Region vest Veg- og transportavdelinga Samfunnsseksjonen 28.02.2013 Standard på fylkesvegane i Sogn og Fjordane Omtale av fylkesvegnettet i samband med Regional transportplan 2014-2023 Olav Handeland
Forord Denne rapporten er utarbeidd som bakgrunnsmateriell for fylkeskommunen sitt arbeid med Regional transportplan for Sogn og Fjordane for perioden 2014 2023. Registreringane i rapporten er for det meste henta frå Norsk Vegdatabank (NVDB). Det har undervegs også vore kontakt med vegavdeling Sogn og Fjordane. Rapporten er utarbeidd av Staten vegvesen, Region vest, Veg- og transportavdelinga ved Samfunnsseksjonen.
Innleiing Notatet tek utgangspunkt i vedteke planprogram for Regional transportplan, Sogn og Fjordane 2014 2023. Korleis ein skal definere standard på fylkesvegar er ikkje beskrive i planprogrammet. Men med bakgrunn i signal frå styringsgruppa er det i dette notatet sett på: vegbreidde samanhelde med trafikkmengde bæreevne høgdebegrensing skred Vegnormalane stiller også krav til horisontal- og vertikalkurvatur, avkøyrsle, siktkrav, sideanlegg o.l. Dette er ikkje vurdert i dette prosjektet. Det er sett på ein del flaskehalsar i form av vegbreidde samanhelde med trafikkmengde, restriksjonar p.g.a bæreevne, lengderestriksjonar, låge/smale tunnelar, skredpunkt o.l. Sogn og Fjordane fylkeskommune har i samband med regional transportplan bedt kommunane om vurdering av flaskehalsar på fylkesvegnettet i dei respektive kommunane. Av svara som er komne inn derfrå er smal veg det punktet som oftast går igjen fulgt av dårleg sikt og manglande møteplassar.
Veglengde I Sogn og Fjordane er det i underkant av 2600 km fylkesvegar. Både vegstandard, trafikkmengde og funksjon varierer mykje. Pr. 01.01.2011 var det i alt 5300 km offentlege vegar i fylket. Fylkeskommunen eig om lag 49% av vegane, staten om lag 13% og dei resterande 38% er kommunale vegar (Kilde:Opplysningsrådet for Veitrafikken AS, Bil og Vei statistikk 2011). Fram til 01.01.2010 var fylkeskommunen eigar av 1443 km fylkesveg. Som fylgje av forvaltningsreforma overtok fylkeskommunen 1132 km av det som vart kalla øvrige riksvegar frå staten. Fylkeskommunen er no den klart største eigaren av offentlege vegar i Sogn og Fjordane. Fartsgrense Omlag 84% av fylkesvegane har fartsgrense på 80 km/t medan om lag 6% har fartsgrense 50 km/t eller lågare. Årsdøgntrafikk (ÅDT) Omlag 50% av vegnettet er registrert med trafikk med mindre enn 300 køyretøy i døgeret i gjennomsnitt gjennom året (ÅDT). Nær 93% av vegnettet har ÅDT mindre enn 1500. Så godt som heile fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane har ÅDT mindre enn 4000. Om lag 1 km (0,04%) av vegnettet har ÅDT som er større enn 6000. Trafikkmengde på meir enn 6000 finn ein på kortare parsellar av fv. 481 og fv. 484, begge i Førde.
Fig. 1 ÅDT på fylkesvegane i Sogn og Fjordane Vegbreidde Dei fleste fylkesvegane i Sogn og Fjordane vil ha ein funksjon som gjer at dei passar inn i dimensjoneringsklasse Sa3 i handbok 017 Veg- og gateutforming: «Dette er veger i spredtbygde områder som knyter bygder og byer sammen». Desse vegane har øvre grense for ÅDT på 1500 køyretøy. I handboka heiter det at vegar med høgare trafikk skal utformast som hovudveg. Det heiter vidare at vegar med ÅDT mindre enn 300 bør utformast som 1-feltsveg. For nye vegar er dimensjoneringsbreidde for Sa3 på 6,5 meter inkl. 0,5 meter skulder på kvar side når ÅDT er større enn 300 og fartsgrensa er 80 km/t. Når ÅDT er mindre enn 300 er kravet til asfaltert breidde 4,0 m inkl. 0,5 m skulder på kvar side.
Fig. 2 Tverrprofil for 1-feltsveg, dimensjoneringsklasse Sa3, ÅDT<300 Fig. 3 Tverrprofil for 2-feltsveg, dimensjoneringsklasse Sa3, ÅDT>300 Når ÅDT er mellom 1500 og 4000 og fartsgrensa er 80 km/t, skal det ved nybygging vera 7,5 meter asfaltert breidde inkl 0,75 m skulder på kvar side (H2 Andre hovudvegar, ÅDT 1500 4000). Om lag 16% av fylkesveglengda i fylket har smalare asfaltert breidde enn normalane beskriv for 1-feltsveg. 72% av vegnettet tilfresstiller breiddekrava i vegnormalane til 1-feltsveg. Berre om lag 12% av veglengda har breidde som 2-feltsveg (asfaltert breidde på 6,5 m eller meir). Etter vegnormalane kan vegar med 2-vegs trafikk oppmerkast med gul midtlinje og kantlinje når asfaltert breidde er 6,0 meter eller meir (Statens vegvesen: Håndbok 049 Vegoppmerking). I fig. 4 er vist dei fylkesvegane som etter vegnormalane skulle ha to felt, men som er for smale til å kunne merkast med gul midtlinje.
