ULSTEIN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utvalg: Ulstein kommunestyre Møtestad: Kommunestyresalen, Ulstein rådhus Dato: 25.10.2012 Tid: 14:00 21:45 Kl. 13:30 Feiring av fylkestingsvedtaket om Ulsteinhallen og Sjøgata med marsipankake og kaffi til alle! Kl. 14:00 18:00: Stormøte der Jan Sivert Jøsendal, underdirektør i KS Utdanning, heldt foredrag om skule sett frå KS sin synsstad, kvalitet i skulen og kompetanseheving, samt Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012. Faste medlemmer som møtte: Navn Funksjon Representerer Jan Berset Ordførar H Heidi Strand Medlem H Tor Meinseth Medlem H Harald Rune Ulstein Medlem H Egil Ulfstein Medlem H Knut Kleiven Medlem H Steven P. Karunasamy Medlem H Ivar Mork Medlem AP Marianne Breivik Medlem AP Magne Grimstad jr. Medlem AP Hanne Notøy Medlem AP Silja Øvrelid Medlem AP Magne Gurskevik Medlem AP Svein Børre Dimmen Medlem FRP Knut Erik Engh Varaordførar FRP Alf Johan Antonsen Medlem FRP Einar Nevstad Medlem FRP Bjørg Hasund Medlem KRF Kåre Johan Lynge Medlem KRF Steinar Torvik Medlem KRF Eldar Knotten Medlem V Aase Ulla Medlem V Pål Grødahl Medlem V Faste medlemmer som ikkje møtte: Navn Funksjon Representerer Else Marie Brandal MEDL H Lisa Mari Breivik Anderson MEDL SP 1
Varamedlemmer som møtte: Navn Møtte for Representerer Hans Petter Th. Ulstein Else Marie Brandal H Stig Grimstad MGjr i sakene PS 12/110-112 AP Oddvar Gjerde Lisa Mari Breivik Anderson SP I tillegg møtte tillitsvalde på Stormøtet: Hilde Ringen Hofseth Gerd Bang Brevik Greta Aurvåg Fagforbundet Utdanningsforbundet Delta Frå administrasjonen møtte: Navn Einar Vik Arset Verner Larsen Marit Botnen Leif Ringstad Kari Mette Sundgot Arne Runar Vik Hilde Gry Leer-Salvesen Marianne Hatløy Bjørg Haugland Stilling Rådmann Ass. rådmann Kommunalsjef helse og omsorg Kommunalsjef oppvekst og kultur Økonomi- og organisasjonsleiar Kommunalsjef teknisk Pedagogisk konsulent Politisk sekretær Sekretær Permisjonar/Ugildskap Magne Grimstad jr sa seg ugild i sakene PS 12/110-112 som avd.leiar i kursavd. til Furene AS og medeigar av Fantastiske Osberget som kan få økonomisk gevinst avhengig av utfallet av saka. Representanten fekk gå i frå. Stig Grimstad var innkalla som vara og tok plass i hans stad. 2
SAKLISTE Saksnr Tittel Spørjetime / open talarstol PS 12/103 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE PS 12/104 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE PS 12/105 MELDINGSSAKER RS 12/53 FORSLAG PÅ KANDIDATAR TIL NORGES VELS GRÜNDERPRIS 2013 RS 12/54 OPPREISINGSORDNING FOR BARNEHEIMSBARN RS 12/55 MØTEPLAN 1. HALVÅR 2013 PS 12/106 FINANSFORVALTNING 2012-2. TERTIAL PS 12/107 ULSTEIN KOMMUNE - RAPPORT 2. TERTIAL 2012 PS 12/108 ENDRING PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN IDRETT OG FYSISK AKTIVITET PS 12/109 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN I ULSTEIN 2012 PS 12/110 EIGARSTRATEGI-ULSHAV-NYTT FRAMLEGG PS 12/111 VURDRING AV ALTERNATIV FOR VENTEROM - BUSSTERMINAL PS 12/112 FURENE AS - EIGARSTRATEGI PS 12/113 STARTLÅN 2012 - SØKNAD OM EKSTRA LÅNEMIDDEL FRÅ HUSBANKEN Eventuelt Orientering ved Bergen