Fylkesmannen i Møre og Romsdal Vår datovår 09.04.2015 2015/547/FMMRTHAU/461.5 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkardato Dykkar ref. Overingeniør Thomas Aurdal, 71 25 84 67 ref. Kystverket Postboks 1502 6025 Ålesund Ålesundkommune - Kystverket - Løyvetil mudring ved Flatholmenpå Norvøya Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ferdigbehandla søknaden frå Kystverket, og gjev løyve til mudring ved Flatholmen iålesund kommune. Løyve med vilkår er vedlagt. Løyvet er gyldig frå 15.04.2015 til 31.05.2016. Fylkesmannen vedtek eit gebyr på kr 21 000 for behandlinga av søknaden. Vi viser til søknad datert 17.02.2015 om løyve til mudring ved Flatholmen iålesund kommune og til løyve til utfylling og dumping av massar ved Flatholmen gitt 30.11.2010 (sjå vedlegg). Dette løyvet vart gitt til Ålesundregionens Havnevesen med Kystverket som kopimottakar. Vedtak Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjev med dette Kystverket løyve til mudring ved Flatholmen iålesund kommune. Løyvet er gitt med heimel i lov av 13.03.1981 om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova) 11, jf. 16 og imedhald av forskrift av 01.06.2004 om reduksjon av forureining (forureiningsforskrifta) 22-6. Fylkesmannen har ved avgjerda av om løyve skal gjevast eller ikkje, og ved fastsetting av vilkåra, lagt vekt på dei forureiningsmessige ulemper ved tiltaket saman med dei fordeler som tiltaket elles vil medføre. Det er satt vilkår for løyvet. Løyve med vilkår er vedlagt dette brevet. Løyve til verksemd etter forureiningslova kan ikkje nyttast før det er gitt nødvendige løyver etter plan- og bygningslova og lov om hamner og farvatn, og tiltaket har vorte klarert etter kulturminnelova. Det kan gjerast endringar i dette løyvet imedhald av forureiningslova 18. Endringane skal vere basert på skriftleg saksbehandling og forsvarleg utreiing av saken. Ein eventuell søknad om endring må difor føreliggje i god tid før endringa ynskjast gjennomført. Dette løyvet til forureinande verksemd gjev ikkje fritak frå erstatningsansvar for skade og ulempe eller tap forårsaka av forureining, jf. forureiningslova 56. Brot på løyvet er straffbart etter forureiningslova 78 og 79. Postadresse: Telefon: E-post: Web: Org.nr: Postboks 2520 71 25 84 00 fmmrpostmottakfylkesmannen.no www.fylkesmannen.no/mr 974764067 6404 Molde
side 2 av 6 Bakgrunn Kystverket skal gjennomføre utdjuping av grunner ved Flatholmen på Nørvøya for å utbetre innseglinga til Ålesund som del av ein nasjonal transportplan. Då området som skal utdjupast i stor grad består av fjellgrunn skal utdjupinga i hovudsak gjerast ved sprenging. Djupet skal endrast til 13,3 m (LAT). Massane som vert fjerna, om lag 9 500 pfm3, skal nyttast som fyllmasse ved Flatholmen. Eit areal på om lag 2 350 m2 vil verte påverka av tiltaket. Det er planlagt at tiltaket skal gjennomførast i løpet av perioden 2015-2016 med hausten 2015 som det mest sannsynlege tidspunktet. Rambøll AS utførte i 2013 og 2014 miljøtekniske sedimentundersøkingar i tiltaksområdet på oppdrag frå Kystverket. Resultata frå denne undersøkinga er tatt med i vurderingane til Fylkesmannen. I tillegg gjennomførte Bergens Sjøfartsmuseum marinarkeologiske undersøkingar i tiltaksområdet i 2014. Fylkesmannen har tidlegare (30.11.2010) gitt løyve til utfylling av massar i sjøen ved Flatholmen. Løyvet vart gitt til Ålesundregionens Havnevesen med Kystverket som kopimottakar og er gyldig fram til 31.12.2015. Høyring Søknaden var ute på høyring i perioden 24.02.2015 til 24.03.2015. Mot slutten av høyringsperioden fekk Fylkesmannen tilsendt Ålesund kommune si uttale. Kommunen ynskja å gjere oppmerksam på at VAR (Vann, avløp og renovasjon) har ei vassleidning i sjøen vest for tiltaksområdet. Leidninga