Fig. 4 Fylkesvegar med ÅDT>300 og vegbreidde mindre enn 6,0 meter I fig. 5 er vist dei fylkesvegane som har trafikkmengde som tilseier 2 felt, men ikkje har tilstrekkeleg breidde i forhold til vegnormalane sine krav til 6,5 meter.
Fig. 5 Fylkesvegar med ÅDT > 300 og vegbreidde <6,5 meter Bruksklasse Om lag 86% av fylkesvegnettet har bruksklasse Bk10 med maksimal totalvekt på 50 tonn. Om lag 5% av veglengda har bruksklasse BkT8 med maksimal totalvekt på 50 tonn medan om lag 9% har bruksklasse Bk8 med totalvekt 32 eller 40 tonn. På fv. 454 i Jølster er det restriksjonar på Ålhusbrua (6 T) i forhold til resten av vegen (Bk 8). Ellers skal det ikkje vera spesielle punktrestriksjonar utanom telerestriksjonar i periodar. Kartet i fig. 6 viser fylkesvegane med dei ulike bruksklassane.
Fig. 6 Fylkesvegane fordelt på ulike bruksklassar Maksimal vogntoglengde er 19,5 meter på om lag 72% av vegnettet, 28% av vegnettet tillet køyretøylengde på opp til 15 meter medan om lag 22% av vegnettet er skilta med maksimal køyretøylengde på 12,4 meter. På dei vegane som tidlegare var riksvegar, har samtlege bruksklasse Bk10-50. På desse vegane er det heller ikkje lengderestriksjonar, dvs at tillete vogntoglengde er 19,5 meter. På dei andre fylkesvegane viser veglista at fv. 302 i Årdal er skilta med køyretøylengde på 10,0 meter (einaste fylkesvegen med tilleten køyretøylengde mindre enn 12,4 m). Lengderestriksjonane på dei ulike fylkesvegane er vist på kartet i figur 7.
Fig. 7 Maksimal lengde på vogntog på dei ulike fylkesvegane Høgdebegrensingar I flg registreringane i norsk vegdatabank (NVDB) er det 20 punkt, fordelt på 12 fylkesvegar, som har skilta høgde mindre enn 4,0 meter (3 av punkta vert utbetra i samband med Nishamrane). Lågaste skilta høgde finn ein på fv. 303 til Seimsdalen (Seimsdalstunnelen) der skilta høgde er 3,3 meter. Også på fv. 722 til Flo er skredoverbygga for Liafonna og Sætra skilta med 3,3 meter, men her går hovudløpet utanfor rasoverbygga. Skilta høgde på fv. 421 ved Fossevik er 3,4 meter (brustag).
Fig. 8 Punkt på fylkesvegnettet der skilta høgde er mindre enn 4,0 meter I vegnormalane er kravet til fri høgde ved utbetring av vegar, 4,2 meter. I alt er det registrert over 80 punkt på fylkesvegnettet der skilta høgde er mindre enn 4,2 meter. Dei fleste punkta er tunnelar, men det er også skredoverbygg og brustag på lista.
Fig. 9 Punkt på fylkesvegane der skilta høgde er mindre enn 4,2 meter Skred Det er registrert eit stort tal skred på fylkesvegane i Sogn og Fjordane. I alt er det i NVDB registrert over 8200 skred på fylkesvegane. Registreringane er gjort frå 1973 og fram til no. Kvaliteten på registreringane er variabel, men fig. 10 viser at det er registrert skred på fylkesvegane svært mange stader. Figuren viser alle typar skred. Over halvdelen av dei registrerte skreda er stein som kjem i vegbana. Om lag ein fjerdedel er snøskred medan den resterande fjerdelen fordeler seg på is, jord/lausmassar, flaumskred og sørpeskred.
Fig. 10 Registrerte skred på fylkesvegane For at eit punkt på vegen skal få betegnelsen skredpunkt, må det ha vore registrert minst 3 nedfall innanfor ein 10-års periode innanfor ein utstrekning på 1 km. I arbeidet med Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar i Region vest, er skredsikringspunkta delt i høg, middels og låg prioriteringskategori etter prioriteringstal. Prioriteringstalet er rekna ut etter ein formel som vert nytta på landsplan både for riks- og fylkesvegar. Utrekninga byggjer på trafikkmengde, stengninfsfrekvens p.g.a skred, stenging p.g.a fare for skred, omkøyringsmoglegheiter og liknande. På kart fig. 11 er vist skredpunkt på fylkesvegane.
Fig. 11 Skredpunkt på fylkesvegane i Sogn og Fjordane
Statens vegvesen Region vest Veg- og transportavdelinga Askedalen 4 6863 LEIKANGER Tlf: (+47 915) 02030 firmapost-vest@vegvesen.no vegvesen.no Trygt fram sammen