Vanylven kommune MØTEPROTOKOLL Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret Møtedato: 20.02.2006 Tid: 14.30 17.50 Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 14.02.06. Desse medlemene møtte: Forfall: Varamedlemer: Ordførar Jan Helgøy Lasse Rindal Magne Vik Arset Nils Olav Moen Einar Ebbesen Varaordførar Tormod Hvattum Brita Hoel Drage For Tormod Hvattum møtte Liv Ranveig Sunde. For Brita Hoel Drage møtte Kjartan Otneim. Frå administrasjonen møtte: Rådmann Einar Vik Arset og møtesekretær Kåre Kvangarsnes Merknader: Ingen merknader til innkalling og saksliste. Skriv og meldingar: Brev av 16.02.06 frå ordførar og rådmann til Møre og Romsdal fylke v/fylkesplansjefen vedk. differensiert arbeidsgjevaravgift som vekststimulerande virkemiddel i Vanylven. Skrivet vart utdelt. Brev av 16.02.06 frå ordførar og rådmann til Statens Vegvesen Region Midt vedk. anbod på ferjerutene 01 og 02 i Vanylven og Sande kommunar. Utvida og korresponderande døgnsamband. Skrivet vart utdelt. Brev av 20.02.06 frå ordførar og rådmann til Vanylven Næringsforum vedk. Vanylven Vekst KF val av styremedlemar. Skrivet vart utdelt. Brev av 06.02.06 frå Nordal kommune- ordføraren til statsråd Åslaug Haga, Kommunal- og regionaldepartementet vedk. statlege løyvingar til dekking av kostnader i samband med flaumskade. Skrivet vart utdelt. Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6143 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
Ordføraren orienterte om arbeidet med Stad Skipstunnel. Sak 0031/06 vart handsama først. Saker som vart handsama: 0025/06-0031/06. Sak 0031/06 vart teken opp på møtet. Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Stad, dato Side 2 av 9
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0025/06 01/00276 PSYKISK HELSEARBEID - ØYREMERKA TILSKOT 2002-2008 FORDELING AV TILSKOT 2006 0026/06 05/00516 ORGANISERING AV TENESTER RUNDT BRUKARAR MED SÆRSKILTE OG SAMANSATTE BEHOV/ ARBEIDSSENTERET- NYE BRUKARAR, NYE BEHOV 0027/06 01/01508 OPPRUSTING AV K-VEG FISKÅ - LILLEEIDE: BYGGEREKNESKAP 0028/06 05/00914 ENDRING AV FORSKRIFT FOR HAMNEAVGIFT - NY BEHANDLING 0029/06 03/00221 HANDLINGSPROGRAM - VANYLVEN VEKST 0030/06 03/00479 BARNEHAGEBEHOV I VANYLVEN KOMMUNE 0031/06 05/00861 BUSETJING/TILTAK - VIDAREGÅANDE SKULE Side 3 av 9
0025/06 PSYKISK HELSEARBEID - ØYREMERKA TILSKOT 2002-2008 FORDELING AV TILSKOT 2006 Samrøystes tilråding som framlegget. 1. Auken i psykiatrimidlar på kr 423.000 for 2006, vert fordelt som framgår av forslag frå arbeidsgruppa for fordeling av psykiatrimidler. Sjå saksopplysningar. 2. Heile tilskotsauken vert ført til inntekt på konto 17000/385 og aukar dermed ramma for 103 Pleie og omsorg tilsvarande. Fordelinga inneber då slik rammeendring i 2006- budsjettet: 102 Oppvekstetaten opp kr. 80.000 103 Pleie og omsorgsetaten ned kr. 133.000 104 Helseetaten opp kr. 53.000 3. Midler overført frå 2005, ikkje brukt på barnevern, kr. 113.000, vert overført til 102 Oppvekstetaten og brukt til prosjekt i 2006, til forbyggande barnevern. Fordeling på Ansvar og konti vert gjort administrativt. 0026/06 ORGANISERING AV TENESTER RUNDT BRUKARAR MED SÆRSKILTE OG SAMANSATTE BEHOV/ ARBEIDSSENTERET- NYE BRUKARAR, NYE BEHOV Samrøystes tilråding som framlegget. 1.. Vanylven kommune kjøper Landbrukssenteret på Eidså for kr. 700.000 2. Deler av Vanylven Arbeidssenter flytter til Landbrukssenteret Side 4 av 9
