkar for at me fekk intervjua han og spring heim. Tekst: Kristian, Ole og Viktor

SJAKK Sjakk handlar om å få motstandaren sin konge i sjakk matt. I sjakk har du 16 brikker: ein konge, ei dronning, to løparar, to springarar også kalla hestar, to tårn, og åtte bønder. Kvit flytter alltid først. dronning Sånn står brikkene oppstilt ved start: bonde tårn løpar springer Ruta blir kalla G5 Ruta blir kalla D3 konge Remis Remis er når det blir uavgjort i sjakk. Då får begge spelarane 0,5 poeng. Sjakk matt Sjakk matt er når motstandaren sin konge er i sjakk (betyr at nokon truer han) og ikkje kan flytte unna sjakken. Den som set sjakk matt vinner og får 1 poeng

Sjakkoppgåver kvit set sjakk matt i eit trekk, set kryss på ruta Kvit trekker: 1. 2. 3. 4.

5 på gata Me stilte fem elevar på skulen desse spørsmåla. Sjå kva dei svara. 1. Kva heiter du? 2. Kor bur du? 3. Kor gamal er du? 4. Kva er favoritthobbyen din? 5. Kva synst du om den nye Sogneheisen? 6. Kva synst du om den nye kunstgrasbana? 7. Kva vil du jobba som når du blir stor? 1.klassingen 1. Hans Fredrik. 2. Mo. 3. 6 år. 4. Spela tv spel. 5. Har ikkje prøvd den. 6. Den er bra. 7. Gruvearbeidar og bli god på ski. 2.klassingen 1. Ingri Johanne. 2. Hilestad. 3. 7,5 År. 4. Hoppa tau. 5. Den er bra. 6. Gøy og spele på den. 7. Turne lærar. 3.klassingen 1. Kjersti. 2. Stolpen. 3. 9 År. 4. Danse. 5. Har ikkje prøvd den. 6. Kul. 7. Kokk 4.klassingen 1. Ingar. 2. Kvam. 3. 10 år. 4. Spela tromer. 5. Bra eg har brukt han masse. 6. Bra og spela på. 7. Byg messtar. 6.klassingen 1. Jøran. 2. Hestnes. 3. 12år. 4. Fotball. 5. Bra. 6. Nydeleg. 7. Fotball spelar. Laga av: Henrik, Magnus og Markus

Oreokake 450 g Oreokjeks (ca. 3 pakka) 100 g smelta smør 2 pakker Tine kremost naturell eller 1 pakke Philadelphia (225 g) 2,5 dl melis 3,5 dl pisket krem 2, 5 ss sukker 1 pose sjokolademousse 3 dl melk til moussen Sjokoladesaus til topping Slik gjere du: 1. 1/4del av kjeksa knekkast opp i småbitar, og leggas i en skål som du skal hente fram litt seinare i prosessen. Resten av kjeksa smuldras opp, og deretter blander du dette inn med smøret. Fordel røra i botn av kakeforma, og sett den i kjøleskapet. 2. Finn fram kremosten som har fått varma seg litt utanfor kjøleskapet, samt melisen. Dette blandas saman til ei herlig røre, og deretter finn du fram en bolle til fløten og sukkeret. Dette piskas saman til en fluffy krem. Bland inn halvparten (den andre halvparten skal brukas til topping) av kremen med melisblandinga, og fordel massen utover kakebotn. Sett kakeforma tilbake i kjøleskapet. 3. Neste steg er sjokolademoussen, so mix denne moussen i henhold til bruksanvisninga på pakken. Korleis mousse du brukar er opp til deg, men me kan absolutt anbefale Freia sin sjokolademousse med bita av mjølkesjokolade. Når moussen er ferdig, blandar du inn litt av kjeksa som du satt til sida i starten, og eit tips for å slå ihjel kjeksen på best mulig måte, er å bruke en hammar. Dette reiskapet fungerer utmerket for alle som ikkje kan skryte av å ha kjøkkenmaskin i nærleiken, og denne hammaren gjer same nytta. Hahah 4. Fordel deretter den nydelige sjokolademoussen utover kaka. Har du gjort alt rett, skal du no ha to lag med deilig masse oppå den enda deiligare botn, og når moussen er fordelt utover, set du kakeforma tilbake i kjøleskapet. Moussen må nemlig få lov til å stivne litt før det tredje og siste laget skal fordeles utover, rett og slett for å unngå at de forskjellige laga blandas inn i kvarandre. Etter en timestid kan du ta forma ut av kjøleskapet, og deretter toppa kaka med kremen som du sat til side for ei lita stund sia. Kremen fordeleas jevnt og fint utover, før du dekorerer kaka med enda fleire småbitar av oreokjeks, samt sjokoladesaus. Lag et rotete og tilfeldig mønster med denne sausen... La kaka stå i kjøleskapet til neste dag, då er ho klar til å etast. Voilá! Håpar det smakar!