går frå Flatholmen til Kverve og er teikna inn på sjøkart. Det må takast omsyn til denne leidninga når det skal sprengast og mudrast. Kommunen skreiv vidare at tiltaket vil vere i tråd med gjeldande arealplanar, og at dei ikkje har innvendingar mot at dei mudra massane nyttast som fyllmasse ved Flatholmen. Leidningskart, arealplan og kart over reguleringssituasjon frå kommunen er vedlagt løyvet. Det vart ikkje gitt nokon andre kommentarar eller innspel under høyringsperioden. Fylkesmannens vurdering I følgje Lov 13. mars 1981 om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova) 7 er det ikkje lov å sette i verk noko som kan medføre fare for forureining. Forureiningsmyndighetene kan gje løyve til verksemd som kan føre til forureining etter 11 i same lov. Fylkesmannen i Møre og Romsdal er av den oppfatning at det det aktuelle tiltaket kan medføre fare for forureining, og at det dermed er behov for eit løyve etter forureiningslova 11. Mudring i sjø er regulert av forureiningsforskrifta, kapittel 22. Mudring i sjø er i utgangspunktet ikkje lov, men etter søknad kan det likevel gjevast løyve til slik aktivitet i medhald av 22-6. I forureiningslova 11 opnast det for at forureiningsmyndigheta kan gje særskilt løyve til forureinande tiltak. Ved avgjerda av om det skal gjevast løyve eller ikkje, har vi lagt vekt på dei forureiningsmessige ulempene ved tiltaket, og på dei fordelane og ulempene tiltaket elles vil gje, jf. forureiningsloven 11, ledd 5. Det har også blitt gjort ei vurdering av tiltaket etter plan- og bygningslova. I forureiningslova 11, ledd 4, står det følgjande: «Hvis virksomheten vil være i strid med endelige planer etter plan- og bygningsloven, skal forurensningsmyndigheten bare gi tillatelse etter forurensningsloven med samtykke fra planmyndigheten». Myndigheta for plan- og
side 3 av 6 bygningslova er kommunen. Under høyringsperioden i tråd med dei gjeldande planane for området. ga kommunen beskjed om at tiltaket er Rambøll AS utførte miljøtekniske sedimentundersøkingar i tiltaksområdet i 2013 og 2014. Dei fann at sjøbotnen er prega av hardbotn og at sedimenta ligg som eit tynt lag på fjellet eller i sprekker og søkk i fjellet. Sedimenta er dessutan for det meste nokså grovkorna. Fem moglege kjelder til forureining i nærleiken til tiltaksområdet vart identifisert. Det vart tatt prøver av sedimenta ved tre prøvepunkter i tiltaksområdet, og det vart utført ei risikovurdering. Ved det første prøvepunktet vart det funne PAH-forbindingar i tilstandsklasse 3, men elles ingen forureiningar over tilstandsklasse 2. Ved det andre prøvepunktet vart det ikkje funne nokon forureiningar overskridande tilstandsklasse 2. Ved det tredje prøvepunktet vart det funne TBT i tilstandsklasse 3 og fleire PAH-forbindingar i tilstandsklasse 4. Då grunnen i tiltaksområdet i hovudsak består av fjell, vil den utdjupinga som skal utførast krevje sprenging. Sprenginga vil medføre at sediment går i suspensjon, men fordi sedimentlaget i området er tynt, og arbeidet med sprenging vil vere nokså kortvarig, meiner konsulenten at denne oppvirvlinga vil ha eit mindre omfang. Dei betraktar det ikkje som naudsynt å flerne sediment før sprenginga gjennomførast. Rambøll anbefaler at det gjørast målingar av turbiditeten under heile tiltaket og før arbeidet startast opp. Konsulenten meiner også at det bør vurderast å sette i verk tiltak for å redusere spreiing når det skal mudrast ved det mest forureina av prøvepunkta, men at dette ikkje vil vere naudsynt ved dei to mindre forureina prøvepunkta. Det er ikkje gjort økologiske undersøkingar eller faunaundersøkingar i tiltaksområdet. Bergens sjøfartmuseum har gjort ei marinarkeologisk undersøking. Det vart ikkje gjort funn på sjøbotnen som kjem under reglane