0027/06 OPPRUSTING AV K-VEG FISKÅ - LILLEEIDE: BYGGEREKNESKAP Samrøystes tilråding som framlegget. 1. Byggerekneskapen for opprusting av kommunevegen mellom Fiskå og Lilleeide blir godkjent. 2. Samla kostnad med prosjektet er kr. 4 552 000,- 0028/06 ENDRING AV FORSKRIFT FOR HAMNEAVGIFT - NY BEHANDLING Framlegg til vedtak: 1. Vanylven kommunestyre gjer om vedtaket i sak 4/06 om å auke anløpsavgifta til Nordfjord interkommunale hamnedistrikt sitt nivå. 2. Hurtigbåtanløp vil inntil vidare vere friteken frå å betale anløpsavgift. Rådmannen la fram alternativ tilråding - alternativ B: 1. Formannskapet bed administrasjonen utforme ein hamneplan som blir framlagt hamnestyret for tilråding. Det bør i ein slik plan lagast ei konkret oversikt over behov og ei prioritering av tiltak som skal dekkast innanfor rammene av hamnefondet. Ein oppmodar om å undersøkje mulegheiter for interkommunale samarbeid i dette arbeidet. 2. Eventuelt fritak for anløpsavgift for hurtigbåtanløp vert å kome tilbake til seinare. Framlegg frå Kystpartiet v/einar Ebbesen: 1. Vanylven kommune går til innkjøp av ein inspeksjonsbåt m/utstyr til mannskap, av eigna storleik/fart til nytting av inspeksjon i vårt hamnedistrikt. 2. Vanylven kommune går til innkjøp av søppeldunkar til mottak av dagleg søppel frå ankomande fartøy i tråd med gjeldande IMO/MARPOL resolusjon. 3. Vanylven kommune opprettar reglar om ballastrapportering i tråd med ratifisert IMO resolusjon nr. 868. Midlane til desse tiltaka vert å hente frå fond oppretta i samband med inntekne anløpavgift. Rådmannens tilråding - alternativ B vart samrøystes vedteke. Side 5 av 9
Det vart ikkje votert over framlegget frå Kystpartiet v/einar Ebbesen: 1. Formannskapet bed administrasjonen utforme ein hamneplan som blir framlagt hamnestyret for tilråding. Det bør i ein slik plan lagast ei konkret oversikt over behov og ei prioritering av tiltak som skal dekkast innanfor rammene av hamnefondet. Ein oppmodar om å undersøkje mulegheiter for interkommunale samarbeid i dette arbeidet. 2. Eventuelt fritak for anløpsavgift for hurtigbåtanløp vert å kome tilbake til seinare. 0029/06 HANDLINGSPROGRAM - VANYLVEN VEKST Framlegg til vedtak: Formannskapet tek Vanylven Vekst sitt reviderte handlingsprogram til vitande med følgjande kommentarar: 1 ) 2 ) 3 ) Dagleg leiar John Breivik i Vanylven Vekst orienterte. Delplan 2006 Utdrag av handlingsplanen satsingsområder og mål for 2006. vart delt ut på møtet. Det var semje om at delplanen for 2006 vert handsama i formannskapsmøte 06.03.06. Det vart gjort slikt samrøystes 1. Formannskapet tek Vanylven Vekst sitt reviderte handlingsprogram til vitande med følgjande kommentarar: A ) Under punkt 1.3.5, ta med Lilleeide industriområde og Åramsundet. 2. Formannskapet bed om samhandlingsmøte med styret i Vanylven Vekst minst ein gong i halvåret for gjensidig oppdatering. Side 6 av 9
