Statusrapport: Pilotprosjekt Hardangerfjorden

Like dokumenter
Avtale. mellom. Pilotprosjekt for Hardangerfjorden representert ved:

Den amerikanske laksefella Resistance Board Weir; eit nyttig verktøy for forvaltinga? Oppsummering første driftsår

Høyring - Forslag til forskrift om fellesansvar for utfisking av rømt oppdrettsfisk

Statusgrunnlag Hardangerfjorden

Påvirkning på villfisk fra lakselus og rømming. Bjørn Barlaup, Uni Research Miljø

Uttale til Forslag til forskrift om særskilde krav til akvakulturrelatert verksemd i Hardangerfjorden

Høringsuttale til forslag til forskrift om nytt forvaltningsregime i Hardangerfjorden

ULVIK HERAD 5730 ULVIK

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Sender dette for Rune Østraat som avtalt! Med venleg helsing Gro Søvik Reinsnes,

Framlegg til ny forskrift for regulering av fiske etter laks og sjøaure i vassdrag i Hordaland. Høyring

Kvam herad. Forslag til forskrift om særskilde krav til akvakultrrelatert verksemd i Hardangerfjorden-høyringsuttale frå Kvam herad

AHA! Arbeidsprogram Heilskapleg akvakulturforvaltning. Oppstartskonferanse AHA! Leikanger 6. april 2011

Førde, 14. mars 2015 John A. Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Aage Wold: Lakseelva og bygda. Organisasjon for fiskerettshavere i lakse- og sjøaureførende vassdrag

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

Høyringssvar Utkast til forskrift om særskilt regulering av akvakultur i Hardangerfjorden.

Rådgivende Biologer AS

SVAR PÅ HØYRING OM FELLESANSVAR FOR UTFISKING AV RØMT OPPDRETTSFISK

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET ~ INSTITUTE OF MARINE RESEARCH

Framlegg til tiltak og eksempel på tiltak for betre vassmiljø

Overvåking og uttak av rømt oppdrettslaks i elver i forbindelse med mulig ukjent rømming i Sunnhordland høsten 2016

Overvåkning av laksebestander. Helge Axel Dyrendal, Drammen 24. mai 2016

Fiske etter anadrom fisk i sjø og vassdrag. Førde, 14. mars 2015 John A. Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

BioSort Fiskefelle. Nytt, helautomatisk system for overvåkning og utfisking av rømt oppdrettslaks fra elver, samt sanntids gytefisktelling.

Relativ betydning av lakselus som påvirkningsfaktor for laks og sjøørret

Nasjonalt overvåkingsprogram for rømt laks

SAKSGANG FORSLAGTIL FORSKRIFTOM SÆRSKILDEKRAV TIL AKVAKULTURRELATERT VERKSEMD I HARDANGER FJORDEN- HØYRINGSUTTALEFRA JONDAL KOMMUNE.

Miljøpåvirkning av akvakulturanlegg Alv Arne Lyse, prosjektleder Villaks NJFF

Rapport fra skjellprøvetakingen i Numedalslågen, 2013

FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA

Sakshandsamar: Hanne Marie Utvær. Dykkar referanse: Dykkar dato:

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM SÆRSKILDE KRAV TIL AKVAKULTURRELATERT VERKSEMD I HARDANGERFJORDEN

Rapport fra skjellprøvetakingen i Numedalslågen, 2011

Lakselus, rømming og indikatorer på god miljøtilstand!? Erfaringer fra Osterfjordsystemet i Hordaland. Knut Wiik Vollset, LFI Uni Research

Erfaringar med Resistance Board Weir-fangstsystemet i Etnevassdraget

SAKSGANG Styre, utvalg, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksbeh. Odda kommunestyre /09 RBo34258

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Meir sjøaure i vassdraga kring Hardangerfjorden

Evaluering av effekten av lakselus på vill laksefisk i de nye produksjonsområdene

Miljøprosjektet laksefisk og luseovervåking i Romsdalsfjorden

3. Resultater & konklusjoner

Kapittel I. Generelle føresegner

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

SORTERINGSFISKE AV LAKS MED KILENOT I. SALVASSDRAGET, Fosnes kommune, NT

Anadrom fisk og vannforskriften. Steinar Sandøy, Miljødirektoratet

Rapport fra skjellprøvetakingen i Numedalslågen, 2012

Levande fjord levande vassdrag Kva gjer Regjeringa

Erfaringar med Resistance Board Weir fangstsystemet i Etnevassdraget første driftsår (2013)

