PROTOKOLL Formannskapet Møtedato: 03.02.2015 Møtetid: Kl. 15:15 17:30 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, Saksnr.: 005/15-009/15 Brattvåg Medlemmer: H - Bjørn Sandnes FRP - Svein Harsjøen H - Ewa Hildre H - Rolf Longva SP - Vebjørn Krogsæter -- - Bente Åkre Rogne UAVH - Astrid Ahrens Varamedlemmer: SP - Guttorm Kjerstad KRF - Andreas Peter Hellevik Forfall: AP - Trond Seth KRF - Åge Vikestrand Av 9 medlemmer møtte: 7. Totalt frammøtte: 9 Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Ordførar Bjørn Sandnes Rådmann Turid Hanken, utvalssekretær Elin A. Moen, stabsleiar Per Langnes. I tillegg møtte einingsleiar Kristin M. Korsnes under sak 6/15. Frå Sunnmøre regionråd vidareføring av partnarskapet Mission Possible (saksutgreiing). Rådmann Turid Hanken orienterte om sak frå Sunnmøre regionråd vedk. Mission Possible. Ordførar Bjørn Sandnes orienterte om status for arbeidet med kommunereforma. Det vil bli gitt ei orientering i kommunestyremøtet 26.02.15. Vidare vart det orientert om invitasjon til ordføraren frå Vestnes kommune til eit fellesmøte den 17.02.15 vedk. Ørskogfjell skisenter AS.
Sp.mål/interpell.: Diverse: Det var ikkje inkome skriftlege spørsmål til møtet. Innkallinga har vore kunngjort i avisa, og medlemmene har fått innkalling pr e-post for nedlasting til lesebrett. Det kom ikkje fram merknader til innkalling eller sakliste.
Sakliste Sak nr. Saktittel 005/15 Godkjenning av møtebok 13.01.15 006/15 Styrking av habilitering- og rehabiliteringstenesta 007/15 Overordna styringskort 2015 008/15 Coop Orkla Møre BA, Longva. Godkjenning av ny stedfortredar 009/15 Friluftsrådet for Ålesund og omland - Val av styremedlem 2015-2017
005/15: Godkjenning av møtebok 13.01.15 Møtebok frå møtet 13.01.15 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FS-005/15 Vedtak: Møtebok frå møtet 13.01.15 vert godkjent. 006/15: Styrking av habilitering- og rehabiliteringstenesta Formannskapet vil rå kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Kommunestyret tek orientering om situasjonen i habiliterings-/rehabiliteringstenesta til vitande, og godkjenner utviding av stillingsheimel slik det går fram av saksutgreiinga. Kommunestyret føreset at dette kan gjennomførast innan gjeldande budsjett for 2015. Kostnadene for neste år vil ein kome tilbake til ved behandling av budsjettet for 2016. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. FS-006/15 Tilråding: Kommunestyret tek orientering om situasjonen i habiliterings-/rehabiliteringstenesta til vitande, og godkjenner utviding av stillingsheimel slik det går fram av saksutgreiinga. Kommunestyret føreset at dette kan gjennomførast innan gjeldande budsjett for 2015. Kostnadene for neste år vil ein kome tilbake til ved behandling av budsjettet for 2016. 007/15: Overordna styringskort 2015 Formannskapet seier seg nøgd med den måten styringskortet for 2015 fangar opp overordna styringsperspektiv, og tek på den bakgrunn styringskortet til vitande. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FS-007/15 Vedtak: Formannskapet seier seg nøgd med den måten styringskortet for 2015 fangar opp overordna styringsperspektiv, og tek på den bakgrunn styringskortet til vitande.
008/15: Coop Orkla Møre BA, Longva. Godkjenning av ny stedfortredar Haram formannskap godkjenner Aud Flem som ny stedfortredar for salsløyvet til Coop Orkla Møre BA for Coop Marked Longva gitt i kommunestyremøte 21.06.12, og på dei vilkår som går fram av k.sak 45/12. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FS-008/15 Vedtak: Haram formannskap godkjenner Aud Flem som ny stedfortredar for salsløyvet til Coop Orkla Møre BA for Coop Marked Longva gitt i kommunestyremøte 21.06.12, og på dei vilkår som går fram av k.sak 45/12. 009/15: Friluftsrådet for Ålesund og omland - Val av styremedlem 2015-2017 Haram formannskap gjer slikt val av styremedlem og vara til Friluftsrådet for Ålesund og omland for perioden mars 2015 mars 2017: Styremedlem: Varamedlem: Svein Harsjøen,FRP kom med framlegg om val av Vebjørn Krogsæter som medlem og Ewa Hildre som varamedlem. Ved røysting vart framlegget frå S. Harsjøen samrøystes vedteke. FS-009/15 Vedtak: Haram formannskap gjer slikt val av styremedlem og vara til Friluftsrådet for Ålesund og omland for perioden mars 2015 mars 2017: Styremedlem: Vebjørn Krogsæter Varamedlem: Ewa Hildre