0030/06 BARNEHAGEBEHOV I VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen la fram slik tilråding: Saksutgreiinga frå administrasjonen vert innlemma i utarbeiding av overordna delplan for kommunale tenester. Ein vil då sjå på barnehagetilbodet under eitt, også dei mindre bygdelaga. Tilrådinga vart samrøystes vedteke. Saksutgreiinga frå administrasjonen vert innlemma i utarbeiding av overordna delplan for kommunale tenester. Ein vil då sjå på barnehagetilbodet under eitt, også dei mindre bygdelaga. 0031/06 BUSETJING/TILTAK - VIDAREGÅANDE SKULE Nils Olav Moen tok opp saka på møtet. Han orienterte om arbeidet i busetjingsnemnda. På vegne av busetjingsnemnda la han fram slikt framlegg: Vanylven kommune gjev kr. 20.000,- av kommunestyreposten til trivselstiltak (skuletur) på Vanylven vidaregåande skule. 1. Vanylven kommune vil gjere dette til eit årleg tiltak. 2. Ordførar og rådmann kontaktar bedrifter i Vanylven kommune til å vere med. 3. Formannskapet i lag med bedrifter vil ha ei årleg overrekking på skulen i Syvde i januar/februar (april i 2006). 4. Dette vil vere med på å gje elevane ei årleg orientering om kor viktige dei er for Vanylvssamfunnet. Vi kan dessverre ikkje gje den same oppmerksomheita for dei som vel skule utanfor Vanylven kommune, sjølv om desse er like viktige for Vanylven kommune. 5. Vanylven kommunestyre meiner at dette vil vere med på å setje fokus ikkje berre på elevane, men viktigheita med å ha Vanylven vidaregåande skule. Framlegget vart samrøystes tilrådd. Side 7 av 9
Vanylven kommune gjev kr. 20.000,- av kommunestyreposten til trivselstiltak (skuletur) på Vanylven vidaregåande skule. 1. Vanylven kommune vil gjere dette til eit årleg tiltak. 2. Ordførar og rådmann kontaktar bedrifter i Vanylven kommune til å vere med. 3. Formannskapet i lag med bedrifter vil ha ei årleg overrekking på skulen i Syvde i januar/februar (april i 2006). 4. Dette vil vere med på å gje elevane ei årleg orientering om kor viktige dei er for Vanylvssamfunnet. Vi kan dessverre ikkje gje den same oppmerksomheita for dei som vel skule utanfor Vanylven kommune, sjølv om desse er like viktige for Vanylven kommune. 5. Vanylven kommunestyre meiner at dette vil vere med på å setje fokus ikkje berre på elevane, men viktigheita med å ha Vanylven vidaregåande skule. Eventuelt: Lasse Rindal tok opp sak vedk. val av nye styremedlemar i helseforetaka. Foreslo Eli Tefre Nordal frå Kystpartiet som aktuell kandidat frå Vanylven til styret i Helse Sunnmøre. Administrasjonen vil spørje vedkomande om ho vil stille til val og legge fram sak på neste ordinære formannskapsmøte. Nils Olav Moen ynskjer solsikkelogoen på kommunale bilar. Rådmannen orienterte om leiarutviklingsprosessen; jfr. innleiande samling 16.02.06. Ynskjer at formannskapet deltek på neste samling 05.04.06. Delte ut møte- og arbeidsplan våren 2006, utkast til adm. organisering Vanylven kommune og deltakarliste leiarutviklingsprosess. Vidare orienterte han om personalsituasjonen på teknisk etat. Ordførar og rådmann opplyste at kommunestyret skal ha eit samferdselsmøte 13.03.06. Møre og Romsdal fylke: Temaplan samferdsel ferjestrategi for Møre og Romsdal 2006-2015, vart utdelt. Det var semje om formannskapsmøte 06.03.06 kl. 11.00. Saker: Førebuing til kommunestyremøtet 13.03. 06 samferdsel og drøfting av Delplan 2006 frå Vanylven Vekst Utdrag av handlingsplanen satsingsområder og mål for 2006. Side 8 av 9
Avslutningsvis orienterte planleggar Espen Viddal om arbeidet med forslag til planprogram. Satsar på å få dokumentet ferdig tysdag 21.02.06 kan hentast på rådhuset. Ingen innvendingar mot at det vert sendt ut på høyring. Rett utskrift 21.02.06 Kåre Kvangarsnes Side 9 av 9