Capital Management, som er det selskapet UK og UEKF nyttar som konsulentar inn mot gjeldsportefølja vår, vil halde ein presentasjon i starten av kommunestyret. Presentasjonen vil ha fokus på gjeldsforvaltning og renteeksponering. Representantar frå IL Hødd orienterte om arrangementet «Vi skal farge Oslo blått» i samband med Cupfinalen 2012 mellom Hødd og Tromsø på Ullevaal Stadion den 25.11.2012. Kommunalsjef oppvekst og kultur opplyste at det vert overføring av cupfinalen på storskjerm på Sjøborg kulturhus, samt fest når spelarane kjem heim søndag kveld. Spørjetime / open talarstol Steven P. Karunasamy tok opp to ulike tema (l.nr. 9779/2012): 1. Om viktigheita av å betre matematikk-kunnskapen i grunnskulen og at kommunen som skuleeigar må gi lærarane nødvendig kompetanseutvikling. 2. Orienterte om kva som har skjedd sidan krigen på Sri Lanka vart avslutta, bl.a. den misslykka fredsprosessen der Norge hadde ei leiande rolle. Steven P.K. spør alle parti i Ulstein kommunestyre om å støtte Tamilane si sak og ta dette opp med sine parti på sentralt hald ved passande høve. Oversendingsframlegg frå Ulstein Høgre v/egil Ulfstein: På bakgrunn av innlegg i sak PS 12/109 «Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012» legg Ulstein Høgre fram følgjande oversendingsframlegg: 1) Ulstein kommunestyre ber om at administrasjonen utarbeider forslag til forbedring av IKT-systemet for skulane i Ulstein kommune. Det bes spesifikt om investeringsforslag/behov for å få eit forsvarlig «up to date» IKT-system tilpassa bruken i skulane. 3
2) Ulstein kommunestyre ber om ei oversikt på kva ei gradvis auke av rammetimane vil medføre kostnadsmessig for Ulstein kommune. 3) Ulstein kommunestyre ber administrasjonen fremje konkrete forslag/tiltak på korleis leseferdigheitene kan forbetrast for elevane i ulsteinskulen. Oversendingsframlegget frå Ulstein Høgre vart samrøystes vedteke. Ulsteinvik, 25.10.2012 Jan Berset ordførar Marianne Hatløy møtesekretær Kåre Johan Lynge Heidi Strand 4
PS 12/103 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Innkalling og sakliste vart godkjent med tillegg av sakene RS 12/55 og PS 12/113. PS 12/104 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE Protokollen frå møtet den 20.09.2012 vart godkjent. PS 12/105 MELDINGSSAKER Meldingane vart teke til vitande. RS 12/53 Ivar Mork ønskjer at Formannskapet kjem med framlegg på kandidatar til Gründerprisen. Ordføraren ber partia kome med innspel til Formannskapet før møtet den 06.11.2012. RS 12/53 FORSLAG PÅ KANDIDATAR TIL NORGES VELS GRÜNDERPRIS 2013 RS 12/54 OPPREISINGSORDNING FOR BARNEHEIMSBARN RS 12/55 MØTEPLAN 1. HALVÅR 2013 5
PS 12/106 FINANSFORVALTNING 2012-2. TERTIAL Finansrapporten pr. 2. tertial 2012 vert teken til vitande. Tilrådinga frå Ulstein formannskap vart vedteken med 25 mot 0 røyster. PS 12/107 ULSTEIN KOMMUNE - RAPPORT 2. TERTIAL 2012 Ulstein kommunestyre godkjenner 2. tertialrapport 2012 for Ulstein kommune. Ulstein kommunestyre godkjenner at følgjande investeringsrammer vert overført frå 2011 til budsjettåret 2012: Prosjekt Konto Ramme Trivselsgate Nybygg/nyanlegg/rehabilitering 