om automatisk freding eller anna vern i kulturminnelova. Tiltaket har vorte vurdert etter Lov omforvaltning av naturens mangfold (nautrmangfoldlova) 8-12. Vurderinga til Fylkesmannen har tatt utgangspunkt i undersøkingane til Rambøll og i den kunnskapen om naturmangfaldet i området som finnast hos miljøvernavdelinga til Fylkesmannen, jf. 8 om kunnskapsgrunnlaget. Fylkesmannen har også nytta tilgjengeleg informasjon i nettbaserte databaser (Naturbase, Vann-Nett, Mareano og kartverktøyet til Fiskeridirektoratet). Fylkesmannen meiner difor at den føreliggjande kunnskapen er tilstrekkelig til at søknaden kan behandlast, jf. 8 i naturmangfaldlova. I databasen til Miljødirektoratet (Naturbasen) er det ikkje registrert verdifulle naturressursar i nærleiken til tiltaksområdet. Nær Kobbholmane ved Kverveodden på den andre sida av Ellingsøyfjorden er det ei gamal registrering av yngleområde for svartbak, men dette området ligg i overkant av ein kilometer unna tiltaksområdet og forventast difor ikkje å verte forstyrra av tiltaket i nemneverdig grad. I Fiskeridirektoratets kartverktøy er det registrert ein fiskeplass for passive fiskeredskap i nærleiken til tiltaksområdet. Det er berre den aller austlegaste delen av dette fiskeområdet som ligg nær tiltaksområdet, og då tiltaket er av mindre varighet og omfang ventast det ikkje at det vil verte nokon betydeleg påverknad på fiskeplassen. Fordi det ikkje er registrert nokon verdifulle naturverdiar i eller rett ved tiltaksområdet, ser ikkje Fylkesmannen noko behov for å leggje spesiell vekt på føre-varprinsippet i denne saken, jf. 9 i naturmangfaldlova.
side 4 av 6 Tiltaket skal gjennomførast i vassførekomsten Ellingsøyfjorden-ytre, som i Vann-Nett har den økologiske tilstanden «antatt moderat» og en kjemisk tilstand vurdert til «ikkje god». Nye inngrep i ein vassførekomst kan, ifølgje Forskrifi om rammerfor vannforvaltningen (vassforskrifta), normalt ikkje utførast dersom tiltaket vil føre til ein reduksjon av den økologiske statusen til vassførekomsten. Fylkesmannen meiner at Kystverkets mudringstiltak ikkje vil medføre nokon risiko for at den økologiske tilstanden i området vert redusert dersom dei avbøtande tiltaka som vert pålagt vert gjennomført. I følgje 10 i naturmangfaldlova skal ein påverknad av eit økosystem alltid vurderast ut ifrå den samla belastninga som økosystemet vert utsett for. Alt i alt er Fylkesmannen av den oppfatning at tiltaket ikkje vil gje noko betydeleg bidrag til den samla belastninga på naturmangfaldet i området dersom dei vilkåra som følgjer med løyvet vert oppfylt. Etter 11 i naturmangfaldlova skal tiltakshavar dekke kostnadane ved å hindre eller redusere eventuell skade på naturmangfaldet i eit tiltaksområde, dersom dette ikkje vert sett som urimeleg med utgangspunkt i karakteren til tiltaket og den eventuelle skaden. Dette inneber at tiltakshavar kan påleggjast å betale for miljøundersøkingar og kartlegging av naturmangfaldet i tiltaksområdet for å skaffe eit større kunnskapsgrunnlag, og at det kan gjevast pålegg om å sette i verk avbøtande tiltak som skal redusere skadane, eller risikoen for skade, på miljøet. I denne saken finn Fylkesmannen det rimeleg at tiltakshavar får gjennomført og dekka kostnadane av avbøtande tiltak slik dei vert skildra i følgjande avsnitt. Grunnlag for eit slikt pålegg kan også finnast i 12 i naturmangfaldlova der det settast krav til bruk av miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar for å unngå eller redusere skadar på naturmangfaldet. Avbøtande tiltak ved mudrin Delar av sjobotnen der det skal sprengast og mudrast er forureina i betydeleg grad, og Fylkesmannen finn det naudsynt å påleggje avbøtande tiltak for å unngå uheldig spreiing av forureina sediment under