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri per mars 2016

Påvirkninger fra rømt oppdrettslaks og lakselus på villaks

Framdriftsrapport til Mattilsynet over lakselusinfeksjonen på vill laksefisk våren og sommeren 2013

Resultater og videreføring av Havbruksnæringens Miljøfond Årsmøte Nord-Norsk Aina Valland, direktør miljø

Rapport Laks i øvre del av Salangselva - ungfiskregistrering og drivtelling i 2011

Nå eller aldri for Vossolaksen Bestandsstatus, trusselfaktorer og tiltak ( ), deretter redningsaksjon

Hva er problemet med at det rømmer oppdrettslaks?

Sjøaure registrert i oppvandringsfellene

REGIONAL KYSTSONEPLAN FOR SUNNHORDLAND OG YTRE HARDANGER. VEDTAK AV PLANPROGRAM

FLORA KOMMUNE SOGN OG FJORDANE - HØYRING - OMRÅDEREGULERINGSPLAN FLORELANDET NORD - MOTSEGN

MILJØNOTAT NR

kan ein oppnå begge. til gjenutsett fisk aukast, og den gjenutsette ( ) er gjennomført innanfor tidsramma for friskmeldingsprogrammet.

Hordaland Rømt oppdrettslaks i vassdrag F&H, særnr. 2b 2016

Miljøfondet- status og ny organsiering for 2015 Årsmøte Nordnorsk Trude Nordli, Fagsjef Miljø og Helse

Kvam herad. Arkiv: N-634 Objekt: Uttale frå Kvam herad i samband med søknad om ny lokalitet for oppdrett av matfisk av laks og aure ved Tveitnes

Forslag til regulering av fiske etter anadrome laksefisk i elv og sjø i 2011

Kunnskapsgrunnlaget om påvirkning fra akvakultur på vill anadrom laksefisk

Rømt oppdrettsfisk i vannforskriften oppdatert kunnskapsgrunnlag

Fylkesmannen i Bergen Hordaland Miljøvern- og klimaavdelinga Att: Egil Hauge Postboks BERGEN

Hva skal jeg snakke om :

Videoovervåking av laks og sjøørret i fisketrappa i Sagvatnanvassdraget i 2009

Fiskesymposiet, Bergen februar Kva skjer i fjordane? Øystein Skaala

Det Nasjonale overvåkingsprogrammet. rømt oppdrettslaks. Prosjektgruppen:

Nasjonalt overvåkingsprogram for rømt laks Olav Moberg Fiskeridirektoratet

Oppdrettskonsesjonar på Vestlandet

Vossolaksen -bestandsstatus, trusselfaktorer og tiltak ( )

HØYRING NYE BESTEMMELSER OM TORSKEOPPDRETT

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Registrering av laks og sjøørret i fisketrappa i Nedre Fiskumfoss 2012

Fangststatistikk figur 1 figur 1 figur 1 FIGUR 1 NB! Skjelmateriale figur 2 FIGUR 2

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning

Rapport fra skjellprøvetakingen i Numedalsla gen, Av Ingar Aasestad Numedalslågen forvaltningslag Juni 2016

FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Vossolaksen -bestandsstatus, trusselfaktorer og

Høringssvar forslag til forskrift om særskilte krav til akvakulturrelatert virksomhet i eller ved nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjorder

Beredskap og tiltak etter rømming

Politiske rammevilkår for havbruksnæringa

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

OVERVÅKNING AV LAKSELUS PÅ VILL LAKSEFISK HAVFORSKNINGSTEMA. Av Rune Nilsen, Ørjan Karlsen, Rosa Maria Serra Llinares og Kristine Marit Schrøder Elvik

Påvirkning fra fiskeoppdrett på vill laks og sjøørret

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Videoovervåking av laks og sjøørret i Futleva i 2007

Transkript:

Statusrapport: Pilotprosjekt Hardangerfjorden Status i arbeidet i Pilotprosjekt Hardangerfjorden per 31. desember 2013 Livet i havet vårt felles ansvar

