Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Solund

Like dokumenter
Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Masfjorden og Gulen kommunar

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

PROTOKOLL Forhandlingsutvalet

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Litt enklare å rekruttere større miljø kommunesenter noko nærare regionsenter. God kompetanse, noko større fagmiljø, mindre sårbar

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

«Nordhordland kommune»

OSTERØY KOMMUNE. Kommunereform kva vert verknadane for Osterøy kommune

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Ny kommune i Sogn Sogn kommune. Balestrand, Leikanger, Vik og Sogndal

Utkast til intensjonsavtale

Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy. Forhandlingsutvalet møte

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

(Utkast) «Nordhordland kommune»

INTENSJONSAVTALE FOR NYE ØYGARDEN KOMMUNE. Fjell - Sund - Øygarden

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Kommunereforma. Balestrand 4. mars 2015 Kåre Træen

ARBEIDSUTKAST "INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE"

Informasjon til innbyggarane i Ørskog kommune om kommunereforma

Folkemøte Presentasjon av intensjonsavtalar Rådmann Oddbjørn Ese

KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE

? Foto: Simen Soltvedt?

INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING AV KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE

Intensjonsavtale. Ny kommune Balestrand og Høyanger. Dato: Balestrand og Høyanger kommune - Intensjonsavtale, dato

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS

Finnøy framleis aleine?

(Utkast) «Nordhordland kommune»

Røyrvik - Lierne Kommunereform internt arbeidsdokument

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 026/15 Bystyret PS

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til intensjonsavtale for ny kommune

"INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE" Flora og Vågsøy vil slå seg saman til ein kommune frå

ORGANISASJON OG DIGITALISERING

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

VEGEN MOT EIN NY KOMMUNE

Sakspapir. Kommunereforma - vurdering av Masfjorden som eigen kommune i framtida

Tilleggsinnkalling av Kommunestyret

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Utarbeidelse av intensjonsplan1

Nytt inntektssystem for kommunane - konsekvensar for Nordhordland

«Nordhordland kommune»

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Referat frå folkemøta:

Slik kan det også seiast kva er ambisjonen til våre naboar i Sunnfjord? Betyr det noko for oss?

SWOT frå Kommunestyret, rådmannen si leiargruppe og hovudtillitsvalte. Alt. a) Fusa åleine, evt. med grensejusteringar (Kvam, Kvinnherad)

«Nordhordland kommune»

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 022/2016 Kommunestyret PS

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

Overordna avtale om samhandling mellom det kommunale barnevernet og det statlege barnevernet i Region Vest

Utkast Ny intensjonsavtale om kommunesamanslåing mellom Sykkylven og Stranda kommunar Storfjorden kommune

Utkast til intensjonsavtale. Ny kommune i Sogn. Balestrand, Lærdal, Leikanger, Sogndal, Vik og Årdal kommunar. Versjon 1,

Møteinnkalling for Partsamansett Utval

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

OPPVEKST. [Skriv inn undertittel for dokumentet] Skjenet 2, 5354 Straume Følg Nye Øygarden kommune på Facebook

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

STRAND KOMMUNE. Deres ref. Vår ref. JournalpostID: Arkivkode Dato 14/ /

Omstillingsavtale for tilsette i Eid og Selje kommune

Saksnr. Utval Møtedato 008/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Nordhordland ein kommune 2020?

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Kommunedelplan for oppvekst

Orientering status prosjekt. Fellesnemnda

INTENSJONSAVTALE OM SAMANSLÅING AV KOMMUNANE FLORA OG VÅGSØY TIL KINN KOMMUNE

Intensjonsavtale for ny kommune. Forhandlingsutvala i kommunane Fusa og Os

MILEPELSPLAN. Prosjektområde

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Nytt inntektssystem for kommunane - konsekvensar for Nordhordland

Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy. Nordhordlandstinget

MILEPELSPLAN. Prosjektområde

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Stein Robert Osdal ordfører. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl.

«Nordhordland kommune»

MILEPELSPLAN. Prosjektområde

Sakspapir. Kommunestruktur i Nordhordland mv. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Saksopplysningar:

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

KOMMUNEREFORM 2016 INFORMASJON TIL INNBYGGARANE. Kvar står Hareid kommune om 20 år?

