1905 - Solund kommune



Like dokumenter
Hyllestad kommune

Leikanger kommune

Høyanger kommune

Førde kommune

Gaular kommune

Luster kommune - gamle Hafslo kommune

Hornindal kommune

Luster kommune - gamle Jostedal kommune

Askvoll kommune

Sogndal kommune

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Jølster kommune

«Ny Giv» med gjetarhund

Aurland kommune

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Gloppen kommune

Møteprotokoll for møte i

Flora kommune

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Gulen kommune

Jon Fosse. For seint. Libretto

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Til deg som bur i fosterheim år

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

/

Bremanger kommune

Stryn kommune

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Brødsbrytelsen - Nattverden

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Naustdal kommune

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Minnebok. Minnebok NYNORSK

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Velkomen til Mork barnehage

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Notat om historie og kulturlandskap

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

TEMA. Stryn

Brukarrettleiing E-post lesar

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Rådgjevarkonferanse 2010

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Lærdal kommune

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

MEDLEMSINFO. august 2009

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Tilgangskontroll i arbeidslivet

6. trinn. Veke 24 Navn:

Transkript:

Side 1 av 5 Fiskeflåten i Solund var ikkje motorisert i 1905, og farkostane var helst robåtar og seglskuter. Med store dekka seglskuter kunne dei drive fiske lenger til havs. Bankfisket etter brosme, lange og kveite var god butikk, men beinhardt slit sjølv i ei dekka seglskute som 'Anna', som nokre år seinare fekk innsett motor. Hardbakke var hovudsoknet i prestegjeldet, og kyrkja var røystelokale ved begge folkerøystingane. 13. august var kyrkja på Hardbakke den einaste røystestaden, og her var nok eit yrande liv med båtar og folk, finkledde, feststemde og høgtidssame, for dette var mest ein nasjonal høgtidsdag. 1905 - Solund kommune Folk budde spreidt, og handelsstadane vart viktige, både som treffplassar og omsetningssentralar for varer og tenester. Buskøy var lenge ein av dei viktigaste handelsstadane. Georg Balchen Hess, 1848-1922, dreiv handelsstaden med m.a. salteri, ishus og eksport av laks og hummar. Sonen Jan var fiskebåtreiar og dreiv med fiske og selfangst i stor stil. I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Solund. Solund kommune i 1905 Solund kommune var i 1905, som i dag, eit reint øyrike. Øya Losna, som no er ein del av Solund, tilhøyrde Gulen kommune. I 1923 endra kommunen namn til Solund, men namneskifte var ei gamal sak. Både i 1903 og i 1905 søkte kommunestyret regjeringa om å skifte namn til Solundir. Kommunen omfatta kyrkjesokna Husøy, Solund og Hersvik og var eige tinglag i Sogn fogderi. I 1900 budde det 1920 personar i kommunen. Den viktigaste levevegen var kombinasjonen fiskeri og jordbruk. Fiskehandel med fersk fisk og eksport av fisk, krabbe og hummar vaks også fram på denne tida. Viktig var også ulike sidenæringar knytte til fisket, slik som salting, tønnemakarar, produksjon av fiskegarn,garn/notbøteri osv. Dei viktigaste handelsstadane var Kolgrov, Steinsundholmen, Inderøy og Buskøy. I Solund var det korkje bank eller telefon enno. I 1900 var her fem postopneri; Solund, Tangenes, Nåra, Buskøy og Krakhella. Rasmus Haugsøen, sokneprest i Solund frå 1903 til 1907. Haugsøen var ein uredd talsmann for det nynorske kyrkjespråket. Han hadde røynsle frå arbeid blandt tøffe rallarar, og slik bakgrunn kunne vera god å ha når han skulle 'omvende' stride sulingar til nynorsk i kyrkja. Det var berre ein "køyreveg" i kommunen, frå Solund kyrkje til garden Hop. Sjøen var hovudferdselsåra, og framleis var det robåtar og opne seglbåtar som vart nytta. Motorbåten var ikkje blitt allemannseige enno. Utan vegar og omgitt av hav var Fylkesbaatane viktigare for sulingane enn for folk flest. I 1904 var her sju stoppestader, Buskøy, Krakhella, Lågøy, Nesefjord, Nåra, Steinsund og Tangenes. Solund var den kommunen i fylket som hadde flest stoppestader sett i høve til folketalet. Kommunen var inndelt i 14 skulekrinsar, med 318 born i skulepliktig alder og seks lærarar. Solund delte