Rapport frå Fiskeridirektoratet Tittel (norsk): Statusrapport for Pilotprosjekt Hardangerfjorden per 31. desember 2013 År (nr): 2013 Arkivsaksnummer: 13/1350 Saksansvarleg: EiBro Ansvarleg avdeling: KH Dato: 26.03.2014 Emneord: Akvakultur, pilotprosjekt, Hardangerfjorden, strakstiltak, fiskefelle, villaks ISSN/ISSB: - Totalt tal på sider: 10 Samandrag: Rapporten oppsummerar status i arbeidet med strakstiltak for vill laksefisk i Hardangerfjorden (Pilotprosjekt Hardangerfjorden) per 31. desember 2013. Dei viktigaste strakstiltaka er etablering og drift av fiskefelle i Etneelva, utfisking av fisk rømt frå oppdrett, kartlegging av sjøaurebekkar og overvaking av utvandra smolt og lakselus på sjøaure. Dei viktigaste resultata er ny kunnskap om villfisken i Hardangerfjorden og erfaring med metodar for fangst og undersøking av fisk. For meir detaljert informasjon om konkrete resultat viser vi til referansar i teksten og oversikta på side 9 i denne rapporten. Jens Chr. Holm direktør Einar Brobakke seniorrådgjevar Fiskeridirektoratet: PB 185 Sentrum, 5804 Bergen - postmottak@fiskeridir.no - Tlf: 03495 www.fiskeridir.no

Innleiing Bakgrunnen for prosjektet var at Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, Direktoratet for Naturforvaltning og Hordaland Fylkeskommune i fellesskap erkjente behovet for å utrede og gjennomføre moglege strakstiltak som skulle betre situasjonen for stammane av vill, anadrom laksefisk i Hardangerfjorden, i påvente av meir avgjerande løysingar på problema med lakselus og rømming. Målet til prosjektet er å komme med framlegg til prioriterte strakstiltak for å redusere den samla, negative påverkinga på villaks og sjøaure i Hardangerfjordbassenget. Det blei teke ei avgjerd om at disse tiltaka skulle gjennomførast gjennom eit nasjonalt pilotprosjekt då tiltak, erfaringar og metode skal kunne overførst til andre stadar i landet. Pilotprosjektet er eit samarbeid mellom Miljødirektoratet, Hordaland Fylkeskommune, Mattilsynet, Villfiskinteressane, Fiskeridirektoratet, kommunane og oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden. Fiskeridirektoratet leiar prosjektet og Fiskeri- og kystdepartementet har gjeve økonomisk oppstartsstønad. Prosjektet Bakgrunn og oppstart I februar 2010 inviterte Fiskeridirektøren Direktoratet for naturforvaltning, Fylkesmannen i Hordaland (Miljøvernavdelinga), Mattilsynet, Hordaland Fylkeskommune og Fiskeridirektoratet region vest til eit møte for å drøfta om det er mogleg å fremja eit felles, offentleg styrt, nasjonalt pilotprosjekt for Hardangerfjorden. Møtet blei gjennomført 16. april 2010, og pilotprosjektet vart etablert med ei styringsgruppe (SPH). Ei sentral avgjerd på møtet var og setje ned ei ekspertgruppe med eit mandat til å utforme ein rapport med forslag til konkrete tiltak. I september 2010 la ekspertgruppa fram ein rapport med samstemte, prioriterte strakstiltak som hadde som mål å redusere den samla negative påverknaden på de ville bestandane av sjøaure og laks i Hardangerfjorden, «Prioriterte strakstiltak for sikring av ville bestander av laksefisk i Hardangerfjordbassenget i påvente av langsiktige forvaltningstiltak.» I februar 2011 vart det skipa fire arbeidsgrupper, som saman med styringsgruppa skulle gjennomføre dei tiltaka som var vedteke gjennomført. I 3

oktober 2012 blei det i tillegg etablert eit eige fellestyre for fella i Etnevassdraget. Mål I mandatet er målet til prosjektet definert til å legge fram forslag til prioriterte strakstiltak for å redusere den samla, negative påverkinga på villaks og sjøaure i Hardangerfjordbassenget. Prosjektet er eit nasjonalt pilotprosjekt då tiltak, erfaringar og metode skal kunne overførst til andre stadar i landet. Hardangerfjorden er valt fordi påverknaden frå oppdrett er stor og tilstanden for vill laksefisk er kritisk. Møter og saker Styringsgruppa har fram til 31. desember 2013 gjennomført 18 ordinære møter (der av fem i 2013), og handsama i alt 112 saker (der av 33 i 2013). I tillegg var det i 2013 eit særskild møte med avgrensa deltaking om finansiering. Arbeidsgruppene og Fellestyret har hatt sine eigne møter. 4

Status og resultat per 31. desember 2013 Vesentlige aktivitetar og resultat Utfisking av rømt oppdrettslaks Pilotprosjektet har teke initiativ til å få fiska ut rømt oppdrettslaks i relevante vassdrag som renn ut i Hardangerfjordbassenget (her brukt om Hardanger, Kloster- og Bømlafjordsystemet, ref. fjordkatalogen). Slik utfisking blei gjennomført for sesongen 2011, og 2012. Utfiskeprosjektet har bestått av registrering og uttak av rømt fisk, samt opplæring og utstyring av lokale uttaksgrupper. Sjølve utfiskinga har vore gjort av lokale uttaksgrupper koordinert av Hardanger Villfisklag samt av LFI Uni Miljø (Uni Research). Føremålet med tiltaket har både vore å registrere innslaget av rømt oppdrettsfisk, redusere mulig påverknad på villaksen i Hardangerfjorden og å utvikle prosessar og lokal kompetanse for å ta ut rømt laks i vassdraga. Utfiskeprosjektet i 2011 og 2012 har vore betalt av oppdrettsnæringa i området, ved Hardangerfjordlauget. I 2013 blei utfiskeprosjektet vidareført på ein ny måte. Omfanget blei tilpassa endringa i delen av rømt fisk i fjordsystemet, samtidig som finansieringsmodellen vart endra. Næringa finansierte i 2013 den delen av utfiskeprosjektet som var knytt til registrering og uttak av rømt oppdrettsfisk i gytebestanden. Fiskeridirektoratet finansierte opplæring/ kurs i regi av Uni Miljø for Hardanger Villfisklag i Uskedalen i september. Det er levert rapport for utfiskinga i 2011 (LFI Uni Miljø rapport nr 205), og 2012 (LFI Uni Miljø rapport nr 215). Begge er tilgjengeleg på www.miljo.uni.no. Rapport for 2013 er ikkje ferdigstilt per 31.12.13. I 2011 blei det teke ut 430 rømt laks frå oppdrett frå 10 vassdrag og frå sjølokalitetar, medan det blei teke ut 310 oppdrettslaks frå ni elvar i 2012. Uttaksaktiviteten har bygd opp stadig større beredskap og kompetanse retta mot uttak av rømt laks frå oppdrett. Bruk av kilenøter utanfor Etnevassdraget viste seg også å bidra til betre uttak og beredskap. I 2012 hadde vassdraga i hovudsak lågare innslag av laks rømd frå oppdrett enn det som var gjennomsnittleg innslag i perioden frå og med 2004. Dette skuldast i hovudsak eit høgt innsig av villaks (mellom anna grunna gode oppvekstvilkår for villaksen i havet) saman med at det blei teke ut færre laks som hadde rømt frå oppdrett, samanlikna med 2011. 5

