MÅNEDSPLAN FOR NØTTELITEN Tilbakeblikk på mars: Tema for mars var «ballaktivitet og påskeførebuing». Me har leika med ballar og ballongar på avdelinga, i gymsalen og i uteleiken. Me har og byrja med påskesamlingar kor barna har fått trekkje kvar sin påsketing i egget. Barna har laga kvar sin «mage» til tusenbeinet som me har hengt opp på avdelinga. Me har og vore på mange fine turar, ein tur var særleg spanande då me gjekk på jakt i skogen etter ei høne som låg å ruga på nykokte egg «Være saman»-temaet denne månaden var «eg er sint». Me har snakka mykje om det å vere sint i sosial kompetanse-samlingane på torsdagar, og i kvardagen, då særleg i etterkant av kvardagssituasjonar kor barna sjølv har vore sinte. På rød gruppe har dei sjølv sagt kva dei gjer når dei blir sinte og korleis dei følar seg. Nokon stramar munnen og trekkjer ned augenbryna, nokon trampar i golvet, ein hiv på leiker, men dei er alle einige om at dei er leie inni seg når dei sjølv eller nokon andre er sinte. I mars feira me Jens som blei 3 år. Me har øvd på begrepa: «Sirkel, høne, kylling, egg og fargane gul, kvit og grøn.
Her er litt av det me har laga denne månaden, og «månadsveggen» vår som visar kva me arbeidar med kvar månad og ulike bilete knyta til tema.
APRIL: Tidleg i april er påsken, og då skal me få besøk av ein kateket som skal fortelje oss litt om kvifor me feirar påske. April er også ein fin vår-månad, derfor skal me lære meir om våren, og kvifor nokre vårteikn som visar seg i naturen. Dette skal me blant anna gjere ute på tur, då det bidrar til at barna «lærer å iaktta, undre seg, eksperimentera, systematisera, beskriva og samtala om fenomen i den fysiske verda» (Rammeplanen). Rød gruppe skal blant anna ta bussen til lyetoppen ein dag, både fordi buss er populært i gruppa, og fordi det er spanande å utvide turområdet. Gul gruppe skal også gå lengre turar og ete mat ute. Me skal øva på å slappa av i kroppen/avspenning. Dette vil me blant anna gjere med å ha yoga i fredagssamlingane og i kvardagen ved å legge oss ned på golvmattene med roleg bakgrunnsmusikk og kjenne på kor godt det er å kvile litt i løpet av ein travel barnehagekvardag. «Gjennom kroppslig aktivitet lærer barn verden og seg selv å kjenne. Ved sanseinntrykk og bevegelse skaffer barn seg erfaringer, ferdigheter og kunnskaper på mange områder. Barns kontakt med andre barn starter ofte med kroppslige signaler og aktiviteter. Dette har betydning for utvikling av sosial kompetanse. Godt kosthold og god veksling mellom aktivitet og hvile er av betydning for å utvikle en sunn kropp. Variert fysisk aktivitet både inne og ute er av stor betydning for utvikling av motoriske ferdigheter og kroppsbeherskelse». (Rammeplanen for barnehagens innhold og oppgaver, s. 35.) Månedens sanger er: «Alle fugler små de er» «Blomster små» «Være saman» målet denne månaden er «me er venner». Dei eldste på avdelinga har blitt veldig opptekne av venner og bestevenner for tida. Då passar det fint å snakke om kva ein god venn er og at me alle kan vere gode venner. Me ynskjer helst ikkje å leggje så mykje vekt på dette med «bestevenn», men heller «gode venner».
Husk! - Påskefrokost torsdag 6. april klokka 07:30. Påmelding i garderober. - Foreldresamtalar for rød gruppe i veke 17. Lapp for tidspunkt kjem i garderoben. - No som veret blir betre er det fint om de tek med vårdress og tynnere luer til barna. (Vinterdressen kan bare henge, får heilt sikker bruk for den og ) - Rød gruppe skal ta bussen til toppen fredag 21. april, då er det fint om dei kjem til klokka er 09:00. - No er rød gruppe godt i gang med å besøke Askeladden gruppevis på torsdager. Utover våren vil me ha fokus på å bli endå betre kjente med avdelinga, barna og dei vaksne, for å trygge dei før overgangen i august. Tema: «Vår/vårteikn» og «avspenning/øve på å slappe av» «Være saman mål»: «Me er venner» «Språkmål»: Vårteikn, spire, gro, frø, kvitveis, hestehov, maur «Mattemål»: Øve på å telje til ti
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Tema: Antal, rom og form Tema: Leik Tema: Fysisk aktivitet Tema: Sosial kompetanse Tema: Språk og forming Samling for heile gruppa kl: 09:10 Gul gruppe: Forming/uteleik Barnas dag med leik og læring Gymsalen kl: 09:00-10:00 Delt «være saman» samling kl: 09:10. Leikegrupper Samling for heile gruppa kl: 09:10 Gul gruppe: Tur Rød gruppe: Tur Rød gruppe: Forming/tur Heimesida: www.minbarnehage.no/lyefjell Mobil nr.: 468 48 700 Gje personalet beskjed dersom det er noko du lurer på. Me ønsker å gjera kvardagen i barnehagen til det beste for barnet dykkar! Helsing Bodil, Eileen, May Rita, Møyfrid og Maren