Transkript:

UTKAST arbeidsdokument til møte 07.12.15 Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen og Solund Innleiing Dette er eit notat som oppdaterast fortløpande med omsyn til kva forhandlingsutvalet har vorte einige om i høve til kommunesamanslåing. Bakgrunn og kvifor ein ny kommune Nordhordland er i stor grad ein felles bustad- og arbeidsregion. Reisetida innan regionen og til Bergen har vorte betydeleg redusert på grunn av betre kommunikasjon. Dette har gitt grunnlag for vekst i folketalet og næringslivet i regionen. Veksten har vore spesielt stor etter at olje og gass kom til Mongstad og Nordhordlandsbrua vart realisert. For å få til vekst i heile regionen framover må det betre vegar og infrastruktur til. Nordhordlandspakken vil vera med å bidra, men der må også bli betre kommunikasjon frå ytre delar av Gulen og Masfjorden mot Knarvik. Det vil gi grunnlag for vekst i heile regionen. Vekst og utvikling av nye arbeidsplassar i regionsenteret vil også vera viktig for auka folketal i resten av Nordhordland. Ved å få ein kommune i Nordhordland får vi eit naturleg areal- og samfunnsutviklingsområde som vil legge til rette for vekst og ein god samhandling med andre aktørar som fylke, Bergen og næringslivet. Næringslivet i regionen synes å stå framfor store endringar. Halvering av oljeprisen i løpet av kort tid har redusert aktiviteten innafor den næringa. Kommunane i Nordhordland samarbeider i dag på mange område. Kravet til meir spesialiserte tenester vil auka. Vi får ein eldre befolkning som vil krevja auka tenester. Andelen av befolkninga som er i yrkesaktiv alder vil reduserast. Det gjer at konkurransen som arbeidskrafta vil auka. Vi må vera ein attraktiv region der ungdom med god kompetanse vil flytte tilbake. Vi ønskjer ein stor kommune som kan vera offensiv i å ta på seg nye oppgåver som vil gi eit heilskapleg tenestetilbod til våre innbyggarar. Vi vil ivareta og vidareutvikla tenestene for våre innbyggarar. Levande lokaldemokrati er eit av formåla med kommunereforma. Det er noko vi må ta på alvor sjølv om ein i ein større kommune kan føle på større avstand til beslutningstakarane. Kommunane er samde om at desse utfordringane vert særleg viktige framover: Auke i tal eldre som vil krevje meir omfattande kommunale tenester Auka krav til spesialiserte helesetenester som kvar kommune må løyse Side 1 07.12.2015

Ressurskrevjande brukarar store krav til økonomi og tenestene Små og sårbare fagmiljø innafor tenester som mellom anna PPT og barnevern Manglande juridisk kompetanse Stor auke i kommunale samarbeid fordi kommunen ikkje kan løyse oppgåvene åleine som kan vere krevjande å styre heilskapleg Sårbar økonomi fordi ein har små budsjett til å omdisponere innafor, til dømes når kommunen får ressurskrevjande brukarar Auka konkurranse om å vere ein konkurransedyktig region for næringslivet og tilflytting Vi meiner at ein større kommune vil vere betre til å løyse desse utfordringane. Vi ser desse mogelegheitane for ein ny og større kommune: Auka økonomisk handlingsrom som følgje av lågare administrative kostnadar minimum xx mill kr pr år Auka økonomisk handlingsrom som følgje av verknadar av kommunereforma, samanlikna med inntektssystemet xx mill kr pr år. Bruke det auka økonomiske handlingsrommet til å o Styrka kommunikasjon (veg, båt-/ferjesamband, fiber og telekommunikasjon) o Sikra kvalitet på tenestene der folk bur o Samle små fagmiljø som under felles leiing kan gi betre og meir effektive tenester Samordna politikk for vegutbygging, fiber og infrastruktur som knyttar heile regionen saman til ein felles bu- og arbeidsregion. Som gir grunnlag for tilflytting og utvikling av næringslivet. 1 Mål Vi er samde om at hovudmålsettinga med samanslåinga er å: Sikra gode, likeverdige og desentraliserte tenester med høg kvalitet for innbyggjarane Etablera ein livskraftig og attraktiv kommune Vera ein aktiv samfunnsutviklar som skapar vekst i heile regionen og er ei drivkraft i den regionale utviklinga Sterk politisk deltaking og eit aktivt lokaldemokrati Delmål: Ha ein berekraftig økonomi som sikrar at ein kan levera stabile og gode tenester Ha desentraliserte tenester Ha ein kompetent og effektiv tenesteproduksjon Side 2 07.12.2015