12 579 475 Refusjon fra andre (private) -12 579 475 Trivselsgate Blåhuset Nybygg/nyanlegg/rehabilitering 752 480 Refusjon fra andre (private) -330 480 Overføring fra fylket -422 000 Tre i eitt prosjektet - veg Nybygg/nyanlegg/rehabilitering 4 432 170 Bruk av disposisjonsfond -4 432 170 Saunesparken Nybygg/nyanlegg/rehabilitering 3 068 100 Refusjon fra andre (private) -3 000 000 Bruk av disposisjonsfond -68 100 Bjørndalsparken/Vikholmen Nybygg/nyanlegg/rehabilitering 456 796 Unytta lånemidlar -398 183 Bruk av disposisjonsfond -58 613 Hovset og Vik utmark- byggefelt 1 Nybygg/nyanlegg/rehabilitering 12 553 220 Tomtesal -5 000 000 Bruk av disposisjonsfond -7 553 220 Saunesmarka Nybygg/nyanlegg/rehabilitering 5 488 367 Tomtesal -1 000 000 Bruk av ubunde investeringsfond -4 488 367 Rinden Flø Nybygg/nyanlegg/rehabilitering 104 481 Tomtesal -6 287 Bruk av ubunde investeringsfond -98 194 Samla investeringsramme 39 435 089 Tilrådinga frå Ulstein formannskap vart vedteken med 25 mot 0 røyster. 6
PS 12/108 ENDRING PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN IDRETT OG FYSISK AKTIVITET Justert i framdriftsplan for Kommunedelplan Idrett og fysisk aktivitet vert godkjent slik det ligg føre i framlegget. Tilrådinga frå Levekårsutvalet vart vedteken med 25 mot 0 røyster. PS 12/109 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN I ULSTEIN 2012 Ulstein kommune tek Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012 til vitande. I samband med handsaming av budsjett og økonomiplan for 2013-2017, bør kommunestyret vurdere å: - Auke driftsmidlane til inventar/utstyr og undervisningsmateriell pr. elev - Auke ressursane til tilpassa opplæring/delingstimar - Styrke IKT-opplæringa Tilrådinga frå Levekårsutvalet: Ulstein kommune tek Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012 til vitande med følgjande merknader: 1) Auking av driftsmidlar til inventar/utstyr og undervisningsmateriell pr. elev 2) Auking av ressursar til tilpassa opplæring/delingstimar 3) Styrking av IT Framlegg frå Ulstein AP v/magne Grimstad jr.: Ulstein kommune tek Tilstandsrapport for grunnskulen i Ulstein 2012 til vitande. I samband med handsaming av budsjett og økonomiplan for 2013-2017, bør kommunestyret vurdere å: - Auke driftsmidlane til inventar/utstyr og undervisningsmateriell pr. elev - Auke ressursane til tilpassa opplæring/delingstimar - Styrke IKT-opplæringa 1. Framlegget frå Ulstein AP vart vedteke med 14 mot 11 røyster. 2. Tilrådinga frå Levekårsutvalet fekk 11 røyster og fall. PS 12/110 EIGARSTRATEGI-ULSHAV-NYTT FRAMLEGG 1. Ulstein kommune godkjenner Eigarstrategi for Ulshav AS for valperioden 2011-2015. 2. Ved etablering av eksterne arbeidsplassar, bør selskapet unngå etableringar som gir vesentlege konkurransemessige fordelar. 7