Side 2 av 5 distriktslækjaren med Gulen, og legekontoret låg i Eivindvik. Kommunen hadde eigne jordmødre. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika. Ei anna viktig sak var helsestellet. Kyrkja var sentral i Ja-kampanjen i samband med folkerøystinga 13.august. Symbolbruken var sterk og bodskapen tydeleg. 26. november 1905 var ein stor dag for dei kongetrugne sulingane. Her stig kong Haakon i land som Norges konge for fyrste gong. Statsminister Michelsen tek i mot og helsar velkomen til Norge. Sjå video/lyd Klikk og lytt til eit utdrag av den fyrste talen til kong Haakon. Paul Johan Hansson Takle (1871 til 1947). Han sat i Solund kommunestyre frå 1898 til 1940 og frå 1945 til han døydde. Takle representerte Høgre. Han møtte også på Stortinget og var fast representant frå 1931 til 1933. Kommunestyreprotokollane gjev eit bilete av den kommunale kvardagen i Solund. Innføring av nynorske salmar (Blixsalmar) i kyrkjene var ei sak i tida, også i Solund. Kommunestyret bad soknepresten fremje sak i alle kyrkjelydane om å innføre " Nokre salmar" av Elias Blix. Men sulingane var ikkje modne for dette nye, fyrst i 1915 vart Blix innført i kyrkjene. Døme på andre saker var oppmudring og utdjuping av skipsleia Indre Steinsund, fleire fyrlykter, omn og nye benker i Solund kyrkje, tilsetjing av ny jordmor i Husøy distrikt, søknad om å frede eigedomen Gåsvær som egg- og dunvær, utbetring av Hardbakke skulehus, søknad om dispensasjon frå lakselova og søknad til telefonstyret om telefonline til Solund. Det kan nemnast at fyrst i 1910 kom den fyrste telefonlina til Solund. Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og fiskar og bonde Johannes Kristofferson Laagø vart vald til ordførar. Rasmus Haugsøen var sokneprest. Han var frå Gulen, ein stor talar, målmann, folkeopplysar og ivrig grundtvigianar. Haugsøen var rekna som ein av dei fremste i kampen for nynorsk kyrkjemål på Vestlandet. Han heldt alle preikene på nynorsk, men kampen vart stri i Solund. Øyfolket ville ha bokmål til "søndags" og i kyrkja i Straumen vart det enda til demonstrert under ei gudsteneste. Johannes Mathiesen var lensmann fram til 1906, men sonen Magnus O. Mathiesen var godkjent som fullmektig og fungerte som lensmann i 1905. Få lag og organisasjonar Det ser ut til å vere få lag og organisasjonar i Solund kring 1905. Organisasjonsbygginga ser ut til å ha starta eit tiår seinare. Vi finn ikkje spor etter misjonskvinnelaga som tradisjonelt fanst i kvar ei bygd. Men den frivillige skyttarrørsla stod sterkt over heile landet, og Solund var ikkje noko unntak i så måte. Her var m.a. Hardbakke skyttarlag, skipa i 1896, og Domben og Austefjord Skyttarlag var stifta i 1900. Sistnemnde var tilslutta Bergen Skyttarsamlag. Ungdomslagsrørsla hadde også nådd Solund, og 26.07.1896 vart det fyrste ungdomslaget, Vårvon, skipa. Inspirasjonskjelda var her som så mange andre stader i fylket, Sogndal Folkehøgskule. Når dei skulle på stemne, nytta dei fiskedampbåten Solundir og med den songglade sokneprest Haugsøen ombord, vart det allsong og stor stemning. Kring 1900 gjekk det føre seg ei storstila skogplanting i Noreg, og sers viktig var det å skogkle den nakne kysten. I

Side 3 av 5 Solund var det mange gardbrukarar som gjorde avtalar med Bergen Skogselskap om å plante gran. Arbeidet vart i stor grad utført av lag og organisasjonar, og dei frilynte ungdomslaga i distriktet planta mykje skog. Kanskje var ungdomslaget på Gylta eit av desse. 17. mai 1905 Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Fleire stader vart det halde 17. mai- gudstenester med stort oppmøte. I Solund vart det halde gudsteneste i Hersvik kyrkje der emnet var: "Bøn og arbeid lukker op dørene til var folkelykke". Om ettermiddagen heldt presten tale i ungdomslaget på Gylta. Haugsøen hadde ordet i si makt og var ein svært populær talar i ungdomslaga. Der Haugsøen talte, var det alltid fullt hus. Med den stemninga som låg i lufta 17. mai dette året, sette han nok kveik i sulingane også. 7. juni 1905 og kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag 7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste mange flagget, og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Presten i Solund har ikkje notert i dagsregisteret sitt at han las opp kunngjeringa 1. pinsedag, men det kan koma av at kunngjeringa ikkje var komen han i hende, eller det kan skuldast ei rein forgløyming. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: 1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni. 2) Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Valsoknet omfatta Solund prestegjeld som tilsvara dåverande Sulen kommune. Valstyret for august var samansett av: fungerande lensmann M. O. Mathiesen (formann), Bernt P. Kalgraf (i august), Bernt Kværhellen (i november), Elias Stensund, Paul Takle og J. Kr. Laagø. Det var valstyret som bestemte kvar det skulle haldast folkerøysting, og kven som skulle røyste kvar. Folkerøystinga 13. august gjekk føre seg i Solund hovudkyrkje på Hardbakke. Sjølv om det var tidleg på seinsommaren kunne det vere stridt å ta seg ut i open småbåt til Hardbakke. Jan Hess, driftig fiskebåtreiar, selfangar og fiskeeksportør frå Buskøy, eigde ein 81 fots dampbåt med namnet "Solundir" som han frakta veljarar med til røystelokalet på Hardbakke, av di han var uroleg for at dei ikkje skulle kome seg fram. Ved folkerøystinga 12.og 13. november var det to røystestader. Det vart røysta i Solund hovudkyrkje på Hardbakke for Hersvik og Solund sokn, og i Husøy kyrkje i