Vere ein attraktiv arbeidsgjevar med utviklande arbeidsplassar Vera aktiv i rolla som samfunnsutviklar og legge til rette for verdiskaping og vekst i heile kommunen Sikra gode samferdselsløysingar i heile kommunen Sikra eit omforent skatte- og avgiftsnivå i den nye kommunen Utvikla gode nærmiljø og oppvekstvilkår i heile kommunen og ivareta balansert utvikling i alle delar av kommunen. Vere proaktiv med omsyn til å gjera seg nytte av ny teknologi Legge til rette for eit aktivt og inkluderande lokaldemokrati (lokalutvalsmodellen) 2 Namn og kommunesenter Det naturlege namnet for den nye kommunen vil vera Nordhordland. Det vil vera eit naturleg namn for det geografiske område som kommunen vil dekke. Nordhordland er også godt innarbeida og vil syte for at omverda veit kor kommunen er lokalisert. Vi er samde om at kommunesenteret vert lagt til Knarvik. Kommunesenteret skal innehalda kontor for ordførar, rådmann og det administrative strategiske avgjerdsnivået. Arbeidet med å utforma eit kommunevåpen vert satt i gong når søknaden om etablering av ny kommune er sendt. 3 Kultur og språk Den nye kommunen skal bygga vidare på den felles kulturen som er i regionen. Den nye kommunen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. 4 Regional utvikling Den nye kommunen skal vere aktiv for å utvikla heile kommunen i positiv retning med omsyn til vekst i folketal og næringsutvikling. Kommunikasjonen må betrast i den nye kommunen slik at endå større del vert ein felles bustad- og arbeidsregion. 5 Prinsipp for tenestene og tenesteutvikling Tenestene skal harmoniserast og samla sett ligge på same gjennomsnittlege nivå som i dag. Innbyggarane skal få likeverdige tenester. Side 3 07.12.2015

Dei lovpålagte tenestene som ein stor del av innbyggarane er avhengig av i det daglege skal ytast der fok bur. Det er til dømes tenester som barnehage, skule og heimeteneste. Innbyggjarane skal ha likeverdige tenester uavhengig av kor ein bur i kommunen. Det skal sikrast at habilitet og rettstryggleik vert ivareteke. Kommunen skal ha myndiggjorte medarbeidarar og leiarar som har heilskapleg og tverrfagleg tilnærming til innbyggarane sine behov, slik at vi sikrar at tenestene kan bli gitt på ein rasjonell og god måte. Kommunen skal vera innovativ til å ta i bruk ny teknologi slik at kommunen sine tenester vert ytt med ein god kvalitet og at ressursane vert nytta på ein god måte. Innbyggarane skal oppfatta kommunen som tilgjengeleg og at tenestene vert ytt på ein moderne og effektiv måte. Samarbeidsavtalar om interkommunale tenester vert gått gjennom med sikte på at kommunen sjølv produserer tenestene der det er rasjonelt. 6 Nærsenter I den nye kommunen skal det vera kommunale nærsenter. Nærsentra skal bidra til å gi attraktive, levande og gode tettstadar der innbyggarane får dekka ein del av sine behov for tenester. Dei skal bygge opp om den lokale eigenarten og redusere transportbehovet. Tenester som naturleg vil vere ved eit nærsenter er bibliotek, lege og helsestasjon. I tillegg skal nærsenteret også vera eit servicekontor der innbyggarane kan henvende seg. Nærsenteret skal også fungera som eit samlingspunkt som bidreg til levande lokalsamfunn. Det skal vera nærsenter der dagens kommunesentra er, det vil seia Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund. I tillegg skal der i Lindås vera nærsenter på Ostereidet og Lindås. Regionsenteret i Knarvik vil også ha dei funksjonane som eit nærsenter har. 7 Skatt og avgifter Eigedomsskatt og avgifter harmoniserast i den nye kommunen. 8 Vidaregåande skular Vidaregåande skular er eit ansvar for fylkeskommunen. Den nye kommunen skal ha to vidaregåande skular. For utviklinga av den nye kommunen er det svært viktig at det vert satsa på begge desse skulane. Det vil vera med å bidra til ei balansert utvikling i den nye kommunen. Ved å få med Gulen og Solund inn i den nye kommunen vil fylkesgrenas bli flytta noko som vil styrkje dei vidaregåande skulane, ikkje minst den i Austrheim. Side 4 07.12.2015