Magne Grimstad jr sa seg ugild i saka som avd.leiar i kursavd. til Furene AS og medeigar av Fantastiske Osberget som kan få økonomisk gevinst avhengig av utfallet av saka. Representanten fekk tre i frå. Stig Grimstad var innkalla som vara og tok plass i hans stad. Framlegg frå Ulstein Venstre: 8. Inngå forpliktande samarbeid med dei øvrige tiltaksarrangørane der Ulstein kommune er medeigar. Same som opprinnelig pkt. 8 i Rådmannens innstilling (s.152). 1. Framlegget frå Ulstein Venstre fekk 6 røyster og fall. 2. Tilrådinga frå Ulstein formannskap vart vedteken med 19 mot 6 røyster. PS 12/111 VURDRING AV ALTERNATIV FOR VENTEROM - BUSSTERMINAL 1. Ulstein kommune godkjenner at ein legg venterom for bussterminal til butikklokale til tidlegare «Princess» med eit areal inne på om lag 50 rutemeter. Det vert inngått kontrakt om leige / kjøp av arealet slik den er vist i vedlegg 1. 2. UEKF står for ombygging av arealet og arealet vert nytta i samarbeid med Ulshav AS. 3. Kostnader til dekning av husleige for 2012, kr 25 000 vert dekt med tilleggsløyvingar. 4. Kostnader for 2013 og vidare vert å legge inn i økonomiplanen 2013 til 2016. 5. Dersom løysinga med leige av butikkarealet ikkje kan gjennomførast skal løysinga med eige bygg leggast fram som tiltak til økonomiplanen. Magne Grimstad jr sa seg ugild i saka som avd.leiar i kursavd. til Furene AS og medeigar av Fantastiske Osberget som kan få økonomisk gevinst avhengig av utfallet av saka. Representanten fekk tre i frå. Stig Grimstad var innkalla som vara og tok plass i hans stad. Framlegg frå Høgre og Framstegspartiet: 1) Ulstein kommunestyre vedtek å bygge eit eige venterom med toalett ved busshaldeplassen i Ulsteinvik sentrum innafor ei kostnadsramme på 2.2 millionar kroner. Bygginga skal setjast i verk snarast råd og seinast i løpet av første halvår 2013. Tiltaket vert å innarbeide i Budsjett og økonomiplanen for perioden 2013-2017. 2) Ulstein kommunestyret ber om at administrasjonen går i dialog med fylkeskommunen og fylkesmannen om å få tildelt midlar til investering og drift av tiltaket. 1. Framlegget frå Høgre og Framstegspartiet fekk 12 røyster og fall. 2. Tilrådinga frå Ulstein formannskap vart vedteken med 25 mot 0 røyster. 8
PS 12/112 FURENE AS - EIGARSTRATEGI Ulstein kommune vedtek eigarstrategi for Furene AS slik han ligg føre. Magne Grimstad jr sa seg ugild i saka som avd.leiar i kursavd. til Furene AS og medeigar av Fantastiske Osberget som kan få økonomisk gevinst avhengig av utfallet av saka. Representanten fekk tre i frå. Stig Grimstad var innkalla som vara og tok plass i hans stad. Tilrådinga frå Ulstein formannskap vart vedteken med 25 mot 0 røyster. PS 12/113 STARTLÅN 2012 - SØKNAD OM EKSTRA LÅNEMIDDEL FRÅ HUSBANKEN Ulstein kommunestyre godkjenner ekstra låneopptak av startlånemiddel i Husbanken på kr. 4.000.000,- for år 2012. Ulstein kommunestyre ber på dette grunnlag administrasjonen omgåande å søkje Husbanken om slike ekstra lånemiddel for år 2012. Det ekstra låneopptaket skal innarbeidast i årsbudsjettet / økonomiplanen, dersom kommunen får tildelt ekstra lånemiddel frå Husbanken for år 2012. Tilrådinga frå Rådmannen vart vedteken med 25 mot 0 røyster. Link vert sendt til: 1. Kommunestyret 2. Rådmannen 3. Ass. rådmann 4. Kommunalsjefane 5. Mellomleiarane 6. Servicetorget 7. Kommunerevisoren 8. VKUS v/jostein Støylen 9. Kontrollutvalet m/vara -----------o---------- Ulstein kommune Politisk sekretariat, 25.10.2012. Marianne Hatløy politisk sekretær 9