arbeidet. Vi støtter Rambølls vurdering om at det ikkje er naudsynt å fjerne sedimenta føyr sprenginga startar, men det er viktig at turbiditeten haldast under oppsikt og at tiltaket gjennomførast ved rolege vind- og bølgjeforhold. Ved dumping ynskjer vi at dei mest forureina massane (massane frå grunna representert av Rambølls prøve «FH1-3», sjå Rambølls rapport) skal plasserast innerst i fyllinga med dei reinare massane frå dei andre to grunnene plassert lenger ute. Sjå vilkåra i løyvet for ei nærare skildring av dei avbøtande tiltaka. Utf llin av massar ved Flatholmen Løyvet frå 2010 til utfylling av massar ved Flatholmen er gyldig fram til 31.12.2015, og kan difor framleis nyttast. Etter dette kan ikkje massar dumpast i området med mindre Havnevesenet får forlenga løyvet. Det skal i så fall søkast Fylkesmannen om endring av løyvet. Konklusjon Fylkesmannen gjev løyve til mudring av massar etter gitte vilkår. På bakgrunn av desse vilkåra meiner Fylkesmannen at tiltaket ikkje vil gje spreiing av forureining i betydeleg grad eller redusere den biologiske og økologiske funksjonen i området. Løyvet vil vere gyldig frå 15.04.2015 til 31.05.2016.
side 5 av 6 Erstatningsansvar Løyvet fritek ikkje for erstatningsansvar for forureiningsskade etter forureiningslova 10 og kapittel 8. Klagemoglegheiter Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet etter reglane i kapittel VI i forvaltningslova, av partane i saken eller andre med rettsleg klageinteresse innan tre veker etter at avgjerda er mottatt. Eventuell klage skal angje kva det klagast over og den eller dei endringar som ynskjast. Klagen skal grunngjevast, og opplysningar som kan ha innverknad på saken bør vere nemnd. Dersom det blir klaga på vedtaket, kan Fylkesmannen eller Miljødirektoratet etter førespurnad vedta at vedtaket ikkje skal tre i kraft før klagen er endeleg avgjort, jf. 42 i forvaltningslova. Klagen skal sendast via Fylkesmannen. Eventuell klage fører ikkje automatisk til at iverksettinga av vedtaket vert utsatt. Fylkesmannen eller Miljødirektoratet kan etter oppmoding eller av eiga initiativ avgjere at vedtaket ikkje skal settast i gang før klagefristen er ute eller klagen er avgjort. Avgjerda av spørsmålet om igangsetting kan ikkje klagast på. Gebyr Kystverket skal betale eit gebyr på kr 21 000 for Fylkesmannen i Møre og Romsdal si behandling av søknaden, jf. Forskrift om begrensning av forurensning av 01.06.20014 kapittel 39 om gebyr til statskassa for arbeid med løyve og kontroll etter forureiningslova. Saksbehandlinga knytt til behandling av søknaden er plassert i gebyrsats 4, jf. forureiningsforskrifta 39-4. Faktura med innbetalingsblankett ettersendast frå Miljødirektoratet. Det kan klagast på storleiken til gebyret innan tre veker. Gebyret skal likevel betalast innan fristen. Dersom klagen får medhald vil det overskytande beløpet bli tilbakebetalt. Klage på storleiken skal føreleggjast Miljødirektoratet, men sendast via Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Offentleggjering av løyvet Vedtaket skal gjerast offentleg kjend, jf. 36-11 i forskrift om reduksjon av forureining. Den som har fått løyve, skal så snart som mogleg kunngjere dette i dagspressa. Kunngjeringa skal innehalde ei kort orientering om løyvet, informasjon om kvar ein kan få innsyn i saksdokumenta, og opplysningar om klageinstans og frist for eventuell klage på vedtaket. Kopi av kunngjeringa skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan ein månad etter at løyvet er gitt. Eit forslag til kunngjeringstekst er vedlagt. Bedrifta kan gjerne nytte sin eigen logo i kunngjeringa. Fylkesmannens logo skal ikkje nyttast. Fylkesmannen «Forureining» vil også kunngjere vedtaket på sine nettsider www.fmmr.no under og «kunngjeringar».