9 Fellesnemnda Fellesnemnda oppnemnast i medhald av inndelingslova 26. Inndelingslova av 2001 gir rammene for korleis samanslåinga skal gjennomførast. Det opprettast ei fellesnemnd som har det overordna ansvaret for planlegging og gjennomføring. Det operative arbeidet skal gjennomførast av ein prosjektorganisasjon og beskrivast i ein prosjektplan. Politikarar, administrasjon og tillitsvalde skal ha definerte roller i prosjektorganisasjonen. Fellesnemnda skal bestå av (minimum 3 frå kvar kommune - 26 inndelingslova)??? frå kvar kommune?? Fellesnemnda skal ha følgjande mandat:?????? 10 Politisk organisering Kommunen vel formannskapsmodellen. Kommunestyret skal bestå av 45medlemmar. Formannskapet skal ha 13 medlemmar. Politisk modell Føl prinsippet om gjennomgåande representasjon.. I utgangspunktet ser ein for seg følgjande hovudutval vert oppretta: Oppvekst og kultur Helse og omsorg Samfunnsutvikling Teknisk og landbruk I tillegg kjem desse utvala som kommunen er pålagt å ha: Kontrollutval Administrasjonsutval Fellesnemnda må sjå nærare på kva som vil vere den best mogelege politiske styringsstrukturen. Det må også sjåast i samanheng med eventuelt frikjøp av politikarar. Side 5 07.12.2015

I dei tidlegare kommunane Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund skal det opprettast eit lokalutval. Desse lokalutvala vert valt av kommunestyret. (Sjå eige notat) 11 Utviklingsmidlar Frigjering av midlar frå administrasjon skal nyttast til å utvikle den nye kommunen. Det skal vere med å knytte den nye kommunen saman både fysisk og kulturelt. Det skal satsast på infrastruktur. Auka midlar frå sal av konsesjonskraft skal særskilt nyttast i dei kommunane der denne verdiskapinga skjer. 12 Prinsipp for organisering av den nye kommunen Det må lagast ein enkel og kostnadseffektiv administrativ struktur som sikrar at målsettingane med den nye kommunen vert nådd, slik dei kjem fram i punkt 1. Dei administrative kostnadane skal vere på eit nivå som er vanleg for ein kommune av denne storleiken. 13 Arbeidsgjevarpolitikk Vi er samde om å etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som bidrar til å samle og utvikle arbeidstakarane i den nye kommunen, og som skaper gode relasjonar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakarar. Det føreset høg grad av medverknad både på lokalt og sentralt nivå, både under etablering av den nye kommunen og etter at denne er etablert. Kommunen skal legge til rette for effektive heimekontor/fjernkontor arbeidsplassar. Slik at vi beheld attraktive arbeidsplassar i distriktet. Den nye kommunen gjev tilsetjingsgaranti for samtlege stillingar i dei gamle kommunane, slik den einskilde har på samanslåingstidspunktet. Ingen vert overtallege og det vert gjeve tilbod om stilling innan rimeleg reisetid. Side 6 07.12.2015

Den nye kommunen er medlem i KS og det betyr at den til ei kvar tid gjeldande hovudtariffavtale inngår som avtaleverk i den nye kommunen, herunder også pensjonsordning i KLP og SPK. Alle rettar i høve til lov og avtaleverk overførast til den nye kommunen. Alle særavtalar skal vurderast i høve til hovudavtalen og hovudtariffavtalen. 14 Investeringsprosjekt Vedtekne investeringsprosjekt vert vidareført i den nye kommunen. Ingen kommunar skal setje i verk investeringsprosjekt som ikkje er naudsynte for den kommunale drifta. Alle investeringsprosjekt skal vere økonomisk forsvarlege og ha ein sikker finansiering. Side 7 07.12.2015