Styringsgruppa ser på tiltaket som vellykka. Mengda av rømt laks frå oppdrett har blitt vesentleg redusert, og det er vunne verdifull erfaring med korleis slikt arbeid kan organiserast og gjennomførast effektivt. Erfaringane og metodane har stor overføringsverdi til andre stadar i landet. Fiskefelle i Etne Felleprosjektet er eit unikt samarbeidsprosjekt mellom elveeigarar, havbruksnæring og forvalting. SPH arbeidde over lang tid for å få etablert oppgangsfelle i det nasjonale laksevassdraget i Etne. Det måtte avklarast finansiering, teknologival og organisering. Det måtte gjerast avtalar med elveigar- og forvaltarinteresser og naudsynte løyver måtte på plass. Fellestyret samarbeidde mellom anna med HI for å finne relevant teknologi og enda opp ei felle av amerikansk modell, som har vore prøvd ut i Canada og Alaska i meir enn 20 år. Det er første gang denne fella er montert i Noreg. Funksjonen til fella er å fange all oppvandrande fisk. Fisken sym inn i eit fangstkammer, for så å bli teken på land der den blir registrert, målt og veid. All villfisk blir dessutan merka (feitfinneklipt, før den blir sett ut igjen ovanfor fella). All fisk, som med sikkerheit har rømt frå oppdrett, blir umiddelbart sortert ut. Havforskingsinstituttet driv forskingsbasert dokumentasjon og verifisering av teknologien og tek DNA-prøver av all laks som går inn i fella. Tilhøvet mellom Fellestyret og HI (som forskingspartnar) skal regulerast i ei eiga avtale. Denne avtala er forventa å komme på plass medio 2014. Oppgangsfella, som er Hordalands største i elv, vart montert i Etneelva i april 2013. Den første villfisken blei fanga og slept forbi 18. mai. Prosjektet skal gje kunnskap som er forventa å kunne få mykje og seie for forvalting av vassdrag med laks og aure i Noreg komande år ved at det er definert sju konkrete kunnskapsmål: A) Dokumentere oppfangsfelle som verkemiddel for å hindre oppgang av rømt laks. B) Meir presis oversikt over innslaget av rømt oppdrettslaks i Etne-elva. C) Meir presis oversikt over vektfordeling av rømt fisk, her under kor mykje som er mulig gytefisk og ikkje. D) Meir presis oversikt over kor stor del av lokale/regionale rømingar som endar opp i elva. E) Meir presis oversikt over oppvandrande villaks og sjøaure i Etne-elva. F) Meir oversikt på feilvandring av villfisk mellom elvar. G) Dokumentere helsestatus for villfisk og opprettsfisk. For fleire detaljar kring fella viser vi til avtala som blei inngått 17. oktober 2012. 6

Fellestyret har levert ein rapport for første året i drift, der ein rapport frå HI om følgjeforskinga er lagt ved. I årsrapporten frå fellestyret kjem det mellom anna fram at det gjekk opp 1154 villaks og 922 sjøaure i fangstperioden (klassifisert ut frå ytre kjenneteikn). Storleiken varierte frå 0,5 kg til 12,7 kg på villaksen. Oppdrettslaksen kom som forventa inn i elva seinare enn villaksen. Antallet oppdrettslaks i Etne var lavere enn tidligere år, med en totalfangst på 78 rømte fisk i fella. Storleiken på disse varierte frå 40-104 cm, noko som tyder på at dei kjem frå ulike rømingshendingar. I tillegg kom det opp ein del einsommar aure, men desse blei ikkje registrert i fella grunna størrelse. HI har berekna at all aure mindre enn 0,3 kg vil passere fella utan å bli fanga. Det må også leggjast til at under det organiserte utfisket nedanfor fella, i siste halvdelen av oktober, blei det teke ut 101 rømt umoden fisk frå oppdrett. Felleprosjektet har ei driftsperiode på tre år og ei kostnadsramme på cirka 2,4 millionar kroner. I tillegg kjem mykje dugnadsarbeid. Overvakning av utvandrande smolt og lakselus på sjøaure Pilotprosjektet har vore oppdragsgjevar for metodeutvikling av overvakning av lakselus på sjøaure ved ruser. Testane har falt heldig ut, og metoden er no publisert internasjonalt, og er teken i bruk i den nasjonale overvakinga. Pilotprosjektet fekk overvaka laksesmoltutgangen med video i Etneelven, Kinso og Eidfjordvassdraget i 2011. I de indre elvene (Kinso og Eidfjordvassdraget) ser det ut til at smolten vandrar ut seinare enn i Etne. I tillegg har dei ei lengre utvandringsrute. Dette bør få innverknad på perioden der lusetrykket må haldast lågast mulig. Arbeidet har gjeve verdifull informasjon om utvandring av laksesmolt i Hardangerfjordbassenget, og det er utvikla metodikk for luseovervakning på sjøaure. Kunnskapen legg grunnlag for meir presis forvaltning, til dømes fastsettinga av tidspunkt for naudsynt avlusing om våren, i ulike delar av området. Av midlane som FKD løyva i 2011 er 500.000,- nytta til føremålet. 7