Side 4 av 5 Straumen for Husøy sokn. Formannen i valstyret, lensmann M.O. Mathiesen, leia røystinga for Solund og Hersvik, medan Bernt Kværhellen leia det særlege røystestyret for Husøy sokn. Etter at røystinga var over, overleverte formannen i Husøy sokn røystene til formannen i valstyret. Oppteljinga føregjekk også denne gongen i kyrkja på Hardbakke. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet i Solund valsokn: 405 hadde røysterett. Oppteljinga viste 326 godkjende røyster, medan ei røyst vart forkasta. Dette gav ein frammøteprosent på 80,7. Alle røysta ja. I Sogn og Fjordane fylke var det ein frammøteprosent på 92,5 og berre tre røysta nei. Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Underskriftsinnsamlinga vart ordna på ulike måtar. Gjennom opprop i avisene vart kvinnene oppmoda om å skrive seg på listene. På Leikanger skjedde det i kyrkja, der kvinnene fekk høve til å skriva namna sine på utlagde lister i sakristiet på sjølvaste valdagen. Andre stader vart det utlagt lister på butikkar og elles der folk ferdast. Vi har ikkje opplysningar om denne aksjonen frå Solund, men i Solund kan det óg ha vore lister i omløp. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Solund valsokn: Av 408 med røysterett, røysta 324. Alle røystene vart godkjende. 311 røysta ja (for kongedømme), medan 13 røysta nei (for republikk). Frammøteprosenten var om lag som ved augustrøystinga. Kanskje noko overraskande av di det i snitt var lægre deltaking ved denne folkerøystinga enn den førre, både på fylkes- og landsplan. Det var også vekslande oppslutnad i fylket om kongedøme, men sulingane var sers kongetrugne. Saman med nabokommunen Hyllestad toppa dei kommunelista med heile 96% for kongedøme. Snittet for fylket var elles 80,4% og frammøteprosenten var i snitt på 79%. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november. Tusenvis av feststemde menneske hadde møtt fram. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet, og kommunestyret i Solund vedtok 06.12 i sak 21 fylgjande: " Enst. besluttedes at sende hyldningstelegram med hilsen til storting, regjering og kongehuset."

Side 5 av 5 Folkefestar og takkegudsteneste med tende lys Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905. Men også i kyrkjene vart dette året markert. I Straumen kyrkje vart det halde gudsteneste den 26.11, dagen etter at den nye kongefamilien var komen til landet. I dagsregisteret sitt har presten notert fylgjande frå preika:" Emne: Giv keiseren hvad keiserens er, og Gud hvad Guds er. - Derunder mindet om Sommerens begivenheder og om den nye dag over Norge: formanet til Tak til Gud og til lydighed mod landets love. - Fedrelandssalmen blev sunget til Udgang. Folk forlangte lysene tændte." Etter oppmoding frå styresmaktene vart det halde takkegudstenester over heile landet den 7. desember. Denne vart halden i Solund kyrkje på Hardbakke. Kyrkjebøna var denne dagen bytt ut med ei spesialskriven takkebøn. Kyrkjedepartementet bad også om at fedrelandsalmen "Gud signe vaart dyre fædreland" av Blix vart sungen. Artikkelnummer: KAL/SFF-434.1412 Forfattar og datering: Kjerstin Risnes, 2005. Prenta kjelder: Gjerde, Anders. Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene. II Kjelda, nr. 3. 2002. Bilete frå Solund. Posten Norge BA. 1999. Strand, Alf og Lien, Odd Jan: Solund i fortid og notid. Bergen 1981. Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia. Selja forlag. 1998. Lothe, Anders: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950. Endal, Hans Erik. Rasmus Haugsøen, gamal kjenning i ungdomslaga. Jul Nordfjord. 1989. Helland, Amund: Topografisk/statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt. Del 2. Kristiania 1901. Sogn Ungdomslag 50 år. 1896-1946. Sogn Ungdomslag. 1947. Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Dagsregistra til sokneprestane i Sogn og Fjordane. Solund kommune, kommunearkivet: Møtebok for formannskapet 1903-1916, 06.12.1905, sak 21. Statistisk sentralbyrå.folketeljingar 1900. NRK Sogn og Fjordane, Fylkesleksikon. Fylkesarkivet Sogn og Fjordane, møtebokregister, formannskapsprotokollar. Fylkesarkivet Sogn og Fjordane, lagsarkiv. Nasjonalbiblioteket. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no