Kartlegging av, og forslag til, tiltak for anadrom laksefisk i utvalde vassdrag i Hardangerfjorden Pilotprosjektet har overfor Hordaland fylkeskommune teke initiativ til kartlegging av habitatforholda i utvalde vassdrag som drenerer til Hardangerfjordbassenget. Målet har vore å identifisere mulige flaskehalser for ungfisk, kartlegge fysiske inngrep og utslepp, gje kort oversikt over historiske opplysningar om anadrom fisk i vassdraget og foreslå habitatforbetrande tiltak for det enkelte vassdrag. Oppdraget blei sett ut på anbod av fylkeskommunen og tildelt Rådgivende Biologer AS. Rapportfristen var 31. januar 2013. Fleire detaljar går fram av notat frå Hordaland fylkeskommune datert 12. oktober 2012. Den endeleg rapporten frå Rådgivende Biologer blei levert i 2013, og inneheld mange interessante funn, og konkrete tiltak. I alt 28 vassdrag med sjøaure langs Hardangerfjorden blei kartlagt. Den samla lengda på elvane som blei undersøkt var 104 km, og det blei kartfestet 129 vandringshinder. I rapporten frå arbeidet blir inngrep og påverknad delt inn i tre kategoriar; vasskjemiske (der 92 % av vassdraga hadde god eller betre vasskjemisk status), morfologiske (over 800 ulike morfologiske inngrep blei kartfesta, og 36 % av vassdraga hadde status god eller betre) og hydrologiske (der det blei registrert hydrologisk påverknad i 18 av de 28 vassdrag, medan 48 % av strekninga var ikkje påverka av hydrologiske endringar i det heile). Fleire av vassdraga blei også habitatkartlagt. Totalt 62 %, hadde "god" eller betre kvalitet. Vidare hadde 1 % "svært dårlig" kvalitet, 13 % hadde "dårlig" habitatkvalitet, mens 24 % av arealet hadde "moderat" kvalitet. Det er total foreslått om lag 90 ulike tiltak, der utfisking av røyebestanden i Granvinsvatnet, minstevassføring og endra inntaksordning i kraftverket i Melselva, og fisketrapp nedst i Hellandsvassdraget (Opsanger) er vurdert som de tre viktigaste. Styringsgruppa rakk ikkje og slutthandsama rapporten i 2013. Av midlane som FKD løyva i 2011 blei inntil kr 250.000,- sett av til delfinansiering av tiltaket. 8

Planar vidare Det er planlagt fleire møter i styringsgruppa for pilotprosjektet, i første halvår 2014. Arbeidet har handla om strakstiltak og er prosjektorganisert. Dette indikerar at Pilotprosjektet ikkje skal vere permanent. Styringsgruppa vil i løpet av 2014 avgjere når prosjektet kan avsluttast, og om arbeidet eventuelt skal førast vidare i ei anna form. Sentrale dokument med meir utfyllande informasjon Saksdokument, møtereferat og rapportar er samla i sak 12/1350 og 10/3196 i Fiskeridirektoratet. Oppslag om nyhende er blitt lagt ut på nettsidene til dei ulike interessentane som er representert i SPH. Sjå mellom anna www.fiskeridir.no. Dei mest sentrale dokumenta er: Avtale om etablering og drift av fiskefelle i Etnevassdraget datert 17.10.12. Notat frå Hordaland fylkeskommune datert 12.oktober 2012 om status for statlige prosjektmidlar over til Hordaland fylkeskommune. Forslag til tiltak for sjøaure i utvalgte vassdrag ved Hardangerfjorden (Rådgivende biologer AS) Utfisking i 2011 (LFI Uni Miljø rapport nr 205). www.miljo.uni.no. Utfisking i 2012 (LFI Uni Miljø rapport nr 215). www.miljo.uni.no. Årsrapport frå Fellestyret med vedlagt rapport om følgjeforsking frå Havforskingsinstituttet. 9

Telefon: 03495 Faks: 55 23 80 90 Adresse: Postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen Besøksadresse: Strandgaten 229, Bergen E-post: postmottak@fiskeridir.no www.fiskeridir.no Livet